Venezuela, Ukraina og vestleg dobbelmoral

maduro_march

President Nicolas Maduro talar til studentar under ei mønstring 22. mars. Han inviterte der endå ei gong til dialog med opposisjonen, noko dei heile tida har avvist. (foto: EFE)

Destabilisering, splitting og rasering av statar er noko av essensen i imperialismen både før og no. Metodane er kjende, samarbeidspartnarane obskure og resultata katastrofale. Viser USAs og vestleg dobbelmoral på nytt alvoret i kapitalismen si krise og ny-liberalismen sin ekspansjonstrong?

Både Venezuela og Ukraina har vore mykje i verda sitt søkeljos i det siste. Med sine historiske, politiske og geo-politiske ulikskapar, har dei også noko til felles. Dominanslyst utanfrå.

Det er symptomatisk at når det oppstår dramatikk i form av ulike protestar i eit land, så er forteljinga ofte einsidig, basert på lite djupgåande analysar. Forsking viser at økonomisk-politisk ståstad påverkar framstillingane i media. I Latin-Amerika har ny-liberalismen sidan 1980-talet vore ramma for å forstå utviklinga. Når endringsprosessar vekk frå den nyliberale modellen byrja i fleire land på 2000-talet, vart det privateigde media verande i ny-liberalismen.

Eitkvart forsøk på endring av dogmet det individuelle over det kollektive, eliten framfor dei fattige, forrangen av marknaden over politikken og konsumenten over borgaren, vert svart med harde klager om maktmisbruk utført av dei nye demokratisk valde regjeringar. Forsøk på sosiale endringar og iverksetting av helse- utdannings- og fordelingsprogram vert møtt med eliten og den høgare middelklassen sin propaganda. Protestar med valdeleg innhald vert neste steg, ofte med økonomisk hjelp frå utlandet (les USA). Denne hetsen mot endringsforsøka vert formidla vidare av dei store globale media konserna.

Ny-liberalismen og demokratiet

Det som for tida hender i Venezuela er av dei beste døma på denne form av forsøk på destabilisering av eit land. Attende til det tidlegare marknadsstyrte tyranniet lurer i bakgrunnen. Ny-liberalismen brukar det formelle demokratiet til pynt på kostnad av reell demokratisk deltaking og sosio-økonomisk fordeling. Mange kritiske samfunnsforskarar og aktørar som Noam Chomsky har skulda USA opp gjennom tida for å vilje destabilisera og fragmentera mange nasjonar som t.d. Chile, Jugoslavia, i samsvar med ny-liberalismen sitt driv til å svekke styresmakter og nasjonalstat. I tilfelle som no i Ukraina (der verken den førre regjeringa eller den nye har nok legitimitet i folket) støttar Washington m.a. det ekstremhøgre Svoboda-partiet som var med på å styrte den korrupte regjeringa til Yanukovych. Poenget er at vesten med si pengestøtte til ekstreme nasjonalistiske grupper i lengre tid er med på å undergrave demokratiet og folket si eigen rolle i å få endring.

Denne analysa om USA og vesten sin politikk er kanskje endå meir anvendeleg i høve Venezuela. Men det er fleire viktige faktorar som gjer det mindre sannsynleg med regimeskifte i Venezuela: Regjeringspartiet PSUV har ein valoppslutning på omlag 54 prosent frå siste kommuneval i desember. Dei har solid støtte i militæret, også offiserane. Og ikkje minst har Venezuela sikker støtte frå eit eina Latin-Amerika, noko landa i regionen har uttalt også under desse siste hendingar.

Leiar ved Senter for internasjonal og strategisk analyse (SISA) Helge Lurås, skriv på NRK ytring, 7. mars at vesten er hyklersk i si innblanding i Ukraina. Vesten sine stormakter med USA i spissen har sjølv gong på gong gått ut over FN- charteret på ikkje-innblanding og brote folkeretten i andre statar. Ein kan ramse opp kuppa mot Arbenz-regjeringa i Guatemala i 1954, mot Sukarno i Indonesia i 1965, mot Allende i Chile i 1973 og vår tids invasjonar og krigar i Serbia 1999, Irak 2003 og Libya 2011, som lite heroiske. Når vesten har gjort dette mange gonger, kan «me gjera det og», tenkjer vel Putin.

Om Ukraina vart fullt ut integrert i EU og NATO (slik vesten har forsøkt lenge) ville det ha vorte Moskva sitt truleg verste mareritt. Den gamle tanken om å verte «innestengd» av vesten kjem fram att i Russland. Historikarar har kalla det frykta for å verte «innlandskjempa» utan tilgang til havet. Berre denne argumentasjonen er nok til å få ta kontroll over Krim-halvøya når nasjonalistane i Kiev og vesten trugar. Det er få «centimeter» mellom suksess og katastrofe i vestleg ny-imperialisme, både i russisk domeneområde og i Latin-Amerika sitt for endringar til sosialisme i det 21. århundre. Resultata av ein inkluderande grunnlov frå 1999, nasjonalisering av ikkje minst dei store oljeressursane og storstilte prosjekt innan blant anna helse og utdanning, kalla Missiones, har redusert fattigdommen drastisk. Dette er dei viktige berebjelkane i desse endringane mot eit meir likt og rettferdig Venezuela, der menneska er i sentrum og ikkje kapitalen, og utan innblanding utanfrå!

..også publisert på http://radikalportal.no

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Latin-Amerika, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Venezuela, Ukraina og vestleg dobbelmoral

  1. Arne Heli seier:

    Interessant innlegg. Politikk er å ville heter det jo. Og mange land, med Brasils Lula i spissen har klart å gjøre noe med den ekstreme fattigdommen. I de fire første årene til Lula ble den ekstreme fattigdommen i Brasil senket med 25%. Egentlig burde jo alle kapitalister glede seg: folk fikk jo bedre råd til å kjøpe varene deres.

  2. ivarjordre seier:

    Takk for svar. Ja, det er å håpe at folket sin vilje vert politikken i åra framover, og ikkje eliten sin. Når det gjeld Brasil så er det diverre slik no at etter den litt lovande starten har ikkje styresmaktene følgd opp og jordreformar, utjamning og kapitalkontroll har heilt stogga opp og eliten og ny-eliten i PT (Partido dos Trabalhadores) til Delma Rousseff, har heller gått andre vegen til meir privilegiar og korrupsjon enn til reformar og fordeling. Noko dei etter mange si meining bør sjå til Venezuela, Ecuador og Bolivia for å finne modellar til. Utviklinga i dei landa til tross, kapitalistar generelt i L-A treng truleg ikkje uroe seg nemneverdig for tapte privilegiar, enn så lenge.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s