Ta attende 8. mai – Norske styresmakter sitt misbruk av frigjeringsdagen

8. mai er ein viktig dag for mange i Noreg. Framleis er det mange som har opplevd frigjeringsdagen sitt jubelbrus og som vil feire han for det han er. Nemleg, den endelege slutten på ein tragisk og utmattande 5 år lang krig. Endeleg var Noreg, og Europa elles, fri frå nazistisk okkupasjon. Kva som hende etterpå med opprustning, kald krig, NATO og Warsawa-pakta, USA-kapitalisme og alt det der, er ei anna sak. Det skal ikkje øydelegge det faktum at 8. mai var fridomen sin dag, med opptimisme og håp om ei anna tid, fri frå krig, undertrykking og svolt. Som me veit er dei 70 år etter krigen sin slutt full av menneskelege tragediar; folkemord, krigar, invasjonar, imperialisme og svolt. Berre det at mesteparten av dette hendte ikkje i Europa, men mest i den sørlege delen av verda. OG, må det presiserast: Mykje av det er forårsaka av vår del av verda, EUropa, med veldig god hjelp av den «store» alierte! 

Difor er det ekstra ille at denne dagen 8. mai, så viktig for så mange, i seinare tid vert brukt av m.a. norske styresmakter til også å markera hyllest til «veteranar» som har tenestegjort i våre «moderne» krigar, som den i Afghanistan. Noko som er fullstendig misbruk av 8. mai. Denne samanrotinga av innhaldet er nok ikkje tilfeldig. Ved å bruke 8. mai til å legitimera norsk deltaking i svært tvilsome krigar sett reint folkerettsleg og konvensjonar for når ein skal gå til krig, gjev ein signalet om at «me i Vesten» har juridisk og moralsk rett til å gripe inn kor det måtte trengast. Utan skjemsel har då styresmakter og den politiske og militære eliten fortalt sitt folk at «me» heidrar dei som har gått i «vår» teneste som soldatar og utført det riktige oppdraget. Dei prøver å manipulera oss med det rette! Om ein ser meir nøye etter, så ser ein eit prosjekt som har moderne imperialisme opp etter halsen. Frå Jugoslavia-krigen på 1990-talet til Afghanistan, Irak, Libya, Syria og no Jemen, ser ein mønsteret, om ein ser godt etter som sagt. DET er vestleg interesser som står på spel. Og er det noko som ikkje stemmer i det spelet, den globale kapitalsimen sitt spel, ja, så må «me» ordne opp. Antan det er å disiplinera dei jugoslaviske «delene» inn i den kapitalistiske folden, då spesielt Serbia, geopolitiske og resursaktige grunnar for Afghanistan og Irak, eller øydelegge statar som Libya, Syria og Jemen. «Me» vert kvitt nokon «me» ikkje likar og kan deretter kalle dei for «failed states». Dette er «me» alså med på å rote saman i 8. mai!

Nytt av året er att «me» som land offisielt ikkje skal vera representert i Moskva under russarane si markering av frigjeringa 9. mai. Sjølvsagt er den nye kalde krigen som kan vera i emning og konflikta i Ukraina og Krim-problemet noko som må sausast inn i markeringa av slutten på 2. verdskrig. Dette er nok eit døme på Vesten og Noreg sitt hovmod og grenselause arroganse. Skal «me» då plutseleg ikkje anarkjenne den sovjetiske hær si frigjering av Nord-Noreg, og det på sjølvaste 70-årsmarkeringa? Kor nærsynt går det an å verte? OG, kunnskapen om at Den raude arme til sjuande og sist var den avgjerande faktor for avslutninga av 2. verdskrig, både i Europa og i Noreg, skal det også leggast på «is», den nye kalde krigen sin is? Det er noko traurikt og «typisk norsk å vera arrogant» ved dei norske styreskmakter si haldning. Kva for naboskap er det når ein ikkje skil skiten frå kanelen? Blandar saman 2. verdskrigen sin slutt med dagens konflikt i Ukraina.

Med andre ord: TA ATTENDE DET VERKELEGE INNHALDET OG DEN VERKELEGE DAGEN, 8. MAI! Ikkje la borgarlege krefter i vårt land få definera ein dag som tyder så mykje for mange med det viktige bodskap om frigjering. Noko mange folk i sør skulle kunne gjere også – frigjering frå imperialismen sitt domene!

Ivar Jørdre

Artikkelen under frå NTB i april viser galskapen i norsk deltaking i utanlanske operasjonar:

Norske soldater lærer opp irakere med våpen de selv ikke bruker

Oslo (NTB): Norske soldater skal lære opp irakiske soldater i kampen mot ekstremistgruppa IS, men irakerne bruker andre våpen enn det de norske soldatene gjør. De første norske soldatene fra Telemark bataljon vil tidligst være på plass i Arbil Nord-Irak i månedsskiftet april/mai, opplyser Forsvaret til NTB.

Publisert: 04 April

Ifølge Forsvarsdepartementet skal en norsk styrke så snart som mulig reise til Irak for å starte opplæringen av sine irakiske kolleger. Regjeringen besluttet i oktober i fjor å sende til sammen 80 soldater og offiserer til Bagdad og Arbil.
En rittmester, tilsvarende kaptein, i Forsvaret sier til Aftenposten at han og flere med kompetanse på automatgeværet AK-47 (Kalasjnikov) er blitt kontaktet av personer i styrken som skal til Irak, med spørsmål om hjelp.
– Dette problemet dukker opp igjen og igjen. Norske soldater og offiserer sendes ut for å lære opp andre på våpen de ikke selv bruker til daglig bruker, og som de i utgangspunktet har svak kompetanse på. Det tar tid å lære seg dette når man først er ute, sier han.
Han sier det finnes kompetanse på «fremmede» våpen her og der i Forsvaret, men at den ikke er satt i system.
Problemstillingen er imidlertid kjent, og fra Forsvaret understrekes det at de skal drive stridsopplæring, ikke teknisk våpenopplæring.

Det norske bidraget vil bestå av rundt 50 soldater til Arbil og et bidrag til Bagdad. I tillegg skal støttepersonell og stabsoffiserer fordeles på ulike hovedkvarter til ledelse av operasjonen. Personellet vil inngå i det tysk-ledede treningssenteret som etableres i Arbil. Tidligere har det vært antydet et samlet antall på 120 norske militære til styrken.

(©NTB)

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s