Flyktningar – me tek dykk i mot!

Denne figuren, dette av «oss» litt abstrakte fenomen, er faktisk eit menneske, men har diverre vorte ein flyktning også. Flyktningen, er nesten naken, og skadd av krig og ufred. Ho vil kome seg i sikkerheit med familien. Ho vil seie oss noko. Ho spør:
Hei! Eg er flyktning – er eg velkomen?
Til no i år har omlag 350 000 menneske kome til kontinentet frå land som Afghanistan, Eritrea, Iraq og Syria. Dei fleste kjem frå Syria. Over 3000 menneske har so langt drukna i Middelhavet på veg i farkostar ein knapt kan kalle båtar, sendt av garde av kyniske menneskesmuglarar. Dette sett i scene frå land Vesten med USA i spissen fullt ut har øydelagt strukturelt og sosialt med krigar, invasjonar, innblandingar og regimeskifte ved Nato-bombing.
Hei! Eg er flyktning – er det rom i herberget?
Libya er no ein kaotisk stat etter Nato sine herjingar i 2011. Staten Noreg var den flinkaste bombaren i “Nato-klassen”. I Syria har vesten også blanda seg inn og på kaotisk vis støtta eller ikkje støtta ulike fraksjonar og ekstreme grupper. Dette saman med dei langvarige vestlege invasjonar i Iraq og Afghanistan, har skapt mange års “produksjon” av flyktningar. Dei kjem no til oss.
Hei! Eg er flyktning – er du rik, på solidaritet?
Våre innblandingar og krigar er gamalt nytt. I heile den koloniale historie og meir til, har Vesten sine armear og elite rana andre kontinent for folk og ressursar. I dag er det olje og mineral Vesten mest jaktar på. Eller berre er eit regimeskifte Vesten vil ha av økonomiske og geopolitiske omsyn. Den største flykningkrise sidan 2. verdskrig seier mange om det i Europa. Men den største krisa er i konfliktområda sine naboland. Dei har teke i mot millionar av menneske. Og kva kranglar politikarane i Noreg om: skarve 8 000 kvoteflykningar over 3 år! Kva med alle dei tusen som no kjem? Er det dette vår fridom går ut på: Å ta minst av byrda som ein av dei rikaste landa. Å oppmode kommunane til ikkje å ta i mot flyktningar, slik finansministeren har sagt. Å vera mest mogleg umenneskeleg i kjeften på sosiale media der nokon får seg til å seie at det er betre dei druknar så vert det færre som kjem seg til Europa. Kva for fridom er det?
Hei! Eg er flyktning – du er velkomen!
Den totale framandgjeringa av «mennesket» er vår dårekiste. Solidaritet frå folk til folk er vår base for endring. Me byrjar no å ta i mot DEI, med større glede. Lat dette halde fram!

HJARTELEG VELKOMNE TIL DEI ALLE!
Flukten, døden og håpet

Langt ute, langt inne
på ei ferd i skjebnefart
farer flyktningar gjennom
Europa i tusental

Framtidshåpet driv dei
nesten ut av seg sjølv
finn ingen stad å klamre seg til

Tida si uimotståelege trong
til langsamt å
treffe livet midt på kjeften
må tape

Fru Solidaritet slår ut venger
kom, kom, kom, seier ho,
Håpet finns der ute, der inne
Bruk det i kamp OM RETTFERD!

Ivar Jørdre

Appell på Torgalmenningen for invandring, 11. sep. 2015:

Video link YouTube

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Afrika, Asia, Europa, Politikk, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Flyktningar – me tek dykk i mot!

  1. Roger Gjerstad seier:

    Flott Ivar !
    Roger

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s