Israel – Ei folkerettsstridig okkupasjonsmakt

https://i1.wp.com/www.exeterpsc.org.uk/images_2011/shrinking_pal.jpgIll. frå: shopitoff.co.uk

Endå ei gong smell det i Gaza! Om lag kvart 2-4 år er helvetet laust på nytt. Israel bombar, skyt med artilleri frå sjøsida og sender sjokkgranatar inn i byane. Det som svar på Hamas sine rakettar, ifølge styresmaktene. Men dette er ikkje svar, dette er terrorisering, av eit heilt folk. Rakettane til Hamas er «heimelaga». Dei har ikkje tilgong på rakettar utafrå lenger. Alle tunnelane dei kunne fraktast gjennom i sør ved grensa til Egypt er forlengst øydelagde av militærregimet. Som oftast lagar ikkje desse sjølvlaga rakettar noko stor skade, men dei skapar frykt som all våpenbruk gjer. Proporsjonane i det israelske militære sine reaksjonar er heller ikkje noko nytt. Dei angrip som vanleg med slik kraft at ein skulle tru det var ei supermakt som gjekk til åtak på dei. Det er då også den største militærmakta i verda, USA, som mest har forsynt Israel med våpenarsenal av den mest moderne type sidan staten Israel vart oppretta i 1948. I den same perioden har palestinarane ikkje hatt nokon eigen stat og det som skulle vore deira land er stort sett okkupert og/eller kontrollert av Israel. Vestbreidda er ein «sveitsarost» med busettarkoloniar og økonomiske/tryggleikssonar i mellom det vesle som er att av palestinsk kontrollert land. Reine bantustan (omgrep for gettoar i Sør-Afrika)! Gaza er ikkje okkupert i teknisk forstand, men er kalla «verdas største fengsel» grunna den beinharde blokaden Israel utset dette miniområdet for.

Ill. frå: thepeoplesvoice.org

 
Alt dette vil Vesten kalla likestilte partar i denne konflikta. At slik tilnærming til problemstillinga endå er gjeldande i 2014 er absurd! Ein høyrer alltid frå vestmaktene at no må begge partar tolma seg når spenningane på nytt aukar. No har det vorte ei palestinsk samlingsregjering dette året. Ikkje med direkte Hamas-politikarar, men med teknokratar saman med Fatah-folk. Dei håpa dei kunne samtale med israelarane, men NEI! Det hjelper ikkje kva palestinarane gjer i så måte. Israel vil ha okkupasjon, dei vil ha landområda i Palestina til eit ideologisk sionistisk Stor-Israel. Men vil folket i Israel dette? Mange vil ikkje det, dei vil ha fred, men uhorveleg mange bryr seg ikkje eller veit ikkje ei gong noko om grovheitene deira militære gjer ovanfor palestinarane.
Denne desperate situasjonen gjer at rakettar kjem inn i Israel no. Hamas vil late seg høyre, dei vil fortelje Israel at «me er her – føl oss». Sjølvsagt er ikkje dette måten å snakke med fienden på, men kva er att, tenkjer dei: «Ingenting, me har ikkje noko att å tape». Trist, men slik er det!
Over 250 drepne og nærare 2000 skadde palestinarar, mange ungar og kvinner, er førebles resultatet av Israel sine åtak på Gaza. En israelar er drepen. Etter 9 dagar med israelsk bombing og Hamas-rakettar er ei lita våpenkvile der, men kor lenge varer ho? Folket vil ha den harde blokaden av Gaza vekk, fritt til å handle med kven dei vil og fridom til å røre seg inn og ut av sitt eige område. Kven vil ikkje det? Men det vil ikkje okkupanten. Israel vil ha status quo slik at dei kan ete meir og meir av heile Palestina med sin grådige sionistiske kjeft. I lengda går slikt sjølvsagt ikkje. Ingen klarar eller har klart å okkupera eit anna folk til «evig tid». Kanskje grev Israel seg endå meir inn i hjørnet av isolasjon. Ja, for det har auka dei siste åra og boikott, både økonomisk og akademisk, gjer seg meir og meir gjeldande frå verdssamfunnet si side. Slik apartheidstaten Sør-Afrika vart pressa til endringar gjennom sanksjonar må apartheidstaten Israel pressast til det same!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s