Tankar om kapitalismen og den alternative sosialisme – Del 2

Del 1 av Tankar om kapitalismen og den alternative sosialisme med tankar kring kapitalismen som religion, korleis framandgjeringa påverkar oss alle i kapitalismen og kva Marx og andre tenkte om dette, har denne lenka: Tankar om kapitalismen og den alternative sosialisme – Del 1

Del 2 tek føre seg tankar og reelle løysingar i eit alternativt samfunn. Marx og Engels var opptekne av at det viktigaste og mest naudsynte ved kommunismen er den frie utviklinga av kvart enkelt menneske som samfunnsmessig individ. Eg presenterar her Terje Valen (medlem av partiet Raudt) si omsetting av siste del (Kap. 10) av Paul Burkett si bok Marxism and Ecological Economics (2005). Vidare diskusjon omkring det alternative sosialistiske og kommunistiske samfunn, m.a. kring sosialistisk, kommunistisk marknad og økonomi, og meir om fridom frå vilkårleg makt…vil kome etterkvart…følg med på bloggen…

Ivar Jørdre

Kommunisme som berekraftig menneskelig utvikling

Eg finn Marxism and Ecological Economics (2005) spesielt interessant fordi Paul Burkett i denne boka gjennomgår dei viktigaste trekka i heile den internasjonale økologisk-økonomiske debatten. (I tidsskriftet Rødt nr 3, 2013, har Geir Hem meldt boka under overskrifta Marxisme og økologisk økonomi http://marxisme.no/marxisme-og-okologisk-okonomi/ ). I introduksjonen til boka gir Brett sjølv ei samanfatning av ho. Det er derfor nyttig å omsette denne. Det har eg gjort her: http://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Marx%20og%20naturen.htm under tittelen Marx og naturen, eit raudt og grønt perspektiv.

I tillegg vil eg omsette siste delen av boka som handlar om Kommunisme som berekraftig menneskelig utvikling og Berekraftig menneskelig utvikling, klassekamp og økologisk økonomi. Her finn vi tekstar som gir innspel til ei beskriving av det samfunnet alle verkelig radikale har som strategisk mål og noen viktige moment om kampen for å nå målet.

Desse tekstene er siste delen av det siste kapitlet i boka (Kap. 10) som har overskrifta Marxism, Ecological Economics, and Sustainable Human Development [Marxisme, økologisk økonomi og berekraftig menneskelig utvikling].

Første delen (Section one) av dette kapitlet tar opp Three dimensions of sustainable development [Tre dimensjonar av berekraftig utvikling]. Desse tre dimensjonane er Naturen som ein felles pott av ressursar for menneskelig utvikling, Samverkande berekraftig utvikling av menneske og natur og Felles eigedom som ein ’tredje veg’ mot berekraftig utvikling. Eg omsett ikkje denne første delen av kapittel 10.

Så til omsettinga. (Først ei grovomsetting.)

II Kommunisme som berekraftig menneskelig utvikling

Sjølv om marxismen sitt truverde når det gjeld utvikling (evolusjon) er godt grunnfesta[i] så har marxismen ikkje blitt like mykje oppskatta av økologiske økonomar når det gjeld den evna han har til å ta opp utviklinga av både naturen og menneska saman (co-evolution). Grunnen til dette er den mest fullstendige mangel på erkjenning, sjølv blant mange marxistar, av den visjonen om heilskapelig menneskelig utvikling som ligg i kjernen av Marx og Engels sin kommunisme. (Omsettaren nemnar her det monumentale verket titulert L’homme {Mennesket} av Lucien Sève frå 2008, der han på mest 800 sider handsamar denne sida ved tenkinga til Marx.) I staden har debattar om ’sosialismens økonomi’ fokusert på spørsmål om informasjon, tilskundingar (incentives) og effektivitet i tildeling av ressursar[ii]. Dette fokuset på ’sosialistisk rekning’ har komme i staden for forståinga av kommunismen som ein form for berekraftig menneskelig utvikling[iii].

For Marx og Engels var det aller viktigaste og mest naudsynte ved kommunismen den frie utviklinga av kvart enkelt menneske som samfunnsmessig individ. Dei insisterer på at ’samanslutninga av individ — set vilkåra for den frie utviklinga og rørsla til individa under deira eigen kontroll – vilkår som tidligare blei overlete til tilfellet og hadde fått ein uavhengig eksistens over og mot dei enkelte individa’[iv]. Kommunismen si ’altomfattande realisering av individa’ føreset at ’verknaden av verda som stimulerer den verkelige utviklinga av evnene til kvart individ er under kontroll av individa sjølve’[v]. Og i staden for at muligheitene for individuell utvikling blir oppnådd hovudsakelig på andre sin kostnad, slik det er i klassesamfunna, vil framtidas ’samfunn’ gi ’kvart individ middel til å dyrke evnene sine i alle retningar; derfor blir personlig fridom bare mulig innan samfunnet’[vi]. Marx og Engels ser for seg kommunismen som ’ei samanslutning der den frie utviklinga av kvar enkelt er vilkår for den frie utviklinga av alle’[vii].

Oppheving av framandgjøringa, felles eigedom og fordeling utan marknad

Det mest grunnleggande trekket ved kommunismen, slik Marx og Engels ser det for seg, er opphevinga av kapitalismen sitt samfunnsmessige skilje mellom produsentane frå naudsynte produksjonsvilkår. Kommunismen er ’den historiske opphevinga’ av ’åtskiljinga av arbeidet og arbeidaren frå arbeidsvilkåra som møter han/ho som uavhengige krefter’[viii]. Denne opphevinga av framandgjøringa fører med seg at arbeidskrafta ikkje lenger er ei vare pluss eit nytt sett med eigedomsrettar når det gjeld produksjonsvilkåra[ix]. Kommunismen erstattar ’kapitalistisk eigedom med ein høgare form av ein gamal type eigedom, dvs. kommunistisk eigedom’[x].

For Marx og Engels er den felles dimensjonen i kommunistisk eigedom bunde tett saman med individuell allsidig menneskelig utvikling både som middel og mål når det gjeld utviklinga av produktivkreftene. Dei ser ikkje for seg mekaniserte produktivkrefter som står over, og bestemmer, livsmuligheitene til arbeidarane og deira fellesskap. I staden ser dei menneskelige vesen som individuelt og kollektivt tar, held, opererer og utviklar desse produktive kreftene på måtar som forbetrar menneskelige evne/anlegg og livsmuligheiter sett som eit heile. Det er i denne heilskapelige tydinga, som er innretta på menneskelig utvikling, dei ser på ’det menneskelige vesenet sjølv’ som ’den viktigaste produktivkrafta’[xi]. Sett på denne måten er ’produktivkreftene og samfunnsmessige forhold to forskjellige sider av utviklinga av det samfunnsmessige individet’[xii]. Den svært utvikla samfunnsmessige produksjonen som kapitalismen let etter seg tyder at ’individa må tileigne seg den eksisterande heilskapen av produktivkrefter, ikkje bare for å oppnå sjølvaktivitet, men også for berre å sikre sin eigen eksistens’[xiii].

For å vere eit effektivt verkty for altomfattande menneskelig utvikling må kommunismen vere ’ dei sameinte individa si tileigning av dei totale produktivkreftene’; men han må ikkje redusere individa til små, utskiftbare tannhjul i ein gigantisk kollektiv maskin som opererer utanfor deira kontroll i ei framandgjort jakt på ’produksjon for produksjonens skuld’[xiv]. Han må forbetre utviklinga av dei menneskelige produktive kreftene som er i stand til å ta grep om og kontrollere den samfunnsmessige produksjonen på linje med ’utviklinga av den rike menneskelige naturen som eit mål i seg sjølv’[xv]. Sjølv om kommunistisk ’tileigning [har] ein universell karakter som samsvarer med … produktivkreftene’, så fremmar ho også ’utviklinga av dei individuelle evnene som samsvarer med dei materielle produksjonsinstrumenta’[xvi]. Fordi desse instrumenta har blitt utvikla til ein totalitet og … bare eksisterer innan det universelle samkvemmet’ krev deira effektive tileigning ’utviklinga av ein totalitet av evnene til individa sjølve’[xvii]. Kort sagt ’den genuine og frie utviklinga av individa’ under kommunismen former, og blir i sin tur forma av ’den universelle karakteren av verksemda til individa på grunnlag av dei eksisterande produktivkreftene’[xviii].

Følgjelig er det slik at sjølv om kommunismen ’ikkje gjeninnfører privat eigedom’ av produksjonsmiddel så ’oppretter han verkelig individuell eigedom på grunnlag av det som er oppnådd under den kapitalistiske epoken, nemlig samvirket og den felles eigedommen av jorda og produksjonsmidla’[xix]. ’Den framande eigedommen til kapitalisten’ er ’oppheva ved å omdanne hans eigedom til eigedommen … til dei sameinte, samfunnsmessige individa[xx]. Kommunistisk eigedom sikrar på denne måten kvart individ tilgang til vilkåra og resultata av produksjonen slik det treng for å bli eit ’fullstendig uvikla individ’[xxi]. I tillegg til retten til å delta i planlegging og styring av produksjonen (sjå under) fins det tre særeigne individuelle rettar under kommunistisk eigedom som arbeidar i retning altomfattande menneskelig utvikling.

For det første vernar kommunismen individet sin rett til å få sin del av totalproduktet for eige privat forbruk[xxii]. Slik ’omfattar samfunnsmessig eigedom jord og andre produksjonsmiddel og privat eigedom omfattar produkta, dvs. forbruksartiklane’[xxiii]. Naturligvis må samfunnsmessige eigedom også omfatte visse andre fråtrekk i tillegg til dei som er øyremerka til å ’erstatte og auke … produksjonsmidla’[xxiv]. Der må for eksempel vere ’eit reservefond for produksjon og forbruk’[xxv]. Vidare må vi trekke frå for ’generelle administrasjonskostnader’, for ’tilfredsstilling av felles behov, slik som skolar, helsetenester osb.’ og til ’fond for dei som ikkje er i stand til å arbeide’[xxvi]. Men etter desse fråtrekka er ’resten av forbruksmidla … fordelt mellom dei individuelle produsentane i det samarbeidande samfunnet’[xxvii].

Når det gjeld fordelinga av det individa treng til forbruk, ser Marx og Engels for seg ein todelt prosess. Under ’den første fasen av det kommunistiske samfunnet, slik det er når det nett har oppstått frå det kapitalistiske samfunnet etter lange fødesmerter’, foreslår dei at ’ den delen som kvar individuelle produsent får til livsopphald’ vil vere ’bestemt av arbeidstida til den enkelte’[xxviii] . Men i ein andre ’høgare fase av det kommunistisk samfunnet’ må krav på forbruksmiddel ut frå kor mykje ein arbeidar ’bli heilt forlate og samfunnet kan skrive på fanene sine: frå kvar etter evne og til kvar etter behov!’[xxix]. I denne høgare fasen ’tillatar fordelingsmåten… alle medlemmer av samfunnet å utvikle, halde oppe og bruke evnene sine i alle mulige retningar’[xxx]. ’Arbeidaren sitt eige individuelle forbruk’ blir med andre ord ’utvida til eit trinn … som trengs for full utvikling av individualiteten’[xxxi].

Den andre måten som kommunistisk eigedom fremmar individuell menneskelig utvikling på, er ved å sikre alle individ tilgong til dei utvida samfunnstenestene – utdanning, helsevern, offentlige tenester og alderspensjonar – som blir finansiert gjennom fråtrekk frå totalproduktet før det fordelast mellom individ. På denne måten er det slik at ’det som produsenten blir fråtatt som privat individ får han att direkte eller indirekte som medlem av samfunnet’[xxxii]. Slikt samfunnsmessig forbruk vil ’bli svært mykje større samanlikna med dagens samfunn og det aukar i same forhold som det nye samfunnet utviklar seg’[xxxiii]. Dimensjonen av menneskelig utvikling er klar ut frå den tenkte utvidinga av ’teknologisk utdanning, både teoretisk og praktisk … i skolane til arbeidarane’, medrekna ’ei tidlig kombinasjon av produktivt arbeid med utdanning’ – som sjølvsagt føresett ’ei streng regulering av arbeidstida ut frå dei forskjellige aldersgruppene og andre sikkerheitstiltak for å verne ungane’[xxxiv]. Ein viktig funksjon for denne heilskapelige utdanninga vil vere å ’omforme vitskap frå eit instrument for klasseherredømme til ei folkelig kraft’[xxxv].

For det tredje omfattar kommunistisk eigedom individet sin rett til stadig kortare arbeidstid. Denne ’forkortinga av arbeidsdagen’ vil lette menneskelig utvikling ved å gi individa meir fritid der dei kan ’nyte materielle og intellektuelle fordelar … ved samfunnsmessig utvikling’[xxxvi]. Fritid er ’tid … til den frie intellektuelle og samfunnsmessige aktiviteten til individet’[xxxvii]. Slik

’er fritid, disponibel tid, rikdom i seg sjølv, delvis for å nyte produkta og delvis for fri verksemd som – i motsetnad til arbeid – ikkje er dominert av presset frå eit ytre formål som må oppfyllast og der denne oppfyllinga blir sett på som naturlig naudsyn eller ei samfunnsmessig plikt’.[xxxviii]

Under kommunismen er følgjelig ’målet på rikdom – ikkje lenger, på noen måte, arbeidstid, men heller disponibel tid’[xxxix].

Kommunismen strevar etter denne forbetringa av menneskelig rikdom ved å erstatte marknadstildeling med ein ’kollektiv produksjon’ der ’samfunnet tildelar arbeidskraft og produksjonsmiddel mellom dei ymse industrigreinene’[xl]. Når ’produksjonsmidla blir halde felles’ blir produksjonen ’til produksjon av fritt samanslutta menneske og står under deira medvitne og planlagde kontroll’[xli]. Dei ’mange forskjellige formane for arbeidskraft’ blir brukt ’med fullt medvit som ei einaste samfunnsmessig arbeidskraft … i samsvar med ein bestemt samfunnsmessig plan (som) held oppe dei korrekte proporsjonane mellom dei forskjellige funksjonane til arbeidskrafta og dei ymse behova til samanslutninga’[xlii]

Som eg har hevda tidligare har debattar om ’sosialismens økonomi’ fokusert på tekniske saker som angår effektiviteten i fordelinga (’sosialistisk rekning’). Marx og Engels sjølv understreka ofte kommunismens overlegne fordelingsevner samanlikna med kapitalismen. For eksempel hevda Marx at med kommunisme ’ville sameinte, samverkande samfunn regulere den nasjonale produksjonen ut frå ein felles plan og på den måten ta han under sin eigen kontroll og gjøre slutt på anarkiet og dei periodiske krampane som er lagnaden til den kapitalistiske produksjonen’[xliii]. Likevel var ikkje det viktigaste ved kommunistisk planlegging større kontroll og effektivitet, men heller den rolla han har som noe som muliggjør og påverkar den menneskelige utviklingsimpulsen som blir utløyst av det nye systemet av eigedomsrettar – med den sikringa vi her finn av livsopphald, utviding av samfunnsmessige tenester, medrekna teoretisk og praktisk utdanning og meir fritid. Grunnen til at kommunismen er ’eit samfunn organisert for samverkande arbeid på grunnlag av planlegging’ er ’å sikre alle medlemmer av samfunnet eksistensmiddel og full utvikling av evnene deira’[xliv]. Denne forsikringa kan ikkje sameinast med marknads- og profittdriven produksjon der ’individa er underlagt den samfunnsmessige produksjonen; den samfunnsmessige produksjonen fins utanfor dei som lagnaden deira’[xlv]. Marx og Engels sin påstand er at marknadsframandgjøringa av individa (og heile samfunnet) frå den direkte felles kontrollen over produksjonen er ein følgje av det grunnleggande lønsarbeidsforholdet. Det er kapitalen sitt samfunnsmessige skilje av produsentane frå produksjonsvilkåra som skaper den situasjonen at produksjonen blir utført i føretak som er organisert uavhengig av kvarandre og styrt av signal frå marknaden[xlvi]. Dette er grunnen til at Marx insisterer på at kommunismen er ’ei form for produksjon som er heilt motsett vareproduksjonen’[xlvii]. Opphevinga av vareforma og arbeidarane sin samfunnsmessige skilnad frå dei naudsynte produksjonsvilkåra er to sider av det same fenomen der den siste forma har første rang. Kommunismen si oppheving av framandgjøringa tar form av at arbeidet blir ’direkte samfunnsmessig arbeid’ utan trong til å gå inn i pengebytte for å få fram ein samfunnsmessig deling av arbeidet som sikrar reproduksjonen[xlviii]. Som Marx seier er marknaden bare ’bandet som er naturlig for individ innan særeigne avgrensa produksjonsforhold’; og den ’framande og uavhengige karakteren’ til dette bandet ’ovafor individa viser bare at dei sistnemnde framleis held på med å skape vilkåra for det samfunnsmessige livet sitt, og at dei enno ikkje har begynt å leve det på grunnlag av desse vilkåra’[xlix].

For å summere opp så blir kommunismen sitt system med direkte samfunnsmessig arbeid sett på som noe som utviklar seg saman med produsenten si individuelle og kollektive utvikling som menneskelige vesen. Dette er forståelig når dei heller store krava til menneskelige ressursar som ’samverkande arbeid … utvikla til nasjonale dimensjonar’, er gitt[l]. Desse krava syns endå meir formidable når vi tar omsyn til at dette systemet ikkje skal styrast av noen sentralisert statsmakt, men i staden ’begynner med sjølvstyret til fellesskapa’[li]. Samanslutningar av arbeidarar skal erstatte statsbyråkrati, og ein kvar med offisiell stilling (medrekna dommarar) vil ikkje bare bli vald, men vere gjenstand for direkte tilbakekalling og dei vil ikkje bli kompensert meir enn den gjennomsnittlige arbeidande personen[lii]. Frå denne kanten kan vi definere kommunismen som ’folket som handlar for seg sjølv, ved seg sjølv’ eller at ’samfunnet sluker opp statsmakta som blir samfunnet si eiga levande kraft i staden for som krefter som kontrollerer og held det nede’[liii]. I denne oppslukinga av framandgjort makt vil utviklinga av menneskelige evne og behov forme utviklinga av samanslutninga sine evner til å planlegge, medrekna handsaminga av produksjonen sine naturgrunnlag.

Fellesskapen sin administrasjonen av allmenningane

Marx og Engels var djupt uroa over kapitalen sine tendensar til å skape økologisk krise[liv]. Følgjelig understreka dei den trongen eit etterkapitalistisk samfunn hadde til å ta ansvar for å administrere naturvilkåra. Dette forklarar kvifor dei insisterte på utviding av felleseigedommen til jord og andre ’livskilder’[lv]. Slik Marx og Engels såg det for seg vil kommunismen ’opprette att dei nære banda mellom menneske og jorda, men på ein fornuftsbestemt måte, og ikkje lenger formidla av liveigenskap, hersking og den idiotiske mystisismen til [privat] eigedom, sidan jorda ikkje lenge er eit objekt for kjøpslåing[lvi]. Denne ’felles eigedommen’ av jorda ’tyder ikkje at ein får opp att den gamle originale felleseigedommen, men er ein institusjon av ein mykje høgare og meir utvikla form av eigedom i fellesskap’[lvii].

Det fins likevel to funksjonelle parallellar mellom Marx og Engels si oppfatning av kommunistisk jordeigedom og dei felles eigde ressurssystema som det er gitt ein oversikt over i første delen av kapitlet.

For det første, i begge tilfelle gir ikkje felles eigedom – individuell – eller kollektiv – rett til å overutnytte jord og andre naturvilkår. Marx og Engels erkjente at jord ikkje bare er ein særlig ressurs, men at det er den grunnleggande kjelda til ’alle varige vilkår for liv som trengs av kjeda av menneskelige generasjonar’[lviii]. Derfor hevda dei at alle vanlige oppfatningar av ’eige’ av jord – medrekna individ sine rettar til å utnytte og avytre slik dei sjølv finn for godt – ikkje lenger ville gjelde under kommunismen som i staden stoler på eit felles system av bruksrettar og ansvar[lix]. Kommunistisk eigedom vil sjølvsagt gi alle individ rett til å delta i den produktive bruken av jorda og produkta frå ho som vilkår for deira eigen reproduksjon og allsidige utvikling. Men denne individuelle retten opererer innan kommunismen si ’medvetne og fornuftige handsaminga av jorda som varig felles eige, som det vilkåret for eksistensen og reproduksjonen av kjeda av menneskelige generasjonar som ikkje kan avytrast[lx]. Det kan ikkje vere mykje tvil om at Marx og Engels, lik dei fleste økologiske økonomane, ville avvise tanken om at ein positiv forskotsrente skulle bli nytta på framtidig mangel på tilgong på ressursar som er ein felles pott.

Den andre parallellen mellom dei observerte systema med felles pott og Marx og Engels sine berekningar er den praktiske tileigninga av makt til samfunnsmedlemmer grunna på ei djup rotfesting i felleseigedommen sine institusjonar for kulturell og produktiv verksemd. Marx og Engels ser for seg at produsentane tar i bruk den vitskapelige kunnskapen som trengs for å sjølvstyre arbeidsprosessen sin, medrekna bruken deira av naturvilkåra. Kommunismen si vekt på teoretisk og praktisk utdanning er heilt relevant i denne samanhangen. Her ser Marx og Engels spreiinga og den vidare utviklinga av vitskapelig kunnskap som tar form av ein ny kombinasjon av natur- og samfunnsvitskap[lxi]. Sjølv om denne einskapen, som utviklar seg mellom natur og menneskesamfunn, er ein logisk følgje av den samverkande utviklinga av naturen og menneske samfunnet[lxii], så er verkeliggjøringa av begge deler ein funksjon av kommunismen si oppheving av framandgjøringa av produksjonsvilkåra og deira omdanning til vilkår for menneskelig utvikling. Bare då vil folk bli verkelig

’medvitne om dei indre forholda mellom det som vi i dag kallar ’natur’verda og ’samfunns’verda … og handsame dei to halvdelane som fram til då har vore skilde, som ein einaste heilskap. Individet vil sjå at det lærer om begge delar når ei lærer anten om samfunnet eller naturen’[lxiii].

Eller, som Engels seier det rett ut, vil folk ikkje bare ’føle, men også vite om einskapen sin med naturen’[lxiv].

Denne medvetne ’forsoninga av menneska med naturen og med seg sjølv’ avheng framfor alt av kommunismen sin auke av ’fri tid’ og bruken av denne ’for den fulle utviklinga av individet’ som er i stand til å ’gripe sin eigen historie som prosess og erkjenninga av naturen (og like tilstadeverande som praktisk makt over naturen) som sin verkelige lekam’[lxv]. Gjennom den praktisk-intellektuelle utviklinga av produsentane under den frie tida og arbeidstida, blir ’den samfunnsmessige karakteren’ av kommunistisk arbeid ’sett … ikkje bare i ei naturlig, spontan form, men som verksemd som regulerer alle naturkreftene’[lxvi]. Som Marx seier,

’Fri tid – som både er fritid og tid for høgare aktivitet – har naturligvis omforma den som har han til eit forskjellig subjekt, og han går inn i den direkte produksjonsprosessen som dette forskjellige subjektet. Denne prosessen er då både disiplin, når det gjeld mennesket som er i ferd med å blir til; og, på same tid, verksemd, eksperimentell vitskap, materielt skapande og tingliggjørande vitskap, som når det gjeld mennesket som har blitt til har samfunnets oppsamla kunnskap i hovudet sitt[lxvii].

Den økologiske betydinga av fri tid som mål på kommunistisk rikdom kan ikkje overskattast. Veksande arbeidsproduktivitet treng ikkje auke gjennomstrømminga av materie og energi i den grad produsentane blir kompensert med forkorting av arbeidstida i staden for auke i materielt forbruk. Under like forhold gir det seg dessutan av seg sjølv, at i den grad menneskelige behov som er utvikla og tilfredsstilt i løpet av utvida fri tid bruker mindre materie og energi, så vil den auka vekta av desse behova i høve til alle behova minske produksjonspresset på naturomgjevnadene. Slik øko-vennlige verksemder kan innehalde ikkje bare oppsamling av produktive og vitskapelige kunnskapar, men også andre sjølvutviklande og kunstnarlige syslar. I røynda ser Marx og Engels at produsentane kan bruke den nyoppdage materielle tryggheita si og den auka fritida til å engasjere seg i ei mengd intellektuelle og estetiske former for sjølvutvikling[lxviii]. Denne delvise aventropifiseringa av menneskelige behov og menneskelig utvikling kan bli enda betre gjennom dei auka muligheitene som kommunismen gir folk til å blir kunnskapsrike deltakarar i og skaparar av økonomisk, politisk og kulturelt liv.

Den indre einskapen mellom menneskeslekta og naturen tyder sjølvsagt at det framleis vil vere naudsynt for det kommunistiske samfunnet å ’stri med naturen for å tilfredsstille behova sine, for å oppretthalde og reprodusere livet [sitt]’[lxix]. Dette gjør det endå meir vesentlig

’at det samfunnsmessige menneske, dei samanslutta produsentane, styrer den menneskelige utvekslinga med naturen på fornuftig måte, får ho under deira kollektive kontroll i staden for å bli dominert av ho som ei blind makt; klarar dette med minst mulig bruk av energi og under vilkår som er mest verdige og passande for den menneskelige naturen deira’[lxx].

Slik ’verkelig medveten mestring av naturen’ føreset at produsentane har ’blitt sjefar over sin eigen samfunnsmessig organisasjon’[lxxi]. Men han føreset ikkje at menneskeslekta har overvunne alle naturlige grenser; og han føreset heller ikkje at dei samanslutta produsentane har oppnådd fullstendig teknologisk kontroll over naturkreftene;

’Fridom består ikkje i draumen om å vere uavhengig av naturlovene, men i kunnskap om desse lovene og i den muligheita det gir til å få dei til åverke systematisk mot visse mål. Dette gjeld både lover i den ytre naturen og dei som styrer den kroppslige og mentale eksistensen til menneska sjølve – to typar av lover som vi kan skilje frå kvarandre i tanken, men ikkje i røynda. … Derfor består fridom i ein kontroll over oss sjølve og over den ytre naturen som er grunna på naturnaudsyn[lxxii].

Det er på denne kloke og forsiktige måten Marx ser for seg at dei sameina produsentane ’dirigerer produksjonen frå starten av slik at det årlige tilskottet av korn bare i liten grad avheng av variasjonar i veret; produksjonssfæren – forsyningsaspekta og bruksaspekta av han – er fornuftig regulert’[lxxiii]. For eksempel vil ’varig relativ overproduksjon av eksisterande rikdom’, det vil seie ’produksjon i høgare skala enn det som trengs for den enkle erstattinga og reproduksjonen av eksisterande rikdom’, er bare ein forstandig måte å sikre seg mot ’øydelegging på grunn av ekstraordinære naturkatastrofar, brann, flom osb.’[lxxiv]. ’Innanfor det kapitalistiske samfunnet’ derimot, medfører ukontrollerbare naturvilkår eit unaudsynt ’anarkistisk element’ i den samfunnsmessige reproduksjonen[lxxv]. Kommunismen sin planlegging ut får føre var prinsippet når det gjeld hendingar i naturen, illustrere korleis ’verkelig menneskelig fridom’ bare kan grunnleggast på ’ein eksistens som er i harmoni med dei etablerte naturlovene’[lxxvi].

II Berekraftig menneskelig utvikling, klassekamp og økologisk økonomi

Marx og Engels visjon om kommunismen smeltar saman ressursar i felles pott, samsvarande utvikling av menneske og naturen rundt og felleseige til dimensjonar i berekraftig utvikling. Og denne visjonen kombinerer naturvitskapelig og samfunnsvitskapelig tenking på ein praktisk-intellektuell måte som er heilt i samsvar med den tverrdisiplinære karakteren til økologisk økonomi. På same tid er det slik at når Marx og Engels ikkje gir oss eit detaljert plan for framtidssamfunnet, så tyder det at visjonen deira gir rom for ei variert institusjonell og kulturell utvikling som er i samsvar med det grunnleggande prinsippet om berekraftig menneskelig utvikling basert på oppheving av framandgjøringa av vilkåra for produksjonen. Slik sett held kommunismen deira seg til dei økologiske økonomane si forplikting til å vere metodisk mangesidig og historisk open.

Marx og Engels forsøkte sjølvsagt ikkje å sjå for seg kommunismen slik at dei kunne få plass i disiplinen økologisk økonomi. Dei hadde kraftige politiske grunnar til å legge fram eit inkluderande og historisk ope rammeverk heller enn ein detaljert plan. Ein detaljert plan ville ha gjort vald på kravet om at ’frigjøringa av dei arbeidande klassane må erobrast av desse klassane sjølve’[lxxvii]. Det ville ha utelukka arbeidarklassen sin sjølvutvikling gjennom politiske debattar, konfliktar og erfaringar med prøve- og feilemetoden i kampen, og dermed hindre spiringa og veksten til ei revolusjonær rørsle som hadde sitt sentrum i arbeidarfellesskapet. Som Alan Shandro forklarar forsto Marx og Engels arbeidarklassen som ’einskap i forskjell, som eit politisk fellesskap’[lxxviii]. Dette er grunnen til at dei såg på kommunismen, ikkje som en ’masterplan’ men ’som eit middel til å organisere arbeidarane si rørsle og for å strukturere og rettleie debatten i og rundt ho[lxxix].

Denne måten å nærme seg saka på er i samsvar med den vanskelige og langvarige karakteren til overgangen til kommunisme slik Marx og Engels vurderte det. Når alt kjem til alt så medfører denne endringa av dei naturlige og samfunnsmessige vilkåra for produksjonen frå framandgjorte vilkår med klasseutbytting til vilkår med berekraftig menneskelig utvikling, og det er noe som vi ikkje kan få til over natta. Kommunistisk produksjon er ikkje bare ganske enkelt arva frå kapitalismen, ha krev ’lange kampar, gjennom ein serie med historiske prosessar som omformar omstende og menneske’[lxxx]. Blant desse omforma omstende vil vere ’ein ny samfunnsmessig organisering av produksjonen, eller heller at dei samfunnsmessige produksjonsformene blir sett fri … frå den klassekarakteren dei no har og den harmoniske nasjonale og internasjonale koordineringa av dei’[lxxxi].

Alle detaljerte planar om resultatet av denne epokegjørande globale omdanninga ville vere yttarst utopisk i den mest dogmatiske og abstrakte tydinga av denne nemninga. Den kampen som føregår i den verkelige verda for å skape ’vilkår for fritt og samanslutta arbeid … vi oppatt og oppatt bli hindra av motstanden til dei eksisterande interessene og klasseegoismen’, og dette er nett grunnen til at dei nøyaktige framgongane (og tilbakeslaga) ikkje kan bestemmast på førehand[lxxxii]. Omdanninga til et fellessystem for berekraftig menneskelig utvikling er ut frå naturen sin ein prosess med felles utvikling av menneske og natur som er avhengig av kva spor tinga går inn i. Eit avgjørande viktig aspekt ved denne avhengigheita av spor er, slik Marx og Engels ser det, at kommunismen sine føresetnader for menneskelig utvikling for ein stor del vil bli skapt av sjølve den revolusjonære kampen. Det blir sagt slik i Den tyske ideologien at kommunistisk

tileigning … kan bare finne stad gjennom ei sameining som bare kan vere universell på grunn av karakteren til proletariatet sjølv, og gjennom ein revolusjon der, på den eine sida, makta til den tidligare produksjonsmåten … blir styrta, og på den andre sida, den universelle karakteren og energien til proletariatet blir utvikla som trengs for å fullføre tileigninga, og dessutan at proletariatet kvittar seg med at som framleis heng ved det frå den tidligare stillinga i samfunnet[lxxxiii].

Kravet om livsmuligheiter som er meir rettferdig og meir økologisk berekraftige står sentralt i det veksande verdsomspennande opprøret mot dei dominerande økonomiske institusjonane (transnasjonale føretak, Det internasjonale Pengefondet-Verdsbanken og Verdens Handelsorganisasjon). Men denne rørsla treng eit rammeverk for debatt, forsoning og verkeliggjøring av alternative strategiar for menneskelig utvikling som er leia av livsverdiar – ikkje av marknaden, privat profitt og andre former for utbytting og undertrykking. Den klassisk-marxistiske visjonen om kommunisme som oppheving av framandgjøringa har framleis mykje å bidra med i dette rammeverket som vi treng.

Verk som det er vist til i teksten:

Dickens, Peter 2004, Society and Nature, Cambridge: Polity Press.

Dugger, William M. og Howard J. Sherman 2000, Reclaiming Evolution, London: Routlegde.

Engels, Frederick 1939 [1878], Anti-Düring, New York: International Publishers.

Engels, Frederick 1964a [1925], Dialectics of Nature, Moscow: Progress Publishers.

Engels, Frederick 1964b [1844], ’Outline of a Critique of Political Economy, i Economic and Philosphical Manuscripts of 1844, av Karl Marx, New York: International Publishers.

Engels, Frederick 1979 [1872], The Housing Question, Moscow: Progress Publishers.

Lange, Oskar og Fred M. Taylor 1964, On the Economic Theory of Socialism, New York: McGraw-Hill.

Lebowitz, Michael 2002, ’Karl Marx: The Needs of Capital vs. the Needs of Human Beings’, i Understanding Capitalism: Critical Analysis from Karl Marx to Amartya Sen, redigert av Douglas Dowd, London: Pluto Press.

Marx, Karl 1943

Marx, Karl 1964 [1932], Economic and Philosphical Manuscripts of 1844, New York: International Publishers.

Marx, Karl 1966 [1890-1], Critique of the Gotha Program, New York: International Publishers.

Marx, Karl 1971, [1959], Theories of Surplus Value, del III, Moscow: Progress Publishers.

Marx, Karl 1973 [1939-41], Grundrisse, New York: Vintage.

Marx, Karl 1974b [1871], ‘Provisional Rules’, i The First International and After, redigert av David Fernbach, New York: Random House.

Marx, Karl 1975 [1939], ‘ Notes on Wagner’, i Texts on Method, redigert av Terrell Carver, Oxford: Basil Press.

Marx, Karl 1976b [1898], Value, Price, and Profit, New York: International Publishers.

Marx, Karl 1981 [1867-94], Capital, bind I-III, New York: Vintage.

Marx, Karl 1985 [1971], ‘The Civil War in France’, i Marx and Engels on the Paris Commune, Moscow: Progress Publishers.

Marx, Karl 1989b [1924], ’Drafts of the Letter to Vera Zasulich’ og ‘Letter to Vera Zasulich’ i Collected Works, Karl Marx and Frederick Engels, bind 24, New York: International Publishers.

Marx, Karl 1994 [1976-82], ‘Economic Manuscripts of 1861-63, Conclusion’, in Collected Works, Karl Marx and Frederick Engels, bind 34, New York: International Publishers.

Marx, Karl og Friedrich Engels 1968 [1848], ‘Manifesto of the Communist Party’ i Selected Works, Karl Marx and Frederick Engels (eitt bind), London, Lawrence and Wishart.

Marx, Karl og Friedrich Engels 1976 [1932], The German Ideology, Moscow: Progress Publishers.

Ollman, Bertel 1979, Social and Sexual Revolution, Boston: South End Press.

Shandro, Alan 2000, ’Karl Marx as a Conservative Thinker’, Historical Materialism, 6: 3-25.

Noter:

[i] Dugger og Sherman 2000; Dickens 2004, sidene 66-73.

[ii] Lange og Taylor 1964; Science & Society 1992 og 2002.

[iii] Eit unnatak som vi kan merke oss er Lebowitz 2002. (Omsettaren vil legge til Mészáros.)

[iv] Marx og Engels 1976, side 89.

[v] Marx og Engels 1976, side 309.

[vi] Marx og Engels 1976, side 86.

[vii] Marx og Engels 1968, side 53.

[viii] Marx 1971, sidene 271-2. Sjå og Marx 1976b, side 39.

[ix] Engels 1939, side 221; Marx 1968, side 580 og 1971, side 525.

[x] Marx 1989b, side 363 (utheving i originalen).

[xi] Marx 1973, side 190.

[xii] Marx 1973, side 760.

[xiii] Marx og Engels 1976, side 96.

[xiv] Mars og Engels 1976, side 97.

[xv] Marx 1968, sidene 117-18.

[xvi] Marx og Engels 1976, side 96.

[xvii] Ibid.

[xviii] Marx og Engels 1976, side 465.

[xix] Marx 1981, bind I (utheving lagt til).

[xx] Marx 1994, side 109 (utheving i originalen).

[xxi] Marx 1981, bind I, side 618.

[xxii] Marx og Engels 1968, side 49.

[xxiii] Engels 1939, side 144; samanlikn Marx 1981, sidene 172-3.

[xxiv] Engels 1979, side 28.

[xxv] Engels 1979, side 28; sjå også Marx 1966, side 7 og 1981, bind III, side 1016.

[xxvi] Marx 1966, side 7.

[xxvii] Marx 1966, sidene 7-8.

[xxviii] Marx 1966, side 10 og 1981, bind I, side 172.

[xxix] Marx 1966, side 10; samanlikn Marx og Engels 1976, side 566.

[xxx] Engels 1939, side 221 (utheving i originalen).

[xxxi] Marx 1981, bind III, sidene 1015-16.

[xxxii] Marx 1966, side 8.

[xxxiii] Marx 1966, side 7.

[xxxiv] Marx 1981, bind I, side 619 og 1966, side 22

[xxxv] Marx 1985, side 162.

[xxxvi] Marx 1981, bind III, side 958-9.

[xxxvii] Marx 1981, bind I, side 667.

[xxxviii] Marx 1971, side 257 (utheving i originalen).

[xxxix] Marx 1973, side 708.

[xl] Marx 1981, bind II, side 434.

[xli] Marx 1981, bind I, side 171, 173.

[xlii] Marx 1981, bind I, side 171-2.

[xliii] Marx 1985, side 76.

[xliv] Engels 1939, side 167.

[xlv] Marx 1973, side 158.

[xlvi] Marx 1970, sidene 84-5 og 1973, sidene 171-2.

[xlvii] Marx 1981, bind I, side 188.

[xlviii] Marx, bind I, side 188; sjå også Marx 1973, side 158; Engels 1939, sidene 337-8.

[xlix] Marx 1873, side 162.

[l] Marx 1974a, side 80.

[li] Marx 1989a, side 519.

[lii] Marx 1985, sidene 71-77, 153-7; samanlikn Ollman 1979, sidene 58-62.

[liii] Marx 1985, sidene 130, 153.

[liv] Burkett 1999a, kapitla 9-10; Foster 2000a, kapittel 5.

[lv] Marx 1966, side 5.

[lvi] Marx 1964, side 103.

[lvii] Engels 1939, side 151.

[lviii] Marx 1981, bind III, side 754.

[lix] Marx 1981, bind III, side 911.

[lx] Marx 1981, bind III, side 949.

[lxi] Marx 1964, side 143; Marx og Engels 1976, side 34.

[lxii] For Marx og Engels (1976, side 45) er ikkje naturen og samfunnet ’to skilde ´ting´´; det er heller slik at menneskeheita har ’ein historisk natur og ein naturhistorie’. Mens dei insisterer på at ’naturen som kjem før menneskelig historie … ikkje lenger fins i dag, så erkjenner dei den stadige viktigheita til ’produksjonen sine naturlige moment’ og at ’individ er underlagt naturen’ når dei brukar desse’ (Marx og Engels 1976, sidene 46, 71).

[lxiii] Ollman 1979, side 76.

[lxiv] Engels 1964a, side 183, Marx (1964, side 137) definerer derfor kommunismen som ’einskapen mellom menneskets eksistens og naturen’.

[lxv] Engels 1964b, side 294; Marx 1973, side 542 (utheving i originalen).

[lxvi] Marx 1973, side 612.

[lxvii] Marx 1973, side 712. Samanlikn Marx 1971, side 257.

[lxviii] Marx 1973, side 287; Marx og Engels 1976 , side 53.

[lxix] Marx 1981, bind III, side 959.

[lxx] Ibid.

[lxxi] Engels 1939, side 309.

[lxxii] Engels 1939, side 125.

[lxxiii] Marx 1975, side 188.

[lxxiv] Marx 1981, bind II, sidene 256-7, 544. Sjå også Marx 1966, side 7 og 1971, sidene 357-8-

[lxxv] Marx 1981, bind II, side 545.

[lxxvi] Engels 1939, side 126.

[lxxvii] Marx 1974b, side 82.

[lxxviii] Shandro 2000, side 21.

[lxxix] Shandro 2000, side 22-3.

[lxxx] Marx 1985, side 76.

[lxxxi] Marx 1985, side 157

[lxxxii] Ibid.

[lxxxiii] Marx og Engels 1976, side 97.

Terje Valen, 2013

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Marxism, Marxisme, Our global world, Politic&Society, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s