Imperialismen før og no (del 1)

Imperialismen før og no (del 1)

Kapitalismens internasjonale karakter

Imperialisme har vore den mest dominerande form for tvang som verden har sett dei siste 400-500 år. Han har kutta opp og svindla til seg heile kontinent mens han undertrykte dei innfødde og utsletta heile sivilisasjonar. Men media og fagfolk gjev dette lite oppmerksemd, og om dei gjer det, så brukar dei formildande omgrep. Med imperialisme meinast prosessen kor ein nasjons dominerande politisk-økonomiske interesser rikgjer seg ved å ta eigendomsretten over andre land, deira arbeidskraft, råstoff og marknader. Dette skriv Michael Parenti i boka The Face of Imperialism, frå 2011. Han er ein av USAs mest kjente og engasjerte politiske kommentatorar, og har gove ut mange bøker.

Parenti skriv m.a. at: Dei første ofra for Vest-Europas imperialisme, var andre europearar. Irland vart den første kolonien (allereie på 1100-talet, min mrk.) i det som seinare vart det Britiske imperium. Eit spesielt vondsinna døme på intern-europeisk imperialisme, var Nazi-Tysklands plyndring og utnytting av arbeidskrafta i det okkuperte Europa, inkludert slaveriet i konsentrasjonsleirene. Her vil eg legge til at allereie i antikken var «imperialisme» eit mykje brukt omgrep og system, ofte i same tanke og innhald som i vår tid. Berre tenk på Romarriket si brutalitet og ekspansjonstrong. Noko som likevel skil litt er at mange av dei erobra områda i Romarriket stort sett hadde sin eigen økonomi og kultur i fred utan for stor innblanding frå sentralmakta i Roma, men resurssett er det klart at romarane stal like mykje til sin elite som kapitalismen i dag. Det stor-muslimske kalifatet som breidde seg utover Midt-Austen, Persia, Nord-Afrika og heilt inn i Spania i århundra etter Muhammed sin død, hadde også imperiale trekk og vilje til ekspansjon og resursar. Men også dette imperiet gav regionar og folk mykje sjølvråderett over eigen kultur og økonomi.

Europa likte å ha eit effektivt forsprang i sjøfart og krigsutrusting. Gevær og kanoner, maskingevær og kanonbåtar, og i dag missiler, hangarskip, kamphelikopter og bombefly, har vore den avgjerande faktor når Vesten har møtt Austen, og nord har møtt sør. Overlegen eldkraft – ikkje overlegen kultur – har brakt europearane og euro-nordamerikanarane til overlegne posisjonar som dei framleis i dag handhevar med makt, men ikkje ved makt åleine.

Det har vorte sagt, skriv Parenti, at koloniserte menneske var biologisk tilbakeståande og mindre utvikla enn deira koloniherrar. Deira “villskap” og “lågare” nivå av kulturell utvikling, var eit symbol på deira noko dårlegare genetiske utvikling. Men var dei kulturelt dårlegare, spør Parenti? I mange delar av det me no ser på som den tredje verda, har menneske utvikla imponerande evner innan arkitektur, kunst, hagebruk, handverk, jakt, fiske, jordmorkunst, medisin og andre liknande ting. Deira sosiale skikkar var ofte mykje meir vennlege og menneskelege og mindre eineveldig og kuande enn noko anna som er sett i Europa på den tida. Sjølvsagt skal me ikkje romantisera dei innfødde sine samfunn heller, som også hadde ein del grusame og dårlege framgangsmåtar. Men generelt hadde deira folk betre helse, var lykkelegare og hadde større fritid enn dei fleste europeiske innbyggarar.

Parenti skriv vidare at «dei europeiske, nord-amerikanske og japanske imperialistar sine framstøyt var retta mot Afrika, Asia og Latin-Amerika. På 1800-tallet såg dei på den ”tredje verda” som ikkje berre ei kjelde til råvarer og slavar, men ein marknad for sine industriprodukt. Den vanlegaste førestillinga om imperialisme i USA i dag, er at han ikkje eksisterar. Studentar har ikkje moglegheita til å granske USAs imperialisme, fordi kjeldene vert sett på som ikkje vitskapleg. Nord-amerikanske og europeiske selskap har tileigna seg kontroll over meir enn tre-fjerdedelar av kjente mineralresursar i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Trongen etter naturresursar er i mellomtida ikkje den einaste grunnen for kapitalistisk ekspansjon i utlandet. Eit anna ønskje er å redusera produksjonskostnadar og maksimera profitten ved å investera i land med billigare arbeidskraft.»

Den «tredje verda» er sjølvsagt eit omgrep funne opp i Vesten. Det er den kultursentristiske ideen om at denne verdsdelen er lengst og best utvikla, som gjev heile grunnlaget for det imperialistiske synet på resten av verda. Kapitalismen som system er eit vestleg fenomen. Det passar difor veldig godt for kapitalistisk økonomisk akkumulasjon og utbyting å dele verda opp i deler. Parenti skriv: «Dei utarma landa i Asia, Afrika og Latin-Amerika er kjent for oss som den “Tredje verda”, for å skilje dei frå den “Første verda” av det industrialiserte Europa og Nord-Amerika, og den nå av døydde “Andre verda” av kommuniststatar. Fattigdomen i den tredje verda, kalla underutvikling, vert av dei fleste vestlege observatørar handsama som ein opprinneleg historisk situasjon. Me vert bedne om å tru at det alltid har eksistert, at fattige land er fattige fordi deira land alltid har vore ufruktbare eller uproduktive. Men faktisk produserte landa i Asia, Afrika og Latin-Amerika lenge store rikdomar av mat, mineralar og andre naturressursar. Det er difor europearane var viljuge til å gjennomgå alt bråket med å stele og plyndre dei. Ein går ikkje til fattige stader for å rikgjere seg sjølv. Den «tredje verda» er rik. Det er berre folket som er fattige – og det er på grunn av all plyndringa dei har halde ut.»

Kapitalistane vil stadig prøva å finna nye måtar å oppretthalde profitten. Ei løysning kunne vera å sette! ned lønningane til arbeidarane. Men svoltne og sjuke arbeidarar er dårlege arbeidarar, og dei har ein tendens til å gjere opprør. Mange andre moglegheiter fans. Ei løysning var å skaffe billigare råvarer for produksjonen gjennom å utnytte resursane i andre land. Det var og hovudgrunnen til at erobringa av verda tok ei ny form under kapitalismen og kolonialismen. Marx og Engels skreiv mykje om britisk kolonialisme i Irland og India. Kolonialismen virka på fleire måtar: Den kunne fremje utviklinga av kapitalisme i koloniane på kostnad av eldre måtar å produsere på, som føydalisme eller “den asiatiske produksjonsmåten”. (Marx skjelnar mellom fire produksjonsmåtar som kviler på utbyting i ein eller annan form: den asiatiske produksjonsmåten, der motsetninga gjekk mellom despoten og hans byråkrater på den eine sida og bøndene (organiser i landsbykommunar) på den andre sida; den antikke produksjonsmåte, prega av motsetninga mellom slaveeigarar og slavar; den føydale, med skiljet mellom slottsherre og liveigen; og den kapitalistiske med skiljet mellom kapitalist og lønnsarbeidar.) Kolonialismen var like undertrykkande og utbytande i koloniane som i heimlandet: Fattigdomen og elendet nådde nye høgder både i India og Irland. Dei som tente på dette var kapitalistane i England og administratorane i koloniane. Den britiske overklassen i India velta seg i rikdom, og etterkart vaks det fram ein lokal klasse av industrikapitalistar.

Marx kommenterte at arbeidarane i England fekk ikkje store gleda av koloniane. Det hendte ingen overføring av rikdom frå fattige i India til arbeidarane i England. Riktig nok var hungersnauden i Irland i 1848 ein følgje av at irske matvarer ble sendt til England, og dermed hindra hungersnaud der. Det vart fleire arbeid i tekstilindustrien i Lancashire grunna eksporten til India, som konkurrerte ut indisk handverksproduksjon. Men arbeidarane vart ikkje rikare av dette, det var kapitalistane som profitterte.

Tekstilindustrien er eit slåande døme på korleis kapitalismen globaliserast og går hand i hand med imperialismen. Noko som i høgaste grad også gjeld i dag, der multinasjonale gigantar i oljeindustrien, bilindustrien, palmeoljeindustrien, gruveindustrien, legemiddelindustrien, osb., stadig legg under seg nye økonomiske territoriar. Det hender med god hjelp av Nasjonalstaten og global finanskapital, som vidare fører til stadig større einingar og kapitalistisk monopolisering. Monopolisering av kapitalistane er ei innebygd logisk utvikling av den «tvungne» akkumulasjonen i kapitalismens vesen. Imperialisme, også med uunngåelege krigar viser seg før som no å vera reiskapane for denne ekspansjonen. Austerrikaren Rudolf Hilferdings analyse i Das Finanzkapital fra 1910 kan utvidast med bidraga frå Nicolai Bukharin og Lenin. Hilferdings analyse er både den mest banebrytande, den mest balanserte og den mest korrekte i ettertid. Boka har vorte omtalt som “fjerde bind av Marx’ Kapitalen”. Den russiske revolusjonære Bukharin bygde vidare på denne teorien i boka Imperialismen og verdsøkonomien, skreve fem år seinare, etter at verdskrigen hadde brote ut. Lenin lagde rett etter sin samanfatning i boka Imperialismen – Kapitalismens høgaste stadium. Under brukast Lenins berømte imperialisme-punkter som oppsett for ein vidare diskusjon av imperialismens vesen. Lenin kalla altså imperialsismen for «kapitalismens høgaste stadium», og Marx omtalte også imperialismen i eit omgrep som han kalla “kapitalismens monopol-stadium”.

Stadiar i imperialismen

Den økonomiske utviklinga er som alltid basis for den historiske og politiske utviklinga. Me kan summera opp slik i nokon tesar om imperialisme:
•Imperialismen fører med seg at privat kapital og staten vert veldig nær knyta til kvarandre, som ein følgje av sentralisering og konsentrering av kapital.
•Internasjonaliseringa av produktivkreftene tvinger kapitalane til å konkurrera om marknadar, investeringsmål og råvarer på globalt nivå.
•Desse to utviklingstrekka fører til at kapitalistisk konkurranse vert til militær rivalisering mellom statar.
•Den ujamne og kombinerte utviklinga av kapitalismen fører til at nokre få imperialistiske land dominerar resten av verda gjennom militær og økonomiske styrke.
•Den ujamne og kombinerte utviklinga av imperialismen forsterkar den militære rivaliseringa og fører til krig.
Desse definisjonane er vid nok til å ta opp i seg korleis imperialismen har utvikla seg på forskjellige måtar dei siste hundre år. Det verkar då naturleg å dela inn imperialismens historie i tre delar:
•Klassisk imperialisme fram til 1945,
•Supermakt-imperialismen frå 1945 til 1990, og
•Den “nye verdsorden” etter 1990.

Klassisk imperialisme

Fram til 2. verdskrig var imperialisme lik kolonivelde, dvs. imperialistmaktene kontrollerte direkte kolonianes statar og økonomi. Slik stengte dei ute utanlandske konkurrentar frå investeringar og handel i store geografiske områder. Frå 1875 til 1945 var Verda prega av tre trekk: 1) Eit økonomisk og militært system med mange maktpolar. 2) Kolonial ekspansjon. 3) Militaristisk statskapitalisme.

Ei multipolar verd. Sjølv om England var den avgjort største imperialistmakta fram til 1914, var ho ikkje åleine. Frankrike og Russland var ikkje langt etter. Japan og USA var på frammarsj etter USAs siger mot Spania 1899 og Japans siger over Russland i 1905. Tyskland var ei lita kolonimakt, om enn større enn USA. Industriell styrke vart avgjerande for militær styrke. Jernbanar, dampskip og masseproduserte maskingevær var berre mogleg gjennom massiv industrialisering. Skulle Tyskland, Russland og Østerrike-Ungarn følgje med måtte industrialiseringa styrkast. Dette var mogleg gjennom monopolisering og danning av ein finanskapital. Opprustinga vart sjølv ei drivkraft i industrialiseringa, og i utviklinga av imperialismen. Utviklinga av finanskapitalen gjorde det mogleg med massiv opprusting. Den militære rivaliseringa vart sterkare.

Koloniekspansjon. Den industrielle utviklinga hendte raskare i ferdigvaresektoren enn i råvaresektoren. Det var billigare å leite etter nye råvarer ute i verda enn å førebu teknologien t.d. i gruveindustrien. Mat var også ei viktig råvare og imperialistane såg på koloniane som ei viktig kjelde for billige matvarer. Det skulle motverke revolusjonære tendensar, “vil ein unngå borgarkrig må ein vera imperialist”, meinte dei. Kapplaupet om koloniane vart enormt etter 1890. Etter 1. verdskrig verka koloniane også som bufferar mot kriser. USA og Tyskland vart langt hardare ramma av krisa etter 1929 enn England og Frankrike.

Militarisert statskapitalisme. Opprusting og koloniekspansjon kravde store økonomiske resursar. Imperialistlanda utvikla seg ujamt og kombinert. Amerikanske selskap auka sin kontroll over verdas kapital frå 18 % i 1914 til 28 % i 1938. Amerikansk DUI modna etter krigen, då oppsto dei integrerte multinasjonale selskapa slik me kjenner dei i dag. (DUI tyder direkte utanlandske investeringar, som er borgarlege økonomars definisjon av omgrepet «kapitaleksport». Med kapitaleksport meinast eksport av verdi som skal skape meirverdi i utlandet. Berre dersom kapitalen brukt i utlandet vert verande kontrollert av heimlandets kapital, og meirverdien produsert av denne kapitalen vert utnytta av dei heimlege kapitalistar, kan ein snakke om kapitaleksport.)

Statleg kontroll kom langt tidligare i USA og Tyskland enn i England. 1. verdskrig akselererte denne utviklinga i retning av statskapitalisme også i England. Og statens makt fall ikkje bort etter krigen. Proteksjonistiske handelsblokker oppsto, og globaliseringa av kapitalismen stoppa opp. Først i midten av 1970-åra kom prosentdelen av internasjonal handel med ferdigvarer i høve til den totale produksjonen opp på same nivå som i 1913. Sovjet vart etterkvart det ekstreme dømet på statskapitalistisk militarisering, men dei andre imperialistmakter låg ikkje langt etter. Spenninga mellom stormaktene vart ikkje mindre. Japan bygde seg opp industrielt, dominert av monopolar. Igjen var Japan og Tyskland svoltne på råvarer og marknader. Krig vart sett på som ein veg ut av uføret for begge maktene. ..fortsetjing del 2

Kjelder:
Michael Parenti, The Face of Imperialism, 2011 (utdrag frå 1. Kap.)
Internasjonal Sosialisme nr. 1/1996, Imperialisme: Krig og utbytting, Dag Marcus Eide (utdrag)
Marx/Engels, Det kommunistiske manifest, 1848

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Capitalism, Imperialism, Imperialisme, Kapitalisme, Our global world, Politic&Society, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s