Ta fridomsomgrepet attende frå liberalistane og høgrekreftene

Fridom – er noko anna enn det liberalistane og høgrekreftene har banka inn hovuda våre alfor lenge. Politisk fridom visar at det finst ein annan og meir gjennomtenkt måte å forstå fridom på enn som «fråvær av innblanding», frå staten eller andre menneske. I boka «Politisk frihet»,  ein antologi utgjeve nyleg av forlaget Res Publica (som apropos problematikken i denne artikkelen, tyder det offentlege, offentlege saker), viser redaktørane, Håvard Friis Nilsen og Helge Jordheim, at kampen mot vilkårleg makt er ein politisk tradisjon som går heilt attende til antikken. Både grekarane og romarane var opptekne av omgrepet «fridom» og kva det innebar. Forfattarane som vert presenterte i boka er både tenkjarar, talarar, filosofar og politikarar. Til saman utgjer dei ein fridomstradisjon som lenge har vore gløymt, men som har vore sentral i Vesten og strekjer seg frå antikken til omlag vår tid. Det vil seie at denne tenkinga nesten berre har vore levande i nyare tid frå 1800-talet og frametter hjå fagrørsler, kvinnerørsler, sosialistar, politiske tenkjarar, osb. Det har vore so gale at dette grunnleggande omgrep i menneskeleg tilvære har vorte «kidnappa » av liberalismen frå 1800-talet, då fenomenet oppstod. Dette liberalismeomgrepet kom ganske snart også til å verte omtalt som kapitalisme, med filosofen Adam Smith som ein av dei «varmaste» talerøyr. Det opprinnlege innhaldet i fridom vart gløymt og me sit att i dag, i dei fleste kapitalistiske land, med den kapitalistiske marknaden sin «fridom» og den individuelle «fridom» til å velje kva sjampomerke, mobiltelefon, billigaste mat og smak på kondomar, me vil ha. Dette er IKKJE å setje tinga altfor mykje på spissen, faktisk. Ei konsekvens som er endå meir alvorleg er når multinasjonale gigantar vert å rekne for juridiske individuelle einingar, med sine eigne «menneskerettar» så å seie. Desse selskapa kan då saksøke statar om det er noko, i landet sine lover, o.l., som hindrar deira «frie» etablering og utnytting av resursar. Allereie har det i det siste 10-året vore døme på multinasjonalar som har saksøkt statar for milliardbeløp, og det vert ikkje dei siste, om ikkje galskapen stoggast.

Det politiske fridomsomgrepet som m.a. har i seg «fridom frå vilkårleg makt» er i live. I seinare tid vart, nærare meint for omlag 40 år sidan, denne tradisjonen attoppdaga og teke i bruk av leiande historikarar og politiske teoretikarar under omgrepet «republikanisme» (berre for å presisera: dette har ingenting med dagens republikanarar i USA å gjera, som er nyliberalistar på sin hals, politisk reaksjonære og har ei fridomsforståing heilt på kapitalen si side). Ein av dei mest markante i dette omgrepet republikanisme er politisk filosof og professor i politikk Philip Pettit. Den republikanske tenkninga inspirerte dei usanske grunnlovsfolka, som skapte den usanske sjølstendeerklæringa. Tenkinga låg til grunn for den franske revolusjon, og var igjen førbilete då den norske grunnlova vart skapt i 1814. Boka til Nilsen og Jordheim tek føre seg ei grundig innleiing som viser korleis det «gløymte» fridomsomgrepet har vorte diskutert frå antikken til i dag, og korleis denne tradisjonen gjev nytt ljos over vår eigen politiske historie.

På ein av dei første norske arbeidarfanane, laga av Nes arbeidarforeining i 1851, står det: «Vi ønsker å bli fri fra ond vilkårlighet, tyranni og tvang.» Idealet var det myndige menneske som er fritt og sjølvstendig. Denne republikanske frihetstradisjonen var dominerande under den usanske revolusjon i 1776 og ved utforminga av den norske Grunnlova i 1814. I begge land kjempa ein for å gje makt og myndigheit attende til folket, frå aristokrati og kongemakt, men også fra ein ekstern, framand makt.

Redaktørane argumenterar for at politisk fridom i den liberalistiske tenkninga vart utforma som ein polemikk mot den opprinnelege, republikanske fridomstradisjonen. I England på 1600-talet sto kongemakt og aristokrati mot radikale republikanarar. Som ei filosofisk grunngjeving for kongedømet si makt, oppsto eit anna fridomsomgrep, utforma av filosofen Thomas Hobbes. Her vart fridom definert som fråvær av innblanding eller tvang. Om ingen blandar seg inn i dine saker, eller direkte tvingar deg til å gjere noko, då er du altså fri. Ifølgje Nilsen og Jordheim og ligg denne fridomsforståinga i kjernen av dagens liberale fridomsomgrep. Dei viser samstundes at denne måten å forstå fridom på, har store svakheiter. Fridomen sine vilkår vil slik forstått også kunne vera oppfylt i eit tyrannisk regime, der tyrannen har all politisk makt, men ikkje legg nokon avgrensingar på folk sin fridom. Men den dagen tyrannen/diktatoren strammar til skrua, står borgarane der forsvarslause, som offer for vilkårleg makt, av di fridomen ikkje hadde makt og innflyting i seg.

Eit kjent døme på denne vilkårlege og brutale makt er Chile på 1970-talet: Den usanske økonomen Milton Friedman vitja diktatoren og fascisten Augusto Pinochet eitt og eit halvt år etter at generalen sende Chiles demokrati i grava saman med landet sin folkevalde president Salvador Allende, etter militærkuppet 11. september 1973. I brevet til «kjære herr president» (som Friedman titulerte brevet) Pinochet tok Friedman til orde for eit økonomisk «sjokkprogram» (om boka Sjokkdoktrinen): Massivt og bråe kutt i alle offentlege utgifter på 25 prosent. Deregulering av finansbransjen. Oppheving av oppseiingsvernet for alle nytilsette. Friedman meinte Chile trengte eit slikt sjokk for å vidareutvikle militærkuppet sin kamp mot tendensar til «sosialisme». Friedman lovpriste Pinochet for at «Du har vært ekstremt klok i å tillempe de tiltak du allerede har tatt». Blant Pinochets tiltak mot «sosialisme» (det vil sei demokrati og fridom frå vilkårleg makt), var interneringa av folkesongaren Victor Jara på eit stadion i Santiago. Der knekte torturistane gitarfingrane hans før Jara vart skoten 44 gonger og dumpa på gata, eit mord som vart følgt av fleire tusen politisk motiverte likvideringar av diktaturet sine motstandarar. Kapitalisme på sitt mest liberalistiske, og med høgresida si «fridom»!

Friedmans bok «Capitalism and Freedom» symboliserar høgresida si viktigaste ideologiske øving under den kalde krigen: Å identifisera høgre med «fridom». Så kunne venstresida sitje der med sin «likheit». Og «kollektivisme». Friedman er død, men den ideologiske arven lever diverre vidare. «Likheit eller fridom?» er tittelen på eit notat ei gong i tida frå tankesmia Civita, leia av Kristin Clemet på oppdrag frå NHO. Det at ein vektlegg på ein nesten fanatisk måte likheit ELLER fridom, er «et av de klareste skillene mellom den politiske høyre- og venstresiden,» fastslår Civitas notatskrivarar. Dei tenkjer framleis innanfor den kalde krigen sitt typiske grunnleggjande skjema for politisk ideologi: Likheit til venstre, fridom til høgre. For ei mental tvangstrøye dei lyt leva under!

Til slutt, men ikkje minst: Hannah Arendt, Theodor W. Adorno, Karl Marx, Rosa Luxemburg og fridomsomgrepet. Alle desse tenkjarane har det historiske blikket på fridomstradisjonen om «fridom som fråvær frå vilkårleg makt», slik Nilsen og Jordheim omtalar det i si bok (der også Arendt, Luxemburg og Marx er med). Les meir om «Om frihet, utifrån Arendt, Adorno, Marx» på erikbengtsson.

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Marxisme, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Ta fridomsomgrepet attende frå liberalistane og høgrekreftene

  1. Thorleif Berthelsen seier:

    For noen år siden leste jeg en bok av Magnus Marsdal og Bendik Wold: Det tredje venstre. Denne tar for seg Marx og individuell frihet. Venstresiden har mye å vinne og oppklare (for folk) her. http://www.manifesttidsskrift.no/frihet-likhet-eierskap/

  2. Roger Gjerstad seier:

    Flott Ivar, men det sentrale er vel at friheten under kapitalismen blir fremmedgjort, slik at vi ikke lenger har frihets- visjoner, slik som arbeiderforeningen på Nes. En ønsket i 1851 å blir fri fra ond vilkårlighet, tyranni OG tvang. Idealet er derfor ikke bare å bli myndige mennesker som er frie og selvstendige, men mennesker som ble kvitt tvangen.
    Derfor burde teksten tatt med Marx og Rødt frihets-krav og det å bli kvitt det helt sentrale dvs tvangen.
    Helt sentralt for kapitalismen er kravet om en mer og mer intens 8 timers arbeidsdag og en desperat kamp for kapitalen mo profittratens tendens til å falle. ( Se Torstein Dalhe i Rødt nr 4-2014 )
    Vi produserer 10 ganger så effektivt som i 1920 og dette vil med bedre og bærekraftige maskiner dobles til 2060.
    Slik er menneskenes frihet direkte koblet til lengden på den nødvendige kollektive arbeidsdagen.
    Uten at den reduseres i tid blir det ikke rom for en individuell utvikling og slik individenes frihet.
    En reduksjon til 4 timers arbeidsdag innebærer eksempelvis et arbeid 5 ganger så effektivt som i 1920.
    At arbeidsdagen ikke er redusert etter innføringen av IKT-maskinene og nettverket viser at tenkingen om friheten holdes i sjakk av fremmedgjøringen.
    Derfor hjelper det ikke menneskenes frihet om bla. Rødt er aldri så flinke i parlamentene om de ikke tør å fremme et radikalt krav om en sterk begrensing av den nødvendige arbeidsdagen.
    Vi trenger en radikal kunstfront for å sette nye visjoner på dagsorden.

    Roger

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s