Systemkrise og høgreekstremisme

Kapitalismen er som system inne i si mest djupe strukturelle krise historisk sett sidan den verdsomspennande depresjonen på 1930-talet.

Denne globale kapitalismen som meir og meir ser ut til å ga på eit høggir mot stupet, og som ikkje let seg stagge av noko «restaurering», gjer også noko med menneska. Karl Marx snakka om framandgjeringa i kapitalismen, der me som seljarar av vår eigen arbeidskraft til kapitalen vert objektivisert og vert ei «vare». I arbeidssituasjonen vert produktet ein arbeidar produserar skild frå arbeidaren, avdi det er kapitalisten som eig produktet og kontrollerar produksjonsprosessen. Produktet framstår difor for arbeidaren som noko «framand», og som ho eller han ikkje har kontroll over. Marx snakkar om to former for framandgjering, om framandgjering i ånden, dvs. i religion og filosofi, og om materiell framangjering. Det nye og geniale med Marx var at han såg at den åndelege framandgjering hadde eit grunnlag i den materielle framangjering. I dette ligg også ei mellommenneskeleg framandgjering som har ulike uttrykk. Døme kan være at andre mennesker vert sett på som mindreverdige, som snyltarar eller «belastningar på samfunnet», som fiender, eller som «framankulturelle». Denne framandgjeringa oppstår både mellom arbeidar- og herskarklasse, men også innanfor klassane.

Avsondring frå samfunnet

Fleire samfunnsforskarar hevdar, truleg med rette, at det er ei aukande anatomisering av samfunnet. Ei individualisering og forsterkning av eg’et, som gjer at ein vert eigne «øyar» avsondra frå samfunnet sjølv. I dette ligg det at i den stadig aukande materialismen vert menneska også meir fokuserte på ting og suksess. Forskarar hevdar at overdreven sjølopptekenheit fører til ei form for sjølvutsletting, der individet vert noko større enn seg sjølv. Ein konsekvens av auka narsissisme (sjølvelsking) er at folk sine relasjonar til samfunnet vert dårlegare. Ein tenkjer meir på å få og ta enn å gje. Dette kan få enorm innverknad på sosiale system og organisasjonar. Mellom anna har forskarar funne at folk med «eg har rett til», og som har kjensle av å fortjene noko, uavhengig av innsats, skaper seg eit avsondra univers.
Det er eit «eg», eit «dei» og eit «me», men ikkje eit «du». Eg’et kan i dette universet gjere kva som helst utan å verte korrigert eller la seg korrigera. Eg’et let seg ikkje ha medkjensle og har ikkje eit tilhøve til du’et. Kan ein person som har kome i denne kategorien der ein er avsondra frå samfunnet i eit «eg» som ikkje lenger ser du’et, verte terrorist?

Det er no to år sidan terroristen slo til mot norske undomar og sprengde regjeringskvartalet.

Går ein inn på bloggmiljøet og det nettverket den norske terroristen vanka på, der han fekk stadfesta sine haldningar utan motstand, ser ein jordsmonnet. Denne «brune molda» har ikkje forsvunne, verken i Noreg eller i Europa. Der spirer paranoiaen, framanhatet, islamofobien, pseudofilosofien, fiksjonen, kort sagt hatet mot «dei» andre. I dette jordsmonnet fekk han næring og som han såg det, ei stadfesting på at noko måtte gjerast, og at det var «han» som måtte gjere dei grufulle handlingane me opplevde i Oslo og på Utøya, 22. juli 2011.

Den etnisk kvite norske terroristen gjekk i eit forvrenkt og sjukeleg sjølvbilete til den ytterste handling å drepe ungdomar på AUF sin sommarleir som eit førspel og byrjing på at noko større skulle hende. Der han som «moderne tempelriddar» måtte redde Noreg og verda frå den forræderiske kombinasjon av «kulturmarxistar og multikulturalistar». Verda hans var i ferd med å verte overteke av muslimar og deira medsamasvorne i eit komande «Eurabia». Terrorısten er av fascistisk avstøyping og hans handlingar fascistiske. Dette jordsmonnet hans tankar oppstår i er tilstades på ekstreme internettbloggar og i ulike nettverk. Men ligg dette humuslaget av brun jord også i utviklinga av ei krisetid, der også kvardagsrasismen får lov til å utvikle seg i kampen for tilværet? Der tendensen er å finne syndebukkar for ei stadig større oppfatning av ei usikker framtid? Er det nok å nemne 1930-talet og depresjonen der sterke leiarar leitte etter syndebukkar som forklåring på elendet, for å forstå at fascisme kan utvikle seg? Den gongen var ikkje alternativa sterke nok til å hindre den utviklinga som førte fram til katastrofen. Kva med no? Er me no klår over farane i eit kriseramma Europa og dei stadig aukande reaksjonære kreftene i mange land?

Mange utfordringar frametter

I ei stadig råare konkurrerande og krisekapitalistisk verd ligg mange bobler klare til å sprekke. Då tenkjer eg ikkje berre på dei økonomiske boblene, men også på dei ideologiske og politiske forkvakla boblene. Kan eit system, som det kapitalistiske som dominerar den globale økonomiske orden, produsera terroristar? Her kan ein tenkje gjennom om det direkte eller indirekte skapast meir politisk og ideologisk baserte høgreekstreme handlingar i ei krisetid. Her må ein sjå på Europa og på kva som rører seg i ulike land i høve til t.d. ny-fascistiske parti og rørsler.

Eit oppblåst sjølvbilete som kompensasjon for manglande tillit til det samfunnet ein lever i er ikkje nok i seg sjølv til å forklåre ektreme handlingar. Ei skikkeleg analyse av kva det kapitalistiske system kan gjere med medkjensle, solidaritet og deltaking, er truleg noko av det viktigaste me kan gjere frametter. Dei av oss som gjennom folkeleg deltaking på brei front vil gjere verda til ein betre stad å vera ved å endre systemet, har mange utfordringar. Likevel er det å håpe at me kan få fleire med til å tenkje meir gjennom i kva retning menneska er på veg og om dagens kart stemmer med det globale terrenget. Då tenkjer eg ikkje berre på det økonomiske terrenget, men i høgste grad også på det klimatiske. Her står menneska ovanfor si største utfordring truleg nokon gong. Skal me snu no i håp om at klimaet i alle fall ikkje går heilt av hengslene i høve to gradersmålet for global oppvarming – eller skal me halde på som vanleg med bruk og kast, forbruk og utslepp, og vera temmeleg sikker på at det går til «helvete» (sjå elles artikkelen «Klimaet, kapitalismen og menneska», posta 16. mai i år). Alle må kjempe for at dette kartet, som visar vegen mot stupet, bytast ut fortast råd er!

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Marxisme, Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Systemkrise og høgreekstremisme

  1. thorleifb seier:

    Det er heldigvis spirer til radikalt samarbeid i land som Hellas og Spania hvor man med egne valutaer, har lokale byttesirkler. I Hellas jobber oppsagte arbeidere frivillig på helseklinikker, finansiert delvis av Syrizas (radikal venstreallianse som når som helst kan ta over regjeringsmakten som største parti). Partiet er i ferd med å bygge opp stabile grasrotbevegelser der folk flest involveres – et nødvendig bolverk mot fascistene som deler ut til hvite grekere.
    Og i Andalucia, Spania har vi jo den fantastiske kommunistiske ordføreren som holder arbeidsløsheten på et minimum og gir alle innbyggerne bolig. Håp finnes i desperasjonen.
    Jeg poster innlegget på facebook, Ivar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s