Gaza, NRK og journalistikken

https://ivarjordre.files.wordpress.com/2014/09/b8892-gaza14.jpgFoto frå: www.feedage.com

Som fredsaktivist i Palestina-Israel konflikta håpar eg folket i begge land finn kvarandre i sameint kulturell og politisk forståing, i næraste framtid. Men utviklinga går motsett veg. Undersøkingar tyder på at aldri før har avstanden mellom desse to folk vore større. Her meinar eg NRK må verte mykje flinkare til sette ljoset på bakgrunnen for dette, spesielt i Israel. Eit ultrakonservativt regime i lang tid og eit endå meir militarisert samfunn i endå lengre tid har brutalisert meiningar og haldningar hjå mange israelarar og deira politikarar.

Folket i Gaza vert av ultra-høgre israelske politikarar utan blygsel definert som terroristar. I denne konflikta kan dette illustrerast ved nokre brutale og umenneskelege døme: Den israelske parlamentarikaren Ayelet Shaked frå det ultra-nasjonalistiske Jewish Home party uttalar at palestinske mødre må drepast sidan dei føder «små slangar». Ho legg til at «dei er alle våre fiendar og deira blod burde vera på våre hender», til den israelske avisa Daily Sabah. Dette er det ein parlamentarikar som seier! Dette vert rekna for eit utsegn som oppmodar til folkemord. Ein rabbi er sitert på å ha sagt at «det er greitt å drepe palestinarar». Til tross for desse fascistiske haldningane er kontrastane store i Israel: Større protestar frå menneskerettsaktivistar går føre seg i Tel Aviv mot israelske militære overgrep i Gaza. Protestar går føre seg elles i verda også. Det er å håpe at dette aukar, og i den grad at sioniststaten skjønar at okkupasjonen lyt opphøyra og valdsbruken stanse. Men kor mange liv til går tapt før verdas politiske elite har vilje til å sanksjonera Israel for det dei gjer av brot på det meste av internasjonal folkerett?

Det store spørsmålet er altså om kor mange palestinske liv (sjølvsagt også israelske, eit liv er eit liv) som må drepast før verdssamfunnet reagerar. Med reagerar meinar eg sanksjonar mot regimet og akademisk/økonomisk boikott. Det er uforståeleg å sjå kor fort saksjonar Russland får i Ukraina-konflikta og kor stille verdspolitikarane går i dørene når det gjeld Israel. Slik var det lenge før apartheid-regimet i Sør-Afrika måtte gje seg også, men så «løysna» det, og no veit me kva omfattande boikott førte til. NRK skal sjølvsagt ikkje ta stilling til slikt, men sette ljoset på at denne sanksjonsvilja aukar blant vanlege jordbuarar og organisasjonar, ikkje minst i USA. Dette medvitet om at når verdas politiske elite ikkje vil reagera meir på apartheid-liknande åtgjerder frå israelske styresmakter si side, så må «me vanlege folk i verda» gjera noko, noko som på sikt monnar.

Når fleire i Kringkastingsrådet etter plenumsmøtet, torsdag 28. august, sa seg einige i at NRK kunne vore flinkare i å gje sine lydarar, lesarar og sjåarar meir bakgrunnsinformasjon og fleire analysar, er eg heilt einig, men ikkje på det etter mi meining veldig misvisande namnet «Med Israel for fred» (MIFF), sine premissar. Dei har etter det eg har forstått sendt opp mot 40 nærast likelydande og kopierte klager til NRK. Eg beklagar sterkt om Kringkastingsrådet har vorte for mykje påverka av dette, men håpar det ikkje. I motsetnad til dei som truleg helst vil at statskanalen bør utviske skilnaden mellom okkupert land og okkupant og reinvaske alt Israel gjer med «retten til å forsvare seg», så vil eg ha dette mykje meir belyst i NRK. Dette er mitt viktigaste ankepunkt mot NRK si generelle dekning av konflikta. Eg synes det er svært vanskeleg å klare denne framstillinga når ein veit kven som okkuperar og innestenger eit folk, og kven som er okkupert. Det hadde vore heilt uakseptabelt om nokon journalistar (ikkje-nazistiske) skulle ha hevda at dei, nazistane, skulle ha rett til å forsvare seg mot folk i Noreg, som var ein okkupert stat. Likheitspunkt kan truleg diskuterast, sjølv om den historiske kontekst er svært ulik, også i NRK-debatt. Diverre synes eg NRK si bruk av omgrep har mangel på historiske bakgrunnar og det er få reportasjar om endringar i oponionen i verda når det gjeld vilje til sanksjonar, i dekninga av konflikta. To positive opplevingar til slutt: Sissel Wold og Odd Karsten Tveit. Solide og gode journalistar som har bakgrunnskunnskap, set konflikta i samtida sitt ljos og eineståande evne til formidling.

 

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s