Kommunesamanslåingstyranniet!

ARKIVFOTO: Leif Kåre Havås.

Granvin i lause lufta

– Det må vera ei sjølvfylgje at innbyggjarane i ein kommune som Granvin får stemme i folkerøysting om og med kven dei vil slå seg saman, skriv Ivar Jørdre.

 

(Publisert første gong i avisa Hordaland, 02.03.2016)

 
Den såkalla kommunesamanslåingsreforma er det store mantraet til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner frå Høgre. Det verkar som han er «kommunesamanslåingsminister» og ikkje så mykje anna. Vil ikkje kommunar slå seg saman så skal dei, då med tvang.

 
Er dette det norske demokratiet i praksis? Og kvifor er det ingen som vil styrke og gjera interkommunalt samarbeid endå betre?

 
Argumenta bak denne iveren til dei sentrale styresmakter og ivrige lokale samanslåarar er mellom anne betre og sikrare tenester til innbyggjarane, billigare når administrasjonar vert slegne saman, betre med større skule- eller helseeiningar. Ser ein på dei land som har rasjonalisert kommunane sine til færre og større, er biletet yttarst diskutabelt. Mange stader i t.d. Danmark er misnøgda stor med større avstand frå dei styrande til folket, skule- og helsesamanslåingar og nedleggingar i stor stil. Kommuneøkonomien har heller ikkje alle stader vorte betre, heller tvert om. At «big is beautiful» stemmer ikkje alltid i praksis.

 
For å finne svar på grunnar bak samanslåingsidyllen, lyt ein sjå på økonomiske krefter. Større kommunar gjev store kapitalinteresser betre vilkår. Ein liten kommune på 1000 innbyggjarar er lite attraktiv i høve ein på 10 000. OPS (Offentleg privat samanarbeid), New public management og anbod, er omgrep me bør vita noko om, om me skal forstå litt av kreftene som vil tena på større kommunar. Får store private helse-føretak, private skuleaktørar og utanlandske storselskap det som dei vil i dei pågåande hemmelege TISA (Trade in Services Agreement)-forhandlingane som Noreg er med på, så er det grunn til å frykte at alle moglege typar tenester vert fritt vilt på anbodsmarknaden, i bindande avtalar til «evig tid». Då er Kommune-Noreg lukrative marknader for profitt, om dei er store nok.

 
I dette biletet er ein liten kommune som Granvin i lause lufta bokstaveleg tala, mellom trugsmål om tvang og mindre pengar frå staten om ein ikkje vil. Dermed er sirkuset om samanslåing i gong: I fyrste omgang om «ekteskap» med Eidfjord, delar av Ullensvang og Ulvik, mens andre vil «gifte» seg med Voss. Ulvik og Granvin har nyleg vedteke såkalla intensjonsavtalar i sine respektive heradsstyre, medan Eidfjord er i «tenkjeboksen» som det er sagt der. Voss er førebels i periferien. Som utflytta gravensar, men som «kan» tenkja seg å flytte attende ein gong, er eg frustrert over haldninga om at små kommunar ikkje er berekraftige nok. Tenk den tanken at kanskje i nær framtid med mykje dårlegare økonomiske og sosiale tider, så er det nettopp små kommunar som kan vise seg å vera fellesskapmessige og økonomiske gode å leva i. I 2006 gav eg 43 måleri som gåve til Granvin, dei heng i Heradshuset. Vert samslåing noko av og «eininga» Granvin historie, er grunnlaget for gåva borte. Måleria er ikkje tiltenkt «Ulvin», «Granvik», «Eidvin», «Granfjord» eller «Granvoss» for den del.

 

Nei, måleria er ei gåve til Granvin herad, Basta!

 
Ivar Jørdre, kunstar og politisk aktivist

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s