Tankar om kapitalismen og den alternative sosialisme – Del 1

Kapitalismen og religion – ei side av same sak?
Kapitalistane, spekulantane, bankdirektørane, osb., har eit sett av omgrep, tesar av forståing, analyser, verdssyn, o.l. som kan ha eit religiøst overbygg, der systemet har sin heilt særeigne dimensjon (som metafysikk), og at det ikkje finns andre moglege alternativ i det heile teke. Det kapitalistiske system er som ei naturlov, difor er det evigvarande, er påstanden, men kapitalismen har oppgang og nedgang, ulike religiøse framtoningar, kriser og framandgjering.
Framandgjering gjer at arbeidarane som seljarar av sin eigen arbeidskraft til kapitalen vert objektivisert og vert ei «vare». I arbeidssituasjonen vert produktet ein arbeidar produserar skild frå arbeidaren, avdi det er kapitalisten som eig produktet og kontrollerar produksjonsprosessen. Produktet står difor fram for arbeidaren som noko «framand», og som ho eller han ikkje har kontroll over. Karl Marx talar i Kapitalen om to former for framandgjering, om framandgjering i anden, dvs. i religion og filosofi, og om materiell framandgjering. Det nye med Marx var at han såg at den andelege framandgjering hadde eit grunnlag i den materielle framandgjering. I dette ligg også ei mellommenneskeleg framandgjering som har ulike uttrykk. Døme kan være at andre menneske vert sett på som mindreverdige, som snyltarar eller «belastningar på samfunnet», som fiendar, eller som «framandkulturelle». Denne framandgjeringa oppstår både mellom arbeidar- og herskarklasse, men også innanfor klassane.
I skriftet «Til kritikken av Hegels rettsfilosofi», skriv Marx m.a.: «Den religiøse elendighet er samtidig uttrykk for den virkelige elendighet og også protesten mot den virkelige elendighet. Religionen er hjertesukket til en plaget stakkar, hjertet til en hjerteløs verden, på samme måte som den er en åndløs tilstands ånd. Den er folkets opium. Å avskaffe religionen som folkets illusoriske lykke, er å kreve dets virkelige lykke. Kravet om å gi avkall på illusjonene om sin tilstand, er kravet om å forlate en tilstand som trenger illusjoner. Kritikken av religionen er følgelig kimen til en kritikk av den jammerdalen (dvs. den verkelege verda, mi oversetting) som religionen er en hellig glorie av».
I både den «ekte» religion og i den «materielle» religion, er spørsmålet om noko metafysikk til stades. For kapitalisten er vara, arbeidaren som sel si arbeidskraft og marknaden, det som skal til for å skaffe profitt, og trua på at marknaden og privat eigarskap i produksjonen er vegen til «økonomisk frelse» og dermed velstand, i tillegg gode investorar. Eit sitat frå www.fundingpost.com er litt opplysande: “When the venture capitalist looks at you and your business, they are looking to see the investment potential. If they see that they will make money from investing in your business, they will. If they cannot see the potential, you will be rejected. Your goal should be to make them see the potential.” Ei grunngjeving vert så gove for kvifor det må vera slik: “So remember, the venture capitalist is thinking of one thing and one thing only, and that is the bottom line.”
Går ein til kapitalistar og investorar er det mange tankar og haldningar som er interessante i høve problemstillinga om kapitalisme er ein religion eller ikkje. I ein artikkel av Bruce Cook, Managing General Partner, kingdomventures.com, (sist oppdatert i 2013) er dei religiøse samanlikningar med økonomisk gevinst og direkte sitat frå Bibelen tydelege: ”My firm, for example, looks for deals where there is an opportunity to earn at least a 5x return on investment (500%), and preferably a 10x or greater return (1000%+). The Bible says in Genesis 26:12 that Isaac increased 100-fold in one year; 100-fold increase is 10,000%.” Slik mangedobling av moglegheiter er i Bibelen omtala som “varehus”, skriv Cook, som kornkammera i Egypt. Det finns moderne varehus som Microsoft, Intel, Dell, eBay, Amazon, Wal-Mart, som har skapt og distribuert veldige formuer til verda. Og han trur: «that God is now releasing to the body of Christ the keys to unlock storehouses for the kingdom and the knowledge of the “treasures hidden in darkness” (Isa. 45:3).”
Det absolutte døme eg til no har sett på eit forsøk på å prove at bibelen og kapitalismen høyrer saman er nettsida www.garynorth.com der Gary North hevdar at bibelen rett og slett føreskriv fri marknads kapitalisme. For å dokumentera det brukar han mange døme og sitat. Samstundes hevdar han at bibelen også er ei viktig kjelde for tidleg fri marknad. Her er eit lite sitat frå denne «forskinga» hans: «Fact: There has never been an expository Bible commentary that shows that the Bible teaches anything other than free market capitalism.” Han insisterar på at: “The Bible mandates free market capitalism. It is anti-socialist”.
Ser ein på økonomar som nobelvinnar Friedrich Hayek (1899–1992), så talar han ofte om den reine frie marknaden og minimal påverknad i økonomien frå staten. Ein av hans uttalar i høve eit intervju om det påstått gode tilhøve Hayek skulle ha hatt til Pinochet, diktatoren i Chile på 1970- 80-talet, var: «As long term institutions, I am totally against dictatorships. But a dictatorship may be a necessary system for a transitional period. […] Personally I prefer a liberal dictator to democratic government lacking liberalism.” Chile var på denne tida eit beinhardt diktatur og dette tidlege nyliberalistiske eksperimentet vart i “religiøse” ordelag hylla av nyliberale økonomar som Hayek og Friedman, og nyliberale statsleiarar som Reagan og Thacher.
I artikkelen “Capitalism as a Religion?: An Unorthodox Analysis of Entrepreneurship”, skriv Christoph Deutshmann om kapitalisme og paradoksa til religion og pengar. På same vis som den religiøse tilbedaren ikkje tåler guden sitt direkte nerverande, men treng hjelp frå profetar, prestar, heilage skrift og ritual, treng også entreprenørane og kapitalistane hjelp. Dei vert overvelda av det augeblikkelege møtet med eit heilt sett av val ibuande i pengar og kapital. Dei treng hjelp frå karismatiske personar og sosiale symbol som, i det minste gjev dei elementær tolking av deira økonomiske og sosiale miljø.
Klassiske skrivarar som Marx og Simmel, var oppteken av den solide meining ved pengar. Følgjer ein dei i dette, skriv han, avdekkar pengar dei same paradoks som er tileigna religiøse fenomen. Som religion er pengar eit ikkje observerbart fenomen basert på ingen ting anna enn aktørane sitt «å stole på». Sidan dette fenomenet pengar overskridar avstanden mellom det verkelege og det tenkte, har pengar akkurat den same kvalitet av eva og ideen om ein gud. Som denne ideen, viser pengar det same ibuande paradoks. Eit universelt symbol som inneheld potensielt alt, inkludert seg sjølv, og med Marx argumenterar Deutshmann om pengar si forvandling til den kvasi religiøse trongen etter kapitalistisk «vekst». Trua på kapitalismen og den frie marknad ser framleis ut til å ha overjordisk ankerfeste, på tross av heller enn på grunn av den noverande økonomiske krisa si utbrot i 2008.

Kriser, framandgjering og produksjonskreftene i kapitalismen

Kriser i kapitalismen omtalar Karl Marx i Kapitalen som «Konflikten mellom utvidelse av produksjonen og verdiøkning». Her skriv Marx: “Den kapitalistiske produksjonens virkelige grense er kapitalen selv. Det er at kapitalen og dens egenekspansjon viser seg som utgangspunkt og endepunkt, beveggrunnen for og hensikten med produksjonen; at produksjonen bare er produksjon for kapital og ikke motsatt, produksjonsmidlene blir ikke midler som kun er til for en uavbrutt ekspansjon av den levende prosessen til produsentenes samfunn. De grensene innen hvilken opprettholdelsen og sjølekspansjonen av kapitalens verdi (som hviler på eksproprieringa og fattiggjøringa av den store massen av produsenter) alene kan bevege seg, disse grensene kommer stadig i konflikt med produksjonsmetodene kapitalen må bruke for å nå sitt mål, og som har som siktemål ubegrensa utvidelse av produksjonen, produksjon som mål i seg sjøl, betingelsesløs utvikling av samfunnets produktivitet. Midlet – den betingelsesløse utviklinga av samfunnets produktivkrefter – kommer i stadig konflikt med den begrensa målsettinga, sjølekspansjonen til den eksisterende kapitalen. Når derfor den kapitalistiske produksjonsmåten er et historisk bestemt middel for å utvikle de materielle produktivkreftene og skape et tilsvarende verdensmarked, er den samtidig den konstante motsigelsen mellom denne historiske oppgave og de tilsvarende samfunnsmessige produksjonsforhold.» Karl Marx: Kapitalen -bind 3, siste del av kapittel 15.2 «Konflikten mellom utvidelse av produksjonen og verdiøkning».

Produktivkreftene sin ekspansjonstrong kan forklare ekstreme økonomiske handlingar som fører til kriser. Marx si analyse er her at “Den kapitalistiske produksjonen prøver stadig å komme forbi disse innebygde grensene, men kommer forbi dem bare på en slik måte, at disse hindringene igjen plasseres i dens vei, og da i enda større skala.” Det er her ei dobbeltheit i kapitalismen, ekspansjonstrongen og grensene for kva som er mogleg, er innebygd i systemet. Då talar me om krisene som oppstår. Og kriser har oppstått med gjevne mellomrom. Kvart 10-30 år har det hendt større eller mindre nedgangar i kapitalismen. Kriser var det allereie på tidleg 1800-tal. Me må attende til 1930- og 1940-talet for å finne så låge tal som fallet i 4. kvartal 2008 viste. Ein hadde aldri sett liknande i heile målinga si historie.

Slike kriser i det kapitalistiske system er noko også kapitalistane reknar med, men dei prøver å korte ned nedgangstida så mykje som mogleg. Det er då kapitalismen visar at dei er eit system samansett av ulike aktørar med kryssande tilhøve til kvarandre, som er avsondra med “verda” utanfor. Der folkefleirtalet si deltaking som produsentar på brei front nok ein gong vil trå til på kapitalen sin premissar utan å endre systemet. Utfordringa vert likevel å hindre at ei krise vert eit springbrett til at arbeidarane kan få mange med til å tenkje meir gjennom i kva retning menneska er på veg og om kapitalen sitt kart stemmer med det globale terrenget. Karl Marx si tese om framandgjeringa av arbeidaren som produsent kan her hjelpe oss med å forstå dette. I Karl Marx/Friedrich Engels: Økonomisk-filosofiske manuskripter og andre ungdomsverker, ss. 189-208, skriv han: “Ut fra nasjonaløkonomien selv har vi, med dens egne ord, vist at arbeideren synker ned til å bli en vare, ja til den elendigste vare, at arbeiderens elendighet står i omvendt forhold til produksjonens makt og størrelse, at konkurransen nødvendigvis fører til en opphoping av kapitalen på få hender, det vil si til gjeninnføring av monopolet i enda verre form, og endelig at forskjellen mellom kapitalist og grunneier, mellom bonden på åkeren og arbeideren i manufakturbedriften forsvinner og at hele samfunnet må dele seg i to klasser – eiernes klasse og de eiendomsløse arbeidernes klasse.”

…dette er del 1 av Tankar om kapitalismen og den alternative sosialisme med tankar kring kapitalismen som religion, korleis framandgjeringa påverkar oss alle i kapitalismen og kva Marx og andre tenkte om dette. Del 2 vil ta føre seg tankar og reelle løysingar i eit alternativt samfunn, diskusjon kring fritid versus arbeid, 6- eller 4-timars arbeidsdag og fridom frå vilkårleg makt…følg med på bloggen…

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Marxism, Marxisme, Our global world, Politic&Society, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s