Hald fingrane vekk, multinasjonalar!

https://i2.wp.com/d1.stern.de/bilder/stern_5/wirtschaft/2014/KW49/TTIP_maxsize_2048_1536.jpgFoto: stern.de

Investeringsavtalane TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership) og TISA (Trade in Services Agreemen) er ein trussel mot demokrati, matsikkerheit, arbeidsrettar, arbeidsmiljø, offentleg velferd, helse og miljøet. Stillehavsregionen har også frihandelsavtale på gang: TPP (Trans-Pacific Partnership). Multinasjonale selskap får hendene i politikken og vil utforme han etter deira trong. Det veit ein kva er, det er meir politisk og økonomisk makt, for å fylle sine kapitalakumulerande pengekister. Med investor-stat-tvisteløysinga vil dei også få ein ekstra nødbrems om dei likevel ikkje får styre. Dei multinasjonale selskapa har alltid pengar nok i massevis til å drive påverknadsarbeid. Dei driv lobby i stor skala der lobbygruppene svermar rundt politikarar som vepsen rundt syltetøy. Det er her me folk i gata lyt gripe tak i motkampen og saman med mange organisasjonar få til eit massivt press på desse avtalane. Ein mediakampanje må til også for verkeleg å få informasjon og bodskap ut, der er ting på gang, men framleis er i alle fall norske media treige. Desse avtalane vil, om dei lukkast, gå mykje lenger enn nokon tidlegare har gjort. Det viktigaste verktøyet i motmaktkassa for å stoppe avtalane vert difor å få oppmerksemd om dei – for saka er at avtalane tåler ikkje eit kritisk søkeljos. Då avslører maktgrunnlaget til dei multinasjonale seg. Det er då det multinasjonale trollet sprekk i sola!

https://i2.wp.com/corporateeurope.org/sites/default/files/gallery/ttip-eu-komission-infografiken_englisch_722px_3_0.jpg

TTIP.no
No for tida forhandlar EU og USA om verdas største frihandelsavtale. Avtalen vil påverke oss alle gjennom EØS, og verte ein mal for ein tilsvarande avtale mellom EFTA og USA. Avtalen kallast «Transatlantic Trade and Investment Partnership» (TTIP). Avtalen vil gje storselskap kontroll over politikken innanfor arbeidsliv, mat og miljø. M.a. vil han opne for at storselskapa kan saksøke statar i ein utanomrettsleg domstol om politiske reguleringar kan vera til hinder for «framtid profitt».

TISA.no
Frihandelsavtalen for tenester, «Trade in Services Agreement» (TISA), forhandla fram med stor grad av hemmeleghald, med Noreg som aktiv pådrivar. Avtalen vil pressa fram konkurranseutsetjing og privatisering av offentlege tenester på alle felt, hindre regulering av finanssektoren og heilt undergrave personvernlovgjevinga på nett. For å berre nemne noko av konsekvensane.

https://i1.wp.com/occupylondon.org.uk/wp-content/uploads/2014/07/ttip-08.jpg

Til sjuande og sist påverkar dette oss alle, om avtalane vert noko av. Me må alle mobilisera før det er for seint, det er vår einaste sjanse!

Skriv under på kampanjen her: http://waronwant.org/campaigns/trade-justice/more/action/18180-sign-up-to-say-no-to-ttip

Sjå også: occupylondon.org og corporateeurope.org

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Hald fingrane vekk, multinasjonalar!

  1. Thorleif seier:

    Hold av 7. februar. Da har Rødt landsomfattende aksjonsdag mot TISA!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s