I anthropocenane sine dagar

Mexico City, oversiktsbilete av luftforureining frå Los Alamos National Laboratory si nettside. Foto: Nancy Marley, Argonne National Laboratory.
Svolt og fattigdom er noko denne planeten har nok av. Ifølge FN døyr 17 000 barn av svolt kvar einaste dag. I 2001 hadde 1,1 milliardar menneske mindre enn 1 dollar og 2,7 milliardar menneske mindre enn 2 dollar å leva for om dage, ifølge Verdsbanken. Denne banken er sjølv med på å halde den enorme ulikskapen oppe. Samstundes er sløsing med ressursar ein valdsam kontrast til dette. Produksjonskjeder i dag er lineære og mesteparten av ressursane me brukar endar som avfall i staden for å resirkulerast. Målet i systemet er sjølvsagt maksimal profitt – og ikkje varigheit eller bærekraft.
Heller ikkje, ikkje-fornybar energi er i ferd med å dramatisk endre seg. Verda er framleis lenge avhengig av fossile energikjelder. I 2010 STEIG ENERGIFORBRUKET MED 5 PROSENT. Dersom dagens forbruk tømmer ei ressurs på 100år, vil forbruk med 5 prosent årleg vekst gjera det på 36 år (exponential growth).
Grunna mykje urettferd er verda sosial ustabil. Forsking basert på FN-data tyder på at større grad av relativ økonomisk ulikheit fører til større grad av sosiale og helsemessige problem (www.equalitytrust.org). I eit samfunn der knappheit legg premissane for menneska sine handlingar, vil ein alltid ha krig og kriminalitet. Knappheita i vårt samfunn skapast av trongen for økonomisk lønsemd, ikkje av ressursmangel. Når krig ikkje lenger skapar profitt, forureining ikkje løner seg og å hjelpe menneske ikkje kostar pengar, først då vil me sjå verkeleg endring (www.thezeitgeistmovement.com).
Anthropocene er ein uformell kronologisk geologisk term som markerar prov på eit slikt omfang av menneskeleg aktivitet at det har global påverknad på Jorda sine økosystem. Dette omgrepet vart skapt i 1980-åra av økologen Eugene F. Stoermer, men enno ikkje offisiell term. Slik som skreve over har me det altså i det eg kallar anthropocenane sine dagar. Vil me nokon gong kome ut av denne tilstanden, eller vert me berre sjølvskapt geologisk sediment?

https://i0.wp.com/d3ewq692yqs4gl.cloudfront.net/wp-content/gallery/anthropocene/anthropocene-005-jason-decaires-taylor-sculpture.jpg

Anthropocene, undervasskulptur, Jason deCaires Taylor.

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Klima, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.