1.mai—verdas kampdag!

https://i1.wp.com/goodnewspeopleinternational.com/wp-content/uploads/2012/08/Red-Flag.jpg

Ei global rørsle av mange ulike organisasjonar og parti som arbeidar for rettferd, demokrati, fred og ikkje minst endring av det kapitalistiske økonomiske systemet, samlast på denne dag. Samstundes som 1. mai set søkeljoset på og konkret kritiserar dei globale og lokale politiske og økonomiske maktstrukturane av i dag, tek 1. mai med seg si stolte historie med arbeidarrørsla og andre sin kamp for universell rettferd og likeverd for alle, utan utbyting og diskriminering. Imperialisme med USA i spissen, Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdas handelsorganisasjon (WTO), økonomiske frihandelsblokker som EU, dei store multinasjonale selskapa, er sjølvsagte fokuspunkt. Saman med kameratar skal me framleis kjempe fram dagen som ein arena for aksjonisme og endring!
Første-mai-rørsla i Noreg vil ha ein ny politikk for Oljefondet, kjempe mot EU sitt tenestedirektiv, folkerøysting om EØS-medlemskap, kamp mot sosial dumping, reversera pensjonsreforma, for likeløn, mot privatisering av offentleg sektor, vern av abortlova og sexkjøpslova, mellom mykje anna.
Den globale økonomi er framleis i alvorleg krise, den alvorlegaste sidan den store resesjonen på 1930-talet. Kapitalismen skakar i sine nyliberalistiske organ. Organ bygd på den totale frihandel og spekulative luftslott. Elektroniske tal svirrar forbi i ein global runddans og i ein fatal fart menneska ikkje før har sett. Den materielle faktor i form av konkrete varer er erstatta av pengetigrar i «cyberspace» og på børsar. Så byrjar galskapen å stoppe opp. Dei milliardar, fantasilliardar som finns på datamaskina og i hovuda på verdas børsmagnatar får seg eit sjokk. Kursar rasar og gallaktiske pengesummar vart borte i 2008-9 som ved eit gigantisk «knips», rett inn i eit svart hol. Attende står kapitalistane og klør seg i hovudet, men forstår godt kva følgjene vert for verdas folk. Spekulasjonar og transaksjonar har dei siste åra på nytt teke seg opp att etter finans- og økonomisjokket i 2008-9.
Den finansielle økonomiske krise og nedgang som starta i USA har indirekte slått inn på den globale realøkonomi, då også prisar på basisvarer som mais, ris og korn, i tillegg til skyhøge prisar på matvarer i sør. Dei sentrale årsaker til dette er ikkje lenger berre oljeprisane sin opp- og nedtur, men monopolisering og einsretting av varer hjå globale storselskap. Stadig meir landjord vert brukt til produkt for biodiesel, vesten som spekulerar i sine matvarelagre for å halde oppe prisane, klimaendringar i form av ekstremvær og nedgang i dyrkbare areal grunna overproduksjon i vest og i Kina, utbygging i stor stil i t.d. Kina, osb. At ting heng saman i ein tett samanvevd nyliberalistisk verdsøkonomi er tydeleg, sjølv om det ikkje alltid er like lett å sjå det med vårt vestlege «lette og velfødde» blikk. Men ser ein etter, får ein sjå kva veldige konsekvensar dette får for millionar og milliardar av menneske.
Kontrastane til dette er uverkelege, to eksempel: den amerikanske sentralbanken garanterte 30 milliardar dollar for å redde den enorme investeringsbanken Bear Stearns frå konkurs i 2008, og Irak-krigen har kosta eit beløp ingen skjønar (25 000 milliardar kroner!!). Den nyliberalistiske verdsorden skrik mot oss med sin totale fiasko i fordeling av verdas ressursar. Kapitalen og den såkalla frie marknaden, dominert av gigantiske monopolistar, distribuerar mat der fortenesta til ei kvar tid er. Ei handfull ”gigantar” dominerar kornmarknaden, mens i underkant av ti storselskap har kontroll av verdas frøomsetting. Endå ei undergraving av lokal matproduksjon til eige folk. Ja, rett og slett nykolonialisme og trakassering av folk sin sjølvråderett.
Det finns alternativ til den frie marknad og profittjaget: I dei nye økonomiane i Sør-Amerika. T.d. Venezuela: har ein gjennomført tiltak for oppretting av sosialistiske former for produksjon og distribusjon av mat. Dette for å oppnå ei høgare grad av sjølvforsyning av jordbruksprodukt og mottiltak mot marknaden sitt råkøyr. Avdøde president Hugo Chavéz har sjølv uttalt at ein har: «pulverisert heile kapitalismen si utbytingskjede», med dette. Millionar av folk har fått eit betre liv gjennom endringsprosessane som president Hugo Chávez og regjeringa har gjennomført i deira tolv år som noverande president Nicolas Maduro vidarefører. Den høgaste minsteløn i heile Latin-Amerika og sterke arbeidsrettar, er begge faktorar som gjer folk meir nøgde. Helse, utdanning, fattigdomskamp og mat til låge prisar, er av dei aller viktigaste tinga. Noko som ikkje kan samanliknast med nivået for fjortan år sidan. Majoriteten var då råfattige og mangla alt, og eliten hadde makta og alle endar. Det er ei folkeleg deltaking som ligg bak mykje av det landet har oppnådd til no. Den nye president Nicolas Madura har mykje arbeid framfor seg, men endringsprosessane vil halde fram som eit alternativ til verdas nyliberalisme. Dette til tross for destabiliseringsforsøka som har vore i byrjinga av 2014 og tilhøve til det same i 2015, godt støtta av USA.
Dei alternative prosessane i Latin-Amerika, mest gjennomført i Venezuela, Ecuador, Bolivia, står i sterk kontrast til utviklinga i Europa. Her er økonomisk krise og diktatoriske nedskjeringar til å ta og føle på for millionar av europearar. Dei harast råka landa er Hellas, Portugal, Spania, Irland og Italia. Mange folk svelt og er fattige i Europa av i dag. Den såkalla «troikaen» (IMF, Den europeiske sentralbank og EU-kommisjonen) legg si klamme kapitalistiske hand over Europas folk. Men det er ljos i tunnellen! Det venstreradikale partiet Syriza (Koalisjonen av det radikale venstre) med leiaren Alexis Tsipras, vann parlamentsvalet i januar i år. Kan dette utfallet verkeleg redda Hellas ut av klørne til troikaen? Me lyt vente og sjå og lett vert det ikkje. Inspirert av venstresida i Hellas dukkar konstellasjonen Podemos (Me kan) i Spania opp som ein sterk kandidat til å vinne valet til hausten.
Korrupsjon, skatteparadis og kvitvasking av pengar, går hand i hand med krig og konflikt. Fattigdom og undertrykking er deira barn. Den såkalla ”fredsnasjonen” Noreg har lenge vore djupt inne i krigen og okkupasjonen av Afghanistan, var den flinkaste «bombaren» i krigen i Libya og støtta den franske intervensjonen i Mali. I det norske folk, som i alle NATO-land, er det stor skepsis mot denne politikken. Og det er gode grunnar til det! Tilhøva vert ikkje betre, i landa ein invaderar, men Verre! Fattigdomen aukar og er desperat, kvinner like marginalisert som før, menneske vert drepne av NATO sine soldatar og dronar, og dei allierar seg med grusame krigsherrar og islamistar. OG, så kallar dei seg «freedom fighters» – høyrt slikt skitsnakk! «The white man`s burden» og alt det der. Det er ei skam at ei raud-grøn regjering var med på denne løgna. Ei løgn ei blå-blå regjering har teke over no. Det finnes ingen militær løysing! Alle utanlandske soldatar ut av Afghanistan no! Det katastrofale og vanvitige overgrepet mot Irak er ei påminning om imperialismen sitt vesen. Ukraina er førebels siste biten i det globale imperiale spelet. Der NATO, Vesten, EU kjempar mot Russland om hegemoniet.
Dette er den type verd me må halde oss til i tida framover. Mot dei globale maktstrukturane si urettferd, medvite skeivfordeling av godane og maksimale profittjakt, står den globale sosiale rørsla. Blant mange andre politiske reaksjonar kjempar denne sosialpolitiske familien med fagrørsler, solidaritetsorganisasjonar og politiske parti, saman for endring. For fred, velferd og folkestyre. Mot imperialisme, rasisme, krig og terrrorisme.
EI ANNA VERD ER IKKJE BERRE MOGLEG, DEN ER HEILT NØDVENDIG!
Gratulerar med 1. mai!

 

https://i2.wp.com/www.maurilioamorim.com/wp-content/uploads/2010/11/red-flag.jpg

Revolusjonens røst – av Rudof Nilsen

Gi meg de rene og ranke, de faste og sterke menn,
de som har tålmod og vilje og aldri i livet går hen
og selger min store tanke, men kjemper til døden for den.

Gi meg de kolde og kloke, som kjenner min virkelighet.
Bedre enn mange som sier de tror, trenger jeg noen som vet.
Intet er mere som skrift i sand enn løfter om kjærlighet.

Gi meg de bitre og steile, som ikke har frykt i sitt blikk.
Gi meg de gudløse stolte, som ikke har trang til mystikk,
men dristig vil skape en himmel efter sin egen skikk.

Gi meg de brennende hjerter, som aldri gir tapt for tvil,
som aldri kan kues av mismot og trues av sorger til hvil,
men møter hver seier, hvert nederlag med det samme usårlige smil.

Ja gi meg de beste blant dere, og jeg skal gi dere alt.
Ingen kan vite før seiren er min hvor meget det virkelig gjaldt.
Kan hende det gjelder å redde vår jord. De beste blant dere er kalt.
Rudolf Nilsen (1901 – 1929)

https://i2.wp.com/meredithwalters.com/wp-content/uploads/2012/07/Redflag.jpg

Me snakkar om revolusjon – av Ivar Jørdre

Arbeidarar i denne verd, forein dykk
forein dykk til motstand

I flokk og styrke kjemp attende
røva rettar gjort av gråe gribbar

I morgondagens raude ljos
rettar me ryggen med våre fanar

Med sigd og spade hamrast framtida
fri frå kapitalens åk

Med stolte vise krav stig me fram
til klassefrie opne landskap

Arbeidarar på denne jord, forein dykk
forein dykk til kamp

Me snakkar om ein revolusjon!

 

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s