Panamapapira – Noreg og andre grådige kapitalistar!

https://ivarjordre.files.wordpress.com/2016/04/panama-papers-mossack-fonseca.jpg?w=640

Som om mange ikkje visste dette frå før. Det er berre det at no har det kome «tonnevis» av dokument som provar global grådigheit frå både individ og selskap: «Panamapapira»! Denne massive lekkasjen av 11, 5 millionar finansielle dokument viser korleis hemmelege selskap er oppretta av ein rik, mektig og korrupt verdselite, ved hjelp av eit nettverk av advokatar, bankfolk og andre hjelparar. Desse unnalurte midlane i skatteparadis er sjølvsagt potensielle skatteinntekter i dei respektive land. Det er rekna med at minst 8 prosent, eller 7 600 milliardar dollar, av verdas totale finansielle verdiar er lurt vekk i dei lukrative globale krokar, m.a. ifølge økonomiprofessor Gabriel Zuckman som skriv dette i si bok «The Hidden Wealth of Nations» (Nasjonane sin skjulte rikdom) frå 2015. Noko som er i tråd med det kapitalistiske system som ved sin nyliberale marknad og mangel på reguleringar legg til rette for opphoping av kapital i megaklassen. Difor er desse avsløringane om advokatfirmaet Mossack Fonseca i Panama sine «bedrifter» truleg for «småting» å rekne i den store heilskapen. Det er truleg meir i vente.

Avsløringane sparar heller ikkje Noreg, skulle berre mangle! Det statseigde selskapet Yara og bankane Nordea og DNB er knytt til «Panamapapira». Eit par hundre norske personar har investert i skatteparadis, ifølge Aftenposten sine avsløringar. Norfund, som er staten sitt investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland, har investert i fattige utviklingsland via selskap som er registrert i skatteparadis. Ifølge ein rapport som vart utarbeida av den internasjonale organisasjonen Eurodad, (European Network on Debt and Development), som er eit nettverk av 47 europeiske, uavhengige organisasjonar, har Norfund investert hundrevis av millionar dollar via skatteparadisa, skriv Nettavisen. Ved utgangen av 2013 var 46 av Norfund sine 165 investeringar kanalisert gjennom det som Eurodad definerar som skatteparadis. Dette utgjer investeringar på 339 millionar dollar i tidsperioden 1999 til 2013, ifølge rapporten «Going Offshore».

DNB, der Staten er største eigar med 34 prosent av aksjane, ordna for norske rikingar bankkonti i skatteparadis i nesten ti år, organisert i DNB sitt Luxembourg-kontor. Postkasseselskap på Seychellene vart laga for kundane deira. Samstundes som banken la til rette for at kundane kunne gøyme pengar i skatteparadiset, vert det hevda at norske styresmakter prøvde å stanse bruken av desse. Men det var tydelegvis eit ganske så tafatt forsøk (med ord), for bruk av styringsretten over statseigde selskap skal ein ikkje ha noko av..så difor..tura DNB berre på som om ingenting hadde hendt. To DNB-toppar er Mossack Fossecas kontaktpersonar i Luxembourg. DNB sendte brev til Luxembourg-kundane kort tid før Aftenposten sine avsløringar. I brevet vart kundane informert om avisartiklane som var i vente. Adm. direktør Håkon E. Hansen i DNB Luxembourg skriv til sine kundar at Noreg har ei ordning med skatteamnesti for pengar som er unndrege skatt, berre dei sjølve tek initiativ til å rette opp framtidige skattesatsar (Aftenposten). Midt opp i alt dette seier DNBs konsernsjef Rune Bjerke at han ikkje veit alt som har hendt bakover i tid. Kva for konsernsjef er det som ikkje veit eller kjenner til kva som går føre seg lenger ned i rekkene? Om han veit dette eller ikkje, ansvaret er hans i alle høve. Det er ein vanleg strategi at leiarar ikkje vil vite om kontroversielle tenester som bedrifta tilbyr, seier førsteamanuensis Øyvind Kvalnes ved Handelshøgskulen BI, skriv NRK.

MEN, sjølv om Bjerke hevdar konsernleiinga ikkje visste noko verdens ting, skreiv Aftenposten at to direktørar under Bjerke har visst om banken sine tenester i Luxembourg: Håkon Hansen, som var sjef for DNB Luxembourg frå 2006, og Jarle Mortensen, som var tidligare styreleiar for DNB Luxembourg, skal ha vore kontaktpersonar for advokatfirmaet Mossack Fonseca.

Hovudansvaret ligg likevel hjå den norske statskapitalismen sine styresmakter. Både tidlegare og noverande finans- og næringsministrar ligg langt unna noko form for kontroll av kapitalen. Ikkje direkte overraskande, men det fortel at eit økonomisk og politisk system som m.a. legg til rette for pengeeliten sitt skattejuks, har ingen framtidig «verdi». Trongen for eit systemskifte er stort!

Mange luringar i skatteparadislandskapet

Eit anna høve som for meg også er noko merkeleg er dette fenomenet med å «vite noko eller ikkje vite noko». Ein del DNB-kundar hevdar overfor Aftenposten at dei visste lite av kva som gjekk føre seg i DNB sitt Luxembourg kontor, som hjelpte til med å oppretta desse selskapa i skatteparadiset Seychellene. Det undrar meg stort at slike ting skulle ga «oppegåande» finansfolk eller andre «hus forbi» at banken ordna kontoar for dei utaskjers. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at DNB ordna kontoar utan deira viten? Mange luringar i dette finanslandskapet er det i alle fall!

Andre ting andre «kapitalistluringar» har funne på: Det norske statseigde selskapet Yara betalte 2,6 millionar dollar i bestikkelsar til postkosseselskap i Karibia. Det er ein av Yaras viktigaste forretningspartnarar i Russland som vart smurt.
Økokrim har hatt tilgong til dokumentasjonen som visar millionbestikkelsane, men har ikkje etterforska dette enno. Men det bør dei!

Den svenske storbanken Nordea  er også knyta til avsløringane i Panamapapira. Absolutt ikkje overraskande det heller, Norden sin største bank som han er.
Nordea har hatt åtte gonger så mange Mossack Fonseca-oppretta selskap som DNB. Dei har visst no valt å bryta med advokatfirmaet. Utruleg samfunnsmedvite!?! Men, «surprise, surprise»:

Nordea hadde fram til utgangen av 2015 administrert omlag 370 selskap hjå Mossack Fonseca på vegne av kundane sine. Berre ti bankar har hatt fleire. MEN det visar seg at 91 av desse framleis er aktive. Dette plasserar Nordea på 6. plass på lista over bankar som administrerar selskap hjå Mossack Fonseca. Så mykje for det ansvaret!
Nordea er også innblanda i ei sak om eit milliardlån som vart «borte» i ein jungel av postkasseselskap. SVT har funne ut at ein oligark i Kasakhstan er i sentrum av det hele.
I tillegg er eit Nordea-selskap i Panama innblanda i dokumentfusk. Dei hadde eit styremedlem som hadde vore død i åtte år. Materialet viser ifølge den danske statskanalen DR sin dokumentar at styremedlemmet har skreve under dokument i tre år etter sin død. Dette gjeld i tre selskap som ikkje tilhøyrer Nordea-kunder. - Ja, de har i hvert fall ikke kunne forta seg særlig mye hvis de har vært døde. Det er helt sikkert. Dette svarar ein Nordeafyr på DR sitt spørsmål om kva dette fortel om styremedlemmers rolle. Skulle meine det ja! Tenk det, dei har til og med «humor» i finanskonsernet Nordea, eller..

Mens krigen rasa i Ukraina, fiksa president Petro Porosjenko seg oppretting av selskap på De britiske jomfruøyane for si formue. Advokatane i Panama var i ferd med å hjelpe Porosjenko å oppretta eit holdningsselskap på Dei britiske jomfruøyane då krigen i Aust-Ukraina raste som verst. Tanken var at presidenten si sjokoladeformue skulle verte meir lukrativ og lettare og selje dersom holdingselskapet var i eit offshoreselskap. Big deal! Porosjenko er ein av fleire oligarkar og framståande politikarar frå Ukraina som kom fram i undersøkelsane utført av m.a.  International Consortium of Investigative Journalists og tyske Süddeutsche Zeitung.

Presidenten i Aserbajdsjan (den fantastisk demokratiske Ilham Alijev), ein av Noreg sine viktige oljepartnarar i utlandet fram til 2015, gøymte bort ei skjult formue i postboksselskap. Og kven kan ha vore med å hjelp han med denne kjempeformua, skal tru? Heilt rett, det har gode norske «vener» gjort! «Krompen» opna i juni 2011 ei olje- og gassutstilling i Baku. Etterpå åt han middag med president Ilham Alijev saman med dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe. Sikkert kosleg det!

Moe var då den siste av ei lang rekke norske politikarar som har pleia Noreg sine tette økonomiske forbindelsar til Alijev-familien og Aserbajdsjan. Jens Stoltenberg har også vitja landet som statsråd. Statoil var i ei årrekke fram til 2014 den nest største investoren i landet, og sørga for at milliardar av oljekroner strøymde inn, m.a. til Alijev!

Litt av ein selskap dette! Av andre i dette selskapet er presidenten i Argentina, Maicri, statsministern på Island, Gunnlaugsson (som har gått av grunna m.a. store demonstrasjonar), vener av Putin etablerte seg i eit skjult nettverk, den brittiske statsminister Cameron, der tusenvis har demonstrert mot han, osb. osb. osb. osb! (Sjå meir på Aftenposten.no, russia today, Süddeutsche Zeitung, bbc.com, blant mange)

Det skal her leggast til at det landet som førebels glimrar med sitt fråver, i alle fall med tanke på meir sentrale personar, er USA! Og, Wikileaks har kome ut med ein interessant invending mot kvifor dette er slik, og at hovudparten av «luringane» har tyngdepunktet vendt vekk frå «The US». Det er påstandar om finansiieringar av større eller mindre deler av den journalistiske gravinga av organisasjonar som USAID, CIA. Om det er noko hald i dette vil tida framover visa..følg med på bloggen..så får folk kanskje vite det.

I mellomtida kan folk kose seg med ein gamal Norsk offentleg utgreiing frå 2009 om «Skatteparadis og utvikling. Tilstand, analyser og tiltak«. God lesing!
Ivar Jørdre

Fakta om Mossack Fonseca

  • Panama-registrert advokatfirma etablert i 1977 av Jürgen Mossack og Ramon Fonseca.
  • Har over 40 kontor over heile verda.
  • Advokatfirmaet har i lang tid vorte anklaga for å hjelpe selskap med kreativ skatteplanlegging, skatteunndraging og kvitvasking av pengar.
  • Selskapet er også skulda for å ha hjelpt diktatorar i Afrika og Midtausten med å kome unna internasjonale sanksjonar.
  • Tidligare i år vart fem tilsette i Mossack Fonseca arrestert og sikta i samband med korrupsjonssaka som involverar det brasilianske oljeselskapet Petrobras.
  • I 2012 og 2013 vart Mossack Fonseca ilagt ei rekke med bøter på Dei britiske jomfruøyane for å ha brote styresmaktene sine anti-kvitvaskingsreglar.
  • Selskapet hevdar sjølv det opererer innanfor lover, reglar og god forretningsskikk. (Kjelder: Wikipedia, Aftenposten, SVT, ICIJ) (NTB)

 

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, Noreg - Norway, Politic&Society, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s