Julegåva til verdas folk! (Ei altfor alvorleg julesoge)

bush_obama_imperialism-they-live
Foto frå: http://howthehellshouldiknow-wallyworld.blogspot.no/

Få imperialistane til å slutte med dronene sine! Men ”imperialistnissen” i Washington har ikkje slike planar, det har heller ikkje ”trollfolket” hans. Nei, dei skal vera der med «dødens fuglar» til dei har fenge skote ned dei dei vil ha skote ned. Det er ikkje berre sine «fiendar» dei skyt ned til blodet renn ut over, men dei som uheldig kjem i vegen for dei også, som i Jemen og Pakistan.
Det er berre ein ting dei ikkje har tenkt på: ”Skrekk og gru, det går kanskje ikkje”! Dei har ikkje tenkt på det at, i motsetnad til i eventyret der musene dansar på bordet når katten er borte, så dansar terror-musene på bordet MENS katten er til stades. Og ikkje nok med at dei dansar, men dei dansar i så ville kast og skyt slik på katten (el. kattane), at han (dei) veit ikkje kvar å gjere av seg, som i Afghanistan.

Problemet er ikkje lite heller, og korleis i all verda skal ein løyse det, tenkjer………. ”imperialistnissen”. Difor prøver han å få med seg andre på ei aksept, nemleg ei aksept på å sende endå fleire droner (kattar) til kampen. Men det er få som er viljuge til det. Berre nokre av dei mest ihuga kattevenene er einige. Men, er det ikkje full støtte så får me gjere alt sjølve, tenkjer ”imperialistnissen”, ser seg rundt og sender endå fleire «fuglar» av garde.
Heller ikkje heime er amerikattane like blide på han lenger, så han prøver å kjøpe seg avlat hjå dei. Ved m.a. å gje dei ny heleforsikring og meir pengar til helse, mens rike amerikattar har fenge før så det monnar, og berre vorte rikare enn rikast. Likevel hjelper det ikkje på oppslutninga, og ”imperialistnissen” har den lågaste oppslutnad nokon gong. Det er då eit samla og stort kor ropar ut: Dreg deg attende imperialistkatt Obama (han med fredsprisen du veit), og ta klørne med deg!

Ivar (ikkje kattehatar til vanleg)

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Politikk, samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s