Brasil og Bolivia – venstreland, men akk, så ulike!

Brasil si sosialdemokratiske president Dilma Rousseff vart attvald på hengjande håret i det som kan reknast for det mest jamne og splittande valet sidan brasilianarane «kasta» diktaturet i 1985. Dette siste av tre diktatur i República Federativa do Brasil si historie, byrja i 1964. Den noverande grunnlova er frå 1988 og gjev omfattande fullmakter til  føderale styresmakter, det er direkteval på president og visepresident som sit i 4 år. Presidenten har nokolunde stor makt, men problem med å få gjennom saker i nasjonalforsamlinga om presidenten sitt parti ikkje har fleirtal. Noko Rousseff og PT (Partido dos Trabalhadores) ikkje har. No har veksten stoppa opp, børskursane fell kraftig, og utanlandske selskap vegrar seg for investeringar. Brasil har ein klår kapitalistisk økonomi med nyliberale trekk, noko som gjev dårlegare offentlege tenester, som skule, helse, infrastruktur. Ein ny og veksande middelklasse krev stadig meir og mange er misnøgde med utviklinga.

Dilma leder knapt etter bitter valgkampPresident Dilma Rousseff og hennar forgjengar Luiz Inácio «Lula» da Silva under eit valmøte i São Paulo. Han vann to val, det gjorde ho også. Foto: REUTERS / Scanpix / Paulo Whitaker

Omlag 40 prosent av Brasils 200 millionar innbyggarar lever i husholdningar med ei inntekt på mindre enn 4.600 kroner per måned (NTB), og det var mest deira støtte som sikra Rousseff og Arbeidarpartiet (PT) sigeren. Rousseff fekk 51,45 prosent av stemmene, opplyser den statlege valkommisjonen. Den høgreorienterte kandidaten Aécio Neves frå dei såkalla Sosialdemokratene (PSDB) endte opp med 48,55 av stemmene.

Etter den knappe sigeren i denne 2. valomgang lovar Rousseff både å skape forsoning, få fart på økonomien og å kjempe mot korrupsjon. Dette er vanlege lovnader ein president ofte kjem med, og i Brasils politiske verkelegheit vil også Rousseff ha litt å slite med i åra som kjem. Målet er tydeleg å dempe misnøgda hjå  middelklassen, som dei siste åra har opplevd at inntektene deira har krympa som følgje av stor prisvekst. Dei  har vore rasande på pengebruken i samband med VM i fotball i sommar. Betre vert sikkert ikkje kritikken når dei olympiske sommarleikane ramlar inn over landet om nesten 2 år.

Etter denne splittande valkampen, der Rousseff også sjølv vart anklaga for korrupsjon (riktignok frå den konservative Neves), får ho eit knapt mandatet som gjer at ho ikkje vil kunne pressa gjennom ein brukbar venstreorientert økonomisk politikk uten truleg å gjere seg mektig upopulær hjå halvparten av folket. Det vil vise seg kor store bataljane vert framover.
– Eit så jamnt resultat minskar moglegheita hennar til å radikalisera politikken. Omlag halvparten av landet er imot det ho har gjort, seier Alberto Bernal i Bullticj Capital Markets i Miami til Reuters. Det er ikkje rart ein kapitalist busett i Miami seier slikt, tenkjer eg.
Andre eksperter påpeiker at veljarane har valt det kjente sjølv om mange har fått det verre, i redsel for at livet skal verte endå vanskeligere med ein ny president. Det hadde det nok sikkert vorte også..

GJENVALGT:  President Evo Morales er gjenvalgt til en tredje periode. Dette bildet ble tatt forrige gang han ble gjenvalgt i 2010. Foto: AFP PHOTO/AIZAR  RALDES President Evo Morales attvald til sin tredje og siste periode. Dette biletet er frå førre gong han vart attvald i 2010. Foto: AFP PHOTO/AIZAR RALDES

I Bolivia sitt presidentval (12. oktober) ei veke før Brasil sitt, var stemninga om  enn endå meir euforisk enn Rousseff si feiring, då Evo Morales vart attvald til sin tredje periode.

– Denne sigeren er ein triumf for anti-imperialistar og anti-kolonistar, sa Morales frå balkongen på presidentpalasset til tusenvis av tilhengjarar etter å ha erklært siger.

Deretter dediserte han sigeren til Cubas aldrande tidligare president Fidel Castro, Venezuelas avdøydde president Hugo Chávez og alle «anti-imperialistiske og anti-kolonialistiske leiarar».

Med over halvparten av stemmene slepp han å stille til ein ny valomgang mot ein ganske så splitta opposisjon. Han fekk over 60 prosent av stemmene. Den som kom nærast Morales i valet, var Samuel Doria Medina, som fikk 24 prosent, i følgje målingane til Ipsos og Equipos Mori.

Morales ventast også å få eit klårt fleirtal i nasjonalforsamlinga for å fortsetje å iverksetje sin venstreorienterte politikk, som m.a. omfattar meir nasjonalisering av olje- og gassressursane og utbygging av velferdsprogram. Også fattigdomsreduksjon, utdanning og helse er særs viktige områder med tanke på fordeling av nasjonaløkonomien framover.

Bolivia er eit av Latin-Amerikas fattigste land, men det har hendt store sosio-økonomiske endringar i  Morales sine to føregåande periodar. Morales er den første presidenten av indiansk avstamning i landet, der urfolket utgjer 65 prosent av folket. Frå 1999 har han vore generalsekretær for partiet Movimiento al Socialismo (MAS). Til skilnad frå Brasil er Bolivia i ein prosess mot sosialisme for det 21. århundre som Hugo Chávez i si tid byrja prosessane rundt. Dette inneheld m.a. ei demokratisering på grunnplanet der folk gjennom ulike organisasjonar og politiske rørsler tek del i avgjersprosessar frå lokale råd og oppover til nasjonalforsamlinga (Asamblea Legislativa Plurinacional) i hovudstaden La Paz. Den noverande konstitusjonen som vart utarbeidd i 2006–07 og vedteken i 2009, føreskriv ei balansert utøvande, lovgjevande, juridisk og valutførande makt, så vel som ulike nivå av sjølvstyre for regionane. Dette gjev eit godt grunnlag for vidare demokratiske prosessar og folkedeltaking. Eit døme på det er at i 2011 heldt Bolivia sitt første juridiske val for å velje medlemmer til «Dei nasjonale domstolar» ved folkeleg val. Ei reform sett i verk av Evo Morales.

Med Evo Morales sitt attval, stadfestar det ein kontinuitet av dei sosialistiske prosessar som er i gong, og gjev presidenten og MAS det rom som er naudsynt for å utvikle landet, for og med deltaking av folket sjølv. Slike prosessar gjeld også land som Venezuela med president Nicolas Maduro (nyvald i 2013, etter Chávez sin død i mars samme år) og Ecuador med president Rafael Correa (attvald for sin 3. periode i 2013).

 

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Latin-Amerika, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Brasil og Bolivia – venstreland, men akk, så ulike!

  1. Even seier:

    Som du skriver, er det utvilsomt store politiske forskjeller mellom Evo Morales» Bolivia og Dilma Rousseffs Brasil.

    Samtidig tror jeg at Brasil under PT har spilt en avgjørende rolle som buffer mellom USA og ALBA-landene. Lula tok Hugo Chavez i forsvar på et tidspunkt hvor USA forsøkte å isolere ham internasjonalt, og kalte ham for Venezuelas beste president på hundre år. Han aksepterte gassnasjonaliseringen i Bolivia selv om denne rammet brasilianske interesser. Brasil brøt med sin gamle rolle som latinamerikansk «subimperialist». Jeg tror at en uten et venstreorientert Brasil fort ville ha kunne fått flere statskupp og mer undergravingsvirksomhet rettet mot ALBA-landene.

    Men mye er endret de siste årene. Det var nylig en diplomatisk gnisning mellom Brasil og Venezuela. En kan spørre seg om dette er begynnelsen på økt distanse til et Venezuela som har betydelige interne vansker, og en noe svekket (om enn fortsatt sterk) stilling i regionen. På den annen side er det mange på brasiliansk høyreside som synes å oppriktig frykte en «venezuelanisering» av Brasil, antakelig delvis som et resultat av Dilma Rousseffs løfter om mediereform og politisk reform, som vil være helt nødvendig for å tvinge gjennom dypere endringer. Det er altså vanskelig å si om dette spill fra Dilma Rousseffs side for å kortsiktig dempe motsetninger i Brasil og å få tilstrekkelig parlamentarisk støtte til å gjennomføre nye, progressive reformer, eller et forsøk fra Brasil på å svekke båndene til ALBA-landene og i alle fall Venezuela og å bevege seg ytterligere bort fra PTs opprinnelige prosjekt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s