Edward Snowden – og landet Noreg som manglar mot

Edward Snowden tildeles Bjørnsonprisen 2015 på Kulturhuset Plassen i Molde lørdag formiddag. Her takker han for applausen han får etter å ha blitt intervjuet av Per Anders Johansen, journalist og Moskva-korrespondent i Aftenposten.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg (NTB scanpix) Edward Snowden vert tildelt Bjørnsonprisen 2015 på Kulturhuset Plassen i Molde lørdag føremiddag, 5. september. Her takkar han for applausen han får etter å ha blitt intervja av Per Anders Johansen, journalist og Moskva-korrespondent i Aftenposten.

Snowden vurderar å saksøke Noreg

Den amerikanske varslaren Edward Snowden vurderar å gå til søksmål mot Noreg for ikkje å kunne garantera for hans sikkerheit slik at han kunne kome til Molde og motta Bjørnsonprisen.

Ein tom svart stol stod på scenen då den prestisjetunge prisen vart delt ut 5. september, som eit mørklagt symbol på årsaka til prisvinneren sitt fråvær.

I prisvinnerintervjuet, som gjekk føre seg via videolink frå Moskva, var Snowden tilbakehalden med detaljar om det mulege søksmålet.

– I alle land ser mine advokatar på korleis lova vernar menneskerettar. Også når enkeltpersonar sine handlingar oppfattast som ein trussel, seier han.

Nøkkelspørsmålet for ein norsk domstol vil eventuelt vera om Snowden sine lekkasjar er eit «politisk lovbrot», skriv Aftenposten. Den norske utlendingslova slår fast at utlevering ikkje kan hende dersom det er tilfelle.

Ei teneste

Snowden er ettersøkt i USA etter at han i 2013 lekka tusenvis av topphemmelege dokument om usansk masseovervaking. Blant dei som er vorte overvåka av etterretningsorganet National Security Agency (NSA), er europeiske statsleiarar som Tysklands Angela Merkel.

– Mange trur at det eg driv med er kritikk og anti-usanisme. Men dette handlar om ytringsfridom. Dette var informasjon som alle hadde rett til å få vete om, seier Snowden, som ikkje trur på at USA vil straffe Noreg dersom norske styresmakter slepp han inn i landet.

– Dersom Noreg kan hjelpe USA til å verte meir menneskerettsvennleg, ville det vera å gjera USA ei teneste. USA lid av eit dårleg rykte når det gjeld menneskerettar, meiner han.

Han har sjølv lest brevet frå USA til Noreg nyleg, der Noreg vert beden om å pågripa og utlevera han. Kva tenkjer du om det, ville Aftenpostens Moskva-korrespondent Per Anders Johansen vete.

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Kva synes ein om at det landet ein prøver å tene, jaktar på ein? svarte Snowden.

– Skada USA

Den amerikanske forfatteran og Economist-skribenten Edward Lucas skriv i eit innlegg i VG laurdag 5. september at Snowden ikkje fortener prisen.

– Det Edward Snowden har gjort, er å skade etterretningstjenestene våre og kompromittera sikkerheita vår, skriv Lucas.

– Dei laga mykje ståk og bråk ut av at usanarane spionerte på Tyskland. Men dei ignorerte faktum som rettferdiggjorde USAs uroing over tysk politikk dei siste åra: Tyskarane har brote sanksjoner mot Iran, smiska med Russland og inngått handel med Kina ved hjelp av bestikkelsar, skriv Lucas.

Angrar ikkje

I prisvinnerintervjuet fortalde Snowden at det aldri var planen å ende opp i Russland, der han har levd i eksil i to år. Men etter at USA kansellerte passet hans, og det ikkje kom noko svar frå dei 21 landa han søkte asyl i, hadde han ikkje noko val.

Sjølv angrar han ikkje på den han har gjort.

– Nei, absolutt ikkje, seier Snowden og peikar på at teknologien stiller oss ovanfor utfordringar som vi aldri før har måtta handtera.

– Kva for verd ønskjer me å leva i om 30 år? Det er det fundamentale spørsmålet. Vil du at alt du gjer skal verte registrert og analysert? Det er ikkje den verda me fortener, seier han.

Snowden peikar samstundes på at trass i massiv overvaking, har terrorangrep likevel hendt.

– Overvaking gjer oss ikkje meir trygge, men mindre fri, slår han fast. (Mi uth.)

Ekstraordiner innsats

Festivalsjef for Bjørnsonfestivalen Hilde Newth Nouri grunngjev tildelinga med at Snowden har gjort ein ekstraordiner internasjonal innsats for ytringsfridomen.

– Du får prisen fordi du har vist at eitt enkelt menneske kan stå opp mot den mektigaste nasjonen i verda, sa Nouri då ho opna seremonien.

Både Snowden og Bjørnsonfestivalen håpar han vil få mulegheit til å kome neste år for å få overlevert diplom og statuett.

Fakta om Edward Snowden

* Edward Snowden (32) arbeida i fleire år som datateknikar i CIA og på kontrakt for etterretningsorganisasjonen National Security Agency (NSA).

* I mai 2013 forlet han USA og tok med seg store mengder topphemmelege etterretningsdokument.

* Dokumenta, som han har delt med leiande media verda over, avdekkjer massiv usansk overvaking av internasjonal tele- og datatrafikk.

* Snowden flykta via Hongkong til Moskva, der han har opphaldt seg sidan juni 2013. I byrjinga av august i fjor fekk han innvilga tre års opphaldstillatelse i Russland.

* USA har sikta ham for spionasje og krev han utlevert.

* Snowden vart lørdag 5. september tildelt Bjørnsonprisen for 2015 for sin innsats for ytringsfridomen.

frå: www.side3.no

Artikkelen er oversett til nynorsk av Ivar Jørdre

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s