Marx om kapitalismen og vara

Kapitalismen sine eigenskapar og den feilaktige analysa – kapitalismen si framtid

Kapitalismen sine grunnleggjande eigenskapar forklårar kvifor han var eit meir progressivt system enn føydalismen. For det første var lønnsarbeidet eit framsteg framfor slavearbeid (sjølv om slavearbeid og slaveløn er til stades i kapitalismen i ulike delar av verda også i dag), liveigenskap osb. Dette hadde vore systemet før, i høve til menneskeleg fridom, produktivitet og revolusjonært potensiale. For det andre så tvang konkurransen mellom kapitalistar dei til å utvikle produksjonen på ein måte som hadde vore utenkeleg før.

Men akkurat desse eigenskapane ved kapitalismen inneheld frøa til all umenneskelegheit, ulikheit, kriser, krig og øydeleggingar. Eigenskapar som gjer det viktig å knuse kapitalismen.

Utviklinga av ein kapitalistisk vareproduksjon leiar til ei verd der alt er til sals. Forvandlinga frå arbeidskraft til ei vare, framandgjer arbeidaren frå sitt arbeid og frå produktet av dette arbeidet. Det gjer om arbeidet til kjedeleg rutinearbeid og arbeidarar til maskindeler og kontor inventar.

Den ukontrollerte konkurransen mellom kapital produserar periodiske kriser der firma går konkurs, produksjonen ramlar, folk vert arbeidslause og fattige. Same konkurransen fører til at mindre firma vert overteke av større og sterkare. Kapital og produksjon konsentreras dermed i eit fåtal gigantiske selskap. Konkurransen dei imellom kan leie til meir alvorlege hendingar som krig og aukande miljø øydeleggingar og andre kriser.

Sosialdemokratar trudde før (no trur dei absolutt ikkje på slikt lenger) at gjennom aukande statleg eigarskap og statleg styring av kapitalismen, ville det verte mogeleg og skrittvis avskaffa kapitalismen. Eller i alle fall å temme han. Dei tok grundig feil. Det skapte ikkje ei blanding av kapitalisme og sosialisme, utan berre ei blanding av kapitalisme og statskapitalisme. Stalinistane trudde at land der staten nesten eigde alt og planla alt, som Sovjet og Kina, var sosialistiske. Dette til tross for at arbeidarane verken kontrollerte produksjonen eller staten. Lønnsarbeidet var verande og staten konkurrerte med resten av den kapitalistiske verda. Dei tok og feil. Eit samfunn kontrollert av eit privilegert statleg byråkrati, var og er ikkje sosialisme, men eit byråkratisk statskapitalistisk tyranni.

I dagens sosiale rørsler finns det mange som identifiserar nyliberalismen som den einaste fienden, og ikkje kapitalismen som heilheit. Nyliberalismen er sjølvsagt ein fiende, men han er berre eit av hovuda på kapitalismen sine akslar. Å hogge av eit hovud kjem ikkje til å gjere dei andre hovuda mindre dødelege.

Det finns berre ein måte å avskaffe kapitalismen på og oppnå sosialisme og kommunisme. Det er at arbeidarane og kunstnarane sjølv tek over eigarskapet og kontrollen over produksjonsprosessen. For å gjere det må dei ta den politiske makta.

Rosa Luxemburg oppsummerte det heile då ho skreiv:” der kapitalismen sine lenker vert smidde, må dei brytast”.

Kriser, framandgjering og produksjonskreftene i kapitalismen

Kriser i kapitalismen omtalar Karl Marx i Kapitalen som «Konflikten mellom utvidelse av produksjonen og verdiøkning». Her skriv Marx: “Den kapitalistiske produksjonens virkelige grense er kapitalen selv. Det er at kapitalen og dens egenekspansjon viser seg som utgangspunkt og endepunkt, beveggrunnen for og hensikten med produksjonen; at produksjonen bare er produksjon for kapital og ikke motsatt, produksjonsmidlene blir ikke midler som kun er til for en uavbrutt ekspansjon av den levende prosessen til produsentenes samfunn. De grensene innen hvilken opprettholdelsen og sjølekspansjonen av kapitalens verdi (som hviler på eksproprieringa og fattiggjøringa av den store massen av produsenter) alene kan bevege seg, disse grensene kommer stadig i konflikt med produksjonsmetodene kapitalen må bruke for å nå sitt mål, og som har som siktemål ubegrensa utvidelse av produksjonen, produksjon som mål i seg sjøl, betingelsesløs utvikling av samfunnets produktivitet. Midlet – den betingelsesløse utviklinga av samfunnets produktivkrefter – kommer i stadig konflikt med den begrensa målsettinga, sjølekspansjonen til den eksisterende kapitalen. Når derfor den kapitalistiske produksjonsmåten er et historisk bestemt middel for å utvikle de materielle produktivkreftene og skape et tilsvarende verdensmarked, er den samtidig den konstante motsigelsen mellom denne historiske oppgave og de tilsvarende samfunnsmessige produksjonsforhold.» Karl Marx: Kapitalen -bind 3, siste del av kapittel 15.2 «Konflikten mellom utvidelse av produksjonen og verdiøkning»

Produktivkreftenes ekspansjonstrong kan forklare ekstreme økonomiske handlingar som fører til kriser. Marx si analyse er her at “Den kapitalistiske produksjonen prøver stadig å komme forbi disse innebygde grensene, men kommer forbi dem bare på en slik måte, at disse hindringene igjen plasseres i dens vei, og da i enda større skala.” Det er her ei dobbeltheit i kapitalismen, ekspansjonstrongen og grensene for kva som er mogleg, er innebygd i systemet. Då talar me om krisene som oppstår. Og kriser har oppstått med gjevne mellomrom. Kvart 10-30 år har det hendt større eller mindre nedgangar i kapitalismen. Kriser var det allereie på tidleg 1800-tal. Me må attende til 1930- og 1940-talet for å finne så låge tal som fallet i 4. kvartal 2008 viste. Ein hadde aldri sett liknande i heile målinga si historie.

Slike kriser i det kapitalistiske system er noko også kapitalistane reknar med, men dei prøver å korte ned nedgangstida så mykje som mogleg. Det er då kapitalismen visar at dei er eit system samansett av ulike aktørar med kryssande tilhøve til kvarandre, som er avsondra med “verda” utanfor. Der folkefleirtalet si deltaking som produsentar på brei front nok ein gong vil trå til på kapitalen sin premissar utan å endre systemet. Utfordringa vert likevel å hindre at ei krise vert eit springbrett til at arbeidarane kan få mange med til å tenkje meir gjennom i kva retning menneska er på veg og om kapitalen sitt kart stemmer med det globale terrenget. Karl Marx si tese om framandgjeringa av arbeidaren som produsent kan her hjelpe oss med å forstå dette. I Karl Marx/Friedrich Engels: Økonomisk-filosofiske manuskripter og andre ungdomsverker, ss. 189-208, skriv han: “Ut fra nasjonaløkonomien selv har vi, med dens egne ord, vist at arbeideren synker ned til å bli en vare, ja til den elendigste vare, at arbeiderens elendighet står i omvendt forhold til produksjonens makt og størrelse, at konkurransen nødvendigvis fører til en opphoping av kapitalen på få hender, det vil si til gjeninnføring av monopolet i enda verre form, og endelig at forskjellen mellom kapitalist og grunneier, mellom bonden på åkeren og arbeideren i manufakturbedriften forsvinner og at hele samfunnet må dele seg i to klasser – eiernes klasse og de eiendomsløse arbeidernes klasse.”

Vara si mytiske karakter og dobbeltheit (Vara si fetisjkarakter) og kunsten

Om framstillinga av vara sin fetisjkarakter seier Marx: at ei vare ved første blikk ser ut til å vere ein sjølvsagt, triviell ting. Men analysen viser at ho faktisk er ein svært innvikla ting, full av metafysisk spissfindig innhald og teologiske nykkar. Sett som bruksverdi er det ikkje noe mystisk ved ho, anten me no ser på ho som noko som har eigenskapar som gjer at ho kan tilfredstille menneskelige behov, eller at ho først får desse eigenskapane som produkt av menneskeleg arbeid. Det er innlysande at menneska gjennom verksemda si endrar formene på naturstoffa på ein måte som gjer dei til nyttige ting. Eit eksempel på dette er eit bord som er laga av tre. Forma på treet blir endra når ein lagar bord av det. Men bordet fortsett med å vera tre, ein alminneleg ting som me kan sanse.

På same måte som vara ser kapitalistane på kunsten som omsettleg, med sin mytiske og fetisjaktige karakter. Så snart kunsten opptrer som vare, så endrar han seg til ein ting som ein kan sanse som har oversanselege eigenskapar. Kunsten vert ufarleggjort og kan brukast i kapitalen si interesse. Her ligg også manipuleringa og undertrykkinga av kunsten som eit reiskap for kapitalen sitt ve og vel. Ein skal på borgarleg vis «kose» seg med kunst og investera i han, men kunsten må ikkje føre til folkeleg opplysning og kime til opprør og endring. Kunsten står dermed med eit bein i kapitalismen og eit bein i opprøret og sosialismen. Det vert då viktig å få begge bein radikale (rotvelting) og på bakken, og ikkje berre med eit bein utanfor kapitalen, ei frigjering av kunsten er naudsynt for endring.

Marx seier at vara sin mystiske karakter ikkje spring ut av bruksverdien ho har. Han spring heller ikkje ut av korleis verdien i ho blir bestemt, av innhaldet i verdibestemtheita. Det er to grunnar til det. For det første er dei nyttige arbeida eller dei produktive verksemdene funksjonar av den menneskelege organismen, same kor ulike dei er. Og dette er vesentleg forbruk av den menneskelige hjernen, nervane, musklane, sanseorgana osb. For det andre så er det slik at det som ligg til grunn for storleiken av verdien, nemlig kor lenge det nemnde forbruket varer, kvantiteten av dette (dvs. arbeidstida) er noko synleg ulik frå kvaliteten i arbeidet. Menneska må under alle samfunnstilhøve vera interessert i kor lang tid det tek å produsera livsmidla sjølv om graden av interesse vil variere med graden av utviklinga av sivilisasjonen.

For det tredje er det slik at menneska sitt arbeid får ein samfunnsmessig form så snart dei på ein eller annan måte arbeidar for kvarandre. Det er altså slik sett ikkje noko mystisk i eit produkt når me ser på bruksverdien av det eller i den verdien som er nedlagt i det gjennom arbeid eller i det faktum at produksjonen er samfunnsmessig. Alt dette er synleg og lett og sjå og forstå.

Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, Marxisme, Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.