Egypt sine tårer – Tears of Egypt

Oppstilling
Soldatar/Soldiers, olje/oil, 2008, Ivar Jørdre

Mohamed Morsi vart avsett av dei militære 3. juli, etter dagar med veldige protestar mot styret hans.

Etter det som av mange vert rekna for eit militærkupp har tilhengjarane av presidenten frå Det muslimske brorskapet vist sine frustrasjonar i gatene. Der har også motstandarane av den religiøse presidenten og dei som feira avsettinga vore. Noko som har ført til samanstøyt. Valdsame samanstøyt har det også vore mellom demonstrantene til brorskapet og hæren, som har ført til mange drepne. Mange tilhengjarar til Morsi vart skotne i hovudet og brystet i Kairo natt til laurdag 27. juli. Minst 74 Morsi-tilhengjarar vart drepne i kampane med opprørspoliti og sivilkledde med våpen som var saman med politiet, i følgje Human Rights Watch. Ein av legane som Human Rights Watch intervjua, sa 80 prosent av ofra såg ut til å ha vorte skotne ovanfrå av snikskytarar. Drapa ved broskapet sin permanente leir rundt Rabaa al-Adawiya-moskeen aust i Kairo hende få dagar etter at forsvarssjef Abdel Fattah al-Sisi ba folk mobilisera til støtte for kampen mot «vald og terror» i Egypt, som han kalla det.

Egypt og folket er i ei lagnadstung tid. Men som diktet visar, har dei vore i det før. Heile historia vitnar om skjelsetjande augeblikk. Folket vil kjempe for eit nytt Egypt, tida vil visa om dei lukkast.

Egypt sine tårer

Denne mange tusenårige kulturelle kjempe
med sine faraoar og pyramidar
med sin ørken og oasar
med sine gudar og myter
Kvar går du no – mellom blod og tårer?

Vert det Osiris, døden sin voktar
eller Ra, livet sin velgjerar
som skal halde deg i ande, kjære Egypt?
Kvar eit menneske er eit kornaks
som spirer mot ljoset og dei står saman

Folket sin revolusjon er ei gåte
men lat no denne gåtefulle tilstand
få vekse og gje grøde til den ørken
som er i menneska sin lengsel
Nilen renner med sine tårevåte sukk

Maat, du stolte gudinne for rettferd og sanning
kva vil du no gjere for ditt folk?
Egypt sine tårer blandar seg med håpet
Dette land har bore sin lagnad i blømande sår
Gjev dei har framtida i sine kjempande hender

————————————————-

Tears of Egypt

This cultural giant for thousand of years
with their pharaohs and pyramids
with their desert and oasis
with their gods and myths
Where do you go now – between blood and tears?

Will it be Osiris, the guardian of death
or Ra, the benefactor of life
who will keep you in breath, dear Egypt?
Every human is a spike of grain
who germinates towards light and stands together

The peoples revolution is an enigma
But now let this enigmatic condition
grow and give growth to this desert
inside the yearning of mankind
The Nile flouts with it‘s weeping sigh

Maat, thou proud goddess for justice and truth
what will you do now for your people?
The tears of Egypt will mix with hope
This land has carried it‘s burden in blooming wounds
Give they have the future in their fighting hands

Ivar Jørdre

———————————————

FAKTA OM UTVIKLINGEN I EGYPT

30. juni: Hundretusener demonstrerer mot president Mohamed Mursi på ettårsdagen for hans tiltredelse.
3. juli: Hæren avsetter Mursi og utpeker sjefen for grunnlovsdomstolen, Adli Mansour, til midlertidig president. Mursi settes i husarrest.
4. juli: Mansour tas i ed. Grunnloven oppheves inntil videre.
5. juli: Tusenvis av Mursis tilhengere samler seg i Kairo og andre byer for å protestere mot kuppet. Over 30 blir drept og over 1.000 såret i gateslag mellom Mursis tilhengere og motstandere. Pansrede kjøretøy ble satt inn for å roe situasjonen.
6. juli: Nestleder i Det muslimske brorskap, Khairat al-Shater, blir pågrepet. Mohamed ElBaradei blir ifølge en melding nominert til ny statsminister, men den blir trukket samme kveld på grunn av intern splittelse i opposisjonen.
7. juli: Flere hundre tusen tilhengere og motstandere av Mursi protesterer i Kairo og Alexandria.
8. juli: Over 50 Mursi-tilhengere blir drept i sammenstøt med soldater under en demonstrasjon i Kairo. Brorskapet oppfordrer til opprør.
9. juli: Tidligere finansminister Hazem el-Beblawi utnevnes til midlertidig statsminister. Mohamed ElBaradei blir visepresident med spesielt ansvar for utenrikspolitikk.
10. juli: Beblawi starter arbeidet med å danne ny overgangsregjering. Samtidig blir det utstedt arrestordre mot Brorskapets leder Mohamed Badie.
16. juli: En ny regjering med 35 ministre, ingen av dem islamister, blir tatt i ed.
24. juli: Forsvarssjef Abdel Fattah al-Sisi oppfordrer til massedemonstrasjoner fredag 26. juli.
26. juli: Mohamed Mursi varetektsfengsles i 15 dager, mistenkt for sammensvergelse med Hamas om et fengselsangrep i 2011.

(Kilder: Reuters, AFP, NTB)

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s