Korrupsjonen kling sløvt i kapitalismen sine ustemte klokker

Korrupsjon_SCANPIX0511251127Foto: Scanpix

Ein kan trygt sei at kapitalisme, profitt og korrupsjon, heng saman. Antan det gjeld land som Russland, Kina, USA, eller vesle Noreg, så er profittmaksimeringa og veksttvangen avhengig i mange høve av best moglege kontraktar og marknadstilgonger i beinhard global konkurranse. Milliardar på milliardar går med årleg i dette globale spelet. No i det siste har ein av «gigantane» i norsk statskapitalisme, YARA, vorte teken med korrupsjonsbuksene sine nede. Og då meiner eg skikkeleg langt nede!

Verdas største gjødningsseljande selskap måtte innrøme dommen frå økokrim på bestikking (muter) av over 70 millionar kroner i perioden 2004-2009, i tre land: India, Russland og Libya. Yara har gjenge med på å betale 295 millionar kroner i bøter. Om Yara har hatt korrupsjonstentaklane sine i endå fleire land gjev ikkje økokrim si etterforsking noko svar på. Allereie i 2011 vart økokrim informert om korrupsjonsmistankar i høve etableringstriksing i Libya i 2008.

Det er ikkje noko nytt at norske selskap har vore involvert i grov korrupsjon. Statoil fekk sine «oljetønner» korrumperte i ein høgst tvilsam oljeavtale i Iran i 2002/3. I korrupsjonssaka kjent som Rafsanjani-Statoil, vart muter betalt til eit iransk konsulentfirma, Horton Investments, for deira tenester i å få lukrative oljekontrakter i landet. Selskapet var eigd av Mehdi Hashemi Rafsanjani, son til tidlegare president Hashemi Rafsanjani. Horton Investments vart betalt omlag 93 millionar kroner for å påverke høgtståande iranske politikarar. Statoil vart i 2004 dømt av norsk rett til å betale 20 millionar i bøter. Det har vore til tider sterke indisiar på Statoil-korrupsjon også i andre land, m.a. i Angola, Azerbaijan og Kazakhstan, men lite etterforsking og ingen rettsaker er prøvd på dette enno.

Den norske offisielle myta om eit korrupsjonsfritt Noreg innpakka i glansa papir har, på 2000-talet og fram til no med Yara, truleg vorte utpakka for godt. Men kapitalen snor seg vidare og korrupsjonjegarane har meir enn nok med å følje med!

Kjelder: Wikipedia, http://www.news.com.au/

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s