Filippinane!

Tyfonen Haiyan, fredag 8. nov. 2013, Filippinane
Tyfonen Haiyan kjem fredag 8. november inn over Filippinene. Foto: NOAA

Republikken Filippinane som er ein øynasjon i nord-vestre del av Stillehavet, har over 7000 øyar omlag 100 km søraust for det asiatiske fastlandet. Når den sterkaste tyfon (Haiyan) nokon gong registrert rasar inn over dette landet med alle desse øyane er det ikkje rart ved første augnekast at hjelp ikkje kjem fram fort. Men når det er sagt: Har ikkje verdssamfnnet lært etter store naturkatastrofer som sunamien i Sør-Aust Asia i 2004, jordskjelvet på Haiti i 2010 og sunamien i Japan i 2011? Nei, diverre har ein ikkje det! Det er rigtignok kome på plass eit såkalla katastrofefond, men ikkje ein internasjonal katastrofestyrke som kan handle raskt. Korleis går så dette redningsarbeidet? Først kom hjelpesendingar til Cebo og Manilla, vart verande der, men har no kome ti Tacloban, men problemet er å få det ut til landsbyar og øyar rundt. Endeleg har også skip kome direkte til Tacloban i provinsen Leyte for lossing. Helikopter må brukast, men det er ikkje nok av dei. I augeblıkket vert det sagt at 1 million er heimlause og 2-3000 er drepne, men er veldig usikre tal og vil truleg stige ein del. Tala vert oppjustert og nedjustert heile tida. Ei tid vart det sagt 10-12000, no er det karsftig nedjustert, men sanninga er kanskje at ingen veit og kanskje aldri vil få vite det. Politiske motiv for høge tal kan det også vera tilstades frå t.d. styresmaktene. Alt har gjenge gale når det gjeld tidsaspektet, og det innrømer FN også. Styresamaktene på Filippinene har fenge sterk kritikk for reakjonen på denne mest enorme tyfon i landet si historie og den kraftigaste registret i det heile teke.

Filippinane var eit av dei høgast utvikla landa i Asia, men har sidan gått attende grunna manglande økonomisk vekst, ulike regjeringars konfiskering av eigendom, feilslåtte forsøk på politiske reformar og svært utbreidt korrupsjon. Landet har no ein moderat økonomisk vekst, som kjem først og fremst frå pengar sendt til landet av filippinske emigrantar, ein teknologisk industri i vekst, og billeg arbeidskraft i andre sektorar som gjer landet attraktivt for produksjonsbedrifter. Med andre ord har nyliberalismen for lengst kome inn.
Styresmaktene på Filippinene har i periodar gjort alvorlege brot på menneskerettane, som politiske drap, kidnappingar, tortur, trakasseringar, tvangsflytting, osb. Drap på opposisjonelle var det svært mykje av under president Gloria Macapagal Arroyo. Dette hender, også framleis, under dekke av å skulle kjempe mot terror, og er forsøk på å knuse kommunistgeriljaen. Filippinene er ein viktig alliert av USA i deira sosio-politiske prosjekt i Asia. Filippinane står også framfor store miljøproblem grunna uttynning av regnskogen og forureining i havet og langs kystlina. Mykje av dette skuldast at store multinasjonale selskap har så godt som frie tøylar med nesten ingen reguleringar.

På toppen av dette kjem altså nok ein naturkatastrofe, den værste, og landet sin utålelege skjeive fordeling gjer at dei fattigaste nok ei gong tek børa. Den globale oppvarminga gjer noko med verda og Filippinane får verkeleg smake det. President Benigno Aquino har mykje å gjere for tida, men også mykje å svara for. Eit slikt korrupt system og skjeivfordeling av godane er nok eit døme på korleis det går med taparane i den globale kapitalismen. Og dei vert det fleire av!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Environment, Politikk, samfunn og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s