«Sandra» – nytt kapittel (6)

«Sandra» er forteljinga om ei jente  (Sandra) og foreldra hennar som får greie på at dottera har muskelsvinn. Dette vert naturleg nok eit sjokk for dei, men dei prøver etterkvart å gjera det beste ut av det. Det same gjer vesle Sandra, på sitt forunderlege vis. Me føljer ho framover i livet. I oppveksten med barnehage, skule og seinare på Universitet, reiser, politisk medvit, kjærleik og mangt anna. Dette er kap. 6. Kap. 1, 2, 3, 4 og 5 vart publisert 15. juni – 4. juli 3. august – 27. september6. november

Utdrag, kap. 6:

«Vel ute i båten til kameraten sittande på ei pute midt i med veslebroren bak haldande på ho, sette dei av garde frå bryggekanten mot andre sida av elva der kanalen byrja. Det var ei herleg kjensle å kjenne lufta rundt seg mens båten pløgde vatnet i retning skogen. Skog er vel å ta litt hardt i, han er for det meste borte i Sampit-området. Nokre få små områder er det med full skog, men det er alt. Innover i kanalen er det nokre store tre her og der, mens resten er palmer og atter palmer. Bananpalmer er det mange av og det er for så vidt bra synes ho, for då er det mykje å ete av. Elles håpte Sandra å få eit aldri så lite glimt av eit skogmenneske eller orang hutan som dei kallast. Men det skulle vise seg ikkje å slå til denne gongen. Seinare skulle ho få eit lite glimt av ein i eit tre i landsbyen. Det var likevel ei kjensle av å fare innover i ein slags jungel med båten gjennom kanalen. Lydane var over ho i trekronene og langs breidda av kanalen. Sirissane spelte musikk og tropefuglane følgde på med sitt skvalder. Vel framme ved «hytta» etter to-tre kilometer, var rumpa litt øm, men ikkje verre enn at ho kjende ein slags fryd ved å ha kome så langt inn i «skauen». Etterpå slappa dei av på den vesle verandaen i eine enden av hytta med ein nelliksigarett, før varmen tok dei heilt, og dei slang seg nedpå innanfor nokre timar. Sandra døsa av inni mellom insektlydar og myggkreka sine forsøk på litt utanlandsk blod.»

Gå inn på sida «Bok – Sandra» i menyen, eller klikk her

God lesing – Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Bok – Sandra, Kvinne- og jentekamp, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: