«Sandra» – nytt kapittel

«Sandra» er forteljinga om ei lita jente  (Sandra) og foreldra hennar som får greie på at dottera har muskelsvinn. Dette vert naturleg nok eit sjokk for dei, men dei prøver etterkvart å gjera det beste ut av det. Det same gjer vesle Sandra, på sitt forunderlege vis. Me føljer ho framover i livet. I oppveksten med barnehage, skule og seinare på Universitet, reiser, politisk medvit, kjærleik og mangt anna. Dette er kap. 3. Kap. 1 og 2 vart publisert 15. juni og 4. juli.

Utdrag, kap. 3:

«Ein ny dag og ein ny skuledag for Sandra. Ho var ikkje så livleg og humørfull som til vanleg, det hadde sine årsaker, ingen gjorde noko stort nummer ut av det heller. Både læraren og foreldra visste at ho måtte ordne opp i situasjonen sjølv og i sitt eige tempo. Dagane gjekk og litt etterkvart kom ho til hektene att, fann rytmen, kom inn i læreprosessen på nytt. Men så vart litt av dette brote ned att, med at litt mobbing fann stad, denne gongen av mindre omfang, og av andre enn dei som fekk henne til å ramle ut av rullestolen. Det såg ut for at Sandra takla det betre no, som om den første røynsla hjelpte henne godt. Ho gjorde seg sterk og tok ikkje att med å køyre på dei som erta eller noko slikt, i staden brukte ho ordet si makt. Sjølv om ertinga var gjort av ungar som var større enn henne, så tok ho att på sin måte. På skulen skulle ho. Ho viste mange gonger kva ho var laga av, og ho prova eit stort pågangsmot og ei staheit det står respekt av. Det var fleire gonger forbipasserande i gangen på skulen kunne høyre sjuåringen i full ordkrig med tredjeklassingar og ungar endå høgare opp. Vanskeleg var det nesten å kjenne att denne litt sjenerte jenta frå første skuledag, du verden kor skinnet kan bedra. Også Lærar Knutsen vart overraska kor fort Sandra tilpassa seg og måten ho takla dei større ungane på, når nokon av dei vart litt for grove i kjeften. Det såg ut som ho likte seg meir og meir også etterkvart som skuleåret gjekk, og ein kunne sjå på henne kor ho storkoste seg kvar gong ho fekk inn eit par saftige replikkar mot åtak frå høgare hald i klassehierarkiet.»

Gå inn på sida «Bok – Sandra» i menyen, eller klikk her

God lesing – Ivar Jørdre

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Bok – Sandra, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s