Henry (Kissinger) the Butcher!

Foto: Ministerio de Relaciones Exteriores de Chile. – Archivo General Histórico del Ministerio de Relaciones Exteriores.

Krigsforbrytaren Kissinger til Oslo

11. desember kjem Henry Kissinger til Oslo for å delta på Nobel Peace Prize Forum. For kort tid sidan våga ikkje varslaren Edward Snowden å kome til Noreg for å motta Ossietzkyprisen i frykt for å verte utlevert til USA. Kissinger vert i mellomtida teken imot som en notabilitet. Me synes dette er graverande.

Ei rekkje samfunnstoppar vil få med seg opptrinnet i Universitets Aula. Men ikkje alle i Noreg set pris på at Kissinger er invitert av Nobelstiftelsen og UIO. For dei som ikkje veit kven Henry Kissinger er kan me kort nemne at han var ein av verdas mektigaste for over 40 år sidan. Me har ikkje gløymt hans brotsverk:

Som utanriksminister i USA gjorde Kissinger seg skuldig i ei rekkje krigsbrotsverk. Han bidrog til ei opptrapping av krigen i Vietnam, ein krig som tok livet av 3,8 millionar menneske. Han gav ordre til massiv bombing i Kambodsja. I ei «hemmeleg» bombekampanje frå 1969 til 1973 slapp amerikanske fly ei dødeleg last tilsvarande fem Hiroshimabomber over landsbygda der. Minst 500.000 fattige bønder vart drepne.
Kissinger godkjente at marionetten Suharto drepe 200.000 aust-timoresarar i tida etter den indonesiske invasjonen i 1975.

Kissingers krigsbrotsverk er godt dokumentert. I 2004 offentleggjorde det amerikanske nasjonalarkivet 20.000 sider med utskrifter av Kissingers telefonsamtalar. Dokumenta viser at Kissinger personleg gav ordre om bombinga i Kambodsja. I 2013 offentleggjorde WikiLeaks 200.000 dokument frå Kissingers tid som amerikansk utanriksminister.
Dei viser hans samarbeid med fascistregimer i Latin-Amerika, med Francos Spania og med militærjuntaen i Hellas.

Underteikna sendte e-post til rektor ved UIO og uttrykte vår misnøye med at Kissinger vert goven ein talarstol på denne måten. Rektor svarte oss at «universiteter skal være arenaer for debatt. Det ligger i vårt samfunnsoppdrag. Vi mener at dette oppdraget også gjelder for kontroversielle debatter og debattanter, og til tross for at det kan skape reaksjoner.»

Kontroversielle personar eller ikkje. Me trur ikkje at eit universitet ville ha invitert ein «Milosevic» eller en «al-Bashir». Kissinger er i høgste grad ein person som høyrer heime i denne klassen. Men sidan han har vært ein leiar for eit vestleg demokrati kvitvaskas han, han er ein av våre eigne.

Gjeld folkeretten også for leiarar i vestlege demokrati? Kissinger bør pågripast og tiltalast. Ein norsk rettsinstans bør sørge for at internasjonal rett vert brukt mot Henry Kissinger.

Ivar Jørdre og Terje Alnes
Raudt Bergen

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialism, Imperialisme, Latin-Amerika, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Henry (Kissinger) the Butcher!

  1. Bli med Rødt og Latin-Amerikagruppen i Bergen og anmelde Kissinger!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s