Marx verk i utval – verktøy for å forstå kapitalismen i dag

karl-marx-4

Marx verk i utval – ny tysk studieutgåve i 6 bind

Innleiing om korleis Marx sine tankar om profittraten sin fallande tendens kan gi oss nøkkelen til å forstå samfunnsutviklinga i det siste hundreåret.

Den store interessa for Karl Marx sine tankar og teoriar som no veks fram att, spesielt i tida etter den store økonomiske krisa som slo så kraftig inn i 2008, har ført til at det har blitt skrive ei mengd bøker som bruker Marx sine verk som utgangspunkt for å forstå kva som skjer. Grunnen er at fleire og fleire oppdagar at andre økonomiske teoriar ikkje maktar å gi noko grunnlag for ei slik forståing. Dette har mellom anna ført til at Lambert Schneider Verlag, som er forlaget til Wissenschaftliche Buchgesellschaft (WBG, den største bokklubben for fagbøker i Europa), i år (2013) 2013 gav ut ei ny utgåve av Marx sine verk i 6 bind. I presentasjonen av denne utgåva heiter det at; “I høve den aktuelle verdsøkonomiske situasjonen får filosofien og verka til Karl Marx igjen ein særlig relevans. Mange av prognosane hans blir i dag bekrefta: utbyttinga i verda, kapitalakkumulasjonen, tiltakande internasjonal samanfletting og krisearta fenomen. I det siste, etter finans- og økonomikrisa, er kritikken mot utbytting og urettferdigheit igjen blitt kraftigare. Det er nok ein grunn til å lese Marx (oppatt). Denne flott redigerte utgåva av Marx sine viktigaste verk inneheld dei skriftene som er uomgjengelige for å forstå tankane hans. Dei dannar ei bru frå ungdomsverka over dei viktigaste politiske publikasjonar til eit utval av økonomiske tekstar; frå doktoravhandlinga ved universitetet i Jena til “Feuerbachtesane” og “Det kommunistiske partis manifest” til den uavkorta teksten i “Kapitalen”.” Wolfram Elsner har skrive innleiinga til verket. Han seier at han hadde vokse opp på 1950- og 60 talet, under den økonomiske oppgangstida etter 2. Verdskrigen, då Marx blei sett på som daud og meir enn daud. Men midt på 60-talet kom opprøret mot den einsrettinga som hadde ført til at all kritikk mot systemet blei sett på som utilbørlig, og då fekk noen av dei som vaks opp kjennskap til Marx att. Det galdt også Elsner. Men han seier at han aldri vart nokon marxist. Han var en ein humanist som hadde kontakt med delar av det mindretalet av økonomar som ikkje følgde med i det nyliberale koret, det var keynesianarar, evolusjonære og institusjonelle økonomar, kompleksitetsøkonomar, sosialøkonomar av forskjellige retningar, “etiske” og økologiske økonomar og marxistiske økonomar. Så hadde krisa i 2008 fått han til å interessere seg for Marx att. Då han studerte profittraten sin fallande tendens begynte mange problem som dukka opp under finanskrisa å få ei forklaring. Det galdt krisa i finansmarknaden, ressurskrisa, matvarekrisa, dei sosiale, politiske og moralske krisene. I lys av teorien om profittraten sin fallande tendens og andre omgrep og analysar frå Marx vart det mulig å forstå og forklare det som skjedde og ha relativt godt grunngjeve meiningar om kva som kom til å skje frametter. Som følgje av ein omfattande profittratekrise (som tyder krise i reproduksjonen og akkumulasjonen av kapital) fins det kvantitativt sett ikkje meir nokon utveg, sjølv om vi kunne pumpe alle offentlige middel og skattar i den neste generasjonen og alle nåverande og kommande verdiar som kan eksistere i denne verda, inn i profittmassen.

Han vurderer det slik at den private, nominelle rikdommen som dei “nyliberale” (som i røynde korkje er nye eller “liberale” i noka fornuftig meining) regjeringane i fire tiår har opna for at dei super-, mega- og gigarike privatfolka, konserna, bankane, forsikringsselskapa,

2

investeringsfonda, skyggebankane, hedgefonda og private aksjefond, har kunne tileigna seg, at denne mengda med “meirverdikrevjande kapital”, har eksplodert slik under det “nyliberale” store prosjektet for omfordeling frå “nede” til “oppe”, at jorda er blitt for liten til å skape muligheit for å halde oppe ein “tilfredstellande” gjennomsnittlig profittgivande bruk av heile denne meirverdien innafor dei muligheitene som fins når det gjeld samfunnsproduktet, inntektsskapinga og ressurstilgangen. Det forklarer kvifor “kapitalen” ikkje bare er blitt yttarst nervøs, men beint fram “vanvittig” og “galen” og kvifor han “trakkar alle menneskelig lover under foten sin” og at “det fins ikkje noka brotsverk som han ikkje risikerer, sjølv når han står i fare for dødsstraff”, for å realisere så lite som 25 % profittrate og ikkje 100 % eller 300 % slik Marx skreiv, og altså tok feil i. Grenselaus utbytting av omverda og naturressursane, “galen” spekulasjon på alt og ingenting, på alt som no eller i framtida kan brukas til å dekke menneska sine verkelige behov og deira verkelige forbruk og også det som potensielt kan ha nokon verdi og vere relevant for spekulasjon og som kan omdannast frå nominelle til reelle kapitalformuar , heilt fram til landgrebbing i kontinental utstrekning, alle desse nye, irriterande fenomena , som for mange bare er knytt til moralske omgrep som grådigheit, tjuveri, rov og personlige veikskapar ved spekulantane, finn eigentlig først si objektive, systemiske tyding, samanheng og oppklaring i Marx sitt perspektiv. Dermed ser det ut til at den moderne “fiansialiserte” kapitalismen i siste konsekvens slår ein boge frå opphavet til sluttpunktet sitt. I starten finn vi røving av landområde, av allmenningane og bøndene sin eigedom som Marx kallar “opphavleg akkumulasjon” i først bind av “Kapitalen”. No sluttar forsøka på å realisere ganske låge profittratar på slike utrulige mengder med stadig meir hektiske vandrande fiktiv kapital (Marx) (det vil seie kapital som ikkje bare utelukkande eksisterer for seg sjølv og vil auke seg sjølv, men som vil gjøre dette gjennom rente og spekulasjon), med ei global grebbing av stadig større landområde, altså ikkje bare ein kapitalakkumulasjon som kjem av ekspropriering, men av den mest gjennomføre, mest omfattande form for oppsuging av alle noverande og kommande realverdiar i profittmassen, same om det fører til folkemord og fiendskap mot menneskeslekta. Den fiktive kapitalen det her er snakk om er løfter om omsettelige, framtidige utbetalingar frå dei største, mest sentrale og “mest systemiske” finanskonglomerata, så vel som dei gigarike private kreditorane, partseigarane og “investorane”. Så seier Elsner at Marx sine forklaringar på korleis dei individuelle planane til sjølv dei mektigaste finanssamanslutningane kjem opp i krise, samsvarer med moderne forsking på komplekse og sosiale system. Denne forskinga viser at system med innebygd veksttvang før eller seinare kjem inn i ein sjølvblokkerande krisemodus. Den globaliserte og finansialiserte kapitalismen, som har degenerert til ein gigantisk omfordelingsmekanisme, møter raskare enn venta jorda sine fysiske grenser. I dei siste fire tiåra har kapitalen med aukande lynfart fjerna ikkje bare den realøkonomiske soliditeten og dynamikken sin, men også evna si til å løyse problem gjennom dynamisk vareproduksjon og slik sikre “velstand” og arbeid, ernæring, sunnheit, utdanning, tilfredsheit, lykke, den meste elementære sikringa av framtida og folk sin sjanse til å planlegge framtida si (noko som heller aldri var kapitalen sitt mål).

Han seier at du må sannelig ikkje vere nokon marxist for å sette talrike nye fenomen som ser forskjellige ut og er vanskelige å fatte, inn i ein samanhang som det går an å forstå ut frå

3

profittrateperspektivet. Han nemner her den manisk-depressive dynamikken frå profittjakta og presset etter skaping av meir verdi på den eine sida og den spekulative hamstringa av kapital på den andre sida, og oppumpinga av spekulasjonsboblar og omdanninga av det som er forvandla til oppblåsen nominell kapital til luksusforbruk, seremonielle investeringar (luksusbustader, sponsing), global ressurstileigning, globalt press for å senke verdien på arbeidskrafta og den utstrakte fallet i livskvalitet, dei nye rekordane når det gjeld fattigdom og svolt og det eksponensarta forbruket (som aukar i ei stigande kurve) av dei verkelige tinga frå jorda, nedgangen i realøkonomien, uttørkinga av den verkelige industrikapitalen gjennom eksploderande leiarløner, renteutbetalingar, bonusar, dividendar og spekulative finansinntekter, degenerasjonen av ein realøkonomi som fungerte på ein halveges måte under den keynesianske velferdsstaten (med større vekt på verkelig produksjonen og dermed større spelerom for fordeling) til ein global omfordelingsmekanisme og ein gigantisk fastlimt struktur av utlånarar og forgjelda, den vidtgåande privatiseringa av offentlige verdiar og den planlagde offentlige (statlige) utarming, den systematiske dekvalifiseringa og handlingslamminga til statane og det offentlige som sekulære “nyliberale” program, og opp mot det dei statlige “sosiale fallskjermane” og “fullkaskoforsikringane” til kvar enkelt “systemeigen” bank, statlig hindring av ein kvar strukturendring av denne spekulasjonsindustrien der vi finn kvar bank som er “for stor til å gå konkurs”, pantsetting av skatteinntektene frå den neste generasjonen til bankane på grunn av dei eksploderande underskotta i statshushaldet og overføring av giftige spekulasjonspapir til sentralbankane og dei nye parafiski (“Bad Banks”, EFSF/ESM {European Financial Stability Facility/European Stability Mechanism, se: http://www.efsf.europa.eu/about/index.htm} osb.), den statlige overføring av overspekulerte bankunderskott til negative realrenter som i staden for å bli gitt tilbake til realøkonomien, umiddelbart blir nytta til vidare spekulativ statsfinansiering (til 5 %, ( 8 % eller meir) eller til sikker hamstring (gjennom EZB {Den europeiske sentralbanken} eller i tyske statsobligasjonar) osb., osb.. Så skriv han om systemeigne kriser og korleis Marx sine perspektiv fell saman med perspektiva til moderne kompleksitetsøkonomar.

For Marx er “krise” eit omfattande mikroøkonomisk og makroøkonomisk fenomen og han analyserer det ned i “atomstrukturen” til eit spontant, desentralisert, individualistisk system (“marknadsøkonomi”) med akkumulasjonstvang og dermed veksttvang. Dette har årsakene sine i dei meste elementære samfunnsøkonomiske forhold og samkvemmet mellom dei individualiserte og dermed kortsynte aktørane og speglar seg i ulikevektige forhold når det gjeld det oppsamla resultatet i makroøkonomien. Så går han inn på ei rekke av dei komplekse (og kaotiske) forholda som pregar dette systemet. Han seier at det begynner med dei enkelte kapitalane som driv verdiproduksjonane ved sidan av og mot kvarandre som er utan plan og driven av konkurransen, det fortsett med den samfunnsmessige “lauskoplinga” og “lausrivinga” av varer og pengar (og dermed også av kapital – noe som vi kan fatte i omgrep som “varefetisjisme”, “pengefetisjisme”, kapitalfetisjisme”) og dei mangfaldige muligheitene for at verdien og prisane skil seg frå kvarandre i det desentraliserte byttesystemet og at det dermed oppstår enorme muligheiter for skuffa forventingar og overraskande feile tiltak i etterkant og følgjande tap (der kostnadane desto meir blir tatt frå dei avmektige og gitt til dei mektige), og dessutan muligheita for at samanhengen i produksjonen og sirkulasjonen blir broten på grunn av ugunstige forventingar (hamstring av varer, pengar og kapital), at det er naudsynt for kapitalen å vekse og dermed utvikle alle muligheiter og høve, som vi ikkje kan sjå bort frå, for omfordeling som ikkje fører til auka innsats, nett som lausriving av kapitalen frå dei realøkonomiske mål (behov, tinglige produksjonsmål, Marx sin okkulte kapital), den kaotiske omfordelingskampen når det gjeld arbeidskrafta sin verdi og den motsvarande om

4

storleiken på meirverdien, altså om lengda på arbeidsdagen og også om dei teknologiske vilkåra for arbeidet sin intensitet og produktivitet, kapitalen sitt kappløp (på liv og daud) om ekstrameirverdien som av og til oppstår. Vidare har vi dei uavhengige rørslene til pengeprisane, lønene og rentesatsane og storleiken på kreditt- og kapitaldelar som ammunisjon i konkurransekampen, dei ukontrollert veksande konsentrasjons- og sentraliseringsprosessane, og til slutt får vi det nye universet av fiktive kapitalar med sine uoversiktlige fleirlaga nominelle krav på innkomst (aksjar, verdipapir, opsjonar/swaps/futures, derivat, derivat av derivat, forsikringspolisar på derivat osb.) og deira eigne prisbestemmingar, og vi har den sykliske og oversykliske rørsla av profittraten som “lagnadsstorleik” for kapitalforholdet og endelig konkurransemekanismen sin tendens til å skape overproduksjon saman med at forbrukskrafta blir liggande etter på makroøkonomisk nivå. Han seier at tendensar til overproduksjon og underforbruk er kjerna i Marx sin kriseteori. Det gjør at forventinga til kapitalistane når det gjeld å suge opp dei “restane” av meirverdien/kapitalen som ikkje kan seljast, gjennom sin eigen investeringsetterspurnad, blir desto viktigare. Kan dei redde seg sjølv gjennom høgare takt i investeringane som skal kompensere for det systemeigne underforbruket elles og dra seg opp av sumpen etter eige hår, slik som den “nyklassiske-nyliberale” økonomiske teorien hevdar? Det som ser ut til å vere fornuftig og mulig å gjennomføre på kollektivt vis, det å få til ein felles, fornuftig, gjennomskodelig og rettferdig fordeling av byrdene som kan “bøte” på resultata etter tidligare (feil)vurderingar, er uoppnåelig på individualistisk vis. Kven kan produsere ei “framtida”, eit “kollektivgode” , eit “oppsving” når forbruksetterspurnaden ikkje er slik ein kan ønskje – og som gjør at ein lurer på om alle andre blir “freeriders”? Dette er ein særdeles sårbar prosess i alle ledd, som ikkje kan gå godt, særlig når bare noen få overmektige forsøker å ri han gjennom omfordelingsprosessar, ved å velte byrdane over på andre og ved å skape sosialutgifter . Den atomlike, eller genetisk like (etter kva analogi ein vil bruke på det kompliserte systemet) strukturane i krisene er ikkje bare tema i Marx sine tre bind av Kapitalen. Motsetnader, skadefare, det at den individuelle og kollektive fornufta skil seg frå kvarandre, handlingshindringar, å bomme på måla, framandgjøring og lausriving, viltveksande (om)fordelingsprosessar med makroøkonomiske krisekonsekvensar – alt dette blir utvikla av Marx frå dei tidligaste skriftene hans, først gjennom studiar av filosofi og samfunnsfilosofi i staden for økonomi. Den skotske opplysningstida og den tyske dialektiske filosofien hadde allereie gitt nyttige forarbeid til “unintended consequences” (uønskte følgjer) mellom individualisme og kollektivet. Så seier han at han bare kan antyde at eit slikt program, på ein svært interessant og framtidsretta måte, fell saman med forskingsprogrammet til den moderne kompleksitetsøkonomien og –samfunnsvitskapen, som formelt lagar modellar med handlingsbasert datasimulering. Konklusjonen frå slike studiar er at det er like sannsynlig at slike kompliserte prosessar og strukturar som vi finn i den kapitalistiske økonomien skal komme i likevekt som det er å finne eit spesielt støvkorn i universet. I slike system er likevekt eit ekstremt grensetilfelle, og det vi til vanleg finn er stadig aukande ulikevektsprosessar og langvarige blokkader og lamande tilstandar.

Røtene til krisene i det “atomliknande” grunnlaget for den kapitalistiske samfunnsøkonomien ligg altså djupare enn den uttalte overproduksjonsteorien i Kapitalen. Å finne desse røtene

5

ligg til grunn for det utvalet som vi finn i dei seks binda som WBG har gitt ut. Derfor er ikkje utvalet avgrensa til Kapitalen eller bare dei økonomiske skriftene. Så opnar han eit nytt felt og seier at han kort vil prøve å illustrere korleis logikken i profittraten gir oss noen fordelar når vi vil forklare kva som skjer i verda. Han seier at det er med rette blitt argumentert for at profittraten og framfor alt Marx sin oppfatning når det gjeld loven om profittraten sin fallande tendens ikkje kan bli forstått som den einaste kriseteorien. Til det er profittraten i sin konkrete verdi og utvikling for avhengig og årsaksbestemt av mange omstende. Og konkrete verdiar tvingar ikkje på noen måte til ein subjektiv eller objektiv krisebestemming eller til spesifikke handlingsfølgjer for kapitalistane. Men innbakt i ein typisk samanheng (det at vi gjør uttalt antakingar om prisendringar, kretslaupssamanhengar , forholdet mellom bestemte grupper av enkeltkapitalar, makroøkonomiske fordelingskonstellasjonar osb.) kan profittraten både reflektere samanhengar når det gjeld forventingar og individuelle handlingsval og makroøkonomiske hendingar. Og Marx si oppfatning om dette kan til og med hjelpe oss med å analysere kor djupt ned i ei systemeigen akkumulasjonskrise den “nyliberale” ekstremismen med den radikale laussleppinga si av profitt og omfordeling har drive oss, og kva slags tilstandar det trugande kapplaupet om kapitaloppsamling og profittsikring gir som resultat. Profittraten blir i tilsvarande økonomiske samanhengar til eit nålauge for einkvar vidare samfunnsmessig utvikling, til noe som fører til varig krise og endetid for systemet, noe som i sin tur fører til endå heftigare reaksjonar, omfordelingskampar og til at ein går amok etter nominelle og reelle verdiar. For det som tar søvnen frå kapitalistane og driv dei til handling, anten manisk eller depressivt motivert, det hadde Marx utarbeidd med nødvendig klårleik: nemlig profittraten = π. 𝜋=𝑚𝑐+𝑣=𝑚𝑣𝑐𝑣+1 Underteikna vil føye til at her tyder altså π profittraten, m meirverdien, c konstant kapital og v variabel kapital. Variabel kapital er det same som utbetalte løner til kjøp av arbeidskrafta. Konstant kapital er resten av kapitalen, nemlig maskiner, råvarer, hjelpestoff osb. Meirverdien er verdien av det som arbeidarane produserer minus verdien av lønene deira. Det er denne meirverdien kapitalisten tileignar seg og som utgjør profitten. Utbyttingsgraden er lik meirverdien delt på variabel kapital og profittraten er lik meirverdien delt på heile kapitalen, både den variable og den konstante. Kapitalens “organiske samansetning” (Marx) er konstant kapital delt på variabel kapital. Profittraten blir då også lik meirverdiraten delt på kapitalens organiske samansetning pluss ein. For dei som ikkje er vant med likningar er det ei mellomrekning mellom dei to siste uttrykka. Det blir slik: 𝑚𝑐+𝑣 = 𝑚𝑣𝑐𝑣+𝑣𝑣=𝑚𝑣𝑐𝑣+1

Så seier Elsner at i den vanlige kapitalistiske akkumulasjonsprosessen vil c ha ein framherskande tendens til å vekse meir enn v. Dermed fører utviklinga av denne organiske samansetninga av kapitalen (som Marx kallar det) til at verdien i heile likninga har ein

6

svikefull tendens til å minke, dvs. at profittraten har ein tendens til å minke desto meir vellukka kapitaloppsamlinga blir. Underteikna vil føye til at det altså blir slik at verdien av den konstante kapitalen (alle tinga som går inn i produksjonen av varene) = c, veks meir enn verdien av den meirverdien = m, som arbeidarane skapar utover si eiga løn og at verdien av meirverdien delt på variabel kapital (lønene), dvs. utbyttingsgraden, veks mindre enn verdien av konstant kapital delt på variabel kapital pluss 1. Det gjør at talet under brøkstreken har ein tendens til å auke meir enn talet over brøkstreken, altså at verdien i likninga = π, eller profittraten, har ein tendens til å minke. Så tar Elsner i eit nytt avsnitt opp den hundreårgamle myten om ・marknad・ og ・marknadsøkonomi・ ・ (tidlig)kapitalistisk ・normalutvikling・ og historisk misslukking i den store depresjonen. Han skriv at heilt frå begynninga finn vi ・ og vi finn han framleis ・ den lagnadstunge feilanalysen og den hundreårgamle myten om ein ・marknad・ som eit likevektig system som stabiliserer seg sjølv og ein heil ・marknadsøkonomi・ som er ein problemlaus samanheng av ・delmarknader・ utan einkvar drenering av pengar og kapital, utan ekte utryggleikar, feile forventingar, kollektive dilemma og handlingshindringar, utan prosessar som er avhengige av visse utviklingsstigar (stokastiske) og utan prosessar som er oppsamlande ・ det naive systemet med eit ideelt allsidig bytte av ting som om vi var i eit lite, harmonisk, oversiktlig ・ursamfunn・, bare gjort litt lettare gjennom pengar (・Say sitt teorem・), og monetaristisk pengeteori. Den ・nyklassiske・ økonomiske teorien om den ・perfekte marknaden・, som jo praktisk talt ikkje har noe til felles med den klassiske politiske økonomien, ville støype den endelige ・løysinga・ på alle økonomiske problem i tidligare matematisk ・lover・ som eit historisk sluttpunkt som for evig skulle vere utanfor all kritikk. Matematikarar og fysikarar hadde stadig åtvara ・nyklassikarane・ heilt sidan slutten på 1800-talet mot falske og absurde analogiar mellom samfunnsvitskapar og den klassiske mekanikken og energifysikken på 1800-talet. Ein mekanisk samfunnsfysikk fins ikkje, om ikkje anna så fordi den verkelige økonomien ikkje er eit lukka system (som til dømes ein gass i ei flaske), men derimot rett fram prototypen på ein dissipativt (ope og dermed ikkje-likevektig, men stokastisk system går for seg i historisk tid, til tider open for nye hendingar, ikkjedeterminert, ・kaotisk・, irreversibelt og sist, men ikkje minst entropisk) struktur, i ope samspel med samfunnssystemet og med natursystemet, og med energistraumen (og ・avfallslagringa・) som er innretta med omsyn på sin eigen kompleksitetsauke.

Men matematikarane og sjefsideologane for den ・reine marknaden) ville ikkje (og kunne ikkje, burde ikkje) høyre. Den mulige gevinsten av godt rykte hos dei herskande var for lokkande når det galdt å gi eit ・naturvitskapelig nøyaktig bevis・ på ein ・perfekt marknadsøkonomi・. Og behovet i systemet for ein slik perfeksjonsideologi som blei presentert på ein vitskapelig matematisk måte, var for stort til at dei kunne avblåse eller relativisere dette prosjektet for å lage ein allmenn likevektsteori for ・marknadsøkonomien・. Det oppsto ei tru som med naudsyn blei gjort immun mot kritikk, som var kvasivitskap og dermed sto oppe i openbare og medvitne uklare forhold av gissing, vilkårlige oppfatningar og normer og som kunne målast på tilfeldige økonometriske måtar av likningsformer som skreiv ut resept på eit stivna,

7

tilsynelatande logisk redusert, normerande handlingssystem utan eitkvart spelerom for (alternative) handlingar eller for heilt andre alternativ. Den politiske reaksjonen på den største krisa i kapitalismen til då, den Store depresjonen frå 1929 var derfor ・nyklassisk・ dominert og bestemt: når dei las han slik var ・marknaden・ i prinsippet i stabil likevekt, men måtte først bli brakt tilbake til sin perfekte funksjon og for å nå dette målet måtte økonomien settast fri frå alle ・ytre støringar・, som til dømes sosiale forpliktingar i økonomien for å få høgare menneskelig velferd. Midla for å klare dette var for ・nyklassikarane・ og dei herskande den gong, heilt openbare og utan alternativ: mindre stat, reduksjon av statlige sosial- og forsorgsutgifter, lønesenkingar saman med tvang mot dei som var avhengig av arbeid, alle skulle sjåast som individ og ikkje som ・marknadsstørande・ kollektiv eller ・tilsette・ eller ・fagforeining・. Dei skulle altså bli dobbelt fri (frå all eigedom og frå alle rettar) og måtte stå mot kapitalistane med ・same rett・. Med den motsvarande sparestrategien kom dei ikkje ut av depresjonen i mest alle dei viktigaste kapitalistiske landa, men dei grov seg bare djupare ned i han. Dei opplevde så den vidgjetne Double Dip (ein nedgangskonjunktur som etter ei kort stund med oppgang gikk inn i ein ny nedgang), og dei kriseskjerpande verknadene av statstiltaka, slik vi og må gjennomleve i dag og, bare på eit usamanliknbart høgare nivå. Det første store feltforsøket til ・nyklassikarane・ var altså ein grandios fiasko. Viss vi ser på profittraten så finne vi i den ・normale・ kapitalistiske økonomiske utviklinga strukturelt sett ein fallande profittrate når meirverdien ・under normale omstende・ stig gjennom ein investeringsprosess med (typisk nok ikkje alltid arbeids- og kapitalsparande) tekniske framskritt, når verdien av arbeidskrafta, altså kostnaden for arbeidskrafta sin reproduksjon (på grunn av at varene blir billigare i produksjon) minkar, medan storleiken av konstant kapital aukar. Vi kan vise det slik: π = 𝑚↑𝑣↓ 𝑐↑↑𝑣↓ ↑↑+1 Her kjem han med ein merknad om at dette ikkje gjeld for alle verdiar av m og v, men dette viser kva som normalt skjer i den verkelige økonomien. Underteikna føyer til at pilane her viser i kva retning verdien av m og v og forholdet mellom dei, utviklar seg og kor mykje dei gjør det (ei pil eller fleire piler). Profittraten = πhar altså ein tendens til å falle med stigande kapitaloppsamling også når meirverdien stig i absolutte tal, sjølv når vekta av den oppsamla konstante kapitalen (og i dag også kreditt- og spekulasjonskostnadene hans) blir stadig større. Den “løysinga” som fins til slutt når det gjeld den for låge profittraten – objektiv sett for lite meirverdi, subjektivt depressiv stemning hos kapitalistane som til saman skapar eit “run” – gjennom den sykliske krisa som er forårsaka av overakkumulasjon og underforbruk, skjer då på den eine sida gjennom minsking av verdiproduksjonen og massearbeidsløyse (skjerpa reduksjon av v (verdien av arbeidskrafta), men framfor alt gjennom massiv nedgang i verdien av den konstante kapitalen. Vi kan illustrere det slik:

8

π = 𝑚↓𝑣↓↓ 𝑐↓↓↓↓𝑣↓↓ ↓↓+1 Den store nedgangen, særlig i verdien av konstant kapital, gjør at profittraten stig igjen. Dette skjer ved all stor kapitaløydelegging. Særlig stor var han jo under 2. Verdskrigen som var systemnødvendig for at kapitalen skulle kunne fortsette på jorda og eit stort pluss ↑for han. Så skriv Elsner om førebels stabilisering av kapitalismen: “bastard”-keynesianske løysingar, motsetnadene deira og at dei ikkje er haldbare på lang sikt. Under den store depresjonen hadde kapitalismen to alternativ ovafor den sterke arbeidarrørsla og dei forskjellige sosialreformrørslene for å komme seg ut av ei varig krise. Den eine var den tysk- italienske-spanske varianten med open terror og fysisk øydelegging av arbeidarrørsla. Desse fascistiske variantane for å redde kapitalismen fylte snart den objektive økonomiske funksjonen sin og sette i gang ein ny akkumulasjonsrunde gjennom ei pionerrolle i dei opprustings- og krigsøkonomiske variantane sine, noe som seinare blei kjent som keynesianisme – som riktig nok bare blei populær og politisk brukt i ein redusert, mekanistiske og “hydraulisk” og autoritære form av han, utan ein kvar strukturendring i mikrogrunnlaget (marknader). Det andre alternativet blei, etter noen år med krise, brukt ei kort stund framfor alt i USA. Franklin Roosevelt kunne i ein kort periode bli overtyda om at det var naudsynt og kanskje strategisk og taktisk fordelsaktig å sette i gang ein velferdsstatlig og sosialstatlig og infrastrukturell fornying av kapitalismen. Og den blei verkeliggjort med ein statlig-kollektiv overtaking av risiko og dermed risikoavgrensing, bygging av tillit, stabilisering av tilhøva på noen områda (først og fremst på bustadmarknaden gjennom at staten overtok og gav lange tilbakebetalingsfristar til dei som ikkje kunne betale låna sine), og også med ein aktiv og offentlig investeringspolitikk og organisering og ved å sette i gang tiltak som skapte arbeid for å framskynde ein ny lang akkumulasjonsrunde. Men den sosiale velferdskapitalismen har ein særlig konstruksjonsfeil: I lengda gir han arbeidarane, som får eit minimum av sosial sikkerheit og muligheit til å planlegge framtida, også ein viss kollektiv handlingsevne og kraft. I røynda har arbeidarane i dei utvikla kapitalistiske landa i perioden med den keynesianske velferdsstaten over ei viss tid kunne heve lønedelen i samfunnsproduktet ein god del. Når vi ser på dette i høve til profittraten kan vi på ny erkjenne eit fall i profittraten på grunn av tilbakefordeling nedetter (ved at v stig), først og fremst ved ein typisk “god konjunktur”, altså veksande meirverdimasse, og med det også relativt høgare akkumulasjon av konstant kapital: 𝜋= 𝑚↑↑𝑣↑↑↑ ↓ 𝑐↑↑↑↑𝑣↑↑↑ ↑+1 ↓

På slutten av den keynesianske perioden løyste denne motsetnaden seg opp i ein strukturell fordelingskamp med den følgja at vi fekk ein tendensielt veksande inflasjonsrate som var like mykje “profittskapt” som “løneskapt”. Men dei antiinflatoriske tiltaka som kom virka først og

9

fremst mindre inn på sjølve fordelingskampen og ikkje i det heile på dei stadig meir fordelsaktige prisstrategiske vilkåra til dei konserna som i mellomtida hadde vakse og dei høgare konsentrere sektorane med stadig tettare oligopol, men desto meir på den verkelige produksjonen. Stagflasjon blei på 1970-talet problemet til kapitalismen, eller i det minste stilisert til eit problem, for å få endre akkumulasjonsvilkåra på ein endelig måte og bestemme resultatet av fordelingskampen i det lange løp på ein eintydig måte. Etter dette tar Elsner opp det “nyliberale” utbrotet frå det ustødige “klasse”-kompromisset: globalt frislepp av ei mektigaste kapitalane Utgangspunkta for det nye paradigmet var klart: (1) Press for konsentrasjon og sentralisering av kapital opnar heimemarknaden til konkurrentane for global ekspansjon også gjennom å skape nytt liv i eller meir presist nye modellar og paradigme når det gjeld “marknad” og “konkurranse”; (2) Privatisering, altså å innlemme dei formuane som det offentlige og kollektive har samla opp i meirverdimassen og meirverdiproduksjonen til dei store føretaka på gunstig måtar; (3) Avregulering av arbeidsvilkåra, altså auke i meirverdidelen av samfunnsproduktet på kostnad av lønene gjennom nye maktforhold i arbeids”marknaden”; (4) avslutte ein statlig finanspolitikk som er strukturert for å tene samfunnspolitiske mål og innføre en dominerande pengepolitikk som er politisk-samfunnsmessig innretta på sparing (“stabil pengeverdi”), institusjonelt forankra gjennom sentralbankane, som blei stilt over stat og demokrati på ein gudeliknande måte og faktisk er blitt til den største lobbyorganisasjonen (banksektoren) i den “nyliberale” kapitalismen; (5) global avregulering, altså at statane skaper eit eksklusivt globalt rom for handling for storkapitalen; (6) offensiv for innovasjon med billigare og kapital- og arbeidssparande tekniske framskritt. Den digitale mikroelektroniske revolusjonen med den langsiktige oppløysinga av alle grenser i arbeidslivet kom då – tilfeldigvis? – til heilt rett tid. Nye modellar når det gjeld mikro- og makroøkonomien, nye tolkingar av “marknad” og “konkurranse”, pengar og dominerande “upolitisk”, “politikkfjern” pengepolitikk, som på grunn av inflasjon og “naturlig”, sjølvpåført arbeidsløyse smelta saman til ein “nyliberalisme” som, slik vi før har sagt, korkje er “ny” og heller ikkje på noen måte kan framstillast som “liberal”. Det blei utvikla ei mengd moment som, med stor makt bak seg, blei innført i lærebøkene i den akademiske masseutdanninga, i diskursen til dei politiske media, institutt og stiftingar, i dei politiske organisasjonane og i den politiske utdanninga der og dermed blei det også raskt innført i regjeringspolitikken. Det var teoretiske og politiske omvurderingar, ekstreme fornufts- og forventingshypotesar, “som om” metodologien, omvurderinga av årsakene til inflasjon som arbeidarane og statane sin gjeld, hyperrasjonelle hypotesar om formuesoptimering, finansmarknadene sin Black-Scholes-optimaliseringsmodell, som dertil drog med seg eit spesielt fysikalsk teorem med underliggande strukturkonstans, den såkalla Brownske rørsle, for å bevise den evige likevekts- og stabilitetstendensen i finansmarknadene, para med ad-hoc-teorem for generelt å nedvurdere kollektiv og proaktive (fiskalske) statlige inngrep. Alt dette skapte eit mangearta brygg og eit ideologisk fyrverkeri. I røynda blei ein plan som var utarbeidd gjennom lang tid sett ut i livet på generalstabsmessig vis.

Eit av dei teoretiske virkemidla for å klare dette var den heroiske antakinga (til Hayek) om at det fins ei effektiv spreiing av all relevant kunnskap om alle aktørane i eit spontant desentralisert system som på eit eller anna vis ikkje blei definert, og som blei kalla “marknad”. Korleis den utstrødde “riktige heilskapskunnskapen” i den spontane, desentraliserte prosessen skal bli omsett til ein kollektiv, systemisk fornuft fortsett å vere, når vi ser nøye på det, ein løyndom som vi kan sjå oppløyser seg i at ei kvar oppfatning om ein

10

uavhengig, kollektiv, systemisk fornuft bygd på erfaring i realiteten må bli oppgitt. Ja, bare tanken på at det kan finnast noen felles, til dømes felles økonomiske koordinasjonsproblem og –løysingar, gjeld som første steg i retning slaveri. Den mystiske, eliteprega, gudsgitte heltetrua og hatet mot samfunnet frå den gamle adelen og den nyrike “eliten” blir helst med glede. Margaret Thatcher hadde forstått bodskapen: “Det fins ikkje noe samfunn.” I det neste avsnittet tar han opp akselererande degenerering og sjølvheving av “marknadene” – erfaring frå fire tiår med krav frå plutokratia (dei styrande rike). Ikkje bare den kraftig oppsvulma turbulensen og krisene i dei siste tiåra under det “nyliberale” regimet viser kor enormt feil “marknads”teoretikarane tar. (Vi har hatt internasjonal børskrise i 1987, den japanske bustadkrisa i 1986-99 osb., dotcom-internett-krisa i 1996-2000, den asiatiske finanskrisa i 1997-1999, den russiske finanskrisa i 1999-2002.) Som grunnlag for eksistensen sin treng dei verkelige marknadane i ei kompleks verd å bli bakt inn i og regulert gjennom motsette prinsipp, for å halde oppe ein halvveges uthaldelig funksjonsmåte, utan å skape typisk overkompleksitet, overturbulens og tiltakande nærsyn i dei avregulerte marknadane. Elles blir dei til alt og inkje, medrekna dei mest traumatiserande mekanismane og hendingane, som vi kan førestelle oss – og som vi i dag må skode på en dramatisk måte. Kva pris betalar vi til dømes i marknaden for menneskehandel, for mord og for muting av dei høgaste politikarane. Det førebels høgdepunktet i kapitalkonsentrasjon, -sentralisering, -kontroll og –maktkonsentrasjon blei først undersøkt i ein studie frå det føderale instituttet for teknologi (ETH) i Zürich i 2011 på grunnlag av ein database med dei 43 000 største føretaka som dreiv internasjonalt. Erfaringa var at i dag blir verda styrt av om lag førti av dei største internasjonale kapitalgruppene, som eig og kontrollerer kvarandre innbyrdes og slik dannar eit lukka styringssystem som ingen makt i verda kan kontrollere lenger. Dei kommanderer over mest alle dei undersøkte føretaka, ein megaklubb av dei mektigaste finanseiningar, bankar, sparebankar, investeringsfond, hedgefond og forsikringsselskap, mellom dei er det bare noen få industrikonsern som høyrer heime, og alle med ein kapitalbase som er større enn samfunnsproduktet i dei landa dei kjem frå. Det personellet som høyrer til desse i heile verda er noen hundre mega- og gigarike og noen hundre toppleiarar i dei nemnde finanskonglomerata. Og her, der dei har oppretta ein eksklusiv global plass for aktiviteten sin med uforstyrra rett utan plikter, der dei flyr frå dei tradisjonelle framgangsmåtane og dei samfunnsmessige og økologiske forpliktingane og der veksande kulturar over alt blir øydelagt i deira interesse, må dei sjølv redusere att den stigande uroa og dei ekte usikkerheitene for å få ein viss beherskande grad av kontroll over vilkåra rundt seg og behalde ei sikring for å kunne planlegge og handle. Men ifølgje den individuelle fornufta si kan dei bare gjøre det gjennom enno større vekst, gjennom meir danning av oligopolar (når tilboda kjem frå noen få tilbodarar), kartellisering (fleire føretak som inngår avtalar seg imellom) , osb. Verkelige, dvs. avregulerte marknader, utartar fortare og har fare raskare inn i tilstandar som er tvert imot deira eigne mytar, som vi skal sjå. Den “nyliberale offensiven” med global vekst i massearbeidsløyse og massefattigdom, altså relativ senking av verdien av den variable kapitalen, aukande eksternalisering av sosial- og miljøkostnadene og senking av kostnaden for konstant kapital, burde drive profittraten til nye høgder, slik vi kan sjå av denne likninga:

11

π= 𝑚↑↑𝑣↑↓↓ ↑↑ 𝑐↑𝑣↑↓↓ ↑+1 Men krav frå oligopol og pleie av dei rike har fyrt opp under finansialiseringa av økonomien på ein avgjørande måte. Enorme finansoverskott som først oppsto innan industrien, som ovafor manglande omsorg for og systematiske tømming av realøkonomien (gjennom den systematiske underforbrukstendensen og profittjaget i spekulasjonsindustrien) ikkje lenger fann noen tiltrekkande produktiv/investerande bruksmåte der, gjorde at det oppstod ein dominans frå finans- og spekulasjonsindustrien, med løfte om høge renteinntekter, som aldri kunne bli nådd gjennom ordentlig “real”produksjon i tradisjonell industri og tenesteyting, men bare på denne måten. Slik blei også dei normale industrikonserna til finansspekulantar. Gjennom talrike prosessar som var vevd saman med kvarandre blei den “fiktive” kapitalen (Marx), den nominelle pengekapitalen, til den forma som styrte over alt – økonomi, samfunn, teknologi og natur. Etter dette går Eltner over til å skrive om den kvantitative umogeligheit det er med ein “fornuftig” profittrate på den eksploderte kapitalformuen. Statlig avregulering, krav frå oligopol, pleie av dei rike og omfordeling nedanfrå og oppetter, naudsynte og ønska følgjer av den teoretiske konstruksjonen i den “nyliberale” modellblandinga, har ikkje bare heilt enkelt gjort dei rike til superrike, dei superrike til megarike og dei megarike til gigarike, gjort “normale” industrikonsern og bankar til globale supermakter, rikare og mektigare enn økonomien i dei landa dei kjem frå, slik at til dømes noen hundre av dei rikaste personane i verda har like så store formuar som 50 % av dei fattigaste i verda i dag til saman. Dei meir eller mindre likvide midla som det blir handla med i penge- og kapitalindustrien medrekna dei meir eller mindre pengelike nominelle private formuesoppsamlingane som har motsvarande inntektskrav “mot resten av verda”, blir oppskatta til 300 billionar dollar private kapitalformuar, med dei berekna hemmelige offshoreformuane som ikkje kjem fram i noen offentlig statistikk; dei institusjonelle pengenære kapitalformuane til bankane, forsikringsselskapa og dei forskjellige formene som fins i spekulasjonsindustrien, som aksjar, obligasjonar, verdipapir og derivat (av derivat) av alle typar, og som utgjør rundt 750 billionar dollar i derivat og 60 billionar i forsikringspolisar mot kreditt som ikkje blir innfridd. Det er mulig at vi snakkar om rundt 1 billiard dollar i relativt likvide midlar – ein kapitalformue som er på jakt etter ein fornuftig profittrate, det er eit volum som er om lag 13 gonger så stort som det årlige sosialproduktet i heile verda. Kor høg er den gjennomsnittlige avkastinga på denne fiktive kapitalen som i prinsipp til slutt bare kan bli dekka inn av verdas sosialprodukt. Når kapital- og formueseigarane skal tileigne seg 50 % av det globale “folkeinntekta” som meirverdi, vil profittraten på den konstante kapitalen m/c på rundt 3,4 % bare vere ein brøkdel av kva industrikonserna, “anstendige” bankar, forsikringsselskap, investeringsfond, hedge-fond eller private aksjar forlangar, og verkelig skaffar seg og proklamerer som standard. Bankane reknar med at deira avkasting på investert kapital skal vere om lag 25 % i året. Det blir då tydelig i kva enorm målestokk dei store kapitalane ranar til seg middel frå alle andre, når den gjennomsnittlige avkastinga i heile økonomien bare er på under 3 % m/c+v og for noen vil han vere på bare 1 eller 2 %, mens millionar av småspekulantar er programmert til spekulasjonstap.

12

Ser vi på den sein”nyliberale” konstellasjonen av raskare nedgong med relativ senking av verdien av den variable kapitalen, kanskje framleis bare normal realøkonomisk meirverdiproduksjon, men med ein konstant kapital som vi nå ikkje lenger bare må sjå som realverdi, men for den aller største del som reint nominell pengekapital, fiktiv kapital som har overskride alle tidligare kjente dimensjonar, så anar vi at korkje ein “normal” profittrate eller den høge profittraten som ein forventar i spekulasjonen kan vere mulig å realisere. Vi får: π= 𝑚↑𝑣↓↓ ↑↑ 𝑐↑↑↑↑𝑣↓↓ ↑↑↑+1 Profittraten går nedetter. Eit studium av den fiktive kapitalen i tredje bind av Kapitalen, forvandlinga av overgongen frå den realøkonomiske G-W-G’ (Pengar – varer – meir pengar) til den spekulative bobleformige G-G’ (Pengar – meir pengar) som ikkje kan oppretthaldast som veksande boble, og den nødvendige omdanninga av G’ i realverdiar til rett tid, som ein mulig ny mekanisme G-G’-W (Pengar – meir pengar – varer) (noe som bare kan lukkast delvis, i mindre storleik) gir her ein sjanse (trulig den einaste) til å analysere og forstå dei noverande økonomiske prosessane i samanheng. Eksploderande luksusforbruk, tapping av realkapital, spekulasjon i ressursar og landgrebbing, spekulasjon i alt og inkje, i statsbankerott og samstundes det motsette, kjøp av politikk, eksplosjon av kvitsnipp- og konsernkriminalitet og moralsk forfall, delvis sosial samanbrott og stadig meir autoritære og byråkratiske statstiltak, den tiltakande konflikten mellom (til alles ulempe) den summen som skal omfordelast og demokratiet, alt dette ville vere empiriske område for ein slik analyse, som vi ikkje kan gjøre her. Til slutt tar Elsner opp grunnen til at WBG i 2013 gir ut ei rimelig stor studieutgåve av Marx sine verk. Han seier at dei noverande implikasjonane av den analysen som han har begynt kan utarbeidast vidare i det endelause. Viss vi snakkar om “framtida” for den “nyliberale” frislepte globale finanskapitalen, så snakkar vi knapt om fleire tiår. Vi opplever ei forskrekkelig offentlig handlingslamming (og kollektiv handlingslamming allment): ingen av dei grunnleggande problema til menneska er løyst eller er komme eit steg nærare løysinga si på dei siste 40 åra. Mange løysingar er lengre vekke enn noen gong. Og då kjem vi på ingen måte forbi dei filosofane, historikarane og økonomane som på 1800-talet utarbeidde kva som til sjuande og sist set kapitalen i rørsle og i kor stor grad dei menneskelige evnene til felles fornuft, planlegging for framtida, medkjensle eller evne til samarbeid anten blir gjort umulig eller hindra eller kasta bort og spring ut i det tomme, i ein irrasjonell og fordreia struktur, som stenger menneska inne i ei tvangstrøye med redusert handlingsmuligheit og negative stimulansar. Situasjonen kan ha blitt hengande tilfeldig etter i den historiske prosessen, å overvinne dette krev eit kollektivt rasjonelt krafttak. Alternativa til denne situasjonen har til no vore for dårlige og for tidlig.

Den som vil forstå dei vesentlige sidene når det gjeld krisa, notida og framtida burde lære Marx (betre) å kjenne. Denne utgåva av verka hans på tysk er eit framifrå tilbod om

13

det. Ho har eit godt format (ved sidan av spesialistutgåvene “MEW” (Marx-Engels-Werke) og “MEGA” (Marx-Engels-Gesammelte Werke) og kjem til rett tid. WBG fortener stor påskjønning for initiativet og motet til å gjennomføre det riktige prosjektet til rette tid. Så langt Wolfram Elsner. Eg helsar denne utgåva velkommen som ein del av den verkelige marxistiske renessansen som for alvor har begynt i verda i denne nye store krisetida. Eg skulle sjølvsagt ønske at det var noen fleire bind, slik at dei hadde fått plass til verk som “Grunnriss til kritikk av sosialøkonomien” og “Teoriar om meirverdien”, men verket gir likevel dei tysktalande ein god port inn til Marx sine tankar. Og utan å forstå dei grunnleggande trekka i desse tankane har vi faktisk ikkje noen muligheit til å komme ut av kapitalens fengsel, og risikerer å gå til grunne der i rasande anarkistisk profittjag, enorm rikdom for dei få, fattigdom og svolt for fleire og fleire (Raude krossen melder i dag om at rundt 35 millionar personar i EU ikkje får nok mat) religionskrigar og andre typar krigar, miljøøydelegging, rasande tilfeldig vald osb., osb.

Innleiinga til Wolfram Elsner frå oktober 2012 er referert og kommentert av Terje Valen, 15. november 2013.

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Marxism, Marxisme og merkt , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s