Fattigdom, rikdom, skattelette, forbruk – kapitalismens diskré lettheit

MONACO TIL SJØS: Superyachten «The Streets of Monaco» er stappfull av rå luksus Foto: Yatch Island DesignSuperyachten «The Streets of Monaco» er stappfull av rå luksus. Dei superrike sin kapitalistiske råheit har ingen grenser. Foto: Yatch Island Design

Me lever i eit kapitalistisk land med nyliberalistiske lover. Marknaden er Guden, menneska er undersåttane og forbrukarane. Framangjeringa frå oss som menneske er til å gni seg i hendene av hjå kremmarane, kapitalistane. Kvart år håpar arbeidsgjevarar (skulle heitt tankeranarar) som organisasjonen Virke på helst dobling av jolehandelen sine milliardar. I år håpar dei på over 50 milliardar i omsetnad. Skrik mange nok av oss opp og hyler: DET ER NOK KONSUM NO! ME MÅ NED I FORBRUK. UTJAMNINGA GÅR GALNE VEGEN. SNU I HALDNINGANE! Gjer mange av oss dette? NEI!

Nyleg har det kome fram at den delen som lever under fattigdomsgrensa i Noreg har auka dei siste åra. Dette er eit symtom på kvart eit kapitalistisk samfunn der frisleppet av økonomien tek makta over utjamninga av økonomien. Dei superrike vert færre i tal og endå meir superrike, den neste rike klassen vert også rikare, avstanden til mesteparten av mellomklassen vert større og dei umidla lågaste vert endå fattigare og dei aukar i tal. Landsgjennomsnittet er høgt, og det er sjølvsagt heilt uakseptabelt. Kvar og ein av dei fattige er ein for mykje, mange av dei er barn utan skuld i det sjølv.

 
I velståande Noreg, med Høgre sitt slagord «muligheter for alle», vert ein møtt med ei forventning om å vera takksam for å bu i eit land som ivaretek alle. At mange i Noreg vert fødde inn i gode moglegheiter er sant, men at det gjeld alle er ei myte. Ei farleg myte! Dessutan eit ideal som er heilt bakvendt i høve til politikken som vert ført, nasjonalt og lokalt. Berre tenk på den «nytalen» som vert gjort av styresmaktene ved dei blå-svarte, og dei rosa-grøne før dei. Med sleip retorikk som peikar positivt på åtak mot dei med minst, at det skal løne seg å arbeide, vil Høyre og FrP t.d. kutte kraftig i barnetillegget for rørslehemma foreldre og høgne inntektskravet for å få foreldrepengar og sjukepengar. Samstundes kan ein lesa i deira statsbudsjett at dei vil gje 360.366 kroner i skattelette til alle som har ei bruttoinntekt på over 10 millionar kroner.

 
Eit samfunn som berre ivaretek barn av «friske» og rike er ikkje verdt å forsvara. Her kan ein sjå ting i perspektiv: Den rikaste prosenten i verda kontrollerar 50 prosent av alle ressursar. Dei 10 prosent rikaste i Noreg eig 70 prosent av all finanskapital. Det er ei drastisk auke frå 1980, då eigde dei 49 prosent. På 1980-talet tente dei 400 rikaste i Noreg i snitt 26 årsløner. På 2000-talet tente den same gruppa 178 årsløner. I Noreg har talet barn under fattigdomsgrensa dobla seg dei ti siste åra. Skilnadane har gjennom ein gullalder for dei rikaste auka til same nivå som på 1930-talet.
Likevel syt dei rike som aldri før. Storkapitalisten Stein Erik Hagen, som har verdiar på 13,3 milliardar kroner, synes det var ei god investering å støtte FrP med to millionar kroner i førre valkamp. Å verte kvitt formueskatten, slik at han unngår å bidra med opptil 1,1 prosent (!) til fellesskapet frå verdiar skapt av folk som arbeidar for han, altså sel arbeidskrafta til kapitalisten, var hans store kampsak. I Dagens Næringsliv uttalte han at “nå er det verre her i landet enn noensinne” og at “vi er på vei i en sosialistisk retning, som i gamle Øst-Europa”. Snakk om å vera forvirra i sitt supersmale egoistiske kapitalistunivers. John Fredriksen er ein annan råtamp, han har for lenge sidan stukke av til utlandet med reiarmilliardane sine.

 
Med snudd absurd retorikk får dei superrike vera i fred med sin sutrementalitet, mens dei som vert ramma av fattigdom vert skambelagt, definert som utnyttarar av systemet. Paradoksalt nok aukar fordomane og den bakvendte retorikken av kva som skapar ulikheiter i samfunnet oppslutninga til lågskattepartia, som gjennom ikkje-progressiv skattegjeving gjev skattelette til dei absolutt rikaste, på bekostning av velferda til dei lågtløna som ikkje får særleg skattelette i det heile.

Verdiskapninga vanlege arbeidsfolk står for, og som funksjonshemma i harde yrker har stått for, har skapt verdiane kapitalistar som Hagen og Fredriksen er milliarderar på. Dei styrande parti hyller alt som er privat og som har ordet næring i seg, mens alt som heiter skatt, uansett kven som vert skatta og til kva føremål, vert avvist som verdas styggedom. Dette fører til skjult fattigdom i eit av verdas rikaste land. IKKJE NOK MED DET. DET FØRER OGSÅ TIL EIN RÅKAPITALISME, MED STADIG STØRRE MIDLAR TIL STADIG FÆRRE. DET GODE MED DETTE ER AT VILJEN OG MOGLEGHEITA TIL Å KVITTE SEG MED KAPITALISMEN SOM SYSTEM KAN VERTE STØRRE. DET ER OPP TIL FOLKET!

Opprinnleg artikkel «Fattigdom, rikdom og skatt», av Inge Abrahamsen, Raudt Askøy. Med tillating frå han, bearbeidd og tillagt innhald av meg.

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Fattigdom, rikdom, skattelette, forbruk – kapitalismens diskré lettheit

  1. Takk for systemkritikken. Snyltekulturen for å unngå å bidra til fellesskapet når jo stadig nye høyder, hvor konsulentbyrå hjelper selskaper (deriblant DnB) til å redusere skatten mest mulig. Reaksjonene lar ikke vente på seg i «nedskjærings-Europa»: http://www.klassekampen.no/article/20141108/ARTICLE/141109964
    Utsiktene for Norge, i følge FAFO, viser et land med økte ulikheter, færre sysselsatte og færre fagorganiserte hvis det ikke blir tatt grep: http://www.klassekampen.no/article/20141111/ARTICLE/141119990
    Behovet for å diskutere og slåss for sosialisme har neppe vært større!

  2. ivarjordre seier:

    Reblogged this on Ivar Jørdre and commented:

    Denne bloggposten, “Fattigdom, rikdom, skattelette, forbruk – kapitalismens diskré lettheit”, skreiv eg for eitt år sidan. OG, den er, i likheit med den førre bloggposten eg ny-blogga like aktuell no. Difor er denne også blogga på nytt. God lesing av begge!

    Ivar Jørdre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.