Liberalismen, den individualistiske fridom og flyktningkrisa

Flyktningane sin tidsalder og fridomen sin pris

Ei kvinne som nettopp har kome til Berlin som flyktning, held barnet …

foto: Vårt Land

En kvinne som nettopp har ankommet Berlin som flyktning, holder barnet ...aug 2015

Aldri før har den individbaserte «fridom» vore større, meinar liberalistane. Samstundes har dei globale krisene aldri vore større heller: miljøkrise, økonomikrise og flykningkrise. Midt oppe i dette er vår forståing av fridomsomgrepet sentral. Fridom vert universelt sett oppfatta som positivt, dei fleste vil ha det, men dei færraste definerar innhaldet i det. Heilt frå antikken, hjå grekarane og romarane (og før) til omlag vår tid har omgrepet «fridom» vore diskutert. To hovudretningar gjer seg gjeldande: Den liberalistiske fridom. Definert som «fråvær av innblanding», frå staten eller andre menneske. Ofte forbunde med den kapitalistiske marknaden sin “fridom” og den individuelle “fridom” til å velje sitt konsum. Denne liberalistiske ideologien har sitt opphav på tidleg 1800-tal, m.a. med filosofen Adam Smith. Det andre fridomsomgrepet har sitt opphav i antikken og vidareført i m.a. den usanske (1776), franske (1789) og norske grunnlov (1814). I nyare tid har ein brukt omgrepet «republikanisme» (har ingenting med dagens republikanarar i USA å gjera). Dette politiske fridomsomgrepet har m.a. i seg “fridom frå vilkårleg makt, tyranni og tvang”. Ein kan her legge til, fridom frå vilkårleg marknadsmakt og «konsumtvang», fattigdom og krig. Les om dette og meir i artikkelen: «Ta fridomsomgrepet attende frå liberalistane og høgrekreftene»

Dette krysspunktet mellom ulike innhald i «fridom» lyt me som menneske forhalde oss til, også i krisetider som vår. Me ser gradvis forverring av mange sider av menneskelivet. I denne artikkelen er det flykningar, folk som rømmer frå noko alvorleg og uhaldbart som krig, svolt og fattigdom, kontrast til «vår fridom», som det vert sett på. Innan EU er den kapitalistiske fridomen dei fire friheiter: Fri flyt av varer, kapital, tenester og menneske. MEN, skal nokon inn i dette Schengen-området og med Dublin-forordninga, vert saka straks annleis. Då er krava harde og utvelginga av folk som får kome inn urettvise. Dette regimet har framover sommaren dette året fått sin største utfordring nokon gong.

Til no har omlag 350 000 menneske kome til kontinentet frå land som Afghanistan, Eritrea, Iraq og Syria. Frå Syria kjem langt på veg dei fleste. Over 3000 menneske har so langt drukna i Middelhavet på veg i farkostar ein knapt kan kalle båtar, sendt avgarde av kyniske menneskesmuglarar. Dette sett i scene frå land Vesten med USA i spissen fullt ut har øydelagt stukturelt og sosialt med krigar, invasjonar, innblandingar og regimeskifte ved Nato-bombing. Libya er no ein kaotisk stat etter Nato sine herjingar. Staten Noreg var den flinkaste bombaren i «Nato-klassen». Syria har vesten også blanda seg inn i og på kaotisk vis støtta eller ikkje støtta ulike fraksjonar og ekstreme grupper etter ad hoc-prinsippet.  Dei langvarige vestlege invasjonar i Iraq og Afghanistan, talar vel for seg sjølv i mange års «produksjon» av flyktningar. Som til og med Torbjørn Jagland, leiar i Europarådet, har sagt nyleg, i Søndagsavisa 30.08 i Nrk p2, at det er Vesten som har skapt denne flyktningekrisa ved sine innblandingar og krigar.

Våre innblandingar og krigar er gamalt nytt. I heile den koloniale historie og meir til, har Vesten sine armear og elite rana andre kontinent for folk og ressursar. I dag er det olje og mineral Vesten mest jaktar på. Eller om det berre er eit regimeskifte Vesten vil ha av økonomiske og geopolitiske omsyn. Den største flykningkrise sidan 2. verdskrig seier mange om det i Europa. Men det er ei dreiing av sanninga. Den største krisa er i konfliktområda sine nærområde, nabolanda. Dei har teke i mot millionar av menneske. Og kva kranglar politikarane i Noreg om, skarve 8 000 kvoteflykningar over 3 år. Er det dette vår fridom utspeiglar seg i: Til å ta minst av byrda som ein av dei rikaste landa. Til å oppmode kommunane til ikkje å ta i mot flyktningar, slik finansministeren gjorde (ikkje å undrast slikt kjem frå Frp-kanten, men totalt sprøtt frå ein minister). Til å vera mest mogleg umenneskeleg i kjeften på sosiale media der nokon får seg til å seie at det er betre dei druknar så vert det færre som kjem seg til Europa. Kva for fridom er det?

Den totale framandgjeringa av fenomenet «menneske» gjer seg her gjeldande. Med denne dehumaniseringa ikkje berre av flyktningen, men også av seg sjølv, kjem eit mørkt systematisk syn i historia brått attende. For alvor i slike tider der hundretusen kjem og bankar på «festung Europa» si dør er det kritisk viktig at me står opp mot fascistiske krefter og deira mørke gribbar av tyrrani og ufridom. Fridomsomgrepet «republikanisme» med m.a. “fridom frå vilkårleg makt, tyranni og tvang” må gjelde vårt tilhøve til folk på flykt. Solidaritet frå folk til folk er basen for at endring hender av samfunnsstrukturar, men inn til det hender er dei tusenvis som er på flukt frå Vesten sine skapte kriser. Me byrjar no å ta i mot dei med større glede. HJARTELEG VELKOMNE TIL DEI ALLE!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Europa, Noreg - Norway, Politikk, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s