NORSKE SOLDATAR UT AV SYRIA NO!

Oppstilling (soldatar), olje på lerret, 2012, Ivar Jørdre

Til kampen mot krig og norske soldatar i Syria!

Noreg sendte i fjor 60 soldatar til Jordan, då etter seiande frå  regjeringa, for å trene og vegleia opprørsgrupper i Syria, mot IS. Dei  «lova» då, at neidå, dei skulle ikkje setjast inn direkte i kamp. Året  etter, i mai 2017, var det nettopp det dei vart: Sendt inn i Syria i  kamp. Slik virkar «nytale-ministeriet»!
Dette er eit dikt om dette lureriet og hykleriet frå vår eige  regjering. Skreve til markeringa mot «norske soldatar i Syria» på  Torgallmenningen, 12. mai, arr. Raud Ungdom:

Noreg i Syria

Du lagnadstunge land, Syria
som alle ville gripe, men ingen får

Du lagnadstunge land, Syria
der ditt folk vil ha fridom, men ikkje rår

Du lagnadstunge land, Syria
som blør så valdsamt, utan ende

Du lagnadstunge land, Syria
her kjem framande inn, og er ingen frende

Mitt vesle land der nord, Noreg
som alle veit diltar så veldigt, etter dei store

Mitt vesle land der nord, Noreg
der mi regjering sender i krig og vil Syria borde

Mitt vesle land der nord, Noreg
som også blør, men av dårleg samvit

Mitt vesle land der nord, Noreg
her kjem det neiggu meg, ingen skamvit

Mitt vesle land der nord, Noreg
du sender soldatar i imperialismens hegn

og du, Mitt vesle land der nord, Noreg
kva er det du vil, gjere alle til blodigaste tegn?

Ivar Jørdre

OG, til den norske regjering: Sjå te heilsik i innerste h å få soldatane heim NO! Dei har ingenting der å gjera. Det einaste dei bidreg med, er utryggheit for mange!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s