KAMPEN HELD FRAM I LATIN-AMERIKA!

DSC07736 

 Frå 1. mai-alliansen sitt arr. på Vågsallmenningen, foto: Dave Watson

                1. mai-appell (for Latin-Amerika Gruppa i Bergen, under 1. mai-alliansen sitt arr. på Vågsallmenningen)

Etter at “økonomibobla” sprakk i 2008 ropte bankfolk og utspekulerte spekulantar i USA og Europa på statleg hjelp. Men ikkje før det byrja å ga til helvete med dei sjølve. Den elles hata staten var då nyttig å misbruke. Mens deler av Latin-Amerika vel eit alternativ til nyliberalismen, håpar ein i “vest” at denne krisa var eit symptom og vil ga over, slik at “business as usual” kan halde fram. Men, det har altså ikkje hendt! Millionar på millionar av europearar har mista hus og arbeid, ny-fattigdomen treffer hundretusenvis, mest i sør, men krisa vandrar nordover også. Makta og finanseliten strammar sine hender og fortel folket at dette må ein tåle. “Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv”, sa diktaren A. Øverland. OG “mainstream media” har absolutt ikkje for vane å ha søkeljos på alternative økonomiske modellar.

Det er over 40 år sidan statskuppet i 1973 mot Allende i Chile som sjokkerte og engasjerte ei hel verd. MEN, det er ikkje dei siste døma på brutale overgrep på demokratisk valte regjeringar. Også gjennom dei meir enn siste tre tiår har me sett mange kupp (t.d. Grenada i 1983, påskekuppet mot Hugo Chavez i 2002, som mislukkast), dei siste er avsettingane av dei folkevalte presidentane i Honduras i 2009 og Paraguay i 2012. Og no kanskje i Brasil?

Rullar “kontra-offensiven” i Latin-Amerika framover att no?

Valet i Argentina hausten 2015 fortel at “den” kan ha teke ein ny vending. Ny-liberalistiske Mauricio Macri frå sentrum-høgre vann, etter omfattande skitne mot-kampanjar mot den sitjande regjeringa til Cristina Fernández de Kirchner. Mykje av desse motkreftene var styrt frå ein økonomisk-politisk elite saman med utanlandsk kapital.

I eit Brasil i økonomisk krise er president Dilma Rousseff utsett for riksrett, forsøkt grunnlagt i at presidenten skal ha “pynta på” statsbudsjettet før valet i 2014, for å gøyme underskot. Noko mange meiner er grunnlause påstandar og politisk motivert. Eduardo Cunha, leiaren i underhuset, er hovudmannen bak. Han er sjølv alvorleg ute og køyre. Korrupsjonspåstandar mot seg og mange i kongressen er mykje større og meir konkrete enn dei mot Rousseff! Korrupsjonssaka i statsoljeselskapet Petrobras rammar stadig fleire i den brasilianske samfunnseliten. Høgsterett har før avgjort at Cunha kan tiltalast for korrupsjon, mens Rousseff nyleg fekk 2/3 mot seg i kongressen i prosessen framover mot riksrett!

Venezuela opplever også ei økonomisk krise, mykje grunna ei meir enn halvering av oljeprisen frå 2014 til 2016. Vareproduksjonen er for dårleg, med mykje import som resultat, svært høg inflasjon og valutaproblem med mange parallelle vekslingskursar og svartebørs. Mange destabiliseringstaktikkar gjer seg gjeldande i motoffensiven mot Maduro-regjeringa. Her spelar økonomisk og organisatorisk støtte til ulike deler av den høgre-orienterte opposisjonen frå først og fremst USA ei stor rolle (dette kan samanliknast med destabiliseringsmetodane CIA og Pentagon gjorde mot Allende-regjeringa før militærkuppet i Chile i 1973).

Det er mange land som har lukkast i å drive ein fordelingspolitikk med mindre arbeidsløyse og fattigdom i regionen, som ville vore utenkeleg for 30-40 år sidan, i militærdiktatura sine “drapsdagar”. Land som Venezuela, Ecuador, Bolivia, Uruguay og Brasil er alle styrt av venstre- eller sentrum-venstre regjeringar, og dei har i mindre eller større grad teke eit oppgjer med ei historie av ekstreme skilnadssamfunn der dei rike elitane i siste instans hadde all makt. Alternativa til nyliberalismen i Latin-Amerika er styrka og vevd saman i kvarandre meir enn nokon gong, men USA er “ikkje” utanfor det latin-amerikanske gjerdet. Trugsmålet frå nord er til stades og imperialismen er stadig “innanfor”.

Imperialismen likar seg i rørt vatn. Dårlegare økonomiske tider, folk sin misnøye med korrupsjon og økonomisk rot på heimebane, og kraftige kampanjar mot venstreretta regjeringar med hjelp både innan- og utanfrå, er ein giftig miks for kontra-offensive krefter å bruke. Store multinasjonale kapitalkrefter jaktar på meir åtsel.

Mot dette må endringsprosessane sine folk og regjeringar styrke seg og læra av sine feil. Korrupsjon og økonomisk vanstyre må takast på alvor og styrking av folkelege organisasjonar er viktige i den sosio-økonomiske kampen.

Den globale politiske og økonomiske eliten har alltid vore interessert i Latin-Amerika sine resursar. Men venstreorienterte land har forsøkt å hindre denne utplyndringa av kontinentet, og gje sine folk sjølvråderett og rettferdig fordeling av økonomien. Vil desse endringsprosessar framleis halde fram og styrke seg? Eller vil høgrekreftene og kapitalen sin elite rulle innover Latin-Amerika att for alvor? Lat oss arbeide det me kan for det første og kjempe hardt mot det siste! Alltid framover mot siger! Hasta la victoria siempre! Takk for meg.

Ivar Jørdre, 1. mai 2016

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Latin-Amerika, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s