Kontra-offensiv frå høgrekreftene i Latin-Amerika – (oppdatert versjon)

Venezuelanarar i Caracas» gater til forsvar av den Bolivarianske Revolusjon. Venezuelanarar som støttar President Maduro-administrasjonen har også mobilisert i gatene nyleg. Foto: (Twitter/Min_InCo) venezuelanalysis.com

Rullar “kontra-offensiven” i Latin-Amerika framover att for alvor?

“Mainstream media” har ikkje for vane å ha søkeljos på alternative økonomiske modellar. Heller ikkje i dei økonomiske krisetider me er inne i og har vore i sidan 2008 (og lenge før i ulike krisesyklusar). I dette globale kapitalistiske biletet er slike økonomiske og politiske alternativ i Latin-Amerika som Ecuador, Bolivia og Venezuela, og det etterkvart kjende omgrepet “den bolivarianske revolusjon” viktige. Alle desse landa (også Nicaragua, Uruguay) styrer økonomien nasjonalt og regulerar marknaden. Når propagandaen i vest går mot dette, heiter det ofte at no går det mot det glade vanvit og diktatur. Ein vil då gjerne gløyme at dette er valte potensielle sosialistiske demokrati som vil ha eit alternativ til kapitalismen. Etter mandat frå folket!

Når det gjeld økonomisk styring er det akkurat det som hendte i vesten etter “bobla” sprakk i 2008. Då ropte finansfolk og utspekulerte spekulantar om seg på statleg hjelp. Men ikkje før det byrja å ga gale med dei sjølve. Det er den store skilnaden på våre liberale og konservative land i høve til dei venstreretta i Latin-Amerika. Mens dei har valt ein alternativ kurs til nyliberalismen, håpar ein i “vest” at denne krisa berre var eit symptom og vil ga over, slik at “business as usual” kan ga føre seg på nytt. Men, det har det altså ikkje gjort! Millionar på millionar av europearar har mista hus og arbeid, ny-fattigdomen råkar hundretusenvis (der sør-europearar er absolutt hardast råka, men nord merkar det også). Makta og finanseliten strammar sine hender og fortel folket at dette må ein tåle. “Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv”, sa ein norsk diktar.

Kvifor lukkast så nokon land i Latin-Amerika andre ikkje? Ville Salvador Allende fått halde makta om han vart valt i dag? Og det me ser i Sør-Amerika i dag av venstreorienterte demokrati og vegen mot sosialisme, er det noko me kunne ha sett i Chile på byrjinga av 1970-talet, om Allende sine prosessar fekk halde fram? Truleg JA! Men USA og militærdiktaturet sette ein tragisk stoppar for det.

Det er over 40 år sidan statskuppet i 1973 mot Allende i Chile som sjokkerte og engasjerte ei hel verd. MEN, det er ikkje dei siste døma på brutale overgrep på demokratisk valte system og leiarar. Også gjennom dei siste tre tiåra har me sett mange kupp (t.d. Grenada i 1983, påskekuppet mot Hugo Chavez i 2002, som mislukkast), dei siste er avsettingane av dei folkevalte presidentane i Honduras i 2009 (Manuel Zelaya) og Paraguay i 2012 (Fernando Lugo vart ukonstitusjonelt avsett, venstrestyret kom i 2008). Det er framleis tydelege krefter som motarbeidar demokratiet og endringsprosessar. No er det valet i Argentina som fortel om at “motoffensiven” kan ha teke ein ny vending. I andre valomgang i november 2015, etter at Daniel Scioli fra sentrum-venstrepartiet Frenta para la Victoria (FpV) og Mauricio Macri frå sentrum-høgrepartiet Propuesta Republicana (PRO), ikkje fekk over 45 prosent av stemmene i første valomgang som er påkrevja, vann Macri med omlag 52 prosent mot Scioli sine omlag 48. Dermed måtte førre president Cristina Fernández de Kirchner sin “etterføljar” erkjenne valnederlaget. 12 år med avtroppande president Fernández de Kirchner og før det hennar ektemann Néstor Kirchner, er over for denne gong. Macri har alt byrja sine angrep på Venezuela ved å krevje landet utestengt frå handelsorganisasjonen MERCOSUR (som han no har trekt attende, symptomatisk nok, sidan ifølge han demokratiet har kome attande til Venezuela no etter valet, sjå nedanfor). I tida før valet vart førre president Fernández de Kirchner utsett for omfattande kampanjar mot seg, mykje av desse kreftene var styrt frå ein økonomisk-politisk elite saman med t.d. utanlandsk kapital.

Demokratiet ser ut til å verte svekka allereie etter få månader med ny-liberalaren Macri. Med liberalisering av økonomien, svekking av velferdsgoder og press på ytringsfridomen ved t.d. stenging av kritiske radiosendingar, set Macri tonen for eit annleis Argentina. Alt dette har resultert i store demonstrasjonar i den korte tida Macri har vor president. Også i høve gjeld gjer han endringar. Argentina var blant landa som hadde ei finanskrise ved tusenårsskifte (landet var om lag «konkurs» i 2001) som resultat av finansliberalisering og gjeld hjå utanlandske kreditorar. Dåverande president Nestor Kirchner nekta å betale gjelda på kostnad av folket sine grunnleggande rettar og etter omfattande gjeldsforhandlingar gjekk fleirtalet av kreditorane med på å rekonstruera gjelda. Argentina stod imot Verdsbanken, IMF og andre bankar sine vilkår og kravde at kreditorane tok ansvar for sine investeringar. Kreditorane aksepterte 2/3 tap på sine gjeldsobligasjonar, noko som var avgjerande for at Argentina klarte å overhalde sine betalingsplikter. Rekonstrueringa av gjelda gjorde det mogleg for Argentina å fokusera på auka sysselsetting og fattigdomsreduksjon, i staden for betaling av renter og avdrag.

Gjeldshaldarane som nekta rekonstruering i 2002 var i all hovudsak såkalla gribbefond. Gribbefonda som har ressursar til å føre harde rettssaker mot fattige land for å tvinge dei til å betale attende gamle lån, kjøpte statsgjelda til dei andre kreditorane til ein brøkdel av prisen for sidan å krevje full attendebetaling. Inntil den nye høgreregjeringa kom til makta har Argentina nekta å gje etter for gribbefonda, men det har Macri no endra. I mars gjorde regjeringa ein avtale med 4 usanske «hedge funds» ofte kalla gribbefond, om å betale 4, 65 milliardar dollar. Men før desse allereie ultra-rike fonda kan få «gribbepengane» sine lyt Macri få til fleirtal og nokre lovendringar i nasjonalforsamlinga.

I Brasil er president Dilma Rousseff utsett for sterkt press frå opposisjonen i parlamentet etter at fleire av støttespelerane i hennar næraste krets har vore til politiavhøyr eller er fengsla i den store korrupsjonssaka i statsoljeselskapet Petrobras som rammar stadig fleire i den brasilianske samfunnseliten. «Operasjon bilvask». Det er namnet på den stadig større etterforskinga av korrupsjonsskandalane i oljeselskapet. Denne politiske orkanen  starta for alvor då opposisjonen starta ei prosess for å stille president Dilma Rousseff for riksrett. Men, det er forsøkt grunnlagt i noko anna. At presidenten skal ha “pynta på” statsbudsjettet for nokre år sidan, for å gøyme underskot. Noko mange meiner er grunnlause påstandar og politisk motivert. Det er leiaren i kongressen sitt underhus, Eduardo Cunha, som er hovudmannen bak. Dette til tross for at Cunha fleire gonger tidligare i år har gove uttrykk for at dette ikkje ville hende. Det er gode grunnar til at han endra standpunkt: Han er sjølv alvorleg ute og køyre. Korrupsjonspåstandane mot han er mykje større og meir konkrete enn dei mot Rousseff! Høgsterett har nyleg avgjort at også Cunha kan tiltalast for korrupsjon.

Eduardo Cunha er frå partiet PMDB, som er største parti i kongressen, og det fremste dømet på ein type parti som er vanlege i Brasil: Parti som ikkje har nokon ideologi i det heile teke, men som har makt som einaste politiske mål. PMDB definerast ofte som sentrum-høgre, og er alliert med Rousseff sitt arbeidarparti, PT, i regjeringa, dei har også visepresidenten, Michael Temer. No “dolkast” ho av denne “gjengen utan ideologi”! (PMDB har no trekt seg frå koalisjonsregjeringa til president Rousseff. Det aukar moglegheita for at ho vert stilt for riksrett.) Rousseff har også i lengre tid vore utsett for mykje anti-demokratisk propaganda, m.a. frå internasjonal mainstream media og USA. I tillegg er det for tida den verste nedgangsperioda i Brasil sin økonomi på 25 år. Så det er nok å tenkje på i det landet for tida. Nyleg har tidlegare president Luiz Inácio Lula da Silva vorte avhøyrd i Petrobras-saka. Han er under etterforsking i korrupsjonsskandala, men er enno ikkje tiltala. Brasil sin eks-president har også vorte utnevnt til stabssjef i regjeringen til Rousseff. Lula kan då ved å kome inn i regjeringa få auka vern frå rettsforfølgjing, men kanskje viktigast er det eit forsøk på å styrke Brasil sin president Dilma Roussef. Det må her leggast til at anklagane mot Lula er veldig overdrevne både i storleik og omfang.

Omlag 40 prosent av Brasils 200 millionar innbyggarar lever i hushaldningar med ei inntekt på mindre enn 4.600 kroner per månad (NTB), og det var mest deira støtte som sikra Rousseff og Arbeidarpartiet (PT) sigeren i oktober 2014. Rousseff fekk 51,45 prosent av stemmene, opplyser den statlege valkommisjonen. Den høgreorienterte kandidaten Aécio Neves frå dei såkalla Sosialdemokratane (PSDB) enda opp med 48,55 av stemmene. Endå eit døme på eit latinamerikansk land som er om lag delt på midten i politiske val.

Venezuela opplever no også ei økonomisk krise, mykje grunna ei meir enn halvering av oljeprisen frå 2014 til omlag 46 dollar per fat (november 2015). I tillegg er den øvre vareproduksjonen dårleg, med mykje import som resultat, svært høg inflasjon. og altfor mange valutaproblem med “bolivaren”, m.a. mange parallelle vekslingskursar og svartebørs. Kriminalstatestikken er også høg og eit stort samfunnsproblem. Mange destabiliseringstaktikkar gjer seg også gjeldande i motoffensiven mot Maduro-regjeringa. Her spelar økonomisk og organisatorisk støtte til ulike deler av den høgre-orienterte opposisjonen frå først og fremst USA ei stor rolle (mykje av dette kan samanliknast med dei destabiliseringsmetodane CIA og Pentagon gjorde ovanfor Allende-regjeringa i framkant av militærkuppet i Chile i 1973). Det er mange store sosiale samfunnsprosjekt (missiones) som har vore svært vellukka under tida til Hugo Chávez og som held fram under tida til Nicolas Maduro. Eit av dei mest omfattande er “husbyggingsmisjonane”. Frå starten i 2011 og til i dag er det bygt omlag 850 000 bustader og er rekna å nå millionen ut 2015. Det gjev rimelege bustader til omlag 5 millionar venezuelanarar av totalt 30 millionar innbyggarar. Også innan helse, skule og høgare utdanning har millionar av folk fenge gratis eller rimelege tenester og tilbod. Dette kostar pengar og når mykje av dette kjem frå oljeøkonomien som no er redusert kraftig vert det store utfordringar. Noko som går utover andre deler av samfunnsøkonomien også. Mykje kan seiast om dette og handteringa av den høge inflasjonen, korrupsjon og mangel på nasjonal vareproduksjon. Maduro og hans folk har i for liten grad klart å finne gode løysingar på desse utfordringane. I tillegg er Maduro ein tildels svak president og langt frå den store folketalaren Chávez. Dette gjer at det er ei forsterka politisk krise, der landet er endå meir polarisert enn før. Dette må president Maduro også ta ein del av ansvaret for. Fram mot parlamentsvalet 6. desember 2015 låg opposisjonen (MUD) framfor regjeringspartiet PSUV på fleire meiningsmålingar. Valet vart endå dårlegare for PSUV og Maduro enn tenkt. Opposisjonen sentrum-høgre vann eit sokalla “supermajoritetsfleirtal”, med 112 plassar av 167 i parlamentet ( 55 til PSUV). Dei kan no, om dei vil, kalle attende mange av dei sosiale- og økonomiske programma, avsette ministrar og vise-presidenten (ikkje presidenten, men kan i 2016 få til eit tilbakekallingsval ved ei folkerøysting), og har eit 2/3 fleirtal til grunnlovsforsamling for grunnlovsendring. Om dei vil dette beinveges, veit ingen enno. Det merkelege er at av dei 112 plassar til MUD (som elles har 40 ulike “kranglande” parti i seg) så har urfolk 3, difor er dei også eit fenomen, til fullt fleirtal for MUD, eller ikkje. Tida framover i Venezuela vert med alt dette på ingen måte udramatisk!

Venezuela er polarisert politisk og mange hadde sterke meiningar om Chávez, som hadde makta 1999-2013. Skiljelinjene går langs sosiale klassar, og mens dei rike heile tida har åtvara mot kommunisme og eit nytt Cuba har arbeidarklassen og fattige for stor del slutta opp om Chávez sin “Sosialisme for det 21.århundre”. No er leiaren deira borte (døydde av kreft i 2013) og mange har frykta kva som ville hende etterpå, men revolusjonen og prosessane som deira helt har vore drivkrafta til, er så djupt grunnfeste no at dei truleg ikkje kan reverserast med nokre pennestrøk. I alle fall ikkje til omfattande protestar frå dei millionar som har kome seg opp av fattigdomen og fenge eit betre liv. Dette til opposisjonen og deira allierte i Vesten si store fortviling. Endringsprosessar har gått føre seg over store deler av Latin-Amerika, men ikkje overalt. Situasjonen framover er uklar og me må setje oss godt inn i kva som til ein kvar tid hender på kontinentet for å gjera dei best moglege analyser, som skal vera førande for arbeidet til ein god solidaritet for folket.

Bolivia er eit av Latin-Amerikas fattigaste land, men det har hendt store sosio-økonomiske endringar i  president Evo Morales sine to føregåande periodar (første gong valt i 2005). Morales er den første presidenten av indiansk avstamming i landet, der urfolket utgjer 65 prosent av folket. Frå 1999 har han vore generalsekretær for partiet Movimiento al Socialismo (MAS). Til skilnad frå Brasil er Bolivia i ein prosess mot sosialisme for det 21. århundre som Hugo Chávez i si tid byrja prosessane rundt. Dette inneheld m.a. ei demokratisering på grunnplanet der folk gjennom ulike organisasjonar og politiske rørsler tek del i avgjerdsprosessar frå lokale råd og oppover til nasjonalforsamlinga (Asamblea Legislativa Plurinacional) i hovudstaden La Paz. Den noverande konstitusjonen som vart utarbeidd i 2006–07 og vedteken i 2009, føreskriv ei balansert utøvande, lovgjevande, juridisk og valutførande makt, så vel som ulike nivå av sjølvstyre for regionane. Dette gjev eit godt grunnlag for vidare demokratiske prosessar og folkedeltaking. Eit døme på det er at i 2011 heldt Bolivia sitt første juridiske val for å velje medlemmer til “Dei nasjonale domstolar” ved folkeleg val. Ei reform sett i verk av Evo Morales.

Med Evo Morales sitt attval (oktober 2014), stadfestar det ein kontinuitet av dei sosialistiske prosessar som er i gong, og gjev presidenten og MAS det rom som er naudsynt for å utvikle landet, for og med deltaking av folket sjølv. Morales fekk også eit klårt fleirtal i nasjonalforsamlinga for å fortsetje med sin venstreorienterte politikk, som m.a. omfattar meir nasjonalisering av olje- og gassressursane og utbygging av velferdsprogram. Også fattigdomsreduksjon, utdanning og helse er særs viktige områder med tanke på fordeling av nasjonaløkonomien framover. Ein sosialistisk retta politikk har også redusert ekstrem fattigdom til eit minimum. Til tross for stadig lågare olje- og gassprisar har den bolivianske økonomien klart seg godt dei siste 10 år med ein årleg vekst på om lag 5 prosent. Men det er problem i horisonten også, både sett frå presidenten sjølv og sett frå det politiske klimaet i landet. I februar i år tapte presidenten ei folkerøysting om forlenga mandatperiode for ein fjerde periode. Dette kan nok likevel gå bra for framdrifta i endringsprosessane. Dei bør ikkje vera avhengig av berre ein sterk leiar, sjølv om det i Latin-Amerika ofte har vore tilfelle at sterke og karismatiske leiarar har hatt mykje å seie i i endringsperiodar, både positivt og negativt sett frå fordelings- og demokratiperspektiv. Det som kan vera vanskelegare for presidenten sjølv og dermed også det politiske klimaet, er ulike protestar mot han og partiet, og skuldingar om misbruk av presidentmakta. Dette vart fram provosert av påstandar om favorisering av eit kinesisk selskap for kontraktar med regjeringa.  Ei tidlegare kjæraste av presidenten held ein viktig posisjon i selskapet. Morales nektar for skuldingane og har gove ordre om ei undersøking av kontraktstilhøva. Dette og anna meinar mange i landet er del av ei kampanje mot regjeringa frå høgresida.

Etter at det nyliberalistiske 1990-tallet enda i krise, konkurs og nedgang i fleire land i Latin-Amerika vart kursen lagt om. Med venstre- og sentrumsorienterte regjeringar har fleire latin-amerikanske land utfordra den nyliberale tankegangen. Gjennom finanspolitiske, realøkonomiske og sosiale tiltak for å regulera kapitalstraumar, auke nasjonalt eigarskap og statleg styring har arbeidsløyse og fattigdom minka i regionen.

Det er mange land som har lukkast i å drive ein fordelingspolitikk som ville vore utenkeleg for 30-40 år sidan, i militærdiktatura sine “drapsdagar”. Land som Venezuela (no med høgreopposisjon i nasjonalforsamlinga), Ecuador, Argentina (til hausten 2015, då sentrum-høgre overtok), Bolivia, Uruguay og Brasil (frå hausten 2016, då sentrum-høgre overtok) er/har vore styrt av venstre- eller sentrum-venstre regjeringar, og dei har i mindre eller større grad teke eit oppgjer med ei historie av ekstreme skilnadssamfunn der dei rike elitane i siste instans hadde all makt. Alternativa til nyliberalismen i Latin-Amerika er styrka og vevd saman i kvarandre meir enn nokon gong, og USA er “nesten” utanfor det latin-amerikanske gjerdet. Men trugsmålet frå nord er til stades og imperialismen er “innanfor”.

To døme på det: Kuppet mot den folkevalte presidentane i Honduras Manuel Zelaya i juni 2009 hadde full støtte frå Washington. Spesielt var det utanriksminister Hillary Clinton som drog i trådane og som etter kuppet insisterte på nyval, mens omlag resten av verda kravde Zelaya attende. Dette hadde i sin tur den effekt at det legitimerte og la til rette for eit kuppregime og skapte det «marerittlandet» ein har i dag, med omsyn til økonomisk ulikskap og menneskerettar. Honduras er i dag eit av dei mest valdelege landa i verda, med hundrevis av drepne menneskeretts-, miljø- og fagrørsleaktivistar sidan kuppet. Eit siste tragisk døme på det er drapet på urfolks- og miljøaktivisten Berta Cáceres i mars.

Argentina har som nemnt før, under den nye høgreretta president Macri gått med på å betale 4.65 milliardar dollar til fire usanske «gribbefond». Dette inkludert Elliott Management, eigd av milliardæren Paul Singer. Singer har lang tid bak seg som ei pengemaskin for det republikanske partiet og støttar i presidentkandidatvalkampen 2016 eliten i partiet sin favoritt Marco Rubio. Singer sitt fond vil tene 10-15 gonger dei opprinnelege investeringar.

Den globale politiske og økonomiske eliten har alltid vore interessert i Latin-Amerika sine resursar. Men venstreorienterte land har forsøkt å hindre denne utplyndringa av kontinentet, og gje sine folk sjølvråderett og rettferdig fordeling av økonomien. Vil desse endringsprosessar framleis halde fram og styrke seg? I Argentina vann høgrekandidaten Macri, etter ein stygg kampanje mot Cristina Fernández de Kirchner og hennar parti sin kandidat Scioli, i Brasil pågår ein beinhard kampanje mot president Dilma Rousseff med
riksrettstrugsmål og i Venezuela vann høgreopposisjonen MUD eit 2/3 fleirtal i nasjonalforsamlinga mot regjeringspartiet PSUV. Er dette eit klårt teikn på at kontra-offensiven, dei nyliberale krefter, rullar attende endringsprosessane i Latin-Amerika? Eller kjem dei folkelege organisasjonar og progressive regjeringar til å motstå presset frå høgrekreftene og USA sine imperialistiske framstøyt?

Latinamerikanske organisasjonar som Celac (Comunidad de Estados Latinamericanos y Caribeños) starta i 2011 og ALBA (Den Boliviarianske Alliansen for Vårt Amerika) er døme på at utviklinga er i regionen sine eigne hender, utan USA. Celac er eit svar på OAS (Organisasjonen av amerikanske stater), der USA tradisjonelt set dagsorden. USA og Canada er ikkje med blant dei 33 medlemslanda i Celac. Men det er også splitting mellom latinamerikanske land, som opprettinga av Alianza del Pacifico mellom Colombia, Chile, Peru og Mexico er døme på. Til tross for dette er USA sin dominans i regionen kraftig utfordra med tettare samarbeid mellom landa gjennom samarbeidsorganisasjonar som Celac og ALBA. Likevel fiskar imperialismen i rørt vatn. Dårlegare økonomiske tider, folk sin misnøye med korrupsjon og økonomisk rot på heimebane, og kraftige kampanjar mot venstreretta regjeringar med hjelp både innan- og utanfrå, er ein giftig miks for kontra-offensive krefter å bruke. Store multinasjonale kapitalkrefter ventar på endå meir åtsel.

Mot dette må endringsprosessane sine folk og regjeringar styrke seg og læra av sine feil. Korrupsjon og økonomisk vanstyre må takast på alvor. Folkelege organisasjonar er viktige i den sosio-økonomiske kampen, men også som folkeleg demokratisk motkraft mot politisk elitisme og anti-demokratisk vald og kampanjar. To nasjonale val i 2016 og 2017 vil gje noko svar på trenden i utviklinga. Det eine er eit forsøk frå opposisjonen i Venezuela på såkalla «attendekallingsval»  for å eventuelt avsetje president Nicolas Maduro (førebels usikkert om og når referendumet vert). Det andre er i Ecuador, der president og parlament skal veljast. Det vert med andre ord spanande tider i Latin-Amerika framover.

Oppdatering etter mai 2016 – t.o.m. september 2016

Brasil:

Etter at Dilma Vana Rousseff den 12. mai i Senatet vart suspendert frå presidentvervet (55 for og 22 mot) i samband med riksrettsaka vedteke mot henne i landet si nasjonalforsamling, har prosessen førebels enda med at Senatet avsette henne 31. august. Denne gong med 61 stemmer for og 20 mot. Det krevjast to tredels fleirtal for å kunne avsette presidenten endeleg. Rousseff har anka avgjersla til føderal høgsterett der ho krev avsettinga ugyldiggjort. Etter suspenderinga i mai og fram mot dette har visepresident Michel Temer hatt presidentvervet. No er Temer teken i eid som president for den attverande delen av presidentperioden dei to vart valt for i 2014. Denne prosessen mot Roussef kan ein godt kalle ei av fleire oppskrifter på måtar å gjera konstitusjonelle kupp. Sjølv om dette har vorte handsama i parlamentet og gått gjennom i Senatet meiner den tidlegare presidenten og ekspertar på m.a. konstitusjonell juss at prosessen er tvilsam lovmessig sett og at det er tydeleg politisk motivert. Den økonomiske eliten og deira høgre-liberalistiske vener i politikken har gått saman i ei storstilt politisk «hekseprosess» for å få Rousseff på «bålet». Det ser dei ut, om ikkje noko særskilt hender, til å lukkast med.

Temer er av mange sett på som ein «skurk» økonomisk og politisk sett. Wikileaks har nyleg offentleggjort dokument som viser Temer som USA-informant. Han hadde i 2006 møter med USAs ambassadefolk der han «informerte» dei om den politiske situasjonen i Brasil, i førkant av presidentvalet det året, der Lula vann for 2. gong. Dokumenta viser også Temer som ein nyliberal reaksjonær politikar. Hans pro-business nyliberale program har allereie kome tydleg til syne. Også samansettinga av regjeringa viser eit synleg reaksjonært uttrykk med berre middelaldrande eller eldre kvite menn. Eit spesielt sårt punk i Brasil, der majoriteten av folk absolutt IKKJE er kvite menn frå den politiske og økonomiske eliten. Temer er sjølv under etterforsking for å ha motteke muter på rundt 3,5 millionar kroner frå eit byggefirma som har gjort forretningar med det statlege oljeselskapet Petrobras. – Det er ganske utrulig at fleirtalet i Senatet, akkurat som fleirtalet i nasjonalforsamlinga som stilte Rousseff for riksrett, er folk som sjølv er ekstremt korrupte, om ikkje rett ut kriminelle, sa den Rio-baserte journalisten Glenn Greenwald i eit intervju med radiokanalen Democracy Now. Over ein tredel av dei i Senatet som stemte for å felle Rousseff, er under etterforsking for korrupsjon, underslag, forfalskingar og valkriminalitet.

Rousseff har ikkje vorte åtklaga for personleg å ha gjort seg rik på ulovleg vis eller for å vera knyta til landet si utstrakte politiske korrupsjon. Rousseff har planar om å ta avsettinga til den interamerikanske menneskerettskommisjonen.

Venezuela:

Den indre politiske og økonomiske krisa i landet held fram. Sidan det nasjonale valrådet (CNE) i mai byrja si handsaming av dei om lag 3 millionar underskrifter samla inn av opposisjonen for eit «attendekallingsval»  for å eventuelt avsetje president Nicolas Maduro, har CNE utsett datoen for neste trinn i prosessen, tre gonger. Samstundes har matvaremangel, straum- og vassmangel ikkje gjort stemninga betre. Dette har terga opposisjonen til gatene i titusental i protest. Men det som main stream media ikkje nemner i same slengen er at titusental folk som støttar regjeringa også har teke til gatene. Grunnen til utsetjingane frå CNE er det vanskelege arbeidet med verifiseringa av ektheita til underskriftene. Det har vist seg førebels at m.a. hundrevis av døde personar er ført opp på listene i tillegg til at same personar er ført opp fleire gonger. Men valrådet skuldar også opposisjonsprotestane for den siste utsetjinga, då mange av medlemmene i rådet måtte halde seg heime i frykt for angrep på veg til arbeid.

Opposisjonsalliansen MUD har lenge skulda CNE for å “dra føtene etter seg”, for å prøve å utsetje  «valet» lengst mogeleg. Om attendekallingsvalet finn stad før 10 januar kan president Nicolas Maduro måtte trekke seg og eit nyval utlysast. Men om referendumet hender seinare, vil Maduro viss han tapar, automatisk erstattast av visepresidenten for resten av perioden.

I Venezuela held problema fram med mangel på mange basisvarer og avhengigheit av matimport. Styresmaktene har peika på dårleg landutnytting som ein nøkkelfaktor til problemet. Store landeigarar har late vera å dyrke mykje av jorda si og har i staden gått inn på spekulasjon. Desse «latifundistas» (storgodseigarar) frå t.d. produsentorg. Fedeagro let mellom 30-40 prosent stå udyrka. Dei spekulerar heller i valluta veksling og import. Venezuela har importert store kvanta mat frå land som Brasil av t.d. kylling, matolje, smør, and toalett papir. Ei grunnleggande landreform har lenge vore naudsynt i landet.

Dei alliansefrie landa, Non Aligned Movement (NAM), har alle under sitt møte på den venezuelanske øya Margarita i september fordømt dei som tek til orde for internasjonal intervensjon i Venezuela. I eit kommuniké går dei 120 medlemslanda NAM mot USA-planar om sanksjonar mot Caracas, og tek til orde for internasjonal respekt for Venezuelas rett til suverenitet. NAM er verdas andre største internasjonale organisasjon etter dei Foreinte Nasjonar.

Venezuela har i det siste også vorte forsøkt boikotta av den sør-amerikanske handelsorganisasjonen MERCOSUR. Det er først og fremst den nyliberale høgreregjeringa til Temer i Brasil som står bak initiativet. I følge kunngjeringa vil Venezuela møte straffetiltak om landet ikkje rettar seg etter dei rundt 300 lover og reguleringar, innfatta internasjonal lovgjeving og handelsavtalar, innan utgongen av 2016. Dette er støtta av høgreregjeringane i Argentina og Paraguay. Desse skuldingane som ikkje har vore før er tydeleg politisk motiverte. Det symtomatiske her er at organisasjonen IKKJE har klart å svare på førespurnad om sanksjonering av Brasil, etter det latin-amerikanske observatørar kallar det ukonstitusjonelle kuppet til Temer-regjeringa, og etter ei bølge av undertrykking av opposisjonen etter maktovertakinga. 

Dei diplomatiske tilhøva har også endra seg i det siste. Med Venezuela (saman med Bolivia og Ecuador) som trekte sin ambassadør attende frå Brasil i protest mot det ukonstitusjonelle kuppet til Temer og gjengen og avsetjinga av president Dilma Rousseff. Temer svarte med å gjera det same. Situasjonen i deler av Latin-Amerika er komen i nyliberal høgredominert retning, mens kampen mot desse reaksjonære kreftene held fram. Kva som vidare hender i næraste framtid vil mogelegvis gje svar på «vindretninga».

 

Ivar Jørdre

Kjelder: http://slettgjelda.no, http://www.latin-amerikagruppene.no, http://www.telesurtv.net, http://hdr.undp.org, http://www.democracynow.org, https://venezuelanalysis.com

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Latin-Amerika, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s