Noreg ut av NATO og konvensjon mot atomvåpen

NATO-sjef Jens Stoltenberg oppfordrar Noreg om å auke forsvarsbudsjettet til 2 prosent av BNP (Brutto Nasjonal Produkt). Typisk nok er kapitalismen sin forsvarar NATO ein påtrengande lobbyist når det gjeld aukande rammer for krigsinnsatsen sin. Ikkje berre ovanfor Noreg, men alle andre NATO-land også.

Dagens budsjett på ca. 44 milliardar kroner, ca. 1,4 prosent av BNP, kan heller ikkje kallast eit forsvarsbudsjett då omlag ein fjerdedel av det går til krigsfremjande tiltak. Skreller me av bevilgningane knyta til krigsflyprosjektet Joint Strike Fighter F-35, bevilgningane til framleis innsats i operasjonane til NATO i Afghanistan og i Irak, og til NATOs opprustning i Aust Europa, kan dagens budsjett knappast ned til minst 1 prosent av BNP.

Noreg skal ha eit nasjonalt folkeforsvar som tenar forsvaret av vår nasjonale suverenitet, ikkje noko som trekker Noreg med i intervensjonar i andre land slik me har sett dei siste tiåra. MEN det skal vera ute av NATO!

Ei omlegging av det norske militærapparatet til nasjonalt forsvar er logisk i høve ikkje-NATO medlemskap. Det naturlege utgangspunktet vert då at dagens budsjett reduserast med ca. ein fjerdedel, truleg meir.

NATO har lenge hatt ein politikk for å kunne kjempe for sine imperialistiske interesser langt ut over NATO-området. Men out og area-strategien kom for første gang i praktisk bruk i Kosovokrigen i 1999. Sidan då har denne strategien vore NATOs hovudline. Krigane i Afghanistan, Irak og Libya er typiske døme på denne politikken. Dette er reine aggresjonskrigar. Dei har ingenting med forsvar av Noreg å gjere.

Men det er denne typen virksomheit som nå er bærebjelken i Noregs militærdoktrine. Dette og meir er det «nye-NATO» si rolle.

NATO si bombing av Libya – ei krigsforbryting

Eit rystande og sterkt døme på kva eit NATO-land som Noreg si deltaking i «out of area» strategien til NATO, er sjølvsagt bombinga av Libya i

2011 (eit anna døme er bombinga av Serbia i 1999).  Frå ein FN-resolusjon om flyforbodssone i Nord-Libya til full bombing og regimeskiftetaktikk, var vegen kort. Uhyggeleg kort! Når stormakta USA med «vesle-imperialisten» Noreg på slep endrar intensjon «over natta» utan nokon debatt i det heile i landet sitt «demokratiske palass» Stortinget, vert forsvarsdoktrina vår: Frå landforsvar til leverandørar av leigesoldatar i imperialismen si teneste.

Internasjonal konvensjon mot atomvåpen

Atomvåpenproblematikken og NATO er som eit par, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegangsbruk og milliardbeløp i vedlikhald og fornying av atomvåpna. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina også opprettheld og rustar opp sine arsenal. I tillegg er India og Pakistan med sine atomvåpen ein farleg miks som kan smelle av under potensielle eskaleringar. Noregs medverknad til å eskalera faren for storkrig i Europa, i kjølvatnet av Ukraina-konflikta er også med i dette biletet. Og Nord-Korea sitt atomvåpenpotensiale må det forhandlast om gjennom FN, og ikkje truge dei med militærøvingar og økonomiske strupetak. Det er då det kan gå riktig gale! Alt dette understrekar viktigheita av at den norske regjeringa sluttar seg til FN-resolusjonen om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen. Noko som i dagens politiske tilhøve diverre ikkje er mogleg. Verken Arbeidarpartiet eller Høgre vil det. Så førebels er det vesle NATO-landet Noreg på lik line med dei andre atommaktene, ikkje med i dette. Eit paradoks? I grunnen ikkje, Noreg er heilt knyta opp til USA – difor!

Sjølv om det er atomstormaktene USA og Russland som må gå i spissen for ein atomnedrustning, vil det ha stor viktigheit at flest moglege land startar med å erklæra at dei aldri vil stasjonera atomvåpen på si jord og ikkje vera medansvarlege for bruk av atomvåpen. Det må Noreg i høgste grad gjera også. Men vil den norske makteliten det?

For Noregs del tyder det at inntil Noreg melder seg ut av NATO, må Norge arbeide for at NATO endrar sin atomdoktrine og avstår frå førstebruk av atomvåpen og frå at NATOs atomvåpengaranti skal gjelde for Noreg. Noreg må også arbeide for at usanske atomvåpen ikkje skal vera stasjonert i Europa, heller ikkje i samband med rakettskjoldprosjektet eller dei krigsfremjande tiltaka NATO no iverkset, m.a. i Ukraina. Men med m.a.

ein utprega krigsminister som forsvarminister og andre NATO-elskarar i omlag alle parti, heilt unteke partiet Raudt, så er håpet om endra atomvåpentillnærming, omlag det same som å overleva på Mars-overflata utan romdrakt. Inntil den globale opinion får nok politisk surstoff til endring, hender det ingenting, heller ikkje i Noreg. Uansett:

Internasjonal konvensjon mot bruk av og forbod mot atomvåpen, NÅ! Men, når du har slike krigshissande uttalingar som Stoltenberg kjem med regelbunde: – «NATOs atomvåpen er del av avskrekking» – så forstår truleg dei fleste kor landet ligg – meir krigshissing!

Eit fredsparti som Raudt trengs no på Stortinget!

Ivar Jørdre

Også publisert på Nye Meninger, Dagsavisen, 8. september

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Kapitalisme, Noreg - Norway, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Noreg ut av NATO og konvensjon mot atomvåpen

  1. Facet på For Venstresiden, Stopp NATO og Rødt Bergen med kommentaren: Bygg fredspartiet – Stem Rødt i dag!

  2. ivarjordre seier:

    Bra! Få dei RAUDE in på borgarskapet sitt parlament. LAG BRÅK – ORGANISER OPPRØR!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.