Israel – Ei historie av overgrep

Screen-Shot-2014-07-21-at-13-30-42No har krigføringa i Gaza heldt på i tre veker! Om lag kvart 2-4 år er helvetet laust på nytt. Israel bombar, skyt med artilleri frå sjøsida og sender sjokkgranatar inn i byane. Den siste veka har det israelske militære gått inn med bakkestyrkar. Ei kraftig eskalering av konflikta er i gang. Over 800 drepne og nærare 6000 skadde palestinarar, mange ungar og kvinner, er førebles resultatet av Israel sine åtak på Gaza. To israelske sivile er drepne og over 30 soldatar. Det som svar på Hamas sine rakettar, ifølge styresmaktene. Men dette er ikkje svar, dette er terrorisering, av eit heilt folk. Rakettane til Hamas er stort sett «heimelaga», men påstandar om innsmugla rakettar frå Libanon. Dei har ikkje tilgong på rakettar frå sørgrensa lenger etter at alle tunnelane dei kunne fraktast gjennom ved grensa til Egypt forlengst er øydelagde av militærregimet. Som oftast lagar ikkje desse sjølvlaga rakettar noko stor skade, men denne gongen rekk dei lenger inn i Israel enn før og skapar frykt som all våpenbruk gjer. Proporsjonane i det israelske militære sine reaksjonar er som vanleg i desse aksjonane. Dei angrip med slik kraft at ein skulle tru det var ei supermakt som gjekk til åtak på dei. Det er då også den største militærmakta i verda, USA, som mest har forsynt Israel med våpenarsenal av den mest moderne type sidan staten Israel vart oppretta i 1948. I den same perioden har palestinarane ikkje hatt nokon eigen stat og det som skulle vore deira land er stort sett okkupert og/eller kontrollert av Israel. Vestbreidda er ein «sveitsarost» med busettarkoloniar og økonomiske/tryggleikssonar i mellom det vesle som er att av palestinsk kontrollert land. Reine bantustan (omgrep for gettoar i Sør-Afrika)! Gaza er ikkje okkupert i teknisk forstand, men er kalla «verdas største fengsel» grunna den beinharde blokaden Israel utset dette miniområdet for.
Alt dette vil Vesten kalla likestilte partar i denne konflikta. At slik tilnærming til problemstillinga endå er gjeldande i 2014 er absurd! Ein høyrer alltid frå vestmaktene at no må begge partar tolma seg når spenningane på nytt aukar. No har det vorte ei palestinsk samlingsregjering dette året. Ikkje med direkte Hamas-politikarar, men med teknokratar saman med Fatah-folk. Dei håpa dei kunne samtale med israelarane, men NEI! Det hjelper ikkje kva palestinarane gjer i så måte. Israel vil ha okkupasjon, dei vil ha landområda i Palestina til eit ideologisk sionistisk Stor-Israel. Men vil folket i Israel dette? Mange vil ikkje det, dei vil ha fred, men uhorveleg mange bryr seg ikkje eller veit ikkje ei gong noko om grovheitene deira militære gjer ovanfor palestinarane.
Denne desperate situasjonen gjer at rakettar kjem inn i Israel no. Hamas vil late seg høyre, dei vil fortelje Israel at «me er her – føl oss». Sjølvsagt er ikkje dette måten å snakke med fienden på, men kva er att, tenkjer dei: «Ingenting, me har ikkje noko att å tape». Elles moderate palestinarar som trudde på dialog er blitt vantru og seier blokaden av Gaza har gått for langt, og at det er betre å verte drepen av bomber enn av langsam «kvelning». Trist, men slik er det!
Etter tre veker med israelsk bombing og Hamas-rakettar er det framleis ingen våpenkvile. Folket vil ha den harde blokaden av Gaza vekk, fritt til å handle med kven dei vil og fridom til å røre seg inn og ut av sitt eige område. Kven vil ikkje det? Men det vil ikkje okkupanten. Israel vil ha meir og meir av heile Palestina til sitt sionistiske Stor-Israel. I lengda går slikt sjølvsagt ikkje. Ingen klarar eller har klart å okkupera eit anna folk til «evig tid». Kanskje grev Israel seg endå meir inn i hjørnet av isolasjon. Ja, for det har auka dei siste åra og boikott, både økonomisk og akademisk, gjer seg meir og meir gjeldande frå verdssamfunnet si side. Slik apartheidstaten Sør-Afrika vart pressa til endringar gjennom sanksjonar må apartheidstaten Israel pressast til det same!
toronto 2Røde Kors og Amnesty International kritiserar Israel for åtak på helsepersonell og sivilarbeidarar. To sjukehus har vorte bomba og ved Al-Aqsa-sjukehuset vart minst 5 pasientar drepne. Den store skilnaden mellom Gaza-krigen i 2009 og no er at alle sivile er potensielle målskiver for israelske åtak, seier den norskpalestinske legen Mohamed Abo Arab, som er i Shifa-sjukehuset for tida. Skal ein tru kjelder i Det gamle testamente med historiske hendingar som også er stadfesta av m.a. samtidige egyptiske skrifter, så liknar dagens måte å innta Gaza veldig på åtaka på byane Jeriko og Ai, fortalt i Josva si bok. Her for israelittane brutalt fram og skåna ingen når dei inntok desse byane. Samanlikninga er sjølvsagt ikkje lik, men er av historisk interesse i denne regionen i den forstand at dette er «historisk» tankegods som dagens sionistar ser til. Dette har historia tidvis mange døme på. Men når det er sagt så er det internasjonale traktatar som Geneve-konvensjonen det internasjonale samfunnet lyt måle Israel sine handlingar opp mot. Og ikkje gamle forteljingar i ei gamal religiøs bok.
Folket i Gaza vert av ultra-høgre israelske politikarar utan blygsel definert som terroristar. I denne konflikta kan dette illustrerast ved nokre brutale og umenneskelege døme: Den israelske parlamentarikaren Ayelet Shaked frå det ultra-nasjonalistiske Jewish Home party uttalar at palestinske mødre må drepast sidan dei føder «små slangar». Ho legg til at «dei er alle våre fiendar og deira blod burde vera på våre hender», til den israelske avisa Daily Sabah. Dette er det ein parlamentarikar som seier! Dette vert rekna for eit utsagn som oppmodar til folkemord. Ein rabbi er sitert på å ha sagt at «det er greitt å drepe palestinarar». Til tross for desse fascistiske haldningane er kontrastane store i Israel: Større protestar frå menneskerettsaktivistar går føre seg i Tel Aviv mot israelske militære overgrep i Gaza. Protestar går føre seg elles i verda også. Det er å håpe at dette aukar, og i den grad at sioniststaten skjønar at okkupasjonen lyt opphøyre og valdsbruken stanse. Men kor mange liv til går tapt før verdas politiske elite har vilje til å sanksjonera Israel for det dei gjer av brot på det meste av internasjonal folkerett?

Palestinere drept på Vestbredden

Det oppstod fredag kraftige samanstøytar mellom palestinske demonstrantar og israelske soldatar i Ramallah på Vestbreidda. Minst ein demonstrant skal ha blitt drepen og fleire såra, ifølgje ein palestinsk dokter.Minst to palestinere ble torsdag kveld skutt og drept av israelske soldater i en stor demonstrasjon mot Gaza-offensiven på den okkuperte Vestbredden.

10.000 palestinere støtte sammen med grensesoldater i Qalandia, mellom Ramallah og Jerusalem, der den viktigste grenseovergangen mellom Øst-Jerusalem og resten av Vestbredden er, ifølge BBC.

Det ble først meldt at tre mennesker var drept, men tallet ble senere nedjustert av sykehuskilder. De drepte var 19 og 27 år gamle, ifølge nyhetsbyrået Ma’an News Agency.

Største på mange år

Ytterligere rundt 200 mennesker ble såret, mange av dem av kuler fra automatgevær.

Sammenstøtene skjedde etter at deltakere i en protestdemonstrasjon i Ramallah marsjerte de få kilometerne til grensa til Jerusalem.

Demonstrasjonen så ut til å ha vært den største i Palestina siden intifadaen fra 2000 til 2005. Det var protester også i Jerusalem torsdag.

Stum om bruk av ekte kuler

– Det er tusener av demonstranter der, sa en talskvinne for den israelske hæren og fortalte at demonstrantene rullet brennende bildekk mot soldatene og kastet fyrverkeri og bensinbomber.

Hun sa også at soldatene svarte på demonstrasjonen med «vanlige metoder mot opptøyer», et begrep som innebærer at det brukes såkalt ikke-dødelige våpen som gummikuler og tåregass.

Hun ville ikke kommentere meldingene om ekte kuler.

(NTB, 25.07.14)

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Our global world, Politic&Society og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s