Uliks-Noreg og LO-eliten

LO-leiarane skapar klasseskiljer

Det er ikkje haldbart at LO-toppane får etterløn når dei går av.

På LO sine heimesider står det: «En hovedoppgave for LO er å bidra til langsiktig holdbar jobbvekst, samtidig som arbeidstakerne sikres en rimelig del av verdiskapingen og at lønn og annen inntekt fordeles rettferdig.»

Dette er eit bra mål, men det står i motsetnad til det som har blitt ein vane med lukrativ etterløn for LO-leiarane. Når vanlege arbeidsfolk misser arbeidet, må me til Nav for å få arbeidsløysetrygd eller arbeidsavklaringspengar. Dette gjeld ikkje for stortingspolitikarar og heller ikkje for LO-toppane.

Då Gerd Kristiansen gjekk av på årets LO-kongress, fekk ho med seg heile 1,2 millionar kvart år i tre år. Dette frå våre medlemskontingentar. Premissen er arbeidsplikt, og ho skal arbeide for Norsk Folkehjelp. Det er prisverdig, men kva for stilling der lønast med 1,2 millionar i året? Får ho ikkje løn frå Folkehjelpa i tillegg?

Sidan 2006 har den økonomiske ulikskapen i Noreg auka med 14 prosent. Etter 1990 har Noregs rikaste auka sin del av inntektene i rekordfart. I perioden 2001–2011 vart talet på milliardærar firedobla. Men Uliks-Noreg handlar om meir enn tal. Det handlar mest om at vanlege menneske får ein mykje vanskelegare kvardag.

Då er det ikkje haldbart at LO-toppane dreg ifrå resten på denne måten, og skapar eit klasseskilje i arbeidarrørsla. Vi protesterer mot slike etterlønsavtalar, og forventar at LO avsluttar «tradisjonen» med etterløn i respekt for alle fagorganiserte!

Stod på trykk og nettside i Bergens Tidende, 11. juni

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk, samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s