Latin-Amerika og endringsprosessane

chavezandbaby, 2008
Tidlegare president Hugo Chavez syngande på eit folkemøte i El Poliedro, Venezuela, nov. 2008.
Foto frå: http://ihearu.org/where/venezuela/

Som vanleg set ikkje «mainstreem media» søkeljos på alternative økonomiske modellar. Heller ikkje i dei økonomiske krisetider me er inne i og har vore i sidan 2008 (og lenge før i ulike krisesyklusar). Utfordring må til…og her kjem det: Sjå på dei økonomiske og politiske alternativ i Latin-Amerika! Ecuador, Bolivia og Venezuela, og det etterkvart kjende omgrepet «den bolivarianske revolusjon». Alle desse landa (også Nicaragua) styrer økonomien nasjonalt og regulerar marknaden. Når propagandaen i vest går mot dette, heiter det ofte at no går det mot det glade vanvit og diktatur. Ein vil då gjerne gløyme at dette er valte sosialistiske demokrati som vil ha eit alternativ til kapitalismen. Etter mandat frå folket!

Når det gjeld økonomisk styring er det akkurat det som hendte i vesten etter «bobla» sprakk i 2008. Då skreik finansfolk og utspekulerte spekulantar om seg på statleg hjelp. Men ikkje før det byrja ga til helvete med dei sjølve. Det er den store skildnaden på våre liberale og konservative land i høve til dei venstreretta i Latin-Amerika. Mens dei har valgt ein alternativ kurs til nyliberalismen, håpar ein i «vest» at denne krisa berre var eit symtom og vil ga over, slik at «business as usual» kan ga føre seg på nytt. Men, det har det altså ikkje gjort! Millionar på millionar av europearar har mista hus og arbeid, ny-fattigdomen råkar hundretusenvis (der sør-europearar er absolutt hardast råka, men nord merkar det også). Makta og finanseliten strammar sine hender og fortel folket at dette må me tåle. «Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv». Kven sa dette..?

Er det ikkje på tide å lære litt av dette? Det er no folk kan stå opp mot dette marknadsdominerte diktatsystemet og kreve endring. Endring til eit system som set folk sine behov først, der eit deltakande demokrati (og ikkje berre val kvart 4-5 år) er med på å styrke oss vanlege menneske sin deltaking i samfunnet. Jakta på stadig meir profitt gjev eit kaldt samfunn, det merkast, no er det på høg tid med kurs mot ei ny framtid. Skal me få til dette kan me lære mykje av det som hender med dei nye økonomiane i Latin-Amerika.

Kvifor lukkast så nokon land i Latin-Amerika andre ikkje? Ville Salvador Allende fått halde makta om han vart valt i dag? Og det me ser i Sør-Amerika i dag av venstreorienterte demokratiar og vegen mot sosialisme, er det noko me kunne ha sett i Chile på byrjinga av 1970-talet, om Allende sine prosessar fekk halde fram? Truleg JA! Men USA og militærdiktaturet sette ein tragisk stoppar for det.

I år er det 40 år sidan statskuppet mot Allende i Chile som sjokkerte og engasjerte ei hel verd. MEN, det er ikkje dei siste døma på brutale overgrep på demokratisk valte system og leiarar. Også gjennom dei siste tre tiåra har me sett mange kupp (t.d. Grenada i 1983, påskekuppet mot Hugo Chavez i 2002, som mislukkast), dei siste er avsettingane av dei folkevalte presidentane i Honduras i 2009 (Manuel Zelaya) og Paraguay i 2012 (Fernando Lugo vart ukonstitusjonelt avsett, venstrestyret kom i 2008). Det er framleis tydelege krefter som motarbeidar demokratiet og endringsprosessar.

Likevel er det nokon land som lukkast i å drive ein fordelingspolitikk som ville vore utenkeleg for 30-40 år sidan, i militærdiktatura sine «drapsdagar». Land som Venezuela, Ecuador, Argentina, Bolivia, Uruguay og Brasil er alle styrt av sentrum-venstre regjeringar, og dei har i mindre eller større grad teke eit oppgjer med ei historie av ekstreme ulikssamfunn der dei rike elitane i siste instans hadde all makt. Alternativa til ny-liberalismen i Latin-Amerika er styrka og samanvevd i kvarandre meir enn nokon gong, og USA er «nesten» utanfor det latin-amerikanske gjerdet.
Europa og USA er i kapitalismen si økonomiske gjørme, der elitane rår. I Latin-Amerika rår optimisme!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Latin-Amerika, Politikk, samfunn og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s