Dei fattige betalar VM i Brasil

seppblatter FIFA corruption: Joao Havelange named in kickbacks scheme

VM i fotball i Brasil vert eit blanda opplegg. Folk i Brasil synes det er moro med fotball, men det er eit utruleg dyrt VM. Dei fattige betalar rekninga ved å framleis ikkje få dei samfunnsgoder dei har krav på. Våre styresmakter brukar enorme summar på VM i fotball og me har ingenting, seier folk i Rio de Janeiro. Den fotballinteresserte 11-åringen, Micon Lucas i det fattige området Salgueiro i Rio seier det slik: Eg synes det er ei skam, sjukehus manglar senger og viktige medisinar, ofte er det ingen til å ta imot dei sjuke som kjem og enkelte vert langt inn på eit rom og overlatne til seg sjølve. Korleis kan me då ha råd til eit slikt dyrt meistarskap, spør han. Det er ikkje berre dei fattige i Brasil som meinar dette. Ein ny måling frå forskingsinstituttet Ibopi viser at eit fleirtal av brasilianarane meiner at pengane burde vore brukt på dei veldige utfordringane landet har med trongen for betre utdanning, infrastruktur og helsevesen.

Det er noko grunnleggande gale måten VM vert arrangert på seier Christopher Gaffney frå USA, ein av dei mest kjente kritikarane av fotballføderasjonen FIFA. Dette er ein forretningsmodell som går ut på utsuging av arrangørlandet. Land som Brasil, Sør-Afrika og Russland, har ein lite utvikla infrastruktur og dei godtek at FIFA får bestemme fordi VM gjev mykje pengar og verksamheit, men dei anlegga som vert bygde gjev i første omgang inntekter for landet sin elite og utløyser mykje korrupsjon og har liten verdi for folk flest etter meistarskapen. Pengebruken til dette VM er heilt ekstrem, seier Gaffney. Sju av dei 12 stadionanlegga er blant dei 10 dyraste i verda målt per tilskodarplassar. Det har vore ein firedobling i kostnadane til stadionanlegga sidan dei første budsjetta vart laga. Det har vore ei enorm utgiftsauke for flyplassprosjekter, vegar osb. Og når ein veit at byggebransjen i Brasil er kontrollert av få store selskap med svært gode politiske kontaktar så er det all grunn til å tru at det har vore ein omfattande korrupsjon, seier FIFA-kritikaren.

Brasilianske fotballtilhengjarar er kjent for sin kjærleik til fotballen, men under dette VM er det svært få av vanlege folk som har råd til dei ekstremt dyre billettane, og moderniseringa av stadionanlegga har ført til at også nasjonale kampar har vorte dyrare, som på den verdskjente Maracanà-stadion i Rio der billettprisen er tidobla etter at anlegget vart pussa opp. Gaffney meiner dette viser kor lite FIFA forstår eller bryr seg om den brasilianske fotballkulturen. I staden let dei eliten gjere Maracanà om til eit kjøpesenter, der vanlege folk ikkje har råd til å ga, verken før, under eller etter fotball-VM. Dette er det sørgjelegaste ved det heile og viser at FIFA-modellen har gått ut på dato, og må erstattast av noko heilt anna, avsluttar Gaffney til NRK.

FIFA-modellen har for lenge sidan gått ut på dato – i likskap med kapitalismen sin dato. Slike døme meinar mange er råkapitalismen på sitt grovaste. Det er ikkje rart at Brasilianarane er skikkeleg forbanna på FIFA og sin eigne styresmakter, som har kokt i saman denne profittsuppa, berre med tanke på pengar og ikkje på folk. Store protestar gjekk føre seg under prøve-VM i fjor der millionar gjekk ut i gatene. Kan ein vente seg det same i år?

Fifa Corruption

Photo: memecenter

Gje FIFA raudt kort, krev utviklingspolitisk avdeling i Kirkens Nødhjelp (KN), no når fotball-VM i Brasil er i gong. Ein fotballfest med mange klåre baksider, meinar dei. Store sponsorar får omfattande skattefritak frå FIFA, t.d. McDonalds, Budweiser og Cola-selskapet. Dei 1,5 milliardar som dette gjeld meiner KN må betalast attende til Brasil som treng dette sårt, og på lang sikt må FIFA rydde opp i eigne skattereglar. Organisasjonen kallar FIFA eit omreisande skatteparadis. Og eg kan legge til: ein omfattande korrupsjonsleverandør! Her kan nemnast at det truleg har vore gove meir enn 30 millionar kroner i muter til FIFA for å få nok stemmer til å få tildelt fotball-VM i 2022. Når den norske fotballpresident Yngve Hallén som sit i FIFA sin etiske komité, prøver å bortforklåre denne problemstillinga, verkar det litt komisk. Han argumenterar med at Brasil ikkje er påtvinga meistarskapen, men søkte og konkurrerte med andre søkjarar. Han svarar og veldig uklårt på problemet rundt skatt, men meinar dette skapar mykje negativt rundt organisasjonen og vil diskutera det under FIFA-kongressen under fotball-VM. Han kan likevel ikkje love noko rask løysing. Nei, skulle meine det, ingen vilje til raske reformar der i garden! 160 milliardar dollar frå land i sør vert årleg gøymt i skatteparadis, ti gonger den samla bistanden. Under VM i Sør-Afrika i 2010, gjekk FIFA med overskot, Sør-Afrika fekk underskot, det same gjekk føre seg i London under OL. Eit slikt eliteregime er til for storkapitalen og ikkje for sporten eller noko som helst anna. Den som ikkje forstår det, inkludert fotballpresidenten – ja, han eller ho – må stå!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Latin-Amerika, Our global world, Politic&Society og merkt , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s