Kommunereforma, nyliberalismen og konsekvensane

ARKIVFOTO: Leif Kåre Havås.

Måndag 23. mai er det rådgjevande folkerøystingar i Hardanger-kommunane Odda, Jondal, Kvam, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin. Under er innlegget eg hadde i avisa Hordaland 3. mai:

På såkalla «supermåndag» 25. april var det avstemmingar i 23 kommunar om samanslåing, det vart nei i tolv kommunar og ja i elleve. Dei fleste det vart nei i, er småkommunar. Dei er rett og slett skeptiske til å slå seg saman med større tettstader og byar. Ikkje å undrast! For kven vil ha «danske» kommunetilstandar? I ei omfattande kommunereform i 2007 vart talet på danske kommunar redusert frå 271 til 98 i håp om m.a. å redusera byråkratiet og rasjonalisera drifta av offentleg sektor. Men ein evaluerings­rapport laga av Deloitte viser at ­resultatet av reforma er det stikk motsette av formålet. I staden for færre byråkratar, fekk kommunane i Danmark fleire: Eit reknestykke gjort av Dansk Industri i 2010 viste at reforma førte til meir enn 6 tusen nye administrative stillingar i dei nye storkommunane, mens talet på folkevalte vart halvert, frå 4600 til 2500! Og meirutgiftene for kommunane som overlevde og vart større kom allereie over 2 milliardar for nokre år sidan. Samstundes tapar velferdstilbodet! Kommunesamanslåinga førte også til auka sentralisering. der m.a. 300 skular og 100 bibliotek vart nedlagt.

Alt kan ikkje samanliknast mellom Danmark og Noreg, heller ikkje i «kommunelandskapet». Men nokre konsekvensar kjem klårare fram om ein tenkjer seg om, også i Noreg: Kommunesamanslåing fører til sentralstyring. Store og mest mogleg like kommunar er lettare å styra frå departement og direktorat. Kommunesamanslåing gjev sterkare administrasjonar som får større makt på kostnad av politikarane og lokaldemokratiet. OG, ikkje minst innverknad frå dei store frihandelsavtalane TISA (Trade in Services Agreement) og TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership), om dei vert noko av. Det er dette kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner frå Høgre og hans vener i velferdsprofittørselskap breier grunnen for no: Større kommunale einingar skal stå klare til å møte storkapitalen sin konkurranse om dei offentlege tenestene våre. Det er betre med eit «Mega-Voss» enn eit «Mini-Hardanger» å få profitt ut av, må vite.

Det er ikkje for ingenting at handel med tenester, der velferdstenester skal likehandsamast, er ein viktig sektor for den private kapitalen. Det er ein veksande sektor, og Noreg kan verte ei honningkrukke for private profittørar. Den blåblå regjeringa argumenter om robuste kommunar, auka demokrati og eit betre vern for såkalla svake grupper. Dette er eit triks med tilslørande argument. Dei såkalla svake sjølv vil ha seg fråbedne å verte brukt i slik politisk propaganda. Rørslehemma og Handikapforbundet raser mot Erna Solberg. No vert dei multirørslehemma også dregne inn i Høgre sin argumentasjon for kommunereform. Rørslehemma har det i mange tilfelle betre i små kommunar fordi det er lettare å verte ein del av lokalsamfunnet (Klassekampen 22. august 2015).

Truleg dei fleste av Noregs befolkning er for større likskap. Difor er det viktig å få fram at offentleg styring gjev større likskap, og som ei motvekt mot eliten som finansierar og trekker opp høgrepolitikken som arbeidar for det motsette, større ulikskap. Vert kommunar «truga» inn i større einingar der tenestene vert privatisert av store selskap vert demokratiske rettar borte også. Kva vert att av folkestyret då? Er det slik me vil ha det? Svar på det, Granvin, Ulvik, Hardanger, Voss!

Ivar Jørdre, kunstnar og politisk aktivist

Lenke til eit innleg av Halldis og Gudrun Folkedal, avisa Hordaland 22. mai:

http://www.avisa-hordaland.no/meiningar/ordet-fritt/ekteskapsrdgjeving-og-kommunereforma

..og her er lenke til eit innlegg eg hadde i avisa Hordaland 2. mars, også på bloggen:

https://ivarjordre.wordpress.com/2016/03/04/kommunesamanslaingstyranniet/

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s