Marxistisk feminist om nyliberalismen

Meir vekt på omsorg: – Sosial reproduksjon handlar ikkje berre om omsorg for og oppseding av eigne barn, men om å utvikla lokalmiljø og samfunnet elles til beste for menneska som skal leva i det, meiner Nancy Fraser.

Å knusa «glastaket» er feil fokus for feministar, meiner Nancy Fraser. Prosessoren vil sjå utover økonomien:

Vestlege feministar har valt side med nyliberalismen. Det kan kosta oss alle dyrt, ifølgje den amerikanske feministideologen Nancy Fraser.

feminisme

– Den overflatiske likskapstanken passar perfekt i det nyliberalistiske hegemoniet, seier Nancy Fraser til Klassekampen.

Den røynde kjønnsforskaren har USA som utgangspunkt for kritikken av denne typen feminisme.

– Der er tanken om likskap mellom kjøna oftast synonymt med ein liberal, individualistisk og meritokratisk feminisme, seier ho.

Fraser dreg fram Facebook-sjefen Sheryl Sandbergs «Lean in»-strategi som eit døme på idealiseringa av den uavhengige, suksessrike kvinna.

Målet for Sandberg er kvinna som knuser «glastaket» og konkurrerer på like fot med menn på ein open marknad.

Den same kvinnetypen er også idealet i populærkulturen, då gjerne i tillegg framstilt som ein «fri fugl» seksuelt. Dette var ein av påstandane til Fraser, då ho onsdag vart ønskt velkommen som professor II ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo.

 

Global klassedeling

Fraser er ein av dei marxistiske 1960-talsfeministane som framleis held fast på eit sosialistisk, feministisk program.

Likevel kritiserer ho det ho meiner er eit einøygd fokus på produksjon over reproduksjon eller forenkla: økonomi over omsorg.

– Kritikken din kan tolkast som ei nedtoning av sentrale kvinnesaker som økonomisk sjølvstende, likeløn og kamp mot diskriminering. Korleis skil din ståstad seg frå tidlegare skisma i kvinnerørsla, der morsrolla har vorte framheva over yrkeskvinna?

– Eg tar til orde for eit historisk medvit om korleis kapitalismen har skilt økonomi og omsorg i to åtskilde sfærar – og slik skjult faktumet at dei to sfærane er gjensidig avhengig av kvarandre, seier ho.

Det er forholdet mellom økonomi og omsorg som er det avgjerande, hevdar Fraser. Ho illustrerer med å vidareføra resonnementet om den vestlege karrierekvinna:

– Dei høgt utdanna yrkeskvinnene i det «globale nord» arbeider 60 til 70 timar i veka. Kva skjer med deira omsorgsoppgåver? Dei blir overlatne til lågtlønt, arbeidsinnvandra kvinner frå fattige land, seier Fraser.

Desse kvinnene kjem frå gjeldstynga land som er pressa av globale finansinstitusjonar til både å føra ein offentleg kuttpolitikk som strupar dei svakast stilte familiane og til å eksportera arbeidskrafta si.

Det individualistiske, økonomiske fokuset tener berre eit fåtal og fører altså til ei ny, global klassedeling, som råkar kvinner feministar burde vera solidariske med.

Fraser snakkar om eit globalt omsorgsunderskot og ei omsorgskrise som er eit oversett, men sentralt poeng ved den økonomiske og økologiske krisa.

 

Finans over politikk

Den store utfordringa i dag, meiner Fraser, er at den globale finanskapitalismen, stødd opp av mektige institusjonar som WTO og IMF, strekkjer seg ut over økonomien og i aukande grad dominerer både politikk, offentleg sektor og familieliv gjennom eit gjennomgripande gjeldssystem.

– Her snakkar vi om to nivå: Først den globale kredittmarknadens press mot nasjonalstatar for å hindra investering i offentleg velferd. Dette råkar først kvinnearbeidsplassane i helse og omsorg. Dernest blir kvinner meir direkte råka av kutt i offentlege stønader og tenester, sidan kvinner framleis ber dei tyngste private omsorgsbørene som den siste forsvarslina i familiane.

Dette spelar saman med det Fraser omtalar som det andre nivået: budsjett­skvisen mange land, med USA i spissen, har komme i.

– Langvarig reallønsnedgang i arbeidar- og middelklassen, kombinert med skatteopprør blant dei rikaste, har ført til at offentleg og privat forbruk stagnerer. Forbruk er motoren i kapitalismen, så den økonomiske veksten stoppar opp, seier ho.

– Løysinga har vore å lata bankar låna folk pengar, der dei før vart løna. Den private gjelda til bustad, utdanning og bilar har eksplodert, parallelt med statsgjelda i mange land.

 

Atterreising av politikken

Gjelda er brekkstonga for å skifta maktbalansen mellom den demokratisk kontrollerte politikken og finansøkonomien, som berre står til svars overfor investorar og er meir og meir lausriven frå politisk styring og heilt fristilt frå samfunnsansvar.

– På kvardagsplan fører dette til meir ustabile familieforhold, meiner Fraser.

– Kvinner blir oftare aleineforsørgjarar, samstundes som ei inntekt ikkje er nok til å klara seg. Dei kjem inn i ein runddans der dei må sjonglera fleire jobbar, barnepass og ei veksande kredittkortgjeld, samstundes som offentlege støtteordningar og tenester minkar.

For private investorar er den framprovoserte privatiseringa av omsorgstenester ein ny sjanse til profitt, men for arbeidarklassen sine kvinner, som ikkje kan betala, aukar omsorgsbøra.

– Du meiner eitt av svara er å atterreisa den politiske makta, men på kva nivå? I dag arbeider USA og EU for nye, transatlantiske frihandelsavtalar som TPP og Tisa, som særleg vil omfatta offentlege tenester.

– Når eg snakkar om offentleg eller politisk makt, meiner eg ikkje naudsynt statsmakt. Her må vi tenkja på alle nivå, frå lokalsamfunn og kommunestyre, til globale institusjonar.

Fraser meiner det både handlar om å ansvarleggjera finansøkonomien og demokratisera politiske institusjonar, som i praksis ikkje alltid er særleg folkestyrte.

– Her meiner eg, og mange er sikkert usamde, at ein bør børsta støv av 1960-talsidear som deltakande demokrati, samstundes som regulering av finansøkonomien og handtering av klimakrisa krev globale, demokratisk ansvarleggjorde organ, som kan tøyma dei tunge, udemokratiske institusjonane, som WTO, IMF, Nafta og så vidare, som legg rammene for fordeling av global makt i dag.

guri.kulaas@klassekampen.no

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kvinne- og jentekamp, Marxisme, Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s