Til minne om modige Shilan Shorsh – tre år etter

Shilan, foto, NRK

Shilan, Foto: Astrid Olsen

Det er TRE år sidan Shilan døydde så tragisk – og me saknar henne framleis så sterkt!

Om Shilan-saka: (Bakgrunn) Shilan vart funnen død i si leiligheit, som låg i ein av toppetasjane i ei bustadblokk i Fyllingsdalen. Ein brann starta i det eine rommet i leiligheita. Det var ein av naboane som oppdaga røyken. Shilan (39) fortalde systera Shahen Ahmed, nest eldst i syskenflokken, at ho var livredd kort tid før ho døydde i brannen. Truslar hadde ho fenge lenge. Og truslane kom etter at ho stod fram i Bergens Tidende i 2005 med kritikk av tvangsekteskap og diskriminering i den kurdiske diasporaen og i heimlandet Irak-Kurdistan. Etter dette avisoppslaget skaffa ho seg valdsalarm. Politiet meinte brannen var påsett. Familien trur ho vart drept. Likevel avslutta politiet saka i desember 2013. Det er lite anna å seie om dette enn skandalaust av politiet!

(Siste-2015) Etter mykje mediaomtale og styr vart saka opna på nytt i oktober 2014. Attopptakinga kom kort tid etter at politiet i Hordaland gjekk til arrest av ein mann i den såkalla Monika-saka, der ei åtte år gamal jente vart funnen død i sin heim på Sotra i 2011. Denne saka vart også opna att, etter ei skandalaus avslutting tidlegare og utrulege grunngjevingar frå politiet. Fram til no er det ikkje noko kjent nyhende frå etterforskinga i Shilan-saka. Men, det er å håpe at politiet i Hordaland no gjer arbeidet sitt, slik dei skulle ha byrja med lenge før, og gjer kva dei kan for å finne ut kva son hendte med Shilan. Det fortener familien og det fortener rettsikkerheitskjensla til oss alle i dette landet!

(Siste-2016) Etter å ha etterforska saka på nytt, meiner politiet framleis at det ikkje hende noko straffbart då SV-politikaren og menneskerettsaktivisten Shilan Shorsh omkom i  brannen i 2013. I september 2015 avslutta politiet saka og politiinspektør Tore Salvesen, sjef for politiet i Bergen vest, sa til Bergens Tidende: – Vi har ikke funnet holdepunkter for at det har tilstøtt henne noe straffbart, og Politiet har gått gjennom heile saka med «skikkelig kritiske øyne», seier Salvesen til BT. Dei har mellom anna sjekka Shorshs arkivskap, noko som ikkje vart undersøkt i den opprinnelege etterforskninga. Dermed vart saka bortlagt på nytt. Både politiet og statsadvokaten  konkluderte med at saka måtte leggast vekk, og at det ikkje er grunnlag for tiltale mot nokon. Privatetterforskar for Shorsh sin familie, Ola Thune, er derimot ikkje så sikker på at siste ord er sagt i denne saka. Tida vil vise. Etter at det i kom ein rapport med ein knusande dom over arbeidet som vart gjort i «Monika saka» i Hordaland politidistrikt, vart det også vist til Trine Franzen-saka i Os og Shilan Shorsh-saka i Bergen. Dokument nr. 15:5 – Stortinget

Om denne etterforskinga i Shilan-saka er nok til å trygge tilliten til rettstryggleiken i Noreg er ikkje sikkert, i alle fall ikkje slik eg ser det. Det skal meir til av m.a. openheit frå politiet og etterforskingsmetodane deira, til at mange av oss gjer det.

—————————————————————————————————

Under er det eg skreiv om Shilan i 2013. Postar det på nytt som i åra før, til minne om henne, kampen hennar og den kampen i hennar inspirasjon me må halde fram, for ei betre verd:

Då nyhende om at aktivisten og politikaren Shilan Shorsh døydde i ein brann i si leiligheit i Bergen, 18. mai 2013, var sjokket stort hjå alle som kjente henne og utover det også. Det går ikkje an å forstå at denne modige og sterke kvinna ikkje lenger kjem mot ein med sitt varme smil. Me i det politiske og aktivistiske miljøet i Bergen saknar henne kvar dag og vil alltid gjere det! Denne kurdisk-irakiske stolte kvinnen var ein aktiv samfunnsdebattant og politikar og starta og leida heilt til ho døydde “Selvstendig Demokratisk Kurdisk Kvinneforening”. Ho var også med i RV (før partiet Raudt vart danna i 2007) og var i den siste tida med i styret i Bergen SV. Ho fekk Bergen Kommune sin likestillingspris i 2006 for sitt arbeid for kvinnerettar og Norske kvinners sanitetsforening sin pris for det same i 2009. Med den kurdiske kvinneforeininga arrangerte ho mange seminar og møter med uvanleg gode og kjende aktørar som sette ljoset på kvinners (og mens) kamp mot kvinneundertrykking og menneskerettar generelt. Ho snakka sjølv ofte og høgt om undertrykking, fridomsfrårøving og tvangsgifte av kvinner og jenter i deler av det kurdiske samfunnet, både i Kurdistan og i diasporaen som i Noreg. For denne aktivismen fekk ho også mange uvener, og opplevde i mange år mykje hets og feige truslar. I den siste tida beklaga ho seg om nye truslar og var redd for hevn. Heldigvis hadde ho mange som støtta henne, men lagnaden gjorde at me ikkje har ho hjå oss lenger.

Shilan:
– Samvittigheten min. Jeg har alltid reagert på undertrykking, og vil at sannheten alltid må komme frem.

Me vil alltid minnast deg og ditt modige arbeid, me skal og må føre kampen din vidare!

Shilan

Ei sterk kvinne

Me minnest ei sterk kvinne
som modig og stolt snakka ut
mot urettferd i denne verda

Du snakka så sterkt og klårt
om kurdiske kvinner og jenter
og rettvisa og eit fritt liv

Din kamp mot tvang og patriark
står som ein bauta i våre sinn
og lyser opp eit framtidshåp

Dette håp om vårt menneskeverd
må me aldri gløyme i denne tid
av krenkingar og valdelege skuggar

Du sterke, modige Shilan
minn oss på det me må gjere:
Halde fram din kamp for våre kurdiske søstrer!

———————————————-

A strong woman

We memorize a strong woman
Who brave and proud spoke out
Against injustice in this world

You spoke so strong and clear
About Kurdish women and girls
And justice and a free life

Your fight against coercion and patriarch
Stands as a memory in our minds
And lights up a hope for the future

This hope of our human dignity
We must never forget in this time
Of humiliation and violent shadows

You strong, courageous Shilan
Remind us on what we have to do:
Keep on your fight for our Kurdish sisters!

Ivar Jørdre

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kvinne- og jentekamp, Our global world, Politic&Society, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Til minne om modige Shilan Shorsh – tre år etter

  1. thorleifb seier:

    Shilan forever

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s