Rullar «kontra-offensiven» i Latin-Amerika framover att for alvor?

Som vanleg set ikkje «mainstreem media» søkeljos på alternative økonomiske modellar. Heller ikkje i dei økonomiske krisetider me er inne i og har vore i sidan 2008 (og lenge før i ulike krisesyklusar). Ei utfordring må til, og her kjem det: Sjå på dei økonomiske og politiske alternativ i Latin-Amerika! Ecuador, Bolivia og Venezuela, og det etterkvart kjende omgrepet «den bolivarianske revolusjon». Alle desse landa (også Nicaragua, Uruguay) styrer økonomien nasjonalt og regulerar marknaden. Når propagandaen i vest går mot dette, heiter det ofte at no går det mot det glade vanvit og diktatur. Ein vil då gjerne gløyme at dette er valte sosialistiske demokrati som vil ha eit alternativ til kapitalismen. Etter mandat frå folket!

Når det gjeld økonomisk styring er det akkurat det som hendte i vesten etter «bobla» sprakk i 2008. Då skreik finansfolk og utspekulerte spekulantar om seg på statleg hjelp. Men ikkje før det byrja ga til helvete med dei sjølve. Det er den store skildnaden på våre liberale og konservative land i høve til dei venstreretta i Latin-Amerika. Mens dei har valgt ein alternativ kurs til nyliberalismen, håpar ein i «vest» at denne krisa berre var eit symtom og vil ga over, slik at «business as usual» kan ga føre seg på nytt. Men, det har det altså ikkje gjort! Millionar på millionar av europearar har mista hus og arbeid, ny-fattigdomen råkar hundretusenvis (der sør-europearar er absolutt hardast råka, men nord merkar det også). Makta og finanseliten strammar sine hender og fortel folket at dette må me tåle. «Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv». Kven sa dette..? Det veit «du» vel?

Er det ikkje på tide å lære litt av dette? Det er no folk kan stå opp mot dette marknadsdominerte diktatsystemet og kreve endring. Endring til eit system som set folk sine behov først, der eit deltakande demokrati (og ikkje berre val kvart 4-5 år) er med på å styrke oss vanlege menneske sin deltaking i samfunnet. Jakta på stadig meir profitt gjev eit kaldt samfunn, det merkast, no er det på høg tid med kurs mot ei ny framtid. Skal me få til dette kan me lære mykje av det som hender med dei nye økonomiane i Latin-Amerika.

Kvifor lukkast så nokon land i Latin-Amerika andre ikkje? Ville Salvador Allende fått halde makta om han vart valt i dag? Og det me ser i Sør-Amerika i dag av venstreorienterte demokratiar og vegen mot sosialisme, er det noko me kunne ha sett i Chile på byrjinga av 1970-talet, om Allende sine prosessar fekk halde fram? Truleg JA! Men USA og militærdiktaturet sette ein tragisk stoppar for det.

Det er over 40 år sidan statskuppet mot Allende i Chile som sjokkerte og engasjerte ei hel verd. MEN, det er ikkje dei siste døma på brutale overgrep på demokratisk valte system og leiarar. Også gjennom dei siste tre tiåra har me sett mange kupp (t.d. Grenada i 1983, påskekuppet mot Hugo Chavez i 2002, som mislukkast), dei siste er avsettingane av dei folkevalte presidentane i Honduras i 2009 (Manuel Zelaya) og Paraguay i 2012 (Fernando Lugo vart ukonstitusjonelt avsett, venstrestyret kom i 2008). Det er framleis tydelege krefter som motarbeidar demokratiet og endringsprosessar. No er det valet i Argentina som fortel om at «motoffensiven» kan ha teke ein ny vending. I andre valomgang i november 2015, etter at Daniel Scioli fra sentrum-venstrepartiet Frenta para la Victoria (FpV) og Mauricio Macri frå sentrum-høgrepartiet Propuesta Republicana (PRO), ikkje fekk over 45 prosent av stemmene i første valomgang som er påkreva, vann Macri med omlag 52 prosent mot Scioli sine omlag 48. Dermed måtte førre president Cristina Fernández de Kirchner sin «etterføljar» erkjenne valnederlaget. 12 år med avtroppande president Fernández de Kirchner og før det hennar ektemann Néstor Kirchner, er over for denne gong. Macri har alt byrja sine angrep på Venezuela ved å kreve landet utestengt frå handelsorganisasjonen MERCOSUR (som han no har trekt attende, symtomatisk nok, sidan ifølge han demokratiet har kome attande til Venezuela no etter valet, sjå nedanfor).

I Brasil er president Dilma Rousseff utsett for sterkt press frå opposisjonen i parlamentet etter at fleire av støttespelerane i henner næraste krets har vore til politiavhøyr eller er fengsla i den store korrupsjonssaka i statsoljeselskapet Petrobras som rammar stadig fleire i den brasilianske samfunnseliten. «Operasjon bilvask». Det er namnet på den stadig større etterforskninga av korrupsjonsskandalane i oljeselskapet. Denne politiske orkanen  starta for alvor då opposisjonen starta ei prosess for å stille president Dilma Rousseff for riksrett. Men, det er forsøkt grunnlagt i noko anna. At presidenten skal ha «pynta på» statsbudsjettet for nokre år sidan, for å gjøyme underskot. Noko mange meiner er grunnlause påstandar og politisk motivert. Det er leiaren i kongressen sitt underhus, Eduardo Cunha, som er hovudmannen bak. Dette til tross for at Cunha fleire gonger tidligare i år har gove uttrykk for at dette ikkje ville hende. Det er gode grunnar til at han endra standpunkt: Han er sjølv alvorleg ute og køyre. Korrupsjonspåstandane mot han er mykje større og meir konkrete enn dei mot Rousseff! Difor kjempar han denne feige kamp.

Eduardo Cunha er frå partiet PMDB, som er største parti i kongressen, og det fremste dømet på ein type parti som er vanlege i Brasil: Parti som ikkje har nkon ideologi i det heile teke, men som har makt som eneste politiske mål. PMDB defineres ofte som sentrum-høgre, og er alliert med Rousseff sitt arbeidarparti, PT, i regjeringa, dei har også visepresidenten, Michael Temer. No «dolkast» ho av denne «gjengen utan ideologi»! Rousseff har også i lengre tid vore utsett for mykje anti-demokratisk propaganda, m.a. frå internasjonal main-stream media og USA. I tllegg er det for tida den verste nedgangsperioden i Brasil sin økonomi på 25 år. Så det er nok å tenkje på i det landet for tida.

Venezuela opplever no også ei økonomisk krise, mykje grunna ei meir enn halvering av oljeprisen frå 2014 til omlag 46 dollar per fat (november 2015). I tillegg er den øvre vareproduksjonen dårleg, med mykje import som resultat, svært høg innflasjon. og altfor mange valutaproblem med «bolivaren», m.a. mange parallelle vekslingskursar og svartebørs. Kriminalstatestikken er også høg og eit stort samfunnsproblem. Mange destabiliseringstaktikkar gjer seg også gjeldande i motoffensiven mot Maduro-regjeringa. Her spelar økonomisk og organisatorisk støtte til ulike deler av den høgre-orienterte opposisjonen frå først og fremst USA ei stor rolle (mykje av dette kan samanliknast med dei destabiliseringsmetodane CIA og Pentagon gjorde ovanfor Allende-regjeringa i framkant av militærkuppet i Chile i 1973). Det er mange store sosiale samfunnsprosjekt (missiones) som har vore svært vellukka under tida til Hugo Chávez og som held fram under tida til Nicolas Maduro. Eit av dei mest omfattande er «husbyggingsmisjonane». Frå starten i 2011 og til i dag er det bygt omlag 850 000 bustader og er rekna å nå millionen ut 2015. Det gjev rimelege bustader til omlag 5 millionar venezuelanarar av totalt 30 millionar innbyggarar. Også innan helse, skule og høgare utdanning har millionar av folk fenge gratis eller rimelege tenester og tilbod. Dette kostar pengar og når mykje av dette kjem frå oljeøkonomien som no er redusert kraftig vert det store utfordringar. Noko som går utover andre deler av samfunnsøkonomien også. Mykje kan seiast om dette og handteringa av den høge inflasjonen, korrupsjon og mangel på nasjonal vareprodusjon. Maduro og hans folk har i for liten grad klart å finne gode løysingar på desse utfordringane. I tillegg er Maduro ein tildels svak president og langt frå den store folketalaren Chávez. Dette gjer at det er ei forsterka politisk krise, der landet er endå meir polarisert enn før. Dette må president Maduro også ta ein del av ansvaret for. Fram mot parlamentsvalet 6. desember 2015 låg opposisjonen (MUD) framfor regjeringspartiet PSUV på fleire meinigsmålingar. Valet vart endå dårlegare for PSUV og Maduro enn tenkt. Opposisjonen sentrum-høgre vann eit sokalla «supermajoritetsfleirtal», med 112 plassar av 167 i parlamentet ( 55 til PSUV). Dei kan no, om dei vil, kalle attende mange av dei sosiale- og økonomiske programma, avsette ministrar og vise-presidenten (ikkje presidenten, men kan i 2016 få til eit tilbakekallingsval ved ei folkerøysting), og har eit 2/3 fleirtal til grunnlovsforsamling for grunnlovsendring. Om dei vil dette umiddelbart, veit ingen enno. Det merkelege er at av dei 112 plassar til MUD (som elles har 40 ulike «kranglande» parti i seg) så har urfolk 3, difor er dei også eit fenomen, til fullt fleirtal for MUD, eller ikkje. Tida famover i Venezuela vert på med alt dette på ingen måte udramatisk!

Det er mange land som har lukkast i å drive ein fordelingspolitikk som ville vore utenkeleg for 30-40 år sidan, i militærdiktatura sine «drapsdagar». Land som Venezuela (no med høgreopposisjon i nasjonalforsamlinga), Ecuador, Argentina (til hausten 2015, då sentrum-høgre overtok), Bolivia, Uruguay og Brasil er alle styrt av venstre- eller sentrum-venstre regjeringar, og dei har i mindre eller større grad teke eit oppgjer med ei historie av ekstreme ulikssamfunn der dei rike elitane i siste instans hadde all makt. Alternativa til nyliberalismen i Latin-Amerika er styrka og samanvevd i kvarandre meir enn nokon gong, og USA er «nesten» utanfor det latin-amerikanske gjerdet. Men trugsmålet frå nord er tilstades og imperialismen er «innanfor».

Venezuela er polarisert politisk og mange hadde sterke meiningar om Chávez, som hadde makta 1999-2013. Skiljelinjene går langs sosiale klassar, og mens dei rike heile tida har åtvara mot kommunisme og eit nytt Cuba har arbeidarklassen og fattige for stor del slutta opp om Chávez sin «Sosialisme for det 21.århundre». No  (døydde av kreft i 2013) er leiaren deira borte og mange har frykta kva som ville hende etterpå, men revolusjonen og prosessane som deira helt har vore drivkafta til, er så djupt grunnfeste no at dei truleg ikkje kan reverserast med nokre pennestrøk. I alle fall ikkje til omfattande protestar frå dei millionar som har kome seg opp av fattigdomen og fenge eit betre liv. Dette til opposisjonen og deira alierte i Vesten si store fortviling. Endringsprosessar har gått føre seg over store deler av Latin-Amerika, men ikkje overalt. Situasjonen framover er uklar og me må setje oss godt inn i kva som til ein kvar tid hender på kontinenten for å gjera dei best moglege analyser, som skal vera førande for arbeidet til ein god solidaritet for folket.

Ivar Jørdre

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Latin-Amerika, Politikk, samfunn, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s