Ei progressiv og naudsynt helsing til alle i 2017

Revolusjon_1197 II“Revolusjon”, olje på lerret, 2008, Ivar Jørdre

Kampen mot kapitalkreftene og fascismen!

Stadig oftare kjem angrepa mot arbeidarar, bønder, kunstnarar og andre i vår tid. Dette er det same som hende på 1930-talet. Fascismen utvikla seg og motstanden var splitta. Sosialdemokratiet i mange land gjekk ikkje saman med kommunistar og sosialistar i felles front mot fascismen. Mykje det same gjer seg gjeldande i dag. Fascismen er komen attende som ein reell trussel. Faglege og demokratiske rettar vert truga av høgrekreftene i Noreg såvel som i store delar av Europa. Eit kapitalistisk Europa i si alvorlegaste krise sidan depresjonen på 30-talet. Arbeidsløysa veks, offentleg velferd og nasjonale resursar vert privatisert. Kapitalkreftene trugar oss på alle kantar og den globaliserte nyliberalistiske sleipe mørke hanske dreg menneska ut over stupet. Om me ikkje handlar før det er for seint. Det er på tide å vise og reise motstand!

Einheitsfront og folkefront handlar om å eine arbeidsfolk og alle demokratiske krefter for å forsvare våre vitigaste interesser. Dette er ei stor oppgåve og det å gjera verkeleg denne einheita kan vera vanskeleg i og med at det er sterke krefter å kjempe mot. Desse kreftene, monopolkapitalen, reaksjonære sokalla demokratiske regjeringar, går saman om å splitte og knuse all folkeleg motstand. Om dei lukkast og held fram med å lukkast vil framtida vera i henda på destruktive krefter som vil gjera alt dei kan for å halde på det kapitalistiske hegemoniet. Eit hegemoni som vil prøve å heve profitten og vekstrata til stadig nye høgder og til stadig nye områder. Eit vanvittigt kapplaup med begrensa resursar, miljø og menneske. Alle med den mest basale kunnskap om kvar grensene for tåleevne og bærekraft går for vår planet, veit at dette må stoggast. Til og med deler av kapitalkreftene og deira handlangarar veit det, men deira kapitalakkumuleranda tvang til stadig meir profitt, held si klamme hand over oss alle. Difor må me gjera alt som står til rådvelde, eining av alle tilgjengelege progressive demokratiske krefter frå alle lag av samfunnet som vil ha endring, til å kome og stå saman mot denne kapitalistiske destruktive “flodbølga”. Berre då og ikkje utan, kan me stå opp mot dette åket og kjempe for ei annan og alternativ verd!

Sosialdemokratiske parti trudde før (no trur dei absolutt ikkje på slikt lenger) at gjennom aukande statleg eigarskap og statleg styring av kapitalismen, ville det verte mogeleg og skrittvis avskaffa kapitalismen. Eller i alle fall å temme han. Dei tok grundig feil. Det skapte ikkje ei blanding av kapitalisme og sosialisme, utan berre ei blanding av kapitalisme og statskapitalisme. Stalinistane trudde at land der staten nesten eigde alt og planla alt, som Sovjet og Kina, var sosialistiske. Dette til tross for at arbeidarane verken kontrollerte produksjonen eller staten. Lønnsarbeidet vart verande og staten konkurrerte med resten av den kapitalistiske verda. Dei tok og feil. Eit samfunn kontrollert av eit privilegert statleg byråkrati, var og er ikkje sosialisme, men eit byråkratisk statskapitalistisk tyranni.

I dagens sosiale rørsler finns det mange som identifiserar nyliberalismen som den einaste fienden, og ikkje kapitalismen som heilheit. Nyliberalismen er sjølvsagt ein fiende, men han er berre eit av hovuda på kapitalismen sine akslar. Å hogge av eit hovud kjem ikkje til å gjere dei andre hovuda mindre dødelege. Det finns berre ein måte å avskaffe kapitalismen på og oppnå sosialisme og kommunisme. Det er at arbeidarane, bøndene og kunstnarane sjølv tek over eigarskapet og kontrollen over produksjonsprosessen. For å gjere det må dei ta den politiske makta. Rosa Luxemburg oppsummerte det heile då ho skreiv:” der kapitalismen sine lenker vert smidde, må dei brytast”.

Det er også naudsynt med ein Kulturfront i denne eining av sosialistiske, kommunistiske og alle andre demokratiske krefter. Denne front og i kontrast til dei “sosiale” media som nå visar seg, har ein enorm styrke ved å gje signalar til alle, samstundes. Men dei kan og ha svakheiter om dei manglar naudsynte “filtre og reglar”. Det tek tid å byggje ein kulturfront, difor så viktig at kunstnarar også engasjerar seg. Kva skal ein kulturfront konkret ta opp? Ulike teoriområder, ulike virkeområder, trongen for ein av-framandgjering, trongen for massekamp, trongen for organisering av ein Kulturfront. Kort sagt, trongen for aksjonar på ulike plan. Ein Kulturfront må vera inkluderande, og vera heilt open for alle progressive demokratiske krefter sin argumentasjon utan den sensureringa som finn stad i det kommersielle marknads-media-samfunnet.

Med dette er alle som vil ha endring og alle som håpar å få ei sterkare stemme for endring, velkomne til felles kamp og kunnskap om ei betre verd, betre framtid for menneskeslekta og ei verd utan krig. DETTE ER HÅPET VÅRT – FRÅ SØSTER OG TIL BROR!

(Denne “nyårshelsinga” stod på bloggen første gong i desember 2013. Ikkje eitt ord er endra – ikkje ein tanke er overflødig. Det er som det er skreve no og like aktuelt er det også!)

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Our global world, Politic&Society, Politikk, samfunn, Socialism, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s