Endå ein klimarekord – Gaia har feber!

Klimaendringar-torke_utah-2014 Torke i Utah, USA. Klimaendringar aukar frekvensen av ekstremvær. energiogklima.no Foto: Anthony Quintano

I året 2015 sette arten «mennesket» endå ein rekord, og endå ein svert farleg rekord! Den førre rekord i klimasamahang kom i 2013. Les om dette i artikkelen: Klimaet, kapitalismen og menneska

Det er ikkje slike rekordar menneska treng å vera stolte av i grunnen!

For første gong har den globale gjennomsnittstemperaturen overstege 1 grad sidan målingane byrja. Frå januar til september i år har temperaturen allereie kome til 1.02 grader over gjennomsnittet mellom 1850 and 1900. Om temperaturane held seg som førespeigla ut 2015 vil dette vera det første året over denne grensa. Verda vil då vera halvvegs mot det såkalla 2 gradersmålet, «grensa» for ei farleg  og «løpsk» oppvarming. Desse siste fakta er m.a. frå Met Office i Storbritania.

Klimaendringar-628x418Ny forskning visar at havet i Arktis fangar meir energi frå infraraud stråling enn tidlegare trudd. Noko som truleg bidreg til oppvarminga av polklimaet. Foto frå: newscenter.lbl.gov

Saman med metangass (metangass er av dei farlegaste klimagassane og 22 gonger meir effektiv enn CO2) og vassdamp bremser CO2 varmestrålinga frå kloden vår og ut i rommet att. Hadde det ikkje vore for desse «drivhusgassane» ville gjennomsnittstemperaturen på jorda vore ca. 33 grader lågare. Men no går det andre vegen! Målet om å halde den globale temperaturstiginga på om lag 2 grader er me allereie på veg vekk frå. I følgje det tyske Potsdam-instituttet for klimainnverknad kan me gå mot ei auke på 4 grader innan 2060. FN sitt klimapanel har sagt noko liknande i sine rapportar. Potsdam-instituttet skriv i sin  rapport frå 2013 m.a. at det er usikkert om verda kan tilpasse seg ei 4 graders auke. Eit døme på temperaturauken er at sommarisen i Arktis smeltar fortare enn venta og havområdet er allereie nesten isfritt i 2015. Dette er 85 år tidlegare enn det FN sitt klimapanel rekna ut i 2007! Etter mange mislukka klimakonferansar er det no Paris sin tur. Dei politiske forhandlingar i Paris i november skal prøve å få til ein ny global klimaavtale. Det vil visa seg! Les meir om 1 gradersauka på:

Gaia – our world!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Capitalism, Climate Change, Our global world, Politic&Society, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s