Er dette framtida allereie i dag?

Burning_rainforest-001a

Dette er eit dikt som på fleire måtar speiglar miljø og framtid, og kva tilstand menneska kan vente seg om me eventuelt ikkje tenkjer oss om i tide. Men gjer me det? Arktis smeltar som aldri før. Det same gjeld i Himalaya. Metan stig opp frå steppene i Sibir og frå havbotnen i nord, snart enormt. Verdas regnskog forsvinn framleis i stort monn. Menneska rømer til konsumisme og dårskap. Er det håp? Ja, det er det! Men då må me vakne opp frå dvala, endre oss og kjempe saman – for noko nytt!
Eg skreiv dette diktet for ein del år sidan, men fann det fram att no og ser at det er meir aktuelt enn nokon gong.

Ivar Jørdre

Anno 2020

Nokre born sit i skuggen
av eit tre
Dette tre har sorg i sine lauv

Ei gong stod dette tre
i lag med
sine systre og brødre
i ein park

Dei var litt av eit syn
der dei stod
duvande i lett bris
med stolte bladkroner
som krystal

Parken er ikkje meir
eit tre står att
ein fabrikk er bygd
liknar ein sarkofag
med skorstein av død

Men denne generasjon
som sit under
dette tre
frå forige generasjon
veit noko saman

Det er
løyndomen
om ei betre verd

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Politikk, samfunn og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s