Fare – sexkjøpslova er truga av høgrekreftene!

Til salgs, Mariana, 15 år-plakat
Foto frå: pantagruel.no/bok/til-salgs

Stortingsvalet 2013 er i emning. Visse ting i det borgarlege Noreg vert om lag det same anten den eine eller andre av «blokkene» vinn valet, mens noko kan endre seg dramatisk: Om høgresida vinn så vil Høgre, Venstre og Frp avskaffe sexkjøpslova. Krf vil ha lova og fekk ho gjennom saman med dei raud-grøne. Kva så om ho vert avskaffa vil kanskje nokon seie. Det er då ein lyt stoppa opp litt og sjå på kva den norske sexkjøpslova er for noko og korleis ho har virka.

Sexkjøpslova vart innført i 2009 for å motverke menneskjehandel og prostitusjon. Frå og med det året vart det kriminelt å kjøpe seksuelle tenester i Norge. Dette gjeld også i utlandet for norske statsborgarar og personar heimehøyrande i Noreg. Straffa for å kjøpe sex kan vere bøter eller fengsel på inntil seks månadar, i nokre tilfelle fengsel i opptil eitt år. Før lova vart innført var det ikkje mogeleg å straffeforfølgje sexkjøp. Med kriminaliseringa av kjøp av sex, tok ein opp kampen mot prostitusjon og menneskehandel på ein heilt anna måte. Dei prostituerte er ofte fattige, utan andre inntektsmoglegheiter og har ikkje sjanse til å kome seg ut av systemet. Fordi det i dei fleste tilfelle er kvinner som er dei utsette, vert sexkjøp også gjerne sett på i eit feministisk perspektiv som kvinneundertrykkande.

Desse viktige elementa lova kan førebygge vil ikkje høgrekreftene sjå på i det heile teke. Dei ser berre på lova som eit hinder for dei få som seier dei driv sal av sex på sokalla fritt initiativ og den «individuelle fridom» til kjøp og sal av sex. Sexkjøpslova i Noreg er spesiell fordi forbodet også gjeld i utlandet. Det vil seie at sjølv om sexkjøp er lov i landet ein oppheld seg i, kan ein bli straffa fordi ein er norsk. Grunnen til at forbodet også gjeld i utlandet er at særleg sexhandelen har blitt internasjonalisert, sokalla trafficking, og den aukar i omfang. Både FN, EU og Europarådet har arbeidt for å ta tak i problemet. Når det norske forbodet også gjeld når nordmenn oppheld seg i utlandet, er det for å gjere lovgjevinga meir effektiv i kampen mot menneskehandel og internasjonal prostitusjon.

Sexkjøpslov i Sverige i 13 år

Ei slik lov er ofte vanskeleg å handheve, særleg i utlandet . Handlingane rundt sexkjøpet er mykje skjult. Verken den prostituerte eller sexkjøparen er interessert i å melde tilhøvet. Den prostituerte skil seg difor frå offer i andre overgrepssaker. Men i staden for det lettvinte i å avskaffe lova, må ho styrkast! Fleire ressursar til politiet, domstolane og dei som arbeidar med å få prostituerte ut av prostitusjonen. Politiet må ha ei eige spesialgruppe, helst ved alle politidistrikt og i dei største byane. Slike spesialgrupper har dei i Sverige. Sexkjøpslova har vore effektiv, førebyggjande mot brotsverk og eit våpen mot menneskehandel, seier kriminalinspektør Simon Häggström ved Stockholmspolitiet si prostitusjonsgruppe. Slik oppsummerar han dei snart 14 åra som Sverige har hatt sexkjøpslova. Prostitusjonen er redusert og hallikane og sexindustrien som står bak dei prostituerte ser nå på Sverige som ein dårleg marknad å etablere seg på. Færre sexkundar medfører at menneskjehandlarane ikkje lenger får den fortenesta dei forventar, fortel Häggström. Han viser til at før var det omlag 3000 prostituerte i Sverige, i dag er det max 1000. Før kunne det vere 70-80 prostituerte på same natt i Malmskildnadsgatan i Stockholm, no er det max 10-15, og også kveldar utan prostituerte. Menneskjehandlarane får rett og slett ikkje nok forteneste ut av den svenske sexmarknaden, fortel han.

Eit anna interessant trekk ved sexkjøpslova i Sverige er bakgrunnen. Bakgrunn for lova i var rett og slett likestilling! – I eit likestilt, moderne samfunn er det ikkje akseptabelt at ein kan kjøpe menneskekropp. Når det ikkje er lov å kjøpe sex, held menn seg frå å kjøpe sex, meiner Häggström.

– Dette er ei lov som er for den store majoriteten av prostituerte. For dei aller fleste vi møter gjennom jobben, er det kvinner som ikkje har noko val. Dei seljer sex for å overleve, for å ha mat til borna sine, seier kriminalinspektøren. Han understrekar at lova er eit av fleire tiltak for å hjelpe dei prostituerte. Dei sosiale hjelpetiltaka for å få dei ut av prostitusjon er mange i Sverige.

Häggström fortel at etter snart 14 år med lova, er ingen kvinne så langt tatt for å kjøpe sex. Prostitusjon er eit mannsproblem. Sexkjøpslova er ei likestillingslov, og ho er lagt inn i arbeidet med menn sin vald mot kvinner. Det er ikkje lenger sosialt akseptert å kjøpe sex i Sverige. Ifølgje Häggström er sexkjøpslova også eit godt våpen mot grov, organisert brotsverk. 99 prosent av prostitusjonen er organisert og har menneskjehandlarar bak seg. Sexkjøparane betaler eigentleg menneskjehandlarane, seier han. Han meiner til og med at sexkjøpslova er meir effektiv mot handelen med menneskje enn lova om menneskjehandel. Også oppslutnaden om lova har endra seg. Tre år før lova kom, var 67 prosent mot henne. No sluttar 70 prosent opp om lova. Oppslutnaden om lova er særleg stor blant dei unge. Lova er heller ikkje politisk kontroversiell slik som i Norge.

– Alle partia som sit i regjeringa, samt opposisjonen er samde om at lova er bra. Det vert nok ingen politisk omkamp om den svenske lova, avsluttar Simon Häggström.

«Noreg mitt Noreg»

Kva hender så i dette landet? Er det verkeleg så dårleg stilt med lite nedgang i prostitusjon og dårleg vern av dei prostituerte som høgrekreftene stadig masar om, med god hjelp av VG? NEI, det er ikkje det! Først eit spark til VG! Det ser ut til at avisa driv reine kampanjen mot sexkjøpslova med sine skriveriar. VG Helg hadde for nokre månader sidan eit lengre portrettintervju med prostituerte Hege Grostad, og sidan både nettmøte og fleire artiklar om ho. Ikkje nok med det! I innlegget «Anstendig forslag» skriv Noreg sin kanskje mest reaksjonære politiske kommentator, Astrid Meland, m.a. det utrulege at «Desto strengere regulert sex er i et samfunn, desto mer kjøpesex er det». Dette rotar ho saman med kjønsjukdomar og talet på utru menn i Jemen på 1960-talet. Kva for noko? Vidare at forbodet mot kjøp av sex ikkje virkar, fordi det ikkje vert færre prostituerte, og fordi prostitusjonen med forbodet vert tvungen under jorda, som det heiter seg. Dette er påstandar ein stadig høyrer og dei er stadig like lite grunngjevne. Sexkjøpslova er berre fire år gamal og førebels er få undersøkningar gjort av verknadane av ho. Justisdepartementet skal no evaluera virkninga av lova.

I mellomtida kan nokre viktige fakta serverast: Det er omlag 25 rettskraftige domar i menneskehandel i Noreg i tidsrommet 2003 – 2012. Om lag 50 prosent av desse er frå Bergen. Dei aller fleste sakene gjeld utnytting til prostitusjon (22 av 25 domar). 2 av sakene gjeld utnytting av mindreårige til prostitusjon (Kjelder: Politidirektoratet og Hordaland Politidistrikt). Ifølgje Oslo Politidistrikt meinar dei der at talet på unge menn som kjøper sex er redusert etter innføringa av sexkjøpslova. Vidare evaluering av lova sine verknader vil truleg kome med fleire fakta. Menneskehandel er verdas nest største form for kriminalitet målt i profitt (FN). Omlag 40 prosent av alle ofre for menneskehandel er under 18 år (FN og OSSE). Noko å tenkje på dette for motstandarane av sexkjøpslova, tenkjer eg! Kampen for framleis og styrka sexkjøpslov er i alle fall på ingen måte over!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kvinne- og jentekamp, Politikk, samfunn og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Fare – sexkjøpslova er truga av høgrekreftene!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s