NYLIBERALISMEN DREPER!

30 år med privatisering – har kosta liv

Den globale kapitalismen går meir og meir på eit høggir mot stupet, for menneska, naturen, miljøet og livet sjølv. Dette let seg ikkje stagge av noko «restaurering», systemet må endrast radikalt.
Kapitalismen er som system inne i si mest djupe strukturelle krise historisk sett sidan den verdsomspennande depresjonen på 1930-talet, som byrja i USA. Den noverande krisa tok til for fleire tiår sidan og har gradvis utvikla seg med oppblåst finanskapital og ekspanderande gjeld for både real- og finansøkonomien. Dette toppa seg i 2008 i USA med at spekulasjonsbobla i råtne bustadlån sprakk. Krisa har sitt grunnlag i overproduksjon av varer i kapitalismen og ikkje i finansmarknaden. Nasjonal gjeld og kutt fører til stor arbeidsløyse, dårlegare velferd, usikkerheit, privat profitt, osb.

I USA, Europa, Afrika og Asia, unnateke deler av Latin-Amerika, har det vore ei gigantisk deregulering av finansverda de siste 30 årene. Der det før var nokon lunde strenge reglar og avgrensingar vart det no fullt frislepp av den private bank- og kredittsektoren, mens spekulasjon og fiktive pengar vart normale omgrep i finansuniverset. Noko som har opna for enorme profittmulegheiter for kapitalistar over heile verda. Samstundes har nokon av kapitalismens mest spekulative sider ramla ut av skapet i ein skala ein aldri tidlegare har sett. Eit godt døme er innan helse verda over, der privatisering har alvorlege føljer. I denne marknadstankegangen senka ein også skattane for dei rike og skattane på store private selskap. Mange multinasjonale selskap får då mulegheit til å rane til seg store ressursar og kan med rette kallast globale konglomerat, der fleire av dei har større økonomiar enn mange land.

Det har gjennom desse 30 år med nyliberalisme hendt ei valdsam omfordeling av rikdommen i USA og Europa, men også i Afrika og Asia. Dei rikaste har fenge kontroll over ein endå større del av velstanden i landa enn tidlegare.

I Europa har resultata av denne nyliberalistiske politikken i desse tiåra vore katastrofale. Velferdsgodane som arbeidarklassen har kjempa fram ramlar for sparekniven éin etter éin. Men sparekniven gjeld ikkje «alle», makta har «råd» til å subsidiera dei rikaste gjennom skattekutt, nye privatiseringsbølgjer eller gjennom ”offentlige” anbodsordningar, som i helsevesenet. For endå meir å gjere denne tendensen muleg, tek makteliten i landa opp stadig større gjeld. I neste omgang fortel Europas leiarar at det er folk flest som må betala for dette. Slik vert sirkelen slutta og endå ein gong vert det arbeidarar, bønder, fiskarar og andre som må betala rekninga for kapitalens overflod.

Stadig fleire vert fattige og arbeidsledige i Europa og ein må undre på om ikkje fattigdom og arbeidsledigheit er eit villa permanent, systematisk problem i dagens økonomiske system. Leiarane har for lenge sidan vist at dei står på kapitalens side og er meir enn viljuge til å ofre folkets godar på marknadens alter. Det er på tide at folket i Europa reiser seg og seier nok er nok!

Privat eller statleg

På 1980-talet var privatisering eit av dei viktigaste slagorda til høyresida som slo an internasjonalt. Men ikkje berre høgresidas regjeringar, inspirert av Thatcher i Storbritannia og Reagan i USA, tok opp ideen. Sosialdemokratiske og arbeidarparti-regjeringar i land etter land i Europa, også i Noreg, byrja å delprivatisera statlege føretak og innføre «New public management». I Noreg lanserte Syses høgreregjering planar om privatisering av Televerket, Postverket, NSB og Statskraft. Denne politikken følgde Ap.-regjeringa lydig opp etter næringselitens interesser ved å gjere om Televerket, Postverket, NSB og Statskraft frå forvaltningsbedrifter til statsselskap. I byrjinga av 2000-talet kom også den store sjukehusreforma som gjorde om dei fylkeskommunale sjukehusa til statlege føretak etter bedriftsøkonomisk modell (New public management).

Fleire dødsfall etter privatisering

Forskarar ser samanheng mellom dødsfall og innføring av marknadsøkonomi i post-kommunistiske land. Mykje er sagt om kapitalismen sine stygge konsekvensar, m.a. privatisering og øydelegging av offentlege sosiale sikkerheitsnett, men at man kan dø som en følgje av systemet, er lite utforska. Artiklar publisert på forsking.no dei siste par åra viser at liberalisering av økonomien og innføring av marknadskreftene fører til svekka helsevesen der bedriftsøkonomiske omsyn med profitt er rådande. Såkalla helsebedrifter konkurrerer i eit marknad med anbodsrundar og kostnader, og tal på tilsette og utstyr vert då bestemt av kor stramt marknaden og kor knivskarp konkurransen er. Det økonomiske kjem framfor det menneskelege. Ein rapport, publisert i 2009, tek føre seg tida etter Sovjetunionen si oppløysing. Då vart det innført økonomisk sjokkdoktrine med liberalisering av store deler av økonomien. Dette førte m.a. til svekka offentleg helsevesen. I dei tidlegare austblokkland som vart raskast privatisert på 1990-talet gjekk talet på dødsfall blant arbeidsføre menn opp. Sjølv om forventa levealder alltid har vore lågt i tidligare austblokkland, er dette ei markant auke gjennom heile 1990-talet viser forskinga. Nå har forskarane gjort ei empirisk undersøking av kor mange arbeidsføre menn som døde i aldersgruppa 15 til 59 år i perioden 1989 til 2002, og sett talla i samanheng med landa si respektive økonomiske utvikling. Etter at planøkonomien vart sett til side til fordel for eit marknadsbasert system, gjekk arbeidslivet gjennom omfattande endringar når statlege verksemder vart nedlagt eller selt til private aktørar og utanlandske investorar. Auka arbeidsløyse vart eit omfattande problem. Dødelegheita blant menn auka i gjennomsnitt med 12, 8 prosent i samlege land i denne perioden. Totalt auka arbeidsløysa i snitt med 56 prosent.

Rask liberalisering gjev endå fleire dødsfall

Forskarane fann fort ut at massiv privatisering av eigedom generelt samsvarte med ein svært høg auke i både arbeidsløyse og dødelegheit. Mellom 1991 og 1994 auka talet på dødsfall med heile 42 prosent i Russland, Kasakhstan, Latvia, Litauen og Estland. Her vart også arbeidsløysa nesten tredobla i same periode. I den andre enden av skalaen kom Albania, Kroatia, Tsjekkia, Polen og Slovenia. Desse landa vart privatisert i eit saktare tempo. Her gjekk dødstala opp ti prosent, mens arbeidsløysa auka med to prosent. Men det var før krisa i 2008. No har desse landa kome opp på liknande nivå. Ein rask liberalisering definerar forskarane som når minst 25 prosent av statens eigedom vert privatisert innan ein toårsperiode.

Årsaksbiletet til desse resultata er sjølvsagt komplekst. Forskarane meiner mykje av forklaringa er at velfungerande velferdssystem forsvann nærast over natta med liberaliseringa. Under «kommunismen» sørgja mange av arbeidsgjevarane for sosiale ordningar for sine tilsette. Eit høgt alkoholforbruk blant dei arbeidsledige var ein viktig forklaring på at så mange døydde i denne perioden, viser rapporten. Forskarane påpeikar også at nokon av landa som vart hardast ramma, hadde ein mindre velfungerande økonomi før privatiseringa tok til. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at spesifikke historiske og politiske kontekstar hadde innverknad på talet døde.

Privatisering og helsevesenet i Storbritannia og USA

I ein artikkel frå 2012, også publisert på forsking.no, åtvarar internasjonale ekspertar Noreg mot å privatisera helsevesenet. Dei meiner helsetiltak for folket ikkje fungerar etter dei same prinsippa som ein marknad, då vil marknadskreftene vinne. Her må ein legge til at ein kapitalistisk marknad ikkje fungerar i det heile og at det må bytast ut med ein sosialistisk marknad der varer og tenester vert bytt etter trong og ikkje profitt.

På ein konferanse i regi av forskingssenteret REASSESS (Reassessing the Nordic Welfare Model) i 2012 presenterte tre forskarar røynsler frå sine heimland. Dei er frå Storbritannia, Canada og USA. Den klaraste åtvaringa kom ho frå USA med og ba Noreg om ikkje å følje i deira fotspor. Charlene Harrington, professor emerita i sosiologi ved University of California, San Francisco, sa til forskning.no at privat forretningsdrift og helsevesenet ikkje er einlege i det heile. Harrington har studert dei ti største kommersielle kjedene som leverar helsetenester i USA, som til saman har rundt 14 prosent av marknaden i landet. Ho fortel at dei har det mest ekstreme systemet på to punkt: Det er det mest privatiserte, og det systemet med dårlegast kvalitet.

Berre 6 prosent av alle sjuke- og eldreheimar er offentleg eigd og dreve i USA. Nesten 70 prosent av dei er dreve kommersielt for profitt, mens resten er dreve av private nonprofit-organisasjonar. Harrington fortel og at helseinspeksjonar har vist at 94 prosent av «heimane» i USA bryt den føderale lova for eldreheimsstandard. 23 prosent av «heimane» var så dårlege at dei hadde årsaka alvorleg skade hjå brukarane. Berre 10 prosent av «heimane» har det som kan kallast rimeleg pleiekvalitet. Omlag ein fjerdedel skulle truleg aldri ha vore i drift, fortel Harrington!

Er det slike tilstandar me vil ha i Noreg? Med Orange Helse si skandale i Bergen og Adecco-skandalen i Oslo friskt i minne, kan ein byrje lure på om privatiseringa er i emning for alvor i Noreg også. Høgrekreftene er i alle fall på banen i dei kommunar dei har fleirtal for å auke prosenten private helseinstitusjonar. Dei kan argumentera seg hese på at det offentlege betalar og held oppsyn med dei private føretaka, når profittomsynet i praksis resulterar i liten arbeidsstokk, dårlegare helse for brukarane og dyrare for kommunen. Helse for folket er eit offentleg sikkerheitsnett som ikkje skal rotast vekk i liberalismen sin famntak for å la marknadsguden råde over liv, død og profitt!

Noreg, ei mikroutgåve av det som hender i Storbritannia og USA

Karen Christensen, professor i sosiologi ved Universitetet i Bergen, seier det som går føre seg her i Noreg på mange måtar er ei mikroutgåve av det som hender i t.d. Storbritannia og USA. Ein liten kartleggingsstudie er gjort i Bergen, m.a. for å sjå kva for private aktørar som vinn kontraktar med kommunen. Studia viste at det som regel er dei store kjedene som vinn, fordi dei har ressursar å sette av til å utforme anbodet og presentere t.d. kvalitetssikringssystem, fortel Christensen. Ho meiner det vil forsterke ein tendens mot kjededanning i Noreg også. Adecco braut arbeidsmiljølova kraftig i Oslo og mista kontrakta til kommunen, det er bra, men ho trur likevel me kjem til å gå same vegen som USA om me opnar for privatisering av omsorgstenestene. Det vil gå saktare, men i det lange laup er det dei strukturelle premissane som tel, og når ein først har opna for ein marknadslogikk er det han som gjeld, fortel Christensen. Også når offentleg sjukehusdrift vert utsett for bedriftsøkonomisk styring kan det gå riktig gale. Mellom 400 og 1200 pasientar kan ha døydd på Stafford Hospital i Midt-England i perioden frå 2005 til 2009, i følgje ein britisk rapport. Grunna m.a. for få sjukepleiarar på arbeid, eit system som ignorerte klåre åtvaringar, og som sette sjukehusets eigne interesser og kontroll av utgifter framfor pasientane og deira sikkerheit – svalt og tørsta dei ihel. I tillegg døydde mange av medisinsk neglekt og mangel på medisinar. Når kapitalismens grovaste ansikt kjem til syne slik, er det døme på at me må tenkje nytt og kjempe for systemendring!

Klassesamfunnet i Storbritannia kostar liv

  Fleire vitne fortalde at flammane spreidde seg vanvittig fort.

Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / AFP

Onsdag 14. juni 2017 kjem til å verte ein sorgens dag for mange i London og elles, i årtider. Då omkom minst 79 menneske då det byrja å brenne i den 24 etasjar høge bustadblokka Grenfell Tower i bydelen Kensington i London. Brannen starta i eit kombinert kjøle- og fryseskåp. Kvar brannen starta er ikkje her poenget, han kunne ha vorte stogga der han starta under «normale» omstende. Hadde det ikkje vore for ein viktig ting: Livsfårleg utvendig plater og dekking av fasaden i brannfårleg og lett antenneleg materiale. Materiale m.a av aluminiumsplater med kjerne av polyethylene (eitt av mange typar plastmateriale). Både kledninga og isolasjonen på den 24 etasjar høge bustadblokka «strauk på alle sikkerhetstestar». Politiet i London vurderar om nokon skal siktast for uaktsomt drap etter brannkatastrofen, melder m.a. Reuters. Vurderar om nokon skal siktast etter denne katastrofen, seriøst? Sjølvsagt må det siktelse til for slike bandittar som på nyliberalismens marknadsalter får anbodet og set i gong i stor stil å kle blokk etter blokk i «dødens klede».

Nyhendebyrået Reuters har fått innblikk i e-postar frå 2014, sendt mellom selskapet Arconic og entreprenørane som deltok i bodkonkurransen om å renovera Grenfell Tower i London.

Arconic, som produserar fasadeplatene som vart brukt i oppussinga, skal i følgje Reuters ha visst at kledninga var brannfårlig. BBC melder at kledninga er knytt til fleire brannar rundt omkring i verda. Kledninga som vart innstallert i 2015, hadde denne polystyren-kjernen i staden for eit meir brannsikkert alternativ, i følgje den britiske statskanalen. Polystyren, eller styrenplast som gruppa kallast, er ein sokalla amorf termoplast som er billig og difor svært vanlig. «Billig» er ordet kapitalistane likar veldig godt, då vert «botnlina» god og profitten høgast. Då vert ikkje tryggleik eller kvalitet viktig!

Slik ser Grenfell Tower ut etter brannen. Ein morbid bauta over nyliberalismen.

Foto: Espen Aas / NRK

Men, prisen for folk flest eller fattige bebuarar som i dette tilfellet vert svært høg, når katastrofen hender. Mellom 400 og 600 menneske budde i 120 leilegheiter i blokka. Husværa var kommunale og bygget oppført i 1974. Ingen veit enno med sikkerheit kven og kor mange som budde der når brannen raserte alt. Kanskje vil ein aldri få greie på det. Utruleg, men likevel symtomatisk nok. Klassesamfunnet sine «entreprenørar» bryr seg ikkje nemneverdig om å halde greie på kven og kvar dei lågast nede i samfunnsetasjane er eller bur. Slik er det berre, i denne vår marknadsliberalistiske verd! Inntil vidare i alle fall, heilt til folk i verda finn ut at NOK er NOK, og vil gjera noko med det. Kanskje kan me då håpe på at dette uhaldbare økonomiske systemet vert bytt ut med eit betre og meir rettvist eitt, sosialismen!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Europa, Kapitalisme, Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to NYLIBERALISMEN DREPER!

  1. Fra Stortinget vil Rødt fortsette å bygge en bevegelse for et antikapitalistisk Norge! Vær med å sørge for at vår gruppe på Løvebakken blir størst mulig!
    Thorleif Berthelsen
    styremedlem Rødt Bergen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s