Ny Bok – Sandra

Til mine lesarar:

Etter å ha arbeidt lenge med dette prosjektet, inni mellom alt anna, dristar eg meg til å poste første kapitel frå mi nye (førebels upubliserte) bok «Sandra». Det er med både forventing og skrekk eg presenterar dette for ei heil bloggverd, men det er like greit å «rulle» i det som å hoppe eller krype i det. Eg håpar de finn denne forteljinga interessant etterkvart som kapitlane kjem framover. Det er tenkt å poste eitt kapitel kvar 1-2 månad. Eg ber om årsaking for dei skrivefeil som måtte dukke opp i teksten.

«Sandra» er forteljinga om ei lita jente  (Sandra) og foreldra hennar som får greie på at dottera har muskelsvinn. Dette vert naturleg nok eit sjokk for dei, men dei prøver etterkvart å gjera det beste ut av det. Det same gjer vesle Sandra, på sitt forunderlege vis. Me føljer ho framover i livet. I oppveksten med barnehage, skule og seinare på Universitet, reiser, politisk medvit, kjærleik og mangt anna.

Utdrag, kap. 1:

«Foreldra gjekk ut den slitte gråkvite legedøra, med Sandra gåande mellom seg. Bilturen gjekk utruleg fort, ho hugsa ingenting av det heile, endå det var ho som kjøyrde. Det gjekk vel heilt mekanisk føre seg, tenkte ho. Dei var heime att i eit delvis mørkt og kaldt hus. Endå det berre var ettermiddag var det halvmørkt no. Det var ei tid att før sola snudde og dagane vart lengre. Ei deprimerande tid. Ho stelte i stand litt mat til Sandra, mens ho tenkte på det som hadde hendt på kontoret til doktor Sundt. Frykteleg lang tid tok det også, tenkte ho, nei kanskje ikkje, det var vel berre den psykiske tida som var lang. Ho sat på stolen ved kjøkenbordet og såg på Sandra som leika på golvet tett ved. Ho hadde ikkje ete opp all maten sin, det var noko med leiken som opptok Sandra slik at ho gløymde alt som handla om mat. Mora sat og såg på henne mens ho tenkte anklagande ord om seg sjølv. Ho byrja klandre seg sjølv for at dottera hennar ikkje var som andre. Kva i all verden hadde ho gjort! Kvifor kunne ho gjere slik mot si eiga dotter! Det formeleg skreik inni henne. Etterkvart vart det berre meir og meir sjølvanklagande ord. Ein utruleg og absurd tanke om at ho og faren hadde skuld i at dottera deira var fødd med eit handikap. At dei var nermast for kriminelle å rekne, iallefall ho. Til slutt godtok ho denne tanken og gjekk inn i ein annan tilstand.»

Gå inn på sida «Bok – Sandra» i menyen, eller klikk her

God lesing – Ivar Jørdre

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Bok – Sandra, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s