Imperialismen før og no (del 2)

Imperialismen før og no (del 2)

Supermakt-imperialismen

Etter krigen stod USA og Sovjet att som leiarar for kvar sine blokker, eit godt kjenneteikn på perioden. I tillegg oppsto den såkalla “tredje verda” i kolonialismens fotspor. Det tredje kjenneteiknet på epoken var utviklinga av eit internasjonalt produksjonssystem. To militære poler – mange økonomiske. Danninga av to store imperialistiske blokker førte til at mange ytre kjenneteikn ved den klassiske imperialismen vart vekke. Tendensen til krig i imperialismen sine kjerneområder vart erstatta med terrorbalanse.

Stalin, Churchill og Roosevelt delte Europa mellom seg. England vart svakast og kunne berre halde sin stilling om dei andre to heldt fingrane frå imperialistfatet. Prisen var at England måtte gje frå seg dei viktigaste koloniane – India og Midtausten. India si frigjering var i stor grad ein følgje av motstandskamp, mens USA ville ha sin del av Midtausten. Israel vart danna i britisk Palestina etter press frå dei andre stormaktene, men også etter sionistanes ønske. Dermed vart Israel ei viktig geopolitisk og imperialistisk brikke.

Militært var verda delt i to. Men vestblokka hadde mange fleire økonomiske sentra i høve dei i austblokka. Blokkdanninga gjorde systemet stabilt i Europa. Den kalde krigen vart ei tvangstrøye, forsterka av trusselen om atomkrig. Krigane som hadde ridd Europa i hundrevis av år, var borte, men førebuingar til krig vart ei ny mare. Rustningsøkonomien hindra store økonomiske kriser. USA og Sovjet rusta opp som aldri før. Dette hadde ein utilsikta effekt: Ein permanent rustningsøkonomi oppsto. Militære investeringar sugde til seg profitt frå resten av systemet. Akkumulasjonen vart sterkt nedsett i dei produktive delar av produksjonen. Investeringane hendte i staden innan våpenproduksjon. Det viste seg å ha ein krisedempande effekt på heile verdsøkonomien. Resultatet vart kapitalismens lengste oppgangstid. Mellom 1948 og 1973 vart verdas inntekter meir enn tredobla.

Som verdas største økonomi kunne USA langt på veg bestemme den økonomiske utviklinga. Likevel førte oppgangen i verdsøkonomien til at dei landa som ikkje hadde dei store militærutgiftene kunne svinge seg opp. Oppsvinget ga Japan og Vest-Tyskland ein stadig større del av verdsmarknaden. Dei var i ferd med å underminera USAs økonomiske domene. USA brukte dollaren til kva den var verd. USA kunne underskotsbudsjettera meir enn alle andre økonomiar. Landet lånte av andre lands valutareservar. Ettersom valutareservane i vesten var i dollar, kunne t.d. ein nedgang i dollarkursen føre til at dei andre vestlege land var med på å betale for USAs opprusting. Til tross for det og til tross for rustningsøkonomien, gjekk USA inn i krise både i 1973-74 og 1979-82. Verdas profittrate byrja å søkje. Men ein ny amerikansk kjempesatsing i våpenkappløpet førte til at Sovjet tapte.

Krigen er ikkje like kald over alt. Militært var USA sterkast og millionar av menneske hadde fått kjenne at kald krig kunne vera varmare enn helvete om ein budde i imperialismens konfliktområder. USA var i heile perioden garantist for framleis vestleg verdskontroll. Innanfor USAs kontrollområde heldt den økonomiske konkurransen fram utan store militære konfliktar. Det tydde også at amerikansk kapital fekk langt betre moglegheiter til å spreie seg enn tidligare. Gjennom FN og FN-organ sikra USA sin imperialisme ein internasjonal legitimitet. Berre få gonger var det klare interessekonfliktar mellom vestmaktene, som i Suezkrisa 1956 og Kongo 1960 (president Patrice Émery Lumumba, vart avsett og seinare avretta 17. januar 1961 med hjelp av CIA, belgisk etterretning og så seint som i år, 2013, har det kome fram at britisk etterretning M16 truleg organiserte det heile). Men krigane heldt fram alle andre stader. Gong på gong har USA lukast i å gripe inn for å sikre sin kontroll. Over 300 gonger brukte USA militærmakt i perioden 45-75. Mellom 15 og 30 millionar menneske mista livet i krigar etter 1945.

Dei fleste av krigane i periferien hadde eit element av konfrontasjon mellom supermaktene i seg. I Midtausten gjekk spelet blodig høgt. Egypt vende seg frå britisk halvkoloni til Nassers balansegang som førte landet over til Sovjets viktigaste allierte utanfor Warsawa-pakta, for deretter å verte den nest største mottakaren av amerikansk våpenhjelp. Syria, Irak og Somalia bytta også frå Sovjet til USA, mens Etiopia gjekk motsett. USAs nederlag i Vietnam vart eit vendepunkt. USA kom i djup politisk krise. Det førte til at dei var ute av stand til å halde seg effektivt til revolusjonane i Iran og Nicaragua i 1979. Etter 1979 arbeidde Ronald Reagan systematisk for å attvinne USAs internasjonale posisjon. Grunn den massive motstanden frå usanarane mot å vera kanonføde for storkapitalen, fekk ein i første omgang omgrepet Low Intensity Conflict – ein strategi knyta til blokade, boikott, destabilisering og støtte til lokale opprørsstyrkar. Ein strategi som knekte sandinistyret i Nicaragua.
Samstundes arbeidde dei med å avspore andre opprør. Det er grunnen til at dei har gått inn og støtta den “demokratiske opposisjonen” i diktatur USA sjølv fekk på beina. Strategien har vore: Få bort diktatoren, forsvar statsapparatet (først og fremst dei militære). Det er grunnen til at den reaksjonære Reagan bygde opp Aquino i Filippinane, Roh Tae Woo i Sør-Korea og Duarte i El Salvador. Men revolusjonen i Iran lærte USA at det var ikkje godt nok å støtte seg til lokale politifolk eller militære, for å ivareta eigne interesser. Difor var noko av det første Carter gjorde etter revolusjonen i Iran å opprette Rapid Deployment Force – ein militær styrke som skulle gripe inn raskt overfor einkvar uregelheit. Likevel brukte USA sin massive militære styrke berre tre gonger på 1980-tallet: i Grenada (statsminister Maurice Bishop vart avsett i eit kupp og seinare avretta), på Iraks side mot Iran og i Panama.

USAs mange krigar i Asia, Latin-Amerika og Afrika handla ikkje berre om å sikre raskt profitt. USA og Sovjet konkurrerte om politisk dominans, noko som ofte kosta meir enn det smakte. USA gjekk med kjempeunderskot i høve til Israel, Egypt, Pakistan og Sør- Korea, mens Sovjet subsidierte Cuba, Etiopia og Aust-Tyskland. Internasjonaliseringa utvikla dei multinasjonale selskapa som dukka fram i imperialismens barndom. I dag vert multinasjonalane trekt fram av sosialøkonomane som kapitalismens fyrtårn. Folk på venstresida rekna dei ofte som verre enn arvesynda, og fleire imperialisme-idear bygger på analyser av desse selskapa si rolle i verda. Multinasjonalane vart dei største selskapa i verda, og fekk dermed stor økonomisk makt. Dei heldt også stor politisk og kulturell makt. Men multinasjonalane var og er ikkje ålene på verdsmarknaden. Både statar og nasjonale borgarskap har enorm innflyting på verdsøkonomien. Asias tigrar vart ikkje bygd av multinasjonalane, men av lokale kapitalistar, bankar og statlege inngrep. Viktigheita av multinasjonalane auka etter 1945. ulike land valde ulik økonomisk politikk, noko som multinasjonalane kunne kome seg rundt gjennom handel innanfor same selskap. Dei internasjonale kartella frå mellomkrigstida vart erstatta av, eller kjøpt opp av, multinasjonalar med et klart heimland.

Veksten i verdsøkonomien auka først trongen for råvarer og mat frå utviklingsland. Multinasjonalane tilpassa seg dette. På 1960-tallet endra dette seg, Og då krisa på 70-tallet sette inn, hadde bankane mykje kapital som vart lånt ut internasjonalt. Dette førte til gjeldskrisa på 80-tallet som igjen ga Pengefondet og Verdsbanken makt til å tvinge regjeringar til å opne sine økonomiar. Nye moglegheiter opna seg for multinasjonalane som i dag sjølv er under omstrukturering og oppdeling. Oppløysinga av koloniveldet var eit anna hovedtrekk etter 1945. Nasjonale frigjøringskampar kasta ut dei gamle koloniherrene. Enkelte stader tok USA direkte over, slik dei overtok Frankrikes «Vietnam-krig» etter 1954. Men USA hadde interesse i at det britiske og franske imperiet gjekk i oppløysing. Då kunne dei kome inn med investeringar og varer i land som tidligare hadde vore stengt for dei. Sjølv om den politiske kontrollen av verda var viktig i supermaktskonkurransen, fekk dei tidligare koloniane ein stadig mindre økonomiske viktigheit. Ein fekk den tredje verda, utviklingslanda. Kapitaleksporten til desse landa tydde stadig mindre. På 60-tallet flytta ikkje kapitalen seg lenger frå den utvikla verda til utviklingslanda i stort monn. Etter 1965 hendte stadig større del av kapitaleksporten mellom dei rike landa. Verdsbanken skreiv i 1985:
«Tre fjerdedelar av direkte utanlandske investeringar har gått til andre industriland. Resten har stort sett gått til dei rikaste landa i Asia og Latin-Amerika.»

Fattigdomen i den fattigaste del av verda skuldast at desse økonomiane har vorte ståande utanfor kapitalismens utvikling. Vestens kapitalistar tente ikkje nok på å investera i desse landa i «den tredje verda». Gjeldskrisene skapte eit nytt mønster. Danninga av dei Ny-Industrialiserte Landa (NIC-landa) får ein ikkje til å seie at imperialismens verdsorden er broten. Det er ikkje slik at alle statar har like moglegheiter til å kome seg fram. Gjeldskrisa på byrjinga av 80-tallet viste korleis industrialiserte land som Mexico og Brasil var bundne opp av vestleg finanskapital. Kapitaleksporten utgjorde riktig nok ein langt mindre del av verdas kapitalstraum, men den hadde vorte til lån. Skilnaden frå kolonitida var dermed at dei enkelte statars borgarskap sjølv bestemte kor investeringane skulle gå. Dei bestemte ikkje dette heilt åleine. Gjelda skaffa Vesten eit nytt grep om desse økonomiane, særleg gjennom Pengefondet (IMF) og Verdsbanken. IMF vart som mafiaen, som ga pengar om lånarane følgde dei harde reglane. “Strukturregulering” vart politikken kalla. Den tydde beinharde innstrammingstiltak. IMF kravde at innanlandsk forbruk skulle ned eksportinntektene opp. IMF fekk stadig større makt ettersom netto overføringa av kapital til utviklingslanda tok slutt i 1983. Deretter utgjorde tilbakebetaling av gjeld og renter meir enn overføringane frå rike til fattige land. Utviklingslanda hadde ikkje råd til å ta opp meir lån. I 1987 var utviklingslandas samla gjeld heile 49 % av det årlege brutto nasjonalprodukt for dei same landa. I Latin-Amerika fekk ein ei veldig gjeldsbyrde med føljande mykje armod og naud. Fleire land som Bolivia og Nicaragua prøvde seg med betalingsnekt av gjelda. Storkapitalen skalv litt ei stund, men landa vart fort trua inn i «folden» att. Andre land med sterk vekst sat så sterkt i gjeldsfella at landa måtte betala meir og meir av overskotet til vestlege bankar. Samstundes måtte dei kutta ned offentlege tenester og opne for internasjonal kapital.

Ei gjeldskrise provar naudsynt ikkje at det rike nord suger all livskraft ut av sør. Det handlar også stadig mindre om tilhøvet mellom statar, og meir og meir om klassemotsetningar på verdsplan. Borgarskapet i utviklingslanda trivs som aldri før. IMF sine direktiv vert brukt med attrå av herskarane for å kutte statlege utgifter og privatisera statleg verksamheit. Samstundes sender u-landas borgarskap sine pengar til utanlandske bankar. I 1985 var Latin-Amerikas totale gjeld på 368 milliardar dollar, same år flytta kontinentets borgarskap 100 milliardar til internasjonale bankar. Deretter kunne Latin-Amerikas eigne regjeringar låne desse pengane, for så å låne dei ut vidare til eige borgarskap. Slik vernar det lokale borgarskapet sine millionformuer mens dei investerar med utanlandske lån som er garantert av deira eigen stat.

Verdssystemet opprettheld og aukar skilnaden mellom fattig og rik. Men desse skilnadane går meir og meir på tvers av nasjonane. Dei går mellom klassane på verdsplan. Afrika, Asia Latin-Amerikas borgarskap er godt tent med dagens verdsorden. Dei er ikkje kjøpt opp av Vesten, men dei har kjøpt seg inn i Vestens finanskapital. Bukharins forklåring på internasjonalisering av produksjonen har aldri stemt så godt som etter 1945. Ettersom den lange oppgangsperioden vart ramma av krise rett etter 1970, fekk internasjonaliseringa eit sterkt oppsving.
For det første oppsto eit “globalt produksjonssystem”, ofte organisert av multinasjonalane. Sjølv om sykkelen din er sett saman i Sandnes, kan han ha italiensk sete, franske felgar, tyrkiske dekk, japansk gir, koreanske bremser og svenske kulelagre.

For det andre vaks internasjonal handel, verna av Verdas handelsorganisasjon (WTO), det tidligare GATT (Global Agreements on Tarif and Trade). Men stundes oppsto tre sterke handelsblokker; Japan og nabolanda, USA og NAFTA (North American Free Trade Agreement, med USA, Canada og Mexico som medlemer), og eit Europa stadig meir samla i borgarskapets interesser.

For det tredje var verdas finanskretsar mindre og mindre kontrollert av nasjonalstatane. Det skuldast delvis USAs relativt svekka økonomiske stilling. Men 1980-åras politikk var fjerning av reguleringar, frå Thatcher og Reagan til sosialdemokratiets Mitterand og Brundtland. Børsspekulasjon vart verdas mest lukrative kasinospel. Noko som for alvor slo ut i verdas største krise sidan 1930-talet, i 2007-8.

Den nye verdsorden

Ein ser korleis internasjonaliseringa, med beinhard spesialisering, gjorde det mogleg for NIC- landa å storme fram. Samstundes førte internasjonal handel til at tradisjonelle handelspartnarar, med røter i kolonitida, vart mindre viktige.T.d. sto Afrika sør for Sahara berre for 2 % av verdshandelen, og produserte berre 0,1 % av verdas industriprodukt. Sjølv om WTO snakkar om kor rettferdig frihandel er, så legg dei sterkaste maktene opp politikken. USA bryt sjølv stadig med frihandelsprinsippet, mens dei tvang t.d. Thailand til å stoppe eit forbod mot tobakksreklame. Og Vesten prøver stadig å tvinge gjennom patentrettar på verdsplan, sjølv om dette er openbart i strid med kapitalistisk fri konkurranse. Den viktigaste følgja av internasjonaliseringa var samanbrotet i dei store økonomiane basert på nasjonal kapitalistisk uavhengigheit. Austblokka og Kina kunne ikkje delta i utviklinga av den globale produksjonen, og måtte opne seg for verdsmarknadens press. Den byråkratiske statskapitalismen braut saman i Sovjet-blokka, og det danna grunnlaget for den nye verdsorden, ein ny epoke i imperialismen.

USA sto att som verdas stormakt. Det var ingen tvil om USAs militære posisjon. Men økonomisk var det annleis, og er det enno, med markant nedgong i økonomien og høg arbeidsløysa. EU var i ferd med å verte den største økonomiske eininga, med Tyskland som sterkaste deltakar. No er EU i djup krise og botnen er enno ikkje nådd. Japan og Søraust-Asia var ikkje fullt så store, men dei utvikla seg desto raskare.. Supermaktimperialismen hadde ført til, som nemnt ovafor, ein gradvis endring av dei økonomiske styrketilhøva i verda. Men innanfor ramma av den kalde krigen kunne ikkje noko drastisk hende med verdsøkonomien. Aust-Europas kollaps førte ikkje til at verda vart dominert av éin supermakt. Det har heller vorte ein situasjon der mange imperialistar igjen kan konkurrera som før 1945.

Tyskland var verdas største eksportnasjon (no er Kina verdas største), Europas nest største stat etter Russland, og hadde økonomisk styrke til å gå inn og fylle plassen etter det brotne sovjetiske imperiet i Aust-Europa. Dei var også lokomotivet i EU, no er lokomotivet sakte. Og Tyskland handla utan å spørje Washington om lov. Dei forhandla med Gorbatsjov om utviding av NATO, dei satsa på Kroatia i det sonderevne Jugoslavia, dei handla med Iran og Irak utan USAs «godkjenning». Saman med Frankrike kunne dei meir enn ein gong stoppe USAs køyr i GATT-forhandlingane, seinare WTO. Japans eksportøkonomi førte til kjempeinvesteringar i utlandet. Dei sikra seg ein leiarolle i Søraust-Asia, og førte ein uavhengig politikk overfor Kina og Nord-Korea. Samstundes byrja japansk kapital å kjøpe opp Australia og deler av USAs mest profitable konsern, bygde fabrikkar i England og ekspanderte i USAs eigen bakgard; Latin-Amerika og Vestindia. No har Japan lenge vore i resesjon og er ikkje lenger like sterk økonomisk som før.

USA på si sida var og er netto importør av kapital. Både statsbudsjett og handelsbalanse har lenge hatt raude tal, og er i dag superraude. Sjølv ikkje opprustinga hendte ved bruk av eigen teknologi; 80 % av halvledarane brukt i amerikanske våpensystem kom frå Japan og Singapore. Men trumfkortet var framleis i den militære slagkrafta. For å demonstrera kor viktig slagkrafta var, og at resten av vestverda skulle sette pris på dette, lagde dei den første Golfkrigen med Kuwait mot Saddam Hussein i 1991. Den andre Golfkrigen innleia dei med invasjonen av Irak i 2003 der vart avsett og seinare fanga og avretta. Dei langt mindre vellykka invasjonane av Somalia og Bosnia, og seinare (1999) bombinga av Serbia, uttrykker det same. Nemleg at Vestens kapitalisme står og faller på USAs militære styrke. At USA gjekk i økonomisk overskot på krigen mot Irak i 1991 viser at dei lukkast i stor grad. At USA kunne bruke FN som skalkeskjul i større grad enn før, viser også det same. Derimot den lange invasjonen av Irak har gove USA det største underskotet på «krigsbudsjettet» nokon gong.

Herskarklassen i USA er ikkje lenger like nøgd med politirollen. Republikanarane vil ikkje “hjelpe” Europa og Japan som før, sjølv om ein kongressdelegat ei gong hevda at utanlandske investeringar i USA burde subsidierast sidan dei var som u-hjelp til den amerikanske økonomien. Herskarane i Washington er i tvil: I det eine augeblikket ønska dei å invadera Nigeria for å hindre revolusjon under oljearbeidaranes streik, eit år seinare seier Utanriksdepartementet at amerikanske tropper i Afrika ikkje kjem på tale. “USA intervenerar, men berre om andre gjer det” kan det tolkast som. Har USA «lært» når det gjeld å bruke bakkestyrkar slik som i Irak og Afghanistan? Neppe! Det passar berre ikkje alltid i høve opinionen heime. No i desse Obama-tider er det dronar som er tingen, det kostar ikkje usanske liv.

“USA intervenerar, men via stråmenn” ser ut til å vera ein annan del av denne politikken. Dette er noko dei har gjort lenge og dei beste døme på 2000-talet er Afghanistan, Irak og Libya. Akkurat som under den kalde krigen, byggjer USA opp sine støttespelarar blant lokale herskarar. Lokale militærmakter opptrer som subimperialistar for den nye verdsorden. Men tilhøvet til subimperialistane er berre vorte vanskelegare etter Sovjets fall. Herskarane i slike land er ikkje like viljuge til å underordna seg som tidlegare. Dette er ei viktig endring etter den kalde krigens slutt.

Regionale militærmakter, som Irak, Iran, Vietnam, Pakistan, India og Israel, har sjølv klare ambisjonar om å verte maktfaktorar. India slukte Sikkim utan at verdsopinionen sa noko, og dei invaderte Sri Lanka under dekke av å verne tamilane. Pakistan ønska kontroll over Afghanistan gjennom Taliban-geriljaen, noe Iran har reagerte på (m.a. gjennom å kritisera Talibans undertrykking av kvinner!). Vietnam tok Kampuchea, som gjorde at Thailand kjende seg pressa. Indonesia slakta folk i Øst-Timor (før sjølvstendet) fordi olje finns utanfor kysten. Dette er berre nokre døme på denne type som også kan kallast «hjelpe-imperialisme».

Av og til har desse subimperialistane felles interesser med USA, som då Saddam fekk USAs hjelp til å slå Iran i 1989. Av og til er interessene motsett kvarandre. USA let først som dei var nøytrale til Iraks invasjon av Kuwait, for deretter å sette Saddam på plass gjennom å slakte 200 000 irakarar under Kuwait-krigen i 1991. Men å kaste Saddam var uaktuelt, ettersom han var den einaste som kunne oppretthalde Irak som ei motvekt mot kurdisk frigjering og iransk ekspansjon. USA hadde likevel oppnådd sitt mål: Å få verda til å skjøne at USA bestemmer, og berre USA kan forsvare verdas kapitalistar. Regionale imperialistar kjem sølvsagt i konflikt med kvarandre. Dette forsterkar USAs problem. India og Pakistan slåss om Kashmir, Hellas og Tyrkia kranglar heile tida om noko som kan vera oljekjelder i Egearhavet. Det forverra tilhøvet mellom Israel og Egypt etter Netanjahus sabotasje av Oslo-avtalen, er også en hovudpine for Washington, heilt opp til i dag.

Taktiske problem i høve til å sjonglera med subimperialistane er eitt problem. Eit anna problem er tilhøvet til amerikansk opinion. For å få aksept for den 1. Golfkrigen var Bush senior nøydd til å framstille Saddam som den nye Hitler og demonisera han. Slik framstilte Reagan på 1980-talet også Ghadaffi, og på 1990-talet understreka Clinton heile tida at Kim Yung Il i Nord-Korea og Fidel Castro truga USA. Invasjonen i Somalia var ikkje like lett å bortforklare som Golfkrigen: Saddam hadde tross alt en hær og kanskje kjemiske våpen. Mohammed Aidid i Kuwait hadde berre ein konteinar med maskinpistolar. I opptakta til invasjonen i Irak i mars 2003, den 2. Golfkrigen, var retorikken at Saddam måtte fjernast. Han var ikkje lenger brukande for USA og dessutan måtte han ha masseøydeleggingsvåpen. Denne løgna køyrde utanriksminister Powell gjennom i FN og dermed var krigen i gong.

Det kan seiast slik at USA har problem med dei statskapitalistiske regimene i den «tredje verda» med eigne imperialistiske ambisjonar. Statskapitalisme har framleis ikkje utspelt sin rolle for å fremje industrialisering i sør. Balansen mellom nasjonalstat og internasjonalisering er vanskeleg. Internasjonaliseringa, slik me har sett over, har to ulike meiningar for imperialistland og andre land. IMF krev at staten skal slankast til det mest nødvendige i gjeldslanda. Utviklingsland tvingast også til å fjerne alle hindringar for fri flyt av varer og kapital. Men i Vesten er ikkje nasjonalstaten død, der handelskonflikter og proteksjonisme på og på nytt kjem på dagsordenen. Rundt 20 % av verdshandelen er i dag under “friviljuge eksportavgrensingar”, og andelen er aukande. Mens ein pratar så fint om frihandel og EUs opne marknad, kjem det stadig fleire handelsrestriksjonar mellom blokkene. Dette har ramma u-landas produkt hardt, både NAFTA og EU har tollmurar mot import frå fattige land. EUs tollmur mot Aust-Europa var også reell nok, men den vart revurdert ettersom dei fleste austeuropeiske land er kome med i EU. Tilhøvet mellom Kina og USA er spesielt interessant. USA har fleire gonger truga med handelskrig fordi Kina ikkje overheld copyright- og patentreglar, og fordi kinesiske eksportvarer skal vera subsidiert. Men USA vil ikkje risikera å verte utestengt frå “verdas største marknad” heller. Det veit regimet i Beijing, og har ikkje bøygd unna. Ikkje vil dei gjere det seinare heller sjølv om USA snart står på dørstokken deira.

Dei økonomiske interessene mellom imperialistlanda krysser kvarandre stadig. EU-USA eininga slår stadig større og mindre sprekker for så betre seg att. USA vil heile tida ha boikott av Iran og Nord-Korea. Frankrike og Tyskland vil heller styrke si innflyting i Midt-Austen, Frankrike vil også det i Vest- og Sentral-Afrika. USA har snart eit halvt hundreår boikotta Cuba og EU har samla gått mot kravet om boikott av Cuba. Dette har enno ikkje auka moglegheitene for militær konfrontasjon i særlig grad. EU og Maastricht-avtalen satte opp Vestunionen (WEU) som det europeiske militære alternativet. Men USA har hittil lagt opp til at WEU skal verte integrert i NATO, WEU har i dag tilgang på hele NATOs apparat og våpenarsenal. Kor lenge denne «militære harmonien» varer veit berre framtida.

Den aukande militariseringa aukar likevel faretruande. Tyske tropper har reist utanlands for første gang sidan 1945; i Somalia og Bosnia, seinare i Afghanistan. Japanske tropper vart brukt i Kambodsja og har vore ein stor ytar i Afghanistan, nest etter USA, saman med Storbritannia, Tyskland og India. Japan hadde på 1990-talet verdas tredje største militærbudsjett. Japan opptrer stadig meir uavhengig av USA: Tokyo har t.d. før vilja gje hjelp til Nord-Korea i staden for å støtte USAs krav om militære inspeksjonar og boikott. Dei er for tida litt meir attendehaldne etter dei siste tiders auka spenning på Korea-halvøya. Dei støtta også ivrig opp om militær-regimet i Myanmar (Burma).

Kina har lenge teke sjansen på militærøvingar utafor Taiwan og Kina-havet, og usanske krigsskip kjem ilande til kvar gong. Kina er også i ferd med å ta ei hardare line for å få attende nokre miniøyar frå Japan som ligg i eit sannsynleg oljeområde. Frå før har dei ei liknande konflikt med Vietnam. Desse kranglingane har blussa opp i dei siste åra.

Russland er slettes ikkje død som militærmakt om nokon trudde det. Krisa i den russiske hæren etter tapet av Tsjetsjenia på 1990-talet har ikkje vara. Jeltsin arbeidde hardt for å gjenreise armeen. Putin har halde fram trenden utover på 2000-talet. Særleg er Moskva interessert i mest mogleg av dei oljerike områda i Barenshavet og rund Kaspiahavet. Aserbajdsjan og Georgia knyt seg av den grunn nærare til vestleg imperialisme. NATOs “partnarskap for fred” har gove NATO-tropper tilgang til m.a. Ungarn og Ukraina. Dei baltiske statar har kome med i NATO. Slik at det tettar seg stadig meir til rundt den «russiske bjørn».

Verdas imperialisme er på ingen måte historisk avslutta, men lever vidare i andre og meir samansette former enn den «klassiske imperialismen» gjorde, som døma over visar. Dei klassiske imperialismeteoriar viser seg framleis som gode reiskap for å forstå kapitalismens utvikling og tendens til krig. Denne forståinga gjer at me kan føresei ein del generelle utviklingstrekk, og dermed bruke dette i kampen mot imperialismen.

Kjelder:
Michael Parenti, The Face of Imperialism, 2011 (utdrag frå 1. Kap.)
Internasjonal Sosialisme nr. 1/1996, Imperialisme: Krig og utbytting, Dag Marcus Eide (utdrag) Marx/Engels, Det kommunistiske manifest, 1848

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Capitalism, Imperialism, Imperialisme, Kapitalisme, Our global world, Politic&Society, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s