Brexit, EU, Marx og den kapitalistiske produksjonsmåten

Capitalism crashed! Install new SystemFoto: http://nsnbc.me

Innanfor marxistisk tenkning er det borgarlege demokratiet berre ein av formene for det kapitalistiske klasseherredømmet. Med andre ord at makta ligg i eigedoms- og råderetten over produksjonsmidlane – og ikkje utfordrast grunnleggande av at dei demokratiske rettar gjeld for alle. Så langt er dette greit. Ein kan trygt lese ut av dette at Europa eller EU meir spesifikt, er vorte kvintesensen på det borgarlege demokratiet, Marx skriv om, og at innanfor dette ligg den totale eigedoms- og råderett over produksjonsmidlane. Det Marx som kjent kallar den kapitalistiske produksjonsmåten.

Denne produksjonsmåten har utvikla seg i dei vel 200 år den sokalla industrielle revolusjon har halde på (ironisk nok utvikla i det same øyriket som no har meldt seg ut). Frå handtverks- og laugsarbeid til utviklinga av maskinproduksjon og storskala industri, har Europa (EU) av i dag vorte eit megastort konsernstyrt kapitalistisk eliteprosjekt, administrert av «hærar» av byråkratar (i m.a. Brussel) med velvillige og servile politikarar på slep. Dette prosjektet har no kome i «den kapitalistiske grøfta» for alvor. Etter at den globale økonomiske krisa for alvor skaut fart i 2008/9 har verda og spesielt Europa sett seg fast i ei myr, ei økonomisk og dermed også ei politisk hengemyr.

Capitalism isn‘t working Foto: sott.net

Kriser i kapitalismen omtalar Karl Marx i Kapitalen som «Konflikten mellom utvidelse av produksjonen og verdiøkning». Det er nettopp slik det europeiske integrasjonsprosjektet EU har vorte. Frå ein kol- og stålunion med 6 land i 1957 (Belgia, Frankrike, Tyskland  Italia, Luxembourg og Nederland), der føremålet mest var handel og kapitalsamarbeid kring råvareresursar, til eit sentralistisk «handelsimperium» med Tyskland i spissen og 28 medlemsland (medrekna Storbritannia).

EU vart så vidare nettopp danna i eit forsøk på å overkomme europeiske nasjonalstatar, som vart for snevre for utviklinga av produktivkreftene (den kapitalistiske vare- og produksjonsmåten). Etter 2. Verdskrig stod Europa svekka, mens USA kom styrka ut av krigen. Fellesmarknaden vart danna som eit forsøk på å imøtegå spesielt USA økonomisk, men også Japan som ei handelsblokk. Her oppnådde Tyskland (og framleis gjer) med økonomiske midler, det dei ikkje klarte militært gjennom to verdskrigar: «det å dominera Europa». Ikkje naudsynt grunna eit særskilt tysk karaktertrekk, men grunna deira veldige produktive kapasitet, ikkje minst etter atteininga av Tyskland, og mykje også grunna deira sentrale geografiske plasering i Europa.

Denne produksjon av «tradisjonelle» forbruksvarer og råvarer er komen til eit punkt der fortenesta til kapitalistane ikkje er på langt nær det ein fekk for 30-40 år sidan. Eit veldig innflux av kinesiske og elles asiatiske billigare varer i lag med overproduksjon av eigne varer, gjer at ei «konflikt mellom utviding av produksjonen og verdiauking» av den same produksjon gjer seg gjeldande. Det er her Europa (EU) står i dag. Difor vert problemet sett frå kapitalen og eliten sitt «vindauge» at når eit land i dette scenariet melder seg ut av unionen kan det vera eit steg i demonteringa av den monitære union og «fri flyt» av varer, tenester, kapital og menneske, type union dei ser for seg. Noko som neppe hender med det aller første. For om ein talar om noko slikt er det sjølve det økonomikse systemet som må endrast, og det hender truleg ikkje på lenge enno.

Noko anna som er verdt å merke seg er at i denne fasen med kapitalen sine produktive krefter og «mangel på profitt» så vil det kome forsøk på utviding av desse kreftene ved at nye og (om dei vert noko av) skjelsetjande store frihandelsavtalar, TTIP of TISA, vert framforhandla (sjå Multinasjonalar på frammarsj!).

Produktivkreftenes ekspansjonstrong kan forklare ekstreme økonomiske handlingar som fører til kriser. Marx si analyse er her at “Den kapitalistiske produksjonen prøver stadig å komme forbi disse innebygde grensene, men kommer forbi dem bare på en slik måte, at disse hindringene igjen plasseres i dens vei, og da i enda større skala.” Det er her ei dobbeltheit i kapitalismen, ekspansjonstrongen og grensene for kva som er mogleg, er innebygd i systemet. Då talar me om krisene som oppstår. Og kriser har oppstått med gjevne mellomrom. Kvart 10-30 år har det hendt større eller mindre nedgangar i kapitalismen. Kriser var det allereie på tidleg 1800-tal. Me må attende til 1930- og 1940-talet for å finne så låge tal som fallet i 4. kvartal 2008 viste. Ein hadde aldri sett liknande i heile målinga si historie (sjå Kapitalismen sine eigenskapar og den feilaktige analysa – kapitalismen si framtid, under Marxisme).

Brexit - Bye Bye EU Ill. foto: imolaoggi.it

Brexit kan sjåast i ljos av den økonomiske krisa, der mange i Storbritannian får føle på kroppen innstrammingstiltaka som kom i kjølevatnet av krisa. Og mange som stemte brexit gjorde det på grunnlag av suverenitet, der deira eige parlament skal bestemme kva regjeringa kan gjere, ikkje Brussel. Berre omlag ein tredjedel av dei 52 prosent som atemte for utmelding av EU grunna det med stopp av arbeidsinnvandring og immigrasjon som det viktigaste. At majoriteten av venstresida likevel ønskja å verte verande i EU med argument om at dei ville forandre EU frå innsida, stemmer ikkje, seier forfattar og venstreaktivist Tariq Ali til Klassekampen:

«Eg trur det var meir kjenslemessig og psykologisk, eg trur få har ei klar forståing av kva EU er for noko og kva det gjer med resten av Europa, spesielt land som Hellas og Portugal. Måten ein kjempar fram sosiale rettar på er å velja fram si eiga regjering i Storbritannia. Det EU gjer er i hovudsak å opptre som ei maskin for ukontrollert nyliberal kapitalisme. Alt anna dei gjer er ubetydelege, seier Ali. – Venstresida må betale prisen for at dei var for svake og ikkje deltok nok i brexit-kampanjen.»

EU sin økonomiske og politiske elite vil halde det nyliberalistiske prosjektet saman koste kva det koste vil. Det kan tydelegast av alt dømet Hellas vise, der makta i Brussel, Tyskland og «troikaen» (Den europeiske sentralbank, EU-kommisjonen og Det internasjonale pengefondet) bruke sin kapitalistiske knytneve og tvang Hellas og statsminister frå «venstrepartiet» og Syriza-leiar Alexis Tsipras til likevel å signerte EU sine kuttkrav berre ei veke etter avstemminga mot kuttforslaga til EU ifjor sommar.

– Det kan aldri bli eit demokratisk val mot dei europeiske traktatane, sa Jean-Claude Juncker, president i EU-kommisjonen i kjølevatnet av folkerøystinga. Så mykje for demokratiet der i gården! Men, som det vert skreve på marxist.dk, har EU ikkje klart å oppheva dei nasjonale modsetningane: «Tværtimod har de seneste år vist, at forsøget på at forene økonomier, der trækker i forskellige retninger, skaber større spændinger. Økonomierne er bundet sammen som bjergbestigere: Falder én risikerer resten at blive trukket med ned. Det er derfor EU lederne indtil nu er blevet ved med at ”redde” Grækenland. De er bange for en dominoeffekt. Men intet fundamentalt er ændret i Grækenland. De har blot formået at udskyde bankerotten.»

Til slutt eit sitat til frå same nettstad (marxist.dk) som viser kva den ikkje-reformistiske og revolusjonære venstreside må ta tak i framover, om det skal vera mogeleg ei gong å gjera grunnleggande endringsprosessae på dette kontinentet vårt. Og i endå meir grad enn det dei no kjente endringsprosessane som har pågått ei tid i Latin-Amerika, har fått til, men som no er i vanskar: «Da økonomien gik frem, var det relativt nemt at enes i EU, men nu da krisen kradser, øges spændingerne mellem nationerne, både økonomisk og geopolitisk. Politikerne står tilbage magtesløse ude af stand til at nå til enighed om at andet end at forsøge at udlicitere flygtningeproblemet til EU’s nabolande, som Spanien tidligere har gjort det i Afrika, og som EU nu forsøger med Tyrkiet. EU betaler Tyrkiet milliarder af euro for at holde flygtninge ude af EU, mens EU’s ledere lukker øjne og ører for det faktum, at de dermed støtter og legitimerer Erdogan, der brutalt undertrykker og fører krig mod sin egen befolkning, ikke mindst den kurdiske del, og som mere eller mindre direkte hjælper Islamisk Stat.

Samtidig har krisen afsløret det virkelige demokratiske sindelag hos EU’s ledere: De anser demokrati for at være den nemmeste styreform. Men kun så længe deres fundamentale interesser ikke trues. Både i Grækenland og Italien har de haft indsat teknokrater, når siddende regeringer ikke førte en i deres øjne passende økonomisk politik. Og da det græske folk stemte Nej til flere nedskæringer, blev de tromlet ned. Så meget for det borgerlige ”demokrati”.»

Ein må endre det borgarlege «demokrati» til eit sosialistisk demokrati. På vegen mot dette og eit solidarisk og innkluderande Europa, er mistilliten til den politiske og økonomiske elite i dei indre kapitalkorridorar noko å starte med. Så det er berre å setje i gong!

Ivar Jørdre

Sjå elles:

http://opensagt.blogspot.no/2016/06/brexit.html

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Europa, Kapitalisme, Marxisme og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s