«Sandra» – nytt kapittel

«Sandra» er forteljinga om ei lita jente  (Sandra) og foreldra hennar som får greie på at dottera har muskelsvinn. Dette vert naturleg nok eit sjokk for dei, men dei prøver etterkvart å gjera det beste ut av det. Det same gjer vesle Sandra, på sitt forunderlege vis. Me føljer ho framover i livet. I oppveksten med barnehage, skule og seinare på Universitet, reiser, politisk medvit, kjærleik og mangt anna. Dette er kap. 2. Kap. 1 vart publisert 15. juni.

Utdrag, kap. 2:

«Spørsmåla og tankane var mange den dagen dei skulle vitje barnelege Åsen…….. som heldt til i eit kontor……. med litt farga gardiner i vindauga……….omlag i sentrum. Det var valsamt med trafikk……..denne dagen og………………….

som andre dagar. Det var ikkje heis i bygget og legekontoret låg i fjerde, så faren tok Sandra i armane og bar ho. Litt storpusta sette ha dottera ned framfor døra til barnelegen, mora banka på. Det tok litt tid før nokon reagerte der inne, som om dei ikkje venta vitjing så tidleg på dagen. Tidleg synes José ikkje det var heller, klokka nærma seg tross alt 10. Endeleg var det nokon som tok i døra, det var barnelegen sjølv som opna for dei. Han hadde ikkje kontorpersonale i dag, kunne han fortelje, sekretæren var sjuk. Han viste Sandra og foreldra inn gjennom venteverelset til sjølve kontoret, og plasserte dei i nokre stolar framfor eit litt stort skrivebord. Truleg i mørk mahogny eller eit anna tropisk treslag. Sikkert ulovleg hogt i regnskogen i Amazonas, tenkte José mens han sette seg i ein låg skinnstol.»

Gå inn på sida «Bok – Sandra» i menyen, eller klikk her

God lesing – Ivar Jørdre

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Bok – Sandra, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s