Multinasjonalar på frammarsj!

Investeringsavtalane TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership) og TISA (Trade in Services Agreemen) er ein trussel mot demokrati, matsikkerheit, arbeidsrettar, arbeidsmiljø, offentleg velferd, helse og miljøet. Stillehavsregionen og USA har ferdig forhandla ein frihandelsavtale, TPP (Trans-Pacific Partnership). Han ventar på godkjenning i dei ulike parlamenta. Multinasjonale selskap får hendene i politikken og vil utforme han etter deira trong. Det veit ein kva er, det er meir politisk og økonomisk makt, for å fylle sine kapitaltunge pengekister. Med investor-stat-tvisteløysinga vil dei også få ein ekstra nødbrems om dei likevel ikkje får styre som dei vil. Dei multinasjonale selskapa har alltid pengar nok i massevis til å drive påverknadsarbeid. Dei driv lobby i stor skala der lobbygruppene svermar rundt politikarar som vepsen rundt syltetøy. Det er her me folk i gata lyt gripe tak i motkampen og saman med mange organisasjonar få til eit massivt press på desse avtalane. Ein mediakampanje må til også for verkeleg å få informasjon og bodskap ut, der er ting på gang og håpet er at den folkelege motstanden aukar. Desse avtalane vil, om dei lukkast, gå mykje lenger enn nokon tidlegare har gjort. Det viktigaste verktøyet i «motmaktkassa» for å stoppe avtalane vert difor å få oppmerksemd om dei – for saka er at avtalane tåler ikkje eit kritisk søkeljos. Då avslører maktgrunnlaget til dei multinasjonale seg. Det er då det multinasjonale trollet sprekk i sola!

 
Frihandelsavtalen TTIP
No for tida forhandlar EU og USA om verdas største frihandelsavtale, TTIP. Avtalen vil påverke oss alle gjennom EØS, og verte ein mal for ein tilsvarande avtale mellom EFTA og USA. Avtalen vil gje storselskap kontroll over politikken innanfor arbeidsliv, mat og miljø. M.a. vil han opne for at storselskapa kan saksøke statar i ein utanomrettsleg domstol om politiske reguleringar kan vera til hinder for “framtid profitt”. Dette er økonomiske globale maktmiddel, økonomisk imperialisme!
Døme: Klima- og miljødepartementet har gove Nordic Mining tillating til gruvedrift i Engebøfjellet og gruvedeponi i Førdefjorden. Det har skapt mykje debatt. Det finnes ulike typar deponi for å ta seg av restavfall frå gruvedrift. Eit ope landdeponi er éin måte. I eit sjødeponi kan slam, ulike småartiklar, m.a. tungmetall skade sjølivet i fjorden både på kort og lang sikt. Landdeponi har også sine sider, avhengig av geografiske tilhøve med tilsig av slam til ferskvatn, og liknande. I alle høve er protestane store frå miljøorganisasjonar for sjødeponi. Tenk dykk då at folkeleg protest til saman med endå sterkare «fakta» om forureining gjer at det totale biletet fører til at den norske regjering gjennom nye reguleringar utset eller, endå meir drastisk, avsluttar konsesjonen med selskapet. Då kan, om ein TTIP-avtale føreligg, Nordic Mining saksøke den norske stat med reguleringar som hinder for framtid profitt i ein tvistedomstol utanfor det norske rettsapparatet. Er slikt rett?

 
Frihandelsavtalen TISA
Frihandelsavtalen for tenester, TISA , forhandlast fram med stor grad av hemmeleghald, med Noreg som aktiv pådrivar. Avtalen vil pressa fram konkurranseutsetjing og privatisering av offentlege tenester på alle felt, hindre regulering av finanssektoren, hindre lovgjeving for miljø og arbeidsmiljø, mot sosial dumping, gje kommersielle selskap meir makt og heilt undergrave personvernlovgjevinga på nett. For å berre nemne noko av konsekvensane.
Døme: Eit viktig tenesteområde for folk er barnehage. Det har opp til dei seinare år for det meste vore sett på som eit offentleg ansvar, men i t.d. Bergen er det om lag ingen kommunale barnehagar att. Den største private barnehageaktøren i Bergen er no Kidsa barnehagar. Dei hadde i fjor eit overskot på 28 millionar kroner og inntekter på 310 millionar kroner i 2013 . Dei driv 28 barnehagar og får kommunalt tilskot, men gjev sine tilsette dårligare pensjonsordning. Kor mykje av denne profitten går attende til drifta og kor mykje går til aksjonærane? Tenk dykk då at eit politisk fleirtal i kommunen vil avvikle dei kommersielle private barnehagane og ny-kommunalisera dei. Har Noreg ein TISA-avtale då, kan Kidsa saksøke Bergen kommune for brot på kontrakta, sjølv om kommunen skulle kompensera, ekspropriera eller eventuelt ha juridisk attkjøpsrett. Er dette rett i høve fellesskap og resursar?

 
Handelsavtalen ingen vil snakka om
«Den mest skremmende handelsavtale ingen vil snakke om», skreiv David Dayen i New Republic (4.6.2015) då WikiLeaks publiserte sytten nye dokument frå dei strengt hemmelege TISA-forhandlingane. Dokumenta inkluderte 11 fulle kapitlar som det vert forhandla om, med tema som er svært kontroversielle og som tidligare har ført til stans i forhandlingane i Verdens handelsorganisasjon (WTO). Desse tekstane er planlagt klassifisert som hemmelege i fem år etter at avtalen skal tre i kraft. Det er altså ein kamp om demokratiet som utspeglar seg, på heilt nye felt og på heilt nye måtar. Dei store lovnadane om vekst, sysselsetting og rett til å regulera, står seg ikkje mot fakta i dei lekka dokumenta, skriv Helene Bank i For Velferdsstaten.
Tenesteavtalen TISA som 50 land forhandlar utanfor WTOs rammeverk, vil vera ein ny internasjonal handelsavtale for tenester. Målet for denne som for dei to andre, er eit globalt avtaleverk som gjer utanlandske selskap langt fleire rettigheiter enn det WTO-utkastet la opp til. Handelshindringar vert sentrale, og avtalen legg opp til at statar kan dømmast erstatningspliktige overfor selskap og land som taper pengar på nye nasjonale reguleringar. «De verkeleg gode tenestekameratane» som deltakarane i TISA-forhandlingane kallar seg, omfattar ikkje dei såkalla BRIKS-landa, dei store framveksande økonomiane (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika). Kina har uttrykt ei viss interesse, men USA har avslått. Her har ein synet på seg sjølv i eit nøtteskal: Ikkje berre er desse «kameratane» mykje betre enn alle andre kameratar, t.d. land i sør, men dei er mykje betre enn alle «oss» andre også, den såkalla 99-prosenten av verdas folk. Alt vert så mykje betre for oss om me berre slepp til og finn oss i at fleire og større storselskap skal dominera kvardagen vår i alt frå nikkel til dopapir. Lat dei berre halde på med forhandlingar i løyndom, me forstår likevel ikkje vårt eige beste.
Er det verkeleg slik me ønskjer det, skal me finne oss i meir matsminke, genmodifisering, endå meir kapital som hamnar i skatteparadis, monopolisering av tenester, privatiseringar?

 
Ivar Jørdre

Den ukjente galskapen – TISA

Lesarbrev av MORTEN ISAKSEN, Helgelendingen, 06.11.2015

IKKE SÅ viktig å vite hva bokstavene TISA betyr, men viktig å kjenne til hva konsekvensene kan bli. For det kan få konsekvenser for deg, dine barn, barnebarn, foreldre og alle andre du kjenner. Og det dreier seg om noe så kjedelig som en handelsavtale.

I LANG tid har det foregått forhandlinger mellom USA og en rekke andre land bl.a. EU – støttet av den norske regjeringen – for å «bedre og lettvintgjøre» handel mellom landene. Regler som vanskeliggjør effektiv internasjonale næringsvirksomheter skal bort. Ikke minst skal politiske prosesser som danner grunnlag for det vi kaller demokrati bort. De som har penger – både enkeltpersoner og næringer – skal fritt få bestemme for demokrati kan være til besvær for disses tankegods. Og de som styrer forhandlingene er nettopp de som eier kapitalen – enkeltpersoner og multinasjonale selskaper.

OM TISA-FORHANDLINGENE fører fram * vil det offentlige (stat, fylker og kommuner) bare kunne drive det de har monopol på. I Norge vil det stort sett si politi, brannvesen og fengsler.

* vil alle sykehjem, barnehager, skoler, sykehus, attføringsbedrifter og mye mer bli konkurranseutsatt og skal drives av private, men selvfølgelig finansiert av våre innbetalte skattekroner. Og noen av kronene vil havne i eiernes lommer som utbytte i stedet for å gå til lønn for flere ansatte.

* vil staten ikke kunne eie og drive næringsvirksomhet som f.eks. Telenor og Statoil. Det skal det private næringsliv ta seg av. Dersom TISA avtalen hadde virket når Statoil ble etablert ville det norske pensjonsfondet (som er overskudd fra Statoil) på ca. sju tusen milliarder kroner vært utbetalt som aksjeutbytte til private aksjonærer og Norge ville fremdeles slitt med sin enorme utenlandsgjeld.

*vil det offentliges mulighet for å bestemme hva som er god nok vannkvalitet, hva slags stoffer som skal kunne tilsettes mat, hvilke krav som skal stilles til drift av skoler, regler for arbeidsmiljø og arbeidstid bli sterkt redusert. Næringene skal selv få bestemme uten at brysomme demokratiske systemer skal få blande seg inn.

* vil finansnæringen stort sett få styre seg selv – og etter en tid får vi nok en finanskrise * og mye, mye mer SÅ KAN en spørre: hvorfor er ikke dette framme med store overskrifter i media? Hvorfor skjer ikke forhandlingene i full åpenhet? Svaret synes åpenbart når det blir kjent hva forhandlingene dreier seg om: Ingen med et demokratisk sinnelag vil kunne delta i slike forhandlinger – for det dreier seg om å bygge ned demokratiet, å sette politikere på sidelinjen, la kapitaleiere grafse til seg. Men vår regjering er jo med på dette, en regjering valgt av folket. Var det dette folket ville?

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Kapitalisme, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Multinasjonalar på frammarsj!

  1. Tilbakeping: Brexit, EU, Marx og den kapitalistiske produksjonsmåten | Ivar Jørdre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s